Gamal, lykkeleg - og mobil

For mange nordmenn blir alderdommen prega av barrierar for å komme seg ut og rundt. Enkle grep kan gjere det lettare for eldre å delta i samfunnet utanfor heimen, ifølgje ein ny doktorgrad. 

En eldre mann triller en eldre dame i en trillebår. Begge ler og koser seg.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Dårleg strødde vegar vinterstid, bakkar, lange avstandar til busshaldeplassen, mangel på benkar langs vegen og drosjetenester som ikkje strekker til er barrierar som hindrar eldre nordmenn i å flytte på seg. Resultatet er at det sit mange eldre rundt om i landet som ikkje får bli med på det dei har lyst til. 

- Enkelte kan vere isolerte i fleire veker vinterstid fordi gatene ikkje er strødde, seier forskar Susanne Nordbakke. 

Ho har gjennomført ei landsomfattande spørjeundersøking blant 4.723 nordmenn over 67 år. I tillegg har ho intervjua eldre i fokusgrupper. Slik har ho kartlagt barrierane for eldre sin mobilitet. Studien er del av ein doktorgrad ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo.  
 

Ønskjer å gå meir tur 

I 2050 vil kvar femte nordmann vere aldrande. Det inneber store kostnader for velferdsstaten, men også mange val: Kva tiltak bør prioriterast for at eldre borgarar skal kunne ha eit godt liv? Nordbakke sine forskingsresultat kan vere nyttige å ta med i vurderinga. 

- Eldre er ulike, og dei møter også ulike barrierar. Det mange har til felles er at dei har problem med å gå. Dette problemet blir forsterka dersom ein manglar bil eller førarkort, eller dersom kollektivtilbodet er dårleg, seier Nordbakke. 

Den aktiviteten eldre i størst grad rapporterer at dei gjerne skulle gjort meir av, er å gå tur. Heile 43 prosent av dei spurte kunne tenkje seg å gjere dette oftare. 38 prosent skulle gjerne besøkt familie og venner oftare, og 30 prosent kunne tenke seg å nytte kulturtilbod i større grad. 
 

Daglege turar i butikken 

Nordbakke har sett på korleis eldre utviklar strategiar for å kunne gjennomføre dei aktivitetane dei ønskjer. Slike strategiar kan bli brukte til dømes når det er tungt å bruke kollektivtransport, eller dersom ein er redd for å reise om kvelden. 

- Nokre vel å overnatte hos venner, og nokre vel også å delta på kulturelle tilbod på dagtid. Dei siste åra har det blitt meir vanleg med eldrekino på dagtid, og dette er eit godt tiltak. På stader der eit slikt tilbod manglar, er det eit sakn, seier Nordbakke. 

Den aktiviteten eldre gjer mest av, er å handle daglegvarer. Heile 30 prosent av dei spurte er i matbutikken nesten kvar dag. Også dette kan sjåast på som ein strategi for å tilpasse seg ein tyngre kvardag: Det er tungt å bere store handleposar, og i intervjua kom det fram at mange difor vel å gå i butikken oftare enn før. 

Ei eldre kvinne forklarte også at ho hadde valt å byte kjøpesenter, fordi det gamle kjøpesenteret kravde at ein måtte hente parkeringslapp. Ved det nye var parkeringa gratis, og då slapp ho å gå. «Eg er veldig takksam for kvart steg eg kan spare,» sa ho.

Foreslår eldreknapp på bussen 

Nordbakke meiner at styresmaktene kan gjere fleire tiltak for å leggje til rette for at eldre skal kome seg rundt. Nokre av tiltaka ho foreslår er: 

  • Benkar å kvile seg på når ein er på veg til bussen 
  • Rask moking og strøing etter snøfall om vinteren  
  • Ein eigen knapp på bussen som gir eldre lov til å stige av på toppen av bakkar 
  • Oppfriskingskurs for bilkøyring slik at eldre føler seg trygge på vegane  
  • Eit minimumstal med drosjereiser, såkalla TT-reiser, for alle. I dag varierer dette tilbodet mellom kommunane


Nordbakke meiner i tillegg at ein bør jobbe for å få eit tettare samarbeid mellom ulike sektorar, særleg mellom offentlege og private, slik at lokaliseringa og tidspunkta for ulike aktivitetstilbod kan planleggast betre. Ho trur at slike samarbeid også kan forenkle informasjonen om tilboda og transport til og frå.

Å vite at ein kan 

Mange eldre opplever å ha mindre energi enn i sine yngre dagar. Ifølgje Nordbakke synest mange at det er heilt greitt å vere mindre aktive enn før. 

- Fleire seier at det viktigaste ikkje er kor ofte dei deltar i aktivitetar, men derimot at dei veit at dei har mulegheita til å komme seg ut når dei ønskjer det. Dette gjev ein grunnleggande fridom. Å ha aktivitetar i livet gjev kvardagen struktur og meining, og det er viktig for at vi skal ha det bra, seier  Susanne Nordbakke, som til dagleg er tilsett på Transportøkonomisk institutt.  

Av Silje Pileberg
Publisert 17. juli 2014 12:26 - Sist endret 25. juni 2024 09:36