Protokoll fra møte i ...

Møtet ble satt 03. mars 1999, kl. 14.15, Rom 725 ES, og hevet kl. 15.30.

Lise Kjølsrød (styrar), Terje Wessel, Hege Knutsen, Ole Jørgen Skog, Dag Album, Tone Schou Wetlesen, Karin Widerberg,
Bård K. Engen, Lars Clausen (vara for Jørgen Carling), Anne-Margrethe Sønneland, Katrine Teigen, Kirsten S. Willadsen,
Helle Linné Eriksen (vara for Selma Therese Lyng), Tove Thagaard, Arne Mastekaasa, Gudleik Grimstad (ref)

SAK 1
Saksnr. 13/1999
Godkjenning av dagsorden

Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 3. februar 1999 (sendt ut tidlegare) og av innkalling til instituttstyremøte 3. mars 1999. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet.

Til etterretning

          

Orienteringssaker

O-SAK 1
Saksnr. 14/1999 A
Suppleringsval til instituttstyret

Det vart avvikla suppleringsval til instituttstyret for val av to vararepresentantar for perioden 1999-2001 onsdag 24.4.99. Desse vert valde:

  1. Sigurd Skirbekk
  2. Marianne Nordli Hansen
          
O-SAK 2
Saksnr. 14/1999 B
Årsrapport for 1998

Rapporten vert kopiert opp og sendt til alle tilsette med merknadsfrist 15. mars.

          
O-SAK 3
Saksnr. 14/1999 C (I)
Rekneskap for 1998

Sjå budsjettforslaget for 1999

Til etterretning

          
O-SAK 4
Saksnr. 14/1999 C (II)
Referat frå fagstyremøte på Prosjektforum 26. januar 1999

Referat frå fagstyremøte på Prosjektforum 26. januar 1999

Til etterretning

          
O-SAK 5
Saksnr. 14/1999 D
Oppfølgjing av effektiviseringsprosjektet - innsparing av administrative årsverk

Til etterretning

          

Ordinære saker

V-SAK 1
Saksnr. 15/1999
Årsplan 99

Vedtak:
Instituttstyret vedtok forslaget til årsplan for 1999, med dei forslag til endringar som kom fram i møtet.

          
V-SAK 2
Saksnr. 16/1999
Budsjett 1999

Vedtak:
Instituttstyret slutta seg til forslaget til budsjett for 1999 med dei forslag til endringar som kom fram i møtet. I budsjettet er det lagt opp til følgjande udisponerte midlar:

kr 420 000,- Fellesutgifter og administrasjon:
kr 59 747,- Sosiologi
kr 98 110,- Samfunnsgeografi
kr 34 915,- Prosjektforum
kr 1 448 101,- Osloforskning
kr 597 329,- Eksterne prosjekt
kr 612 772,- SUM overført 2000 (ekskl eksterne)

          
V-SAK 3
Saksnr. 17/1999
Forslag til utlysingstekst for 20% stilling som førsteamanuensis

Forslag til utlysingstekst for 20% stilling som førsteamanuensis (II) i geografiske informasjonssystem (GIS) ved samfunnsgeografi for 5 år

Vedtak:
Instituttstyret slutta seg til forslaget om at det vert lyst ut ei 20% stilling som førsteamanuensis (II) i geografiske informasjonssystem (GIS) ved samfunnsgeografi for 5 år (sjå grunngjeving i vedlagte notat) under føresetnad av at dei arbeidsrettslege sider i høve til engasjementet er avklart.

Instituttstyret slutta seg til forslaget til utlysingstekst.

Forslag på medlemmer til sakkunning komite vert lagt fram for instituttstyret til godkjenning i eit seinare møte.

Saka vert sendt over til fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 4
Saksnr. 18/1999
Eventuelt

Det var ingen saker under eventuelt.

          
Publisert 27. sep. 2010 09:46