Valet i Tsjekkia: frå vondt til verre?

Med 18,7 prosent av stemmene og 47 mandat er den populistiske nykomaren ANO den eigentlege vinnaren av parlamentsvalet i Tsjekkia i oktober. Sosialdemokratane (ČSSD) er framleis størst, men har gjort sitt dårlegaste val sidan 1992, og treng støtte frå minst to andre parti for å danne regjering. Den største taparen er Borgarlegdemokratisk parti (ODS), som hadde statsministeren fram til juni, men som nå er redusert til eit miniparti i parlamentet.

«Slutt på rot og korrupsjon!» Valplakat for det populistiske partiet Dagning for direkte demokrati (Úsvít). Kjelde: heimesida til partiet

Vedtaket om å skrive ut nyval vart fatta i august, etter at president Miloš Zeman i juli hadde utnemnt ei «ekspertregjering» som ikkje hadde støtte i underhuset. Ei grunnlovsendring frå 2009 gav underhuset oppløysingsrett, og det er første gong denne retten har vorte brukt.

Korrupsjons- og avlyttingsskandale

Etter valet i 2010 var Tsjekkia styrt av ein sentrum-høgrekoalisjon mellom ODS og dei to nykomarane TOP09 og Offentlege saker (VV). Sistnemnte parti gjekk i opposisjon etter ei partisplitting i 2012, men ei gruppe utbrytarar heldt fram i regjering. Det som utløyste regjeringskrisa i juni var ein korrupsjons- og avlyttingsskandale som involverte stabssjefen på statsministerens kontor, fleire tidlegare parlamentarikarar frå ODS og etter kvart statsministeren sjølv. Opposisjonen med Sosialdemokratane i spissen var allereie da for å skrive ut nyval, men regjeringskoalisjonen, som på dette tidspunktet framleis hadde eit knapt fleirtal i underhuset, var innstilt på å halde fram under ein annan statsminister. Presidenten valde å trasse fleirtalet og utnemne ei ekspertregjering i staden. Grunnlova krev at ei ny regjering må søkje – og få – tillit innan 30 dagar. Ekspertregjeringa tapte som venta avstemminga, men i mellomtida hadde den tidlegare regjeringskoalisjonen mista fleirtalet, og den logiske konklusjonen var å oppløyse underhuset og skrive ut nyval.

Etter valet er heile sju parti representert i underhuset – to meir enn det som har vore vanleg. To av partia er heilt nye: Aksjon av misnøgde borgarar (ANO), leidd av den slovakiskfødde milliardæren og forretningsmannen Andrej Babiš, og Tomio Okamuras Dagning for direkte demokrati (Úsvít), stifta av den tsjekkisk-japanske forretningsmannen etter at han ikkje greidde å samle nok gyldige underskrifter til å stille i presidentvalet i januar. Begge er populistiske sentrum–høgreparti som begynte å stige på meiningsmålingane først etter regjeringskrisa i juni, og særleg i Úsvít spelar partileiaren ei viktig rolle for oppslutninga. Det siste gjeld også TOP09, leidd av aristokraten Karel Schwarzenberg, som allereie har ein periode bak seg i parlamentet. Resten er gamle parti med lang fartstid. Dei to tradisjonelt største partia i Tsjekkia er kraftig desimerte: Sosialdemokratane har tapt ein tredjedel og ODS tre fjerdedelar av stemmene sidan toppåret 2006. Dei to andre gamle partia gjekk derimot fram samanlikna med «jordskjelvvalet» i 2010: Kommunistpartiet (KSČM) gjorde sitt nest beste val sidan overgangen til demokrati og vart tredje størst, og Kristen­demokratane (KDU-ČSL) gjorde comeback etter å ha ramla under sperregrensa i 2010.

Regjeringspartia gjekk kraftig tilbake

Dei tre tidlegare regjeringspartia gjekk kraftig tilbake. TOP09 greidde seg etter måten best og detroniserte ODS som det største partiet på høgresida. Det minste regjeringspartiet, Offentlege saker (VV), fall permanent under sperregrensa på meiningsmålingane allereie våren 2011, og korkje det opphavlege partiet eller utbrytarane stilte eiga liste i valet. Enkeltpersonar stilte likevel på listene til andre parti, og fire av kandidatane til VV kom inn i parlamentet via Úsvít. Resultatet er eit parlament med fleire og mindre parti enn det som har vore vanleg, og regjeringssituasjonen er minst like vanskeleg som før.

