Protokoll fra møte i ...

Møtet ble satt 06. oktober 1999, kl. 14.15, Rom 725 ES, og hevet kl. 16.00.

Tilstades: Lise Kjølsrød (styrar), Terje Wessel, Hege Knutsen, Dag Album, Tone Schou Wetlesen, Arne Mastekaasa, Thomas Sandvik, Lars Ove Gidske, Anne-Margrethe Sønneland, Geir O. Rønning(vara), Kirsten S. Willadsen, Selma Therese Lyng, Tove Thagaard, Ole Jørgen Skog, Lars Mjøset (vara) (vara), Gudleik Grimstad (ref).

Forfall: Arnlaug Leira, Katrine Teigen

SAK 1
Saksnr. 40/1999
Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 8. september 1999

Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 8. september 1999 (sendt ut tidlegare) og innkalling til instituttstyremøte 6. oktober 1999. Eventuell inhabilitet i høve til saker som vart handsama i møtet.

Innstilling om ny formidlingspolitikk ved UiO vart vedteken omgjord til orienteringssak (sjå Sak 42/99), ettersom høyringsfråsegna vart sendt frå fakultetetet til universitetsdirektøren i brev av 1.10.99.

          

Orienteringssaker

O-SAK 1
Saksnr. 41/1999 A
Utkast til UiOs langtidsplan

Instituttstyrar orienterte i møtet. Administrasjonen sender kopi av fakultetet si høyringsfråsegn, datert 1. oktober 1999, til alle tilsette.

          
O-SAK 2
Saksnr. 42/1999
Innstilling om ny formidlingspolitikk ved UiO

Instituttstyret slutta seg i hovudsak til fakultetet si høyringsfråsegn, men peika på at innstillinga i liten grad tek opp spørsmålet om korleis UiO skal opptre i høve til strukturelle endringar i norsk forlagsbransje. Desse endringane gjer det enno vanskelegare for samfunnsvitskapane og humaniora å finne eigna kanalar for fagleg formidling.

          

Ordinære saker

V-SAK 1
Saksnr. 43/1999
Tilsetjing i utlyst vikariat som førsteamanuensis i økonomisk geografi

Tilsetjing i utlyst vikariat som førsteamanuensis i økonomisk geografi i perioden frå 1.1.2000 til 31.12.2001

Vedtak:
Instituttet tek innstillinga frå den sakkunnige komiteen til etterretning og innstiller søkjarane til vikariatet på følgjande måte:

For tilsetjing i vikariat som førsteamanuensis:

  1. Bjørnar Sæther

Dersom Bjørnar Sæther takkar nei til stillinga, vert følgjande å innstille til vikariatet som universitetslektor:

  1. Eva Sárfi
  2. Roar Samuelsen

Saka vert sendt over til fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 2 Eventuelt

A
Nytt medlem i sakkunnig komite for vurdering av utlyst professor II-stilling - eventuelt førsteamanuensis/universitetslektor - i Geografiske informasjonssystem (GIS)

Visestyrar orienterte om at det var utnemnd eit nytt medlem til sakkunnig komite:

  • Professor emeritus Peter Sjøholt, Geografisk institutt, Norges Handelshøyskole
  • Uiversitetsadjunkt Fred Hedkvist, Kulturgeografiska institutionen, Umeå universitetet, går dermed ut som ordinært medlem av komiteen, men fungerer som konsultativt medlem innan bruken av GIS.
          
Publisert 27. sep. 2010 09:46