Ingen Europaekspert-konkurranse i år

Europaeksperten, ein kunnskapskonkurranse om EU utvikla av ARENA for niandeklassar, vert ikkje heldt i år.

Det nærmar seg både skulestart og haustens Forskningstorg, der ARENA over fleire år deltok med ei kunnskapskonkurranse om europeiske forhold for elevar i ungdomsskulen. Grunna manglande ressursar er Europaeksperten inntil vidare lagt på is, og det vert ikkje heldt nokon konkurranse i år.

Auka kunnskap om EU

Europaeksperten var ein nettbasert quiz der niandeklassar kunne melde seg på og gjennomføre ein innleiande runde på nett. Dei tre beste klassane gjekk vidare til finalen på Forskningstorget i Oslo. Premien var reisestipend til europatur i 10. klasse.

I 2013 gjekk klasse 9b frå Hakadal ungdomsskule av med sigeren.

Målet med konkurransen var å gi deltakarane høve til å lære om europaspørsmål på ein morosam og inspirerande måte, og samstundes oppfordre til å setje EU på læreplanen i samfunnsfagtimene.

Publisert 28. juli 2015 14:50 - Sist endret 10. juli 2018 12:19