Barnefamiliar i Groruddalen har det bra

Barneforeldre i Groruddalen er meir fornøgde enn media kan gje inntrykk av, ifølgje Malin Brevigh Nilsen. I ei masteroppgåve støtta av Osloforskning har ho undersøkt trivselen til innbyggjarar i det store dalføret nordaust i Oslo. 

Mellomgård borettslag, Groruddalen

Mellomgård borettslag, Groruddalen. Foto: Ida Tolgensbakk, Wikipedia Commons.

Ressurssterke foreldre som bussar ut ungane, mødrer som tar barna ut av barnehagen, narkosal i skulegarden, «kvit flukt» frå Groruddalen. Det har ikkje mangla på medieoppslag om utfordringane i Groruddalen. Dalføret omfattar fire bydelar og er heimstad for rundt 130.000 menneske, kvar femte Oslo-borgar.

Men kor ille er det å la ungane sine vekse opp der? Og ser dei foreldra som blir buande annleis på ting enn dei som vel å flytte? Dette var blant spørsmåla Malin Brevigh Nilsen stilte i ei masteroppgåve som fekk støtte frå forskingsprogrammet Osloforskning.

– Totalt sett er mange veldig fornøgde med å bu i Groruddalen, men det kan verke som om mediedebatten gjer folk usikre. Når Groruddalen får negativ omtale, blir foreldre redde for at dei har tatt eit dårleg val – sjølv om dei trivast, seier Malin Brevigh Nilsen.

Gjer mange like vurderingar

Nilsen har lagt til grunn data frå «Undersøkelse om ditt nabolag», eit større nordisk prosjekt utført av fleire forskingsinstitusjonar og statistiske byrå i 2012. Av dei som deltok i undersøkinga var 115 barneforeldre i Groruddalen, og i tillegg kom 68 foreldre som hadde flytta ut. Alle desse hadde etnisk norsk bakgrunn. 

– Både dei som framleis bur der og dei som har flytta er i stor grad fornøgde med å bu i Groruddalen.

Men det er også nokre faktorar dei er mindre fornøgde med. Spesielt er folk misfornøgde med området sitt omdømme og delen etniske minoritetar på skulen og i nabolaget, seier Nilsen.

– Totalt sett gjer dei som blir buande og dei som flyttar mange like vurderingar. Begge grupper uttrykker misnøye med delen etniske minoritetar, men dei som blir buande ser litt meir positivt på det etniske mangfaldet.

Dårleg omdømme gjer folk usikre

Sjølv om mange, både utflyttarar og dei som framleis bur i Groruddalen, uttrykker at dei er misfornøgde med Groruddalen sitt omdømme, seier nesten 70 prosent av dei som bur

Malin Nilsen
Malin Brevigh Nilsen. Foto: Privat

der at omdømmet ikkje stemmer overeins med røynda. Groruddalen er betre enn folk trur, meiner dei.

– Samtidig verkar det som om omdømmet gjer folk usikre. Når folk blir spurte om kva som kunne få dei til å vurdere å flytte, svarer dei fleste ei forverring av områdets omdømme, i tillegg til auka del elevar med minoritetsbakgrunn og auka omfang av sosiale problem.

Heile 20 prosent av dei spurte som bur i Groruddalen i dag veit ikkje om dei framleis vil bu der om to år.

– Ein kan ikkje vite årsaka, men ei naturleg tolking er at dei er usikre på kva som er det rette valet. Sjølv om dei trivast, vurderer dei kanskje å flytte for å sleppe å la barna vekse opp i eit område med dårlege rykte.  

Eit komplekst val

Det er likevel ikkje slik at alle lar seg påverke av stigmatisering og omdømme, påpeikar Nilsen. Ofte er det Groruddalen som heilskap som blir omtala i media, men mange individ og hushald tar avgjerder med utgangspunkt i nabolaget eller skulekretsen. 47 prosent av foreldra i Groruddalen svarer at dei verken har ønske eller planar om å flytte dei næraste to åra.

 – For ein del kan det som skjer i eins eige nærområde vere det viktigaste. Groruddalen er eit stort område med mange ulike nabolag, seier Nilsen.

Ho understrekar også at det gjerne er individuelle og komplekse årsaker som ligg bak folk sitt val om å flytte.

– Det blir for enkelt å seie at innvandrardelen i nabolaget er einaste årsak. Valet om å flytte er basert på ei rekke mindre val, også økonomi spelar inn.

Mange flyttar ut av Groruddalen når dei skal kjøpe rekkehus eller einebustad, og dei flyttar gjerne til stader utanfor Oslo, seier Nilsen.

Undersøking hennes synar at dei som flyttar blir meir fornøgde med den nye heimstaden sitt omdømme og den etniske samansetnaden. Dei fleste oppfattar også den nye staden som meir barnevenleg og trygg enn det som er tilfelle i Groruddalen. Utflyttarane saknar likevel ting på den nye heimstaden, først og fremst kollektivtransport og nærleik til familie og venner.

Var nysgjerrig på området ho sjølv bur i

Nilsen har sjølv budd på Grorud dei siste fire åra. Sjølv om ho verken har barn eller er aktiv i lokalmiljøet, er ho likevel del av dagleglivet i området – ho går til butikken for å handle mat og til Bazaaren for å handle grønsaker. Ho joggar langs Alnaelva og drikk kaffi i Grorudparken, og blir støvlettane øydelagde, fiksar skomakar Ali dei.

– Eg veit ikkje om eg hadde budd i Groruddalen viss eg hadde barn i skulealder. Men eg trivast godt her, og eg har eit anna inntrykk av området enn det eg ofte får ved å lese aviser.

Bakgrunnen for at eg valde dette temaet for masteroppgåva mi var at eg var nysgjerrig på den gruppa som ofte blir omtala i media, nemleg dei foreldra som har barn i skulealder. Media og forskarar skriv gjerne om dei som vel å flytte, eg ville sjå på kva som får folk til å bli buande, seier ho.

Støtta frå Osloforskning gjorde at ho kunne jobbe litt mindre ved sida av studiane, og ho fekk dermed meir tid til å dukke ned i temaet ho skreiv om. 

– I tillegg var det veldig fint å kjenne på at nokon hadde trua på mitt prosjekt. Først og fremst var støtta frå Osloforskning veldig motiverande, seier Malin Brevigh Nilsen.


Kontakt

Katalin Godberg

Pressekontakt

Erik Engblad

Masteroppgaven:

Den bofaste majoritet

Av Silje Pileberg
Publisert 25. jan. 2017 08:56 - Sist endret 7. feb. 2024 10:07