Tidleg val i Tsjekkia 25.-26. oktober 2013

Parti Stemmer (%) +/- Mandat +/-

Sosialdemokratane (ČSSD)

20,5 -1,6 50 -6

Aksjon av misnøgde borgarar (ANO2011)

18,7   47 +47

Kommunistpartiet i Böhmen og Mähren (KSČM)

14,9 +3,8 33 +7

Tradisjon – ansvar – velstand (TOP09)

12,0 -4,7 26 -15

Borgarlegdemokratisk parti (ODS)

7,7 -12,5 16 -37

Dagning for direkte demokrati (Úsvít T.Okamury)

6,9   14 +14

Kristendemokratane (KDU-ČSL)

6,8 +2,4 14 +14

Dei grøne (SZ)

3,2 +0,8 - -

Offentlege saker (VV)

- -10,9 - -24

Sperregrensa er 5%. 

 

Det var allereie valnatta klart at ODS og TOP09 ville gå i opposisjon, og at Sosialdemokratane som det største partiet ville få i oppdrag å danne regjering. Kommunistane håpa før valet på ein fleirtalskoalisjon av KSČM og ČSSD, men det svake resultatet til Sosialdemokratane gjer at desse to partia manglar 17 mandat på fleirtal. Kristendemokratane har tidlegare samarbeidd både til høgre og venstre og er budd på å gjera det igjen, men ikkje viss Kommunistpartiet skal vera med. Dei to nykomarane er avventande; begge føretrekkjer å vera i opposisjon, og Babiš har sagt rett ut at han er i tvil om ANO har mannskap til å ta regjeringsansvar nå, men han er villig til å tolerere ei sosialdemokratisk mindretalsregjering.

To veker etter valet er regjeringsspørsmålet framleis uavklart. Misnøye med det svake valresultatet til ČSSD førte til at ein fraksjon med nære band til president Zeman (som er tidlegare leiar av partiet) prøvde å kaste den sitjande partileiaren Bohuslav Sobotka. Kuppmakarane har nå innsett at slaget er tapt og har trekt seg frå partileiinga, og reelle regjeringsforhandlingar kan dermed starte. Det mest sannsynlege utfallet er enten ei mindretalsregjering frå ČSSD eller ein koalisjon mellom Sosialdemokratane, Kristendemokratane og ANO. Dei to sistnemnte har ein god del felles politisk, sjølv om ANO står noko lenger til høgre enn KDU-ČSL, og dei har etter valet inngått ein avtale om at enten begge eller ingen av dei går i regjering med ČSSD. Ein eventuell regjeringskoalisjon vil ikkje få det lett, og tyngdepunktet i regjeringa vil ligge lenger til høgre enn Sosialdemokratane set pris på, men alternativet (mindretalsregjering eller nyval) er ikkje nødvendigvis betre. I mellomtida styrer ei ekspertregjering som aldri har fått tillit i parlamentet.

Kva betyr valet for partisystemet?

Fram til «jordskjelvvalet» i 2010 hadde Tsjekkia eitt av dei mest stabile partisystema i det postkommunistiske Europa, volatiliteten var relativt låg, og mesteparten av veljarvandringane skjedde mellom etablerte parti. Tsjekkisk politikk var dominert av fire parti som saman fekk brorparten av stemmene i alle val (nesten 90 prosent i 2006). Mellom 1996 og 2010 kom det inn berre eitt genuint nytt parti: Fridomsunionen (US-DEU), som kryssa sperregrensa ved valet i 1998. (Dei grøne kom rett nok inn i 2006 etter å ha lagt om profilen, men dei hadde vore representert før via ein valallianse). Regjeringsdanningane har sidan oppløysinga av Tsjekkoslovakia vore styrt av høgre–venstredimensjonen, og statsministeren har kome frå ODS eller ČSSD. Unntaket er tre kortvarige ekspertregjeringar.

