Europeisk transformasjon

John Erik Fossum har publisert kapittelet "Europeisk transformasjon - utfordring for nasjonale selvbilder" i boka "Skolen, nasjonen og medborgaren" redigert av Trond Solhaug, Kjetil Børhaug, Ola Svein Stugu og Ove Kr. Haugaløkken.

Bokbeskrivelse

I denne antologien tar bidragsytarane på ulike måtar opp utfordringar knytte til nasjonal identitet, fellesskap, historieforståing og samfunnsmessig deltaking i ei tid prega av globalisering, innvandring og større grad av ulikskap.
 
Boka er sett saman av elleve bidrag frå  Noreg, Finland, Sverige og Danmark. Boka er forankra i norsk utdanningspolitikk og norsk skule, men presenterer utfordringar slik dei syner seg i dei einskilde landa. Artiklane kan på ulike vis knytast til samfunnsfaget i skulen. Boka er eit bidrag til den fagdidaktiske litteraturen innanfor samfunnsfaga generelt og drøftar innhaldsmessige utfordringar for dette fagfeltet.
 
Boka vender seg til lærarutdannarar innanfor samfunnsfag og pedagogikk, til forskarar på områda historie, historiedidaktikk, statsvitskap og samfunnsfagdidaktikk, og til lærarstudentar og mastergradsstudentar med samfunnsfagleg fordjuping. Kvart av dei elleve kapitla er sjølvstendige forskingsbidrag av etablerte forskarar innan sine felt. Til saman tematiserer dei det aktuelle problemfeltet om nasjon og medborgarskap i endring, sett både frå eit norsk og eit nordisk perspektiv.

Full info

Trond Solhaug, Kjetil Børhaug, Ola Svein Stugu og Ove Kr. Haugaløkken (red.)
"Skolen, nasjonen og medborgaren"

Forlag: Tapir Akademisk Forlag
Publisert: 2012-04
Antall sider: 191
ISBN: 9788251929165

Publisert 31. mai 2012 14:18