Protokoll fra Instituttstyremøtet onsdag 9. februar 2000

Møtet ble satt 09. februar 2000, kl. 14.15, Rom 725 ESH, og hevet kl. 16.00.

Tilstades: Hege Knutsen (visestyrar) Terje Wessel, Tove Thagaard, Arne Mastekaasa, Dag Album, Tone Schou Wetlesen, Lars Mjøset (vara), Thomas Sandvik, Susan Powers, Victoria Einagel, Camilla Arveschoug, Ragnhild Fugletveit, Siri Willumsen, Gudleik Grimstad (ref)

Forfall: Lise Kjølsrød, Ole Jørgen Skog, Arnlaug Leira

SAK 1
Saksnr. 1/2000
Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 3. november 1999

Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 3. november 1999 (sendt ut tidlegare) og innkalling til instituttstyremøtet 9. februar 2000. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet.

Det vart melde to tilleggssaker til møtet:

  1. Møteplan for 2000
  2. Søknad om fritak frå pliktarbeid
          

Orienteringssaker

O-SAK 1
Saksnr. 2/2000 A
Val til instituttstyret og fagstyret for perioden 1.1.2000 til og med 31.12.2000

Val til instituttstyret og fagstyret for perioden 1.1.2000 til og med 31.12.2000. Oversikt over medlemmer i instituttstyret og fagstyra delt ut i møtet.

          

Ordinære saker

V-SAK 1 Ekstrasak 1

Forslag til møteplan for instituttstyret og for fagstyra våren 2000.

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til møteplan for våren 2000.

          
V-SAK 2 Ekstrasak 2

Søknad om fritak for pliktarbeid

Vedtak:
Instituttstyret går inn for at Victoria Ingrid Einagel vert innvilga eitt år fritak for pliktarbeid grunna lengre feltarbeid og studieopphald utanlands.

          
V-SAK 3
Saksnr. 3/2000
Rekneskap for 1999

Vedtak:
Instituttstyret tek den førebelse rekneskapen for 1999 til etteretning. Rekneskapen vert lagt fram for styret til endeleg godkjenning saman med budsjettet for 2000 i møtet 8. mars 2000. Instituttstyret ber om at det i samband med dette vert gjort greie for endra økonomistyringsrutinar.

          
V-SAK 4
Saksnr. 4/2000
Forslag til budsjett for 2000

Rapport om gjennomføring av årsplantiltak for 1999
Forslag til årsplan for 2000

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til den skisserte planprosessen, og ber om at dei kommentarar og framlegg som kom fram i møtet vert innarbeidde i det forslaget til årsplan som vert lagt fram for styret til slutthandsaming i instituttstyremøtet onsdag 8. mars.

          
V-SAK 5
Saksnr. 5/2000
Årsrapporten for 1999

Vedtak:
Instituttstyret tek årsrapporten til etterretning med dei forslag til redaksjonelle omarbeidingar og rettingar som kom fram i møtet.

Instituttstyret gjev instituttstyrar fullmakt til å godkjenne rapporten for publisering etter ein redaksjonell gjennomgang.

          
V-SAK 6
Saksnr. 6/2000
Rapport om gjennomføring av årsplantiltak for 1999

Rapport om gjennomføring av årsplantiltak for 1999
Forslag til årsplan for 2000

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til den skisserte planprosessen, og ber om at dei kommentarar og framlegg som kom fram i møtet vert innarbeidde i det forslaget til årsplan som vert lagt fram for styret til slutthandsaming i instituttstyremøtet onsdag 8. mars.

          
V-SAK 7
Saksnr. 7/2000
Tilsetjing i to stillingar som vitskapleg assistent

Vedtak:

  1. Styret innstiller Borghild Godal til forlenga tilsetjing som vitskapleg assistent, SKO 1020 (20%-stilling) på det eksternt finansierte prosjektet: "Evaluering av kontantstøtten: Hvem skal passe barna?". Tilsetjinga gjeld for perioden 1. januar 2000 til og med 31. juli 2000, under føresetnad av finansiering frå NFR. Saka vert sendt vidare til fakultetet.
  2. Styret innstiller May-Linda Magnussen til forlenga tilsetjing som vitskapleg assistent, SKO 1020 (100%-stilling) på det eksternt finansierte prosjektet "Evaluering av kontantstøtten: Hvem skal passe barna?". Tilsetjinga gjeld for perioden 1. januar 2000 til og med 31. juli 2000, under føresetnad av finansiering frå NFR. Saka vert sendt vidare til fakultetet.
          
