Når gode, faglege resonnement ikkje er nok

Professor Karen Helene Ulltveit-Moe ville ha ein eigen skatt for oppdrettsnæringa. Slik vart det ikkje.

vann, oppdrettsanlegg

- Det er synd at ikkje fleire akademikarar tar del i samfunnsdebatten. Vi har jo ofte ulike syn, og det ville vere bra med fleire røyster der ute, seier økonomiprofessor Karen Helene Ulltveit-Moe. Lerøy Seafood Group AS. Ytterst i Vinjefjorden utenfor Kristiansund. Aure kommune, Møre og Romsdal. Foto: © Espen Bratlie / Samfoto

Då økonomiprofessor Karen Helene Ulltveit-Moe i 2019 var med å foreslå ein eigen skatt for oppdrettsnæringa, vart ho høyrt av mange.

Ja og amen, sa fleire aviser på leiarplass. Og mange av politikarane lytta.

- Vi hadde openbare og gode faglege resonnement. Eg oppfatta at vi vart høyrde og forstått av mange. Likevel kom vi til kort, seier ho.

Avgift i staden for skatt

Forslaget kom etter arbeidet med den norske offentlege utgreiinga «Skattlegging av havbruk» i 2018-2019. Ulltveit-Moe leia arbeidet, der eit fleirtal – og alle fagekspertane – var samde: Dei ønska ein såkalla grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa, der næringa kompenserte for bruken av fellesskapets ressursar.

I mai 2020 kunngjorde Finansdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet at dei ikkje ville innføre grunnrenteskatten. I staden vil dei innføre ei produksjonsavgift på laks, aure og regnbogeaure.

Denne avgifta vil gje kommunar ei årleg inntekt på rundt 500 millionar kroner, i staden for skatteinntekt til stat og kommunar på rundt sju milliardar, som det var venta at grunnrenteskatten ville gje.

Strukturert og effektivt

Ulltveit-Moe har éi forklaring på at skatteforslaget ikkje gjekk igjennom:

Næringa kjempa strukturert og effektivt imot – og dei begynte tidleg.

karen helene ulltveit-moe
Karen Helene Ulltveit-Moe er professor i økonomi ved UiO. Foto: Tron Trondal/UiO

- Dei kom på banen før vi i det heile tatt hadde begynt å jobbe. Dei snakka med politikarar og

selde inn saker til media. Då vi kom med vår konklusjon, hadde fleire parti alt bestemt seg, meiner ho.

Næringa argumenterte mellom anna med at ein grunnrenteskatt ville svekke konkurranseevna og hindre vekst.

Utvalet meinte på si side at skatten ville gje meir effektiv ressursbruk, mellom anna fordi skattebeløpet ville tilpassast bedriftene si inntening. Ein skatt ville heller ikkje medføre ei vriding i investeringar, slik ei produksjonsavgift kan gjere, ifølgje Ulltveit-Moe.

Media si rolle

Ho trur at media har fått ei større rolle i politikken enn tidlegare, og at det er noko av forklaringa på at utvalet kom til kort

- Får du nok merksemd i media, kan det vere veldig avgjerande for kva val som blir tatt i politikken, meiner ho.

Ulltveit-Moe er sjølv ei kjend stemme i media, med hyppig deltaking i Dagsnytt 18 og fast spalte i Dagens Næringsliv (DN). Men her var det altså ikkje nok.  

Eg synest det har blitt vanskelegare å få gjennomslag for faglege resonnement dei siste åra. Inntrykket mitt er at særinteresser har blitt flinkare til å kome gjennom.

Fekk raude merknader

Ulltveit-Moe vart tidleg del av samfunnsdebatten. Som ung økonom ved Norges Handelshøyskole vart ho mellom anna inspirert av samfunnsøkonomen Victor Normann og av dåverande kommunikasjonssjef Torny Aarbakke.

Ein dag kom ho også i prat med Sofie Mathiassen, på den tida politisk redaktør i DN. Mathiassen inviterte henne til å skrive kronikkar.

- Eg sa at eg godt kunne tenkje meg det, men at da måtte vi ha ein avtale. Viss eg skreiv kronikkar, ville eg ha tilbakemelding på dei.

Slik vart det. Dei første åra sende Ulltveit-Moe alltid førsteutkastet ei stund i førevegen og fekk det tilbake med det meste merka i raudt. Kanskje var det fjerde versjon som til slutt stod på trykk. Men ho seier som så:- Det er alltid morosamt å lære noko nytt.  

Ho trur at ei slik haldning er viktig for akademikarar som ønskjer å nå ut med kunnskapen sin.

- Kunnskap kan ikkje takast ut i den forma som vi tar han ut når vi kommuniserer med kollegaene våre. Det verkar ikkje i det heile tatt.

Ei underliggande drivkraft

I dag har ho framleis ein avtale med DN, og skrivinga går langt lettare. Det ho lærte, har ho hatt god bruk for i fleire samanhengar – for eksempel i arbeidet med offentlege utgreiingar, fortel ho. Til no har ho leia tre slike.

Ho kunne ønske seg langt fleire forskarar i samfunnsdebatten.

- Vi har jo ofte ulike syn, og det ville vere bra med fleire røyster der ute, meiner ho. 

Dette ønsket botnar i det ho kallar si underliggande drivkraft.

Eg trur at vi får eit betre samfunn, og betre politikk, viss vi bruker det vi har av kunnskap.

Eit krevjande halvår

Fleire andre gonger har ho opplevd å ha ein reell påverknad. For eksempel var ho ein viktig aktør bak skattefunnordninga, som gjev skattefrådrag til bedrifter som driv med forsking og utvikling.

Ho var også med i Finanskriseutvalet (2009-2011), som ga råd om korleis Noreg burde innrette seg etter finanskrisa. Fleire av poenga til utvalet har blitt følgde opp, ifølgje Ulltveit-Moe.

Økonomiprofessoren sit også i Norges Banks hovudstyre, ein jobb ho skildrar som «givande». I haust har det storma rundt den nye oljefondsjefen Nicolai Tangen, mellom anna på grunn av hans private eigarinteresser.

Hovudstyret har ansvaret for tilsetjinga og har jobba hardt med å få gjennomslag for at Tangen er rette mann til jobben.

Ulltveit-Moe kan seie lite om erfaringane sine, sidan det er sentralbanksjefen som uttalar seg på vegne av hovudstyret.

- Men det har vore eit krevjande halvår. Eg har tatt med meg nokon klare læringspunkt og er veldig glad for at Nicolai Tangen no er på plass, seier ho.  

Trinnvise endringar

Ulltveit-Moe påpeikar at politikk i stor grad handlar om kompromiss, og ho siterer den tyske politikaren Otto von Bismarck: «Politikk skal vere det mulege sin kunst.»

- Men det er likevel viktig at politiske avgjerder er informerte. For meg gir det mykje meining å bidra til eit slikt kunnskapsgrunnlag. Eg håper at det kan gi oss eit betre samfunn.

Sjølv om ho opplevde det vanskeleg å få gjennom ein skatt for oppdrettsnæringa, har ho erfart at endringar kan kome på sikt.

Det økonomiske systemet byggjast stein på stein, og den eine endringa kan føre til den andre.

- Skattlegginga av norske kraftverk var til dømes ei trinnvis utvikling. Det gjev eit håp om at noko tilsvarande kan skje med oppdrettsnæringa.

Av Silje Pileberg
Publisert 12. okt. 2020 11:27 - Sist endret 3. mai 2024 11:14