Norske politikarar vegrar seg for å snakke om EU 

Norske politiske parti risikerer å miste regjeringsposisjonen viss dei prøver å endre Noreg sitt forhold til EU. Det fører til at ei rekke problemstillingar ikkje blir snakka om, ifølgje Europa-forskar John Erik Fossum.

Statsminister Jonas Gahr Støre og Europakommisjonens president Ursula von der Leyen står ved et podie og diskuterer.

Status quo: Kneblingsreglar er dei norske politiske partia sin hovudmekanisme for å behalde status quo. Dei er livredde for å falle ned i skyttargraver og fastlåste diskusjonar om EU-medlemsskap. Her fra et møt emellom statsminister Jonas Gahr Støre og Europakommisjonens president Ursula von der Leyen. (Foto: Ingrid Brandal Myklebust/NTB/Scanpix)

I november 1994 stemte det norske folket nei til EU, med knapt fleirtal. Den førre avstemminga hadde vore i 1972. Då vann nei-sida med litt større margin. I dag har Noreg eit forhold til EU som ikkje er i samsvar med utfallet av dei to avstemmingane, seier professor John Erik Fossum ved ARENA Senter for Europaforskning.

- Noreg har søkt eit så tett forhold til EU som er mogleg for eit ikkje-medlem.

– Noreg har inkorporert rundt 75 prosent av EU sine lover og reguleringar, og dette skjer gjennom meir enn 100 avtalar. Noreg har søkt eit så tett forhold til EU som er mogleg for eit ikkje-medlem. At dette har hendt så å seie utan kontroversar, er eit paradoks, meiner han.

Noreg er i dag blant anna integrert i EU sin indre marknad gjennom EØS-avtalen. Landet er ansvarleg for kontroll av EU si indre grense gjennom Schengen-avtalen. I tillegg har vi ei rekke avtalar om forsvar og tryggingspolitikk.

Portrettbilde av John Erik Fossum
Vil bevare godt samarbeidsklima: I ein koallisjonsregjering vil det alltid vere parti med ulike meiningar om EU. For å bevare eit godt samarbeidsklima, signerer koalisjonane derfor på at dei vil styre på grunnlag av EØS-avtalen, sier John Erik Fossum. Foto: Silje Pileberg.

Signerer på EØS-lojalitet

Fossum påpeikar at norske politiske parti i årevis har hatt ei sjølvpålagd munnkurv. Han trekkjer trådane tilbake til før den amerikanske borgarkrigen på 1800-talet: Då var det såkalla kneblingsreglar («gag rules») mot å diskutere slaveri i den amerikanske Kongressen.  

– I Noreg ser vi det same når det gjeld EU. Kneblingsreglar er dei norske politiske partia sin hovudmekanisme for å behalde status quo. Dei er livredde for å falle ned i skyttargraver og fastlåste diskusjonar om EU-medlemsskap.

Tidlegare på 2000-talet refererte norske media til fenomenet som ein «sjølvmordsklausul»: Viss eit regjeringsparti aktivt gjekk inn for EU-medlemsskap eller ei tilbakekalling av EØS-avtalen, risikerte dei å miste regjeringsposisjonen. Slik er det framleis, ifølgje Fossum.

– I ei koalisjonsregjering vil det alltid vere parti med ulike meiningar om EU. Meiningane sprikar også på innsida av partia. For å bevare eit godt samarbeidsklima, signerer koalisjonane derfor på at dei vil styre på grunnlag av EØS-avtalen.

Etterlyser ein informert debatt

Mangelen på diskusjon gjer at det i dag er vanskeleg å vite kor EU-tilpassa Noreg er, ifølgje Fossum. Det er også vanskeleg å vite kvar Noreg står samanlikna med andre land, inkludert våre næraste naboar i Norden, påpeikar han.  

– Vi treng å snakke om kva slags Noreg vi ønskjer å vere, og i kva slags Europa. Kva ønskjer vi å samarbeide med andre om?

– I dagens fastlåste situasjon er det ganske sannsynleg at ein debatt om kor vidt Noreg skal vere medlem eller ikkje, vil vere sterkt polariserande. Samtidig treng vi kunnskap om korleis Europa har utvikla seg, og kva moglegheiter og avgrensingar det representerer for Noreg.

I ei tid med viktige og dramatiske endringar er det særleg viktig å diskutere desse spørsmåla, meiner Fossum.

– Vi treng å snakke om kva slags Noreg vi ønskjer å vere, og i kva slags Europa. Kva ønskjer vi å samarbeide med andre om? Kva er vilkåra for samarbeidet vi har i dag, og korleis påverkar det Noreg over tid? Det er altfor lite diskusjon og forsking om desse spørsmåla.

