Kunnskapens Europa (avsluttet)

Gjennom utviklinga av eit ”Kunnskapens Europa” (Europe of Knowledge) skaper EU eit integrert europeisk område for høgare utdanning og forsking. Kva konsekvensar har dette for både kunnskapsproduksjonen og styringa av dette feltet i medlemslanda?

Minerva, den romerske gudinna for kunnskap. Elihu Vedder, 1896. (Foto: Library of Congress)

Om

Prosjektet analyserer det europeiske styringsnivået for forsking og høgre utdanning som er i ferd med å vakse fram og kva effekt denne styringa har på nasjonalt nivå.

Ambisjonane i Kunnskapens Europa speglar ønsket om å balansere eit einskapeleg Europa som kunnskapsområde med mangfaldet av nasjonale kunnskapssystem.

Breitt forankra i europeisk integrasjon, byggjer utviklinga mot eit ”Kunnskapens Europa” på fleire styringsmåtar som aktiverer ulike policy-instrument, i hovudsak utan bruk av EU-rett som middel for integrasjon.

Dette er policy-område med avgrensa formell EU-kompetanse og legitimt nasjonalt mangfald, der det eksisterer ei gjensidig avhengigheit mellom kunnskapssystem innanfor territorialstaten sin politiske orden. I så måte representerer dei utfordringar for integrasjonsteori og for studier av institusjonell endring.

Mål

Forskinga i dette prosjektet fell under to overskrifter.

For det første, analyse av utviklinga på europeisk nivå mot, og institusjonalisering av ei styringskapasitet for, eit ”Kunnskapens Europa”:

  • korleis kan vi gjere greie for dei ulike vegane mot å institusjonalisere eit ”Kunnskapens Europa”,
  • kva fortel denne institusjonaliseringa oss om endringar i den europeiske styreformen og berekrafta til denne?

Dette forskingstemaet inkluderer

  • casestudier av oppstarten og institusjonaliseringa av Det europeiske forskingsrådet (European Research Council) og Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (European Institute of Innovation and Technology)
  • prosess-studier av policy-endring i forbindelse med etableringa av Det europeiske forskingsfellesskapet (European Research Area) og Det europeiske området for høgare utdanning (The European Higher Education Area) og dynamikken i styringsinstitusjonar etablert på europeisk nivå.

For det andre jobbar prosjektet med å analysere korleis medlemslandas høgare utdanning og forsking ofte er påverka av etablering og institusjonalisering av styringskapasitet på europeisk nivå. Arbeidet som blir gjort under denne overskrifta analyserer korleis utvikling på europeisk nivå fungerer i samspel med nasjonalstaten og stat-samfunn-tradisjonar, i tillegg til sektorspesifikke forhold.

Bakgrunn

"Kunnskapens Europa" er ein del av EuroTrans-prosjektet, som blir gjennomført i perioden frå 2007 til 2012.

Finansiering

Finansiert av "Europa i endring"/AURORA-programmet ved Norges forskningsråd.

Publisert 21. okt. 2010 15:28 - Sist endret 21. feb. 2018 14:50

Kontakt

Åse Gornitzka

ARENA - Senter for europaforskning
Postboks 1143 Blindern
0318 Oslo

Deltakere

  • Åse Gornitzka Universitetet i Oslo
  • Meng-Hsuan Chou Universitetet i Oslo
Detaljert oversikt over deltakere