Protokoll fra Instituttstyremøtet 8. mai 2002

Møtet ble satt 08. mai 2002, kl. 14.15, Rom 725 ESH, og hevet kl. 16.00.

Tilstades: Geir Høgsnes (møteleiar), Marianne Nordli Hansen, Willy Pedersen, Regi Theodor Enerstvedt, Børge Kjartan Lindøe (stud iso), Åsmund Birkeland, Birgit Draugedalen Bineau, Arnlaug Leira, Arvid Fennefoss, Harald Botha, Jan Hesselberg, Sylvi Endresen, Gudleik Grimstad (