Protokoll fra Instituttstyremøtet 12. desember 2001
|
Møtet ble satt 12. desember 2001,
kl. 14.15, Rom 725 ESH, og hevet kl. 16.00.
|
SAK 1 Saksnr. 61/01 |
Godkjenning av dagsorden
Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 14. november 2001 og innkalling til instituttstyremøtet 12. desember 2001. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet
|
|
SAK 2 Saksnr. 62/01 |
Gjennomføring av årsplantiltak 2001
Til etterretning.
|
|
SAK 3 Saksnr. 63/01 |
Søknad om forskingsfri - Sosiologi
Vedtak: Instituttstyret gjev Karin Widerberg forskingstermin hausten 2003 og våren 2004, tilsaman 12 månader. Forskingsfri utover ordinær opptening (dvs 3,5 månader) skal dekkjast inn av opptent timeoverskot etter ekstraordninær avtale med instituttet.
|
|
SAK 4 Saksnr. 64/01 |
Kunngjering - Stipendiatstilling i sosiologi (4 år med 25% undervisningsplikt)
Vedtak: Instituttstyret sluttar seg til forslaget til kunngjeringstekst. Stillinga kan dermed lysast ut utan ny handsaming i fakultetsstyret.
|
|
SAK 5 Saksnr. 65/01 |
Kunngjering - Stipendiatstilling i sosiologi (4 år med 25% undervisningsplikt)
Vedtak: Instituttstyret sluttar seg til forslaget til kunngjeringstekst med dei endringar som kjem fram i møtet. Stillinga kan dermed lysast ut utan ny handsaming i fakultetsstyret.
|
|
SAK 6 Saksnr. 66/01 |
Sluttføringsstipend - Forlenga mellombels tilsetjing som universitetsstipendiat sosiologi
Vedtak: Instituttstyret går inn for at Kristian Berg Harpviken får 6 månader sluttføringsstipend i mellombels stilling som stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Sosiologi.
Instituttstyret gjev i tillegg Harpviken ein månad ekstraordinær forlenging av tilsetjing som særleg erkjenning for formidlingsinnsatsen i samband med krigen i Afghanistan.
Saka vert oversendt til fakultetet.
Det vart framført eit alternativt vedtaksforslag: Instituttstyret går inn for at Kristian Berg Harpviken får 6 månader sluttføringsstipend i mellombels stilling som stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Sosiologi.
Instituttstyret gjev i tillegg Harpviken to månader ekstraordinær forlenging av tilsetjing som særleg erkjenning for formidlingsinnsatsen i samband med krigen i Afghanistan.
Saka vert oversendt til fakultetet.
Forslaget fall mot 4 røyster (Tove Thagaard, Arne Mastekaasa, Åsmund Birkeland, Thomas Sandvik).
|
|
SAK 7 Saksnr. 67/01 A |
EVENTUELT
Styret ba om ei orientering om ny praksis med eigenmelding i samband med rapportering til ForskDok, årsrapport, timerekneskapen mm. Styret tok til etterretning at eigenmelding var sendt ut, men ville gjerne at skjema og ei vurdering av dette vart lagt fram for styret til handsaming på nyåret.
|
|
Publisert 27. sep. 2010 09:46