Lengre veg til makta

Resultatet frå tidlegare folkeavstemmingar tilseier at Noreg skal stå utanfor EU. Men det tette EU-samarbeidet vi no har, har djupe implikasjonar for demokratiet, ifølgje professoren.

– Samtidig gir demokratiteorien ingen klare pekepinnar på kor lenge ei folkeavstemming er gyldig. Dette spørsmålet blir aktualisert dess lenger tid det går frå sist avstemming, sidan stadig fleire kjem til og ikkje har sagt si meining.

Når tilknytinga stadig er i endring, blir spørsmålet særlig aktuelt, påpeikar Fossum. Stadig nye lover frå EU blir inkorporerte i Noreg sitt lovverk.  

– Medlemslanda har direkte tilgang til makta og kan påverke avgjerdene. Noreg har ikkje veto, men reservasjonsrett. Noreg kan altså ikkje stoppe eit EU-direktiv, men landet kan reservere seg frå det, om EØS-landa er samde. Det er likevel ein politisk risiko knytt til å søke slike unntak.

EU-samarbeidet er avpolitisert i det norske politiske systemet

Stille på Stortinget

Éi årsak til at vi ser ut til å godta nesten-medlemsskapet utan kontroversar er, ifølgje Fossum, den nemnde sjølvpålagde munnkurva til dei politiske partia. Ei anna årsak er at EU-samarbeidet er avpolitisert i det norske politiske systemet. I artikkelen Norway and The European Union skriv professoren om begge desse mekanismane.

– Alle EU-relaterte tema skal innom Stortinget. Men dei folkevalde si rolle er langt mindre merkbar enn det som er tilfelle i nabolanda våre.

Sverige og Danmark handterer slike tema på liknande måte som innanrikspolitiske tema. Noreg handterer det meir som utanrikspolitikk, noko som gjev Regjeringa meir makt. Ifølgje ein tidlegare studie av Fossum og Cathrine Holst, er Stortinget sin rådgjevande komité på europeiske spørsmål langt meir prega av korte orienteringar frå Regjeringa sine utsende enn av debattar. 

Følgjene av Brexit

I juni 2016 vedtok britane å trekkje seg ut av EU. På det tidspunktet trudde mange at dette ville gjere EU fragmentert, medan Storbritannia ville stå samla, ifølgje Fossum. Men resultatet vart det motsette. 

– Det som hende, var at EU stod samla, medan Storbritannia fekk lite gjennomslag i forhandlingane.

Etterpå har det blitt vanskelegare å stå utanfor EU enn det var før, påpeikar han. Også utanfor-land som Sveits og Noreg har opplevd mindre fleksibilitet.

– EU har blitt vanskelegare å forhandle med. Dei har blitt meir påpasselege med å halde saman den indre marknaden og ikkje la land få ulik behandling. Eg trur ikkje at Noreg skal ha så store forventningar om spesialavtalar med EU i åra framover. 

Falske nyheiter om EU?

Verda har også endra seg på andre måtar. Etter at Russland invaderte Ukraina vinteren 2022, har det blitt meir usikkerheit om forholdet til både Russland, Kina og USA.

– Før handla spørsmålet om EU-medlemsskap først og fremst om kva som skjedde i Europa. Men kva skjer om Donald Trump på ny blir president i USA? Kva kan vi då vente oss av amerikansk støtte i ein spent situasjon, og vil landet føre ein anstendig politikk som vi kan vere med på?

- Kva slags demokratiske spørsmål og dilemma oppstår ved at vi er så nære EU som det er mogleg å bli utan å vere medlem?

Generelt er det meir risikabelt å stå åleine i dag enn det var før, meiner Fossum.

– Små statar søkjer seg til alliansar. Det ser vi i Sverige og Finland, som har søkt NATO-medlemsskap. 

Sjølv vil han som forskar ikkje argumentere verken for eller imot medlemsskap. Men vi er nøydde til å diskutere problemstillingar som ikkje var til stades i 1994, meiner han.

– Korleis blir vi påverka av det forholdet vi har til EU? Kor åtskilde blir vi frå våre næraste naboland? Kva slags demokratiske spørsmål og dilemma oppstår ved at vi er så nære EU som det er mogleg å bli utan å vere medlem? Dette veit folk flest altfor lite om, og heller ikkje vi forskarar veit nok. Det er gode moglegheiter for å spreie falske nyheiter om EU i Noreg i dag.

Av Silje Pileberg
Publisert 26. juni 2023 11:26 - Sist endret 25. apr. 2024 14:21