Protokoll fra møte i ...

Møtet ble satt 03. februar 1999, kl. 14.15, Rom 725 ES, og hevet kl. 16.00.

Lise Kjølsrød (styrar), Kristian Stokke (vara for Terje Wessel), Hege Knutsen, Ole Jørgen Skog, Dag Album, Tone Schou Wetlesen, Karin Widerberg, Thomas Sandvik (vara for Bård K. Engen), Jørgen Carling, Anne-Margrethe Sønneland, Katrine Teigen, Kirsten S. Willadsen, Selma Therese Lyng, Arne Mastekaasa, Gudleik Grimstad (ref).

Fråfall: Terje Wessel, Tove Thagaard.

Lars Mjøset var ikkje tilstades under sak 11/1999, jf habilitet sak 1/1999.

SAK 1
Saksnr. 1/1999
Godkjenning av dagsorden

Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 25. november 1998 (sendt ut tidlegare) og innkalling. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet.

Vedtak:
Styret tek protokollen frå møtet 25. november -98 og innkallinga til møtet 3. februar -99 til etterretning. Instituttstyret ber om at fristen for utsending av innkalling og saker så langt det er mogleg vert overhalden.

          

Orienteringssaker

O-SAK 1
Saksnr. 2/1999A
Suppleringsval

Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 25. november 1998 (sendt ut tidlegare) og innkalling. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet.

Vedtak:
Styret tek protokollen frå møtet 25. november 1998 og innkallinga til møtet 3. februar 1999 til etterretning. Instituttstyret ber om at fristen for utsending av innkalling og saker så langt det er mogleg vert overhalden.

          
O-SAK 2
Saksnr. 3/1999
Årsplan 1999

Vedtak:
Instituttstyret tek utkastet til årsplan for 1999 til etterretning.

Instituttstyret ber om at dei innnspel som er komne fram i møtet vert innarbeidde i nytt utkast for vidare drøfting i fagstyre/instituttstyret med sikte på endeleg vedtak i instituttstyremøtet 3. mars 1999.

          
O-SAK 3
Saksnr. 4/1999
Budsjett

Vedtak:
Instituttstyret tek utkastet til budsjett for 1999 til etterretning.

Instituttstyret ber om at dei innnspel som er komne fram i møtet vert innarbeidde i nytt utkast for vidare drøfting i fagstyre/instituttstyret med sikte på endeleg vedtak i instituttstyremøtet 3. mars 1999.

          

Ordinære saker

V-SAK 1
Saksnr. 5/1999
Søknad om permisjon

Vedtak:
Instituttstyret går inn for at Randi Wærdahl vert innvilga fritak for eitt semester pliktarbeid i samband med gjesteforskaropphald i USA.

Dersom stipendiaten meiner det ligg føre særskilt grunnlag for å søkje ytterlegare fritak, vil instituttstyret eventuelt ta stilling til dette når ein slik søknad ligg føre.

          
V-SAK 2
Saksnr. 6/1999
Nye satsar for timerekneskapen

Vedtak:
Instiuttstyret sluttar seg til forslaget til nye satsar for timerekneskapen for pliktarbeid for vitskaplege tilsette ved ISS.

Alle tilsette er i fellesskap ansvarlege for instituttet sine fellesoppgåver når det gjeld administrasjon og undervisning. Alle tilsette kan påleggast plenumsundervisning på lavare nivå. Det skal takast særleg omsyn til dei undervisningsoppgåvene som instituttet er mest avhengig av, slik som obligatorisk undervisning, rettleiing og sensurering. Instituttet har vanlegvis ikkje ressursar til at heile undervisningspliktá kan takast ut på fordjupungskurs eller liknande på hovudfag.

For sosiologi sitt vedkomande vert det her vist til fagstyrevedtak i sak 67/1998, der følgjande vedtak vart fatta: "Fagstyret understreker at det påhviler lærere med undervisning en særlig plikt til å delta i arbeidet med utforming av eksamensoppgaver og forslag til kommisjoner".

