Protokoll fra Instituttstyremøtet 6. februar 2002

Møtet ble satt 06. februar 2002, kl. 14.15, Rom 725 ESH, og hevet kl. 16.00.

Tilstades: Geir Høgsnes (møteleiar), Marianne Nordli Hansen,
Willy Pedersen, Regi Theodor Enerstvedt, Børge Kjartan Lindøe,
Trond Urestad, Åsmund Birkeland, Birgit Draugedalen Bineau,
Arnlaug Leira, Arvid Fennefoss, Harald Botha, Jan Hesselberg,
Sylvi Endresen, Dag Album, Gudleik Grimstad (ref)

Forfall: Rune Hauger (sgeo-stud)

SAK 1
Saksnr. 1/02
Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 12.12.01 og innkalling til instituttstyremøtet 6. februar 2002.

Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 12.12.01 og
innkalling til instituttstyremøtet 6. februar 2002. Eventuell
inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet

Geir Høgsnes, Arnlaug Leira og Dag Album var ikkje tilstades under
sak 3/02

          
SAK 2
Saksnr. 2/02 A
Studentrekruttering og vekttalsproduksjon ved SV fakultetet 1991-2001 Instituttstyret tok orienteringa til etterretning.
          
SAK 3
Saksnr. 2/02 B
Samlokalisering av instituttet etter at PSI flyttar ut Instituttstyret tok orienteringa til etterretning

Samlokalisering av instituttet etter at PSI flyttar ut
Instituttstyret tok orienteringa til etterretning. Styrar får
fullmakt til å utnemne ein brukarkomite samansett av 2 vitskaplege,
to stipendiatar, to studentar og ein teknisk-/administrativ tilsett.
Kontorsjefen er sekretær for brukarkomiteen og samankallar til møte.
Samlokalisering av ISS etter at PSI flyttar ut og forslag til
romprogram vert lagt fram for instituttstyret i møtet 6. mars 2002.

          
SAK 4
Saksnr. 2/02 C
Reorganisering av undervisningstilbodet på grunn- og mellomfag sosiologi - iverksetjingstidspunkt

Instituttstyret vedtok 10. oktober 2001 å iverksetje vedtekne
revisjonar av grunn- og melomfag sosiologi hausten 2002. Det gjekk
fram av vedtaket (pkt. 4) at "Siden det for tiden pågår omfattende
endringer i det høyere utdanningssystemet, tas det forbehold om at
vedtakene eventuelt må justeres etter pålegg fra overordnet nivå."
Undervisningsansvarleg orienterte styret om at vedtekne revisjonar,
som følgje av arbeidet med studiereformen, nye studieprogram og
modular, samt endra retningsliner for modulstorleik, ikkje vil bli
iverksett frå og med hausten 2002 slik styret føresette.

Instituttstyret tok orienteringa til etterretning

          
SAK 5
Saksnr. 3/02
Innstilling til stipendiatstilling i sosiologi

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til fagstyret og sakkunnig komite si
innstilling og innstiller Anders Vassenden til stillinga som
stipendiat i sosiologi ved Institutt for sosiologi og
samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo. Dersom Vassenden takkar nei
til stillinga, går tilbodet vidare til innstilte nr. 2 osb.

Saka vert oversendt til fakultetet.

(Ettersom instituttet etablerer ein ny praksis ved berre å gje nærare
omtale av eit mindre utval av søkjarane, ber instituttstyret om at
utvida søkjarliste heretter følgjer tilsetjingssaker til fagstyre og
instituttstyre).

          
SAK 6
Saksnr. 04/02 A
Årsplan for 2002

Vedtak:
Instituttstyret godkjenner forslaget til årsplan for 2002.

          
SAK 7
Saksnr. 5/02
Rekneskapen for 2001

Vedtak:
Instituttstyret godkjenner rekneskapen for 2001.

          
SAK 8
Saksnr. 6/02
Budsjett for 2002

Vedtak:
Budsjettert resultat for 2002 for Institutt for sosiologi og
samfunnsgeograf er kr. 1.963.000,-
Samfunnsgeografi vil ta stilling til bruken av udisponerte midlar i
møtet 27. februar.

Studentmagasinet Socius får kr 21.700,- i stønad til å dekkje
utgifter i samband med trykkjing av 3 nummer i løpet av 2002.

Instituttstyret sluttar seg til forslaget til budsjett for 2002, og
gjev kontorsjefen fullmakt til å disponere tilgjengelege midlar
innanfor rammene av vedteken disponering.

          
SAK 9
Saksnr. 7/02
Forslag om tverrfaglege studieprogram på Bachelor (BA-) nivå frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget frå faga sosiologi og
samfunnsgeografi, og fremjar 3 tverrfaglege BA-grader:

Frå Samfunnsgeografi:
Nord/Sør - Utvikling

Frå Sosiologi:
Kultur og kommunikasjon
Teoretisk samfunnsvitenskap/Sosialfilosofi

Saka vert oversendt fakultetet.

          
SAK 10
Saksnr. 8/02
Møteplan våren 2002

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til møteplan for våren 2002:

onsdag 6. februar
onsdag 6. mars
onsdag 8. mai
onsdag 5. juni

Alle møta finn stad i pauserom 725, klokka 14.15

          
SAK 11 EVENTUELT

Det var ingen saker under eventuelt.

          
Publisert 27. sep. 2010 09:46