V-SAK 8
Saksnr. 8/2000
Tilsetjing i eksternt finansiert stipendiatstilling (NFR) i samfunnsgeografi

Vedtak:
Instituttstyret innstiller Jens Plahte til stillinga som mellombels tilsett NFR-stipendiat i samfunnsgeografi i 3 år utan pliktarbeid (3 år finansierte av NFR).

Tilsetjinga gjeld under føresetnad av tilfredsstillande finansiering frå NFR.

Saka vert sendt vidare til fakultetet.

          
V-SAK 9
Saksnr. 9/2000
Tilsetjing i utlyst universitetsstipendiatstilling (eigenfinansiert) i sosiologi, SKO 1017

Vedtak:
Styret tek innstillinga til følgje og innstiller følgjande i rangert rekkefølgje:

  1. Elisabeth Longva
  2. Ove Skarpenes
  3. Lars Bugge

Saka vert sendt vidare til fakultetet.

          
V-SAK 10
Saksnr. 10/2000
Tilsetjing i eksternt finansiert forskarstilling (NFR) i sosiologi, SKO 1108

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til at stilling som forskar, SKO 1108, vert fylt utan føregåande kunngjering.

Instituttstyret sluttar seg til at Oddrunn Sæter vert tilsett i redusert stillingsbrøk (i høve til løyving frå NFR) som forskar, SKO 1108, eksternt finansiert, ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi frå og med 1.2.00 til og med 31.1.02

Vedtaket føreset at eventuelle rettleiingstimar vert dekte innanfor rammen av løyvinga frå NFR, og at tilsetjingsbrøken vert tilpassa etter dette.

Saka vert sendt vidare til fakultetet.

          
V-SAK 11
Saksnr. 11/2000
Utlysing av ledig (kap. 0281-finansiert-) stipendiatstilling i sosiologi

Vedtak:
Instituttstyret finn det etter ein samla gjennomgang av faglege behov og instituttet sin økonomiske situasjon forsvarleg å lyse ut ei 100% stilling som stipendiat i sosiologi. Stillinga er finansiert av øyremerkte midlar over kapittel 0281 i statsbudsjettet (rekrutteringsstipendiat).

Instituttstyret godkjenner forslaget til utlysingstekst for stillinga som stipendiat i sosiologi med dei endringar/rettingar som kom fram i møtet, og sender saka over til fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 12
Saksnr. 12/2000
Utlysing av ledig (eigenfinansiert) universitetsstipendiatstilling i sosiologi

Vedtak:
Instituttstyret finn det etter ein samla gjennomgang av faglege behov og instituttet sin økonomiske situasjon forsvarleg å lyse ut ei 100% stilling som stipendiat i sosiologi. Stillinga er føresett finansiert innanfor instituttet sine eigne rammer(universitetsstipendiat).

Instituttstyret godkjenner forslaget til utlysingstekst for stillinga som stipendiat i sosiologi med dei forslag til endringar/rettingar som kom fram i møtet, og sender saka over til fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 13
Saksnr. 13/2000
Søknad om uløna permisjon

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til at Kristian Berg Harpviken vert innvilga 9 månader uløna permisjon frå 1. mars 2000 til og med 30. november 2000, for å arbeide på prosjektet "Assistance to Mine-Affected communities" ved Institutt for fredsforskning(PRIO).

Instituttsyret føreset at Harpviken ivaretek alt inngåtte avtaler om undervisning og rettleiing under permisjonen.

Instituttstyret finn ikkje å kunne tilstå Harpviken driftsmidlar og kontorplass i permisjonsperioden.

Instituttet tilstår Harpviken stimuleringsmidlane som han opparbeider i løpet av permisjonen, under føresetnad av at han elles fyller dei vilkåra som går fram av tilsetjingskontrakten som er inngått med UiO.

Saka vert sendt vidare til fakultetet.

          
V-SAK 14
Saksnr. 14/2000
Eventuelt
          
Publisert 27. sep. 2010 09:46