English version of this page

Reconstituting Democracy in Europe (RECON) (avsluttet)

Nasjonalstaten har vore det institusjonelle grunnlaget for det moderne demokratiet. I dag vert denne politiske organiseringsforma utfordra og kan bli erstatta av noko nytt. Kan staten som form bli rekonstruert i Europa, og i tilfelle, på kva nivå? Finst det andre og meir levedyktige alternativ?

(Foto: Europakommisjonen)

Om prosjektet

Reconstituting Democracy in Europe (RECON) er eit stor-skala prosjekt som fokuserer på føresetnadene for demokrati i fleirnivåsystemet som utgjer Den europeiske unionen. RECON er starta opp og koordinert av ARENA. Prosjektet har 20 partnerinstitusjonar i 12 europeiske land i tillegg til New Zealand.

Mål

RECON søkjer å klargjere om demokrati er mogleg i situasjonar med ulikskap, mangfald og komplekst fleirnivåstyre. Prosjektet sett opp tre modellar for europeisk demokrati, og ulike alternativer for demokratisk rekonstruksjon i Europa vert skissert og vurdert:

  • gjenskape EU som eit funksjonelt regulativt regime og rekonstruere demokratiet på det nasjonale nivået
  • etablere EU som ein fleirnasjonal føderalstat
  • utvikle ein post-nasjonal union med eit eksplisitt kosmopolitisk avtrykk

RECON ser på kva tilnærmingar som er mest levedyktige når det gjeld demokratisering av det fleirnivåsystemet som EU er. Dette vert gjort gjennom å studere:

  • EUs forlenga konstitusjonaliseringsprosess
  • den institusjonelle komplekset i Europa
  • rolla og statusen til kjønn i eit utvida Europa
  • korleis det sivile samfunnet og den offentlege sfæra legitimerer eller delegitimerer den europeiske integrasjonsprosessen
  • den demokratiske kvaliteten og styringskapasiteten til unionen i skatte- og finanspolitikken og i utanriks- og sikkerheitspolitikken
  • utvidingsprosessen og konsolideringa av demokratiet i dei nye medlemsstatane
  • vilkåra og utsiktene for demokratisering i mellomnasjonale ordningar

Målet er og å identifisere strategiar der demokratiet kan bli styrkja, samt å foreslå tiltak for å korrigere institusjonelle og konstitusjonelle svakheiter ved ulike politikkområde. Forskinga til RECON bringer derfor fram særs relevant kunnskap om den pågåande prosessen med å reformere europeiske og nasjonale institusjonar.

Resultater

Forsking frå prosjektet publiseres i RECON Online Working Paper Series og RECON Report Series. Sjå og RECON’s Newsletter. For eit overblikk over all forskingsaktivitet, publikasjonar, arrangement og nyheiter, sjå RECONs nettstad.

Bakgrunn

RECON går fra 1. januar 2007 til 31. desember 2011. Prosjektet involverer meir enn 100 forskarar frå 20 universitet og forskingsinstitusjonar. Dei dekkjer mange akademiske felt, frå statsvitskap (poltiisk teori, internasjonal politikk, kontitusjonelle studier, europeisk politikk og kjønnsstudier), sosiologi (inkludert spesialkompetanse i mediaforsking), lingvistikk, antropoligi, rettsvitskap (konstitusjonell lov, menneskerettar, folkerett, europeisk økonomilovgiving, offentlig rett og skatterett), til økonomi, med særlig vekt på finanspolitikk og europeisk offentleg politikk.

Finansiering

RECON er eit "Integrated Project" finansiert av EU-kommisjonen sitt sjette rammeprogram for forsking (FP6).

Samarbeid

RECON sine partnerinstitusjonar:

Academy of Sciences of the Czech Republic – Austrian Academy of Sciences, Vienna – Eötvös Loránd University, Budapest – European University Institute, Florence – Freie Universität, Berlin – Jagiellonian University, Krakow – Johann Wolfgang Goethe University, Frankfurt – London School of Economics and Political Science – Peace Research Institute, Frankfurt – Queen’s University, Belfast – Riga Graduate School of Law – Sabanci University, Istanbul – Spanish National Research Council, Madrid – Université libre de Bruxelles – University of Auckland – University of Bremen – University of León – University of Reading – Vrije Universiteit Amsterdam – University of Hamburg –  University of Mannheim (affiliated partner)

Publisert 1. okt. 2010 14:44 - Sist endret 17. mars 2023 12:48

Kontakt

Prosjektleiar
Marit Eldholm

ARENA - Senter for europaforskning
Postboks 1143 Blindern
0318 Oslo

 

Deltakere

  • Erik Oddvar Eriksen Universitetet i Oslo
  • John Erik Fossum Universitetet i Oslo
  • Christopher Lord Universitetet i Oslo
  • Helene Sjursen Universitetet i Oslo
  • Hans-Jørg Trenz Universitetet i Oslo
  • Cathrine Holst Universitetet i Oslo
  • Daniel Gaus Universitetet i Oslo
  • Asimina Michailidou Universitetet i Oslo
  • Espen Daniel Hagen Olsen Universitetet i Oslo
  • Marianne Riddervold Universitetet i Oslo
  • Guri Rosen Universitetet i Oslo
  • Pieter de Wilde Universitetet i Oslo
  • Agustin Jose Menendez Universitetet i Oslo
  • Marit Eldholm Universitetet i Oslo
Detaljert oversikt over deltakere