Samfunnsgeografi fatta i sitt fagstyremøte (sak 70/1998) vedtak om følgjande presisering: "Det skal ved nedskjæringer tas særlig hensyn til de undervisningsoppgaver som instituttet er mest avhengig av, som obligatorisk undervisning, veiledning og sensur."

Timerekneskapen skal gjennomgåast og godkjennast av fagleg leiing ved instituttet kvart semester. Eventuell usemje mellom fagleg leiing og den enkelte tilsette om timerekneskapen skal handsamast av instituttstyret.

Dei nye satsane vert iverksette frå og med arbeidsåret 1999.

          
V-SAK 3
Saksnr. 7/1999
Møteplan 1999

Vedtaksforslag:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til møteplan for våren 1999.

          
V-SAK 4
Saksnr. 8/1999
Opptaksrammer for studieåret 1999/2000

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til opptaksrammer for høgere grad studieåret 1999/2000:

  • Samfunnsgeografi: 31 studenter
  • Sosiologi: 120 studenter
          
V-SAK 5
Saksnr. 9/1999
Forslag til innstilling - Universitetslektor Prosjektforum

Vedtak:
Instituttstyret innstiller

  1. Dag Gjestland

Dersom søkjar nummer ein ikkje tek stillinga, ber instituttstyret om at saka vert sendt attende til innstituttet for ny handsaming.

Saka vert sendt vidare til fakultetet sitt arbeidsutval (AU) for vidare handsaming.

          
V-SAK 6
Saksnr. 10/1999
Forslag til innstilling - Midlertidig tilsetjing

Forslag til innstilling - Midlertidig tilsetjing i stipendiatstilling (NFR-finansiert/uheimla) i samfunnsgeografi for perioden 1.1.99-31.12.2001 (3-årig).

Vedtak:
Instituttstyret innstiller på at Thorkel Christie Askildsen vert å tilsetje som mellombels NFR-stipendiat i samfunnsgeografi for
perioden 01.01.99-31.12.2001 utan pliktarbeid (3 år finansierte av NFR). Tilsetjinga gjeld under føresetnad av tilfredsstillande
finansiering frå NFR.

Saka vert sendt vidare til fakultetet sitt arbeidsutval (AU) for vidare handsaming.

          
V-SAK 7
Saksnr. 11/1999
Forslag til innstilling - Midlertidig tilsetjing

Forslag til innstilling - Midlertidig tilsetjing i stipendiatstilling (NFR-finansiert/uheimla) i Sosiologi for perioden 1.2.99-30.1.2002 (4-årig).

Vedtak:
Instituttstyret innstiller på at Åsmund Birkeland vert å tilsetje som mellombels NFR-stipendiat i sosiologi for perioden 01.02.99-30.1.2002 (3 år finansiert av NFR, 4. året finansiert av instituttet) med 25% undervisningsplikt. Tilsetjinga gjeld under føresetnad av tilfredsstillande finansiering frå NFR og under føresetnad av at Birkeland gjennomfører fakultetet sitt dr. polit program.

Saka vert sendt vidare til fakultetet sitt arbeidsutval (AU) for vidare handsaming.

Instituttstyret ber om at det ved eit seinare høve vert teke opp til prinsipiell drøfting kva retningslinjer instituttet skal ha når det gjeld rekruttering av ulike typer stipendiatar: NFR (prosjekt og "frie midlar", universitetsstipendiatar og rekrutteringsstipendiatar (0281).

          
V-SAK 8
Saksnr. 12/1999
Eventuelt

A:
Studentrepresentanten frå sosiologi informerte om nokre av fagutvalet sine satsingar for inneverande valperiode: - evalueringsarbeid og arbeidsmiljø, formidling og fakultetet si markering av 2000-årsskiftet.

          
Publisert 27. sep. 2010 09:46