English version of this page

Måling og forklaring av diskriminering i arbeidsmarkedet (DISCRIM) (avsluttet)

Prosjektet Measuring and Explaining Discrimination in the Labour Market: New Understandings and Political Solutions har som hovudmål å forklare omfanget av og årsakene til diskriminering. Prosjektet definerer "diskriminering" som når personar som har dei same kvalifikasjonane og kompetansen blir behandla ulikt.

For meir informasjon,se dei engelske prosjektsidene.

Om prosjektet

Diskriminering på arbeidsmarknaden oppstår når personar med dei same kvalifikasjonane og den same kompetansen blir behandla ulikt. Prosjektet vil forsøke å måle om innvandrarar blir diskriminerte på arbeidsmarknaden, og dersom det er slik, på kva nivå det skjer. Ved å kombinere eit nytt metodologisk forskingsdesign (correspondence testing) med solid empirisk forsking ved hjelp av registerdata, vil dette prosjektet gi oss ny kunnskap om årsakene til diskriminering og om kor utbredt det er. Prosjektet vil i tillegg ha fokus på kjønnsforskjellar blant innvandrarar, og samanlikne desse med kjønnsforskjellar i resten av befolkninga i Noreg. Dei viktigaste variablane vil vere tilgang til arbeid, karriere og lønnsforskjellar.

Ved hjelp av registerdata for hele befolkninga vil prosjektet sørgje for solide empiriske analysar av den norske arbeidsmarknaden, med spesielt fokus på korleis arbeidsmarknaden verkar for innvandrarar og deira barn (andregenerasjon), med såkalla ikkje-vestleg bakgrunn (frå land utanfor OECD, og Tyrkia), samanlikna med resten av befolkninga.

Den empiriske forskinga på diskriminering vil skje på to måtar:

  • Ved hjelp av felteksperiment for å teste korleis arbeidsgivarar oppfører seg (correspondence testing, med oppfølgingsintervju).
  • Ved hjelp av registerdata for å estimere kor makt mykje arbeidsgivarar har i arbeidsmarknaden, i forhold til tilgang til arbeidsmarknaden og lønnsforskjellar.

Reverse discriminationReverse dicrimination. Foto: Suparna Sinha (Some rights reserved)

Mål

Prosjektet har som viktigaste mål å forklare årsaker til diskriminering i arbeidslivet og kor utbredt det er.

Bakgrunn

Prosjektet er eit samarbeid mellom Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS), Universitetet i Oslo, og Institutt for samfunnsforsking (ISF) og Forskningsstiftelsen Fafo.

Prosjektleiar er professor Gunn Elisabeth Birkelund ved ISS. Stipendiat Ferdinand A. Mohn er også knytt til prosjektet.

Frå Institutt for samfunnsforsking (ISF) deltar Pål Schøne, Marianne Røed og Harald Dale-Olsen. Fra Fafo deltar Jon Rogstad.

I tillegg vil forskarane samarbeide med kollegaer frå Universitetet i Oxford,Universitet i California, Berkeley og Stockholms Universitet.

Oppsummering og resultater

Les faktaark om prosjektet.

Samarbeid

Nasjonale partnarar

Internasjonale samarbeidspartnarar

  • Universitetet i Oxford
  • Universitetet i California
  • Stockholm Universitet

Forskningsprogram

Bevilgningen til prosjektet er NOK 10 978 000.

Vargihet

1 januar 2011 - 31 desember 2015

Publisert 25. aug. 2010 15:38 - Sist endret 8. sep. 2023 17:30

Kontakt

Besøksadresse

Moltke Moes vei 31
Harriet Holters hus, 2 etg.
0851 Oslo

Postadresse

Postboks 1096 Blindern
0317 Oslo

Telefon, faks og e-post

22 85 52 57 (telefon)
22 85 52 53 (faks)