Valet i 2010 var eit politisk jordskjelv på to måtar: for det første var veljarvandringane mykje meir omfattande enn det som hadde vore vanleg, og for det andre gjekk veljarane til nye parti både over og under sperregrensa. Ved valet i 2013 gjekk volatiliteten ned frå 39 til 37 prosent, men netto veljarvandringar ligg framleis på det dobbelte av nivået i 1998 og 2002, og dei fire etablerte partia fekk for første gong under halvparten av stemmene. Både i 2010 og 2013 kom det inn to heilt nye parti. Det har alltid vore utskiftingar i partifloraen under sperregrensa, men ustabiliteten har nå også forplanta seg til partia over sperregrensa. Fleire og meir jamstore parti inneber dessutan at fragmenteringa i parti­systemet anno 2013 er høgare enn nokon gong før. Det politiske landskapet i Tsjekkia har dermed endra seg ganske mykje på kort tid, og mykje kan tyde på at turbulensen ikkje er over enno.

Nye, populistiske parti

Eit nytt og interessant fenomen som bør nemnast spesielt er framveksten av nye, populistiske parti som appellerer til veljarane om å kaste ut gamle, korrupte og inkompetente elitar, samtidig som dei er liberale i økonomiske spørsmål. Både i Tsjekkia og andre stader står det forretningsmenn med feite lommebøker bak slike parti, og dei er ofte ikkje særleg opptatt av organisasjonsbygging. Her er det likevel ein vesentleg forskjell mellom ANO og Úsvít: ANO har ein landsomfattande partiorganisasjon og er representert i alle 14 regionar og 91 distrikt – Úsvít er berre organisert på landsplan, samtidig som leiaren har ei mykje meir dominerande rolle. Úsvít er også meir ekstremt i kravet om meir makt til folket gjennom direkte demokrati: på programmet står sterkare presidentmakt, meir bruk av folkeavstemmingar og fleirtalsval i einmannskrinsar til alle folkevalde forsamlingar, kombinert med tilbakekallingsrett. Økonomisk er begge ganske liberale, med vekt på lågare skatt og betre vilkår for næringsdrivande, men ANO har ein tydelegare profil og står lenger til høgre enn Úsvít. Om ein ser isolert på programmet, står ANO faktisk nærmare dei to høgrepartia ODS og TOP09 enn ČSSD, men eit parti som har gått til val på å kaste ut dei gamle elitane kan vanskeleg gå i regjering med dei same elitane rett etterpå. I neste periode vil dette kunne stille seg annleis, dersom partia på høgresida framleis har fleirtal.

Eit interessant trekk ved valet er også at sjølv om dei etablerte partia samla får ein mindre del av stemmene, er det geografiske mønsteret i oppslutninga om dei forbløffande stabilt. Partia på høgresida har mest konsentrert oppslutning. Kristendemokratane gjer det klart best i Mähren, og særleg i område med mange katolikkar, medan ODS og TOP09 gjer det relativt sett best i dei største byane (inkludert Praha) og i nordaust-Böhmen, altså dei økonomisk sett sterkaste områda. Kommunistpartiet og Sosialdemokratane har noko jamnare oppslutning, men ČSSD har etter at det vart eit stort parti stått sterkast i Mähren, særleg langs grensa mot Polen, medan KSČM også har gjort det bra i nordvest-Böhmen, der det har vore høg arbeidsløyse. Oppslutninga om dei to nye partia varierer mindre, og det er ingen tydelege geografiske mønster, sjølv om ANO gjer det litt betre i Böhmen og Úsvit litt betre i Mähren. ANO gjer det jamt bra i alle sosiale lag, men appellerer meir til dei under 30 enn dei over 60, og gjer det relativt sett best blant næringsdrivande (saman med dei to andre høgrepartia). Úsvít appellerer særleg til dei unge, medan TOP09 skårar best blant unge og velutdanna med høg inntekt. Sosialdemokratane og Kommunistpartiet gjer det derimot best blant dei over 60, folk med låg utdanning, pensjonistar og arbeidsledige.

Av Elisabeth Bakke, førsteamanuensis ved Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo
Publisert 9. nov. 2013 12:42 - Sist endret 30. okt. 2020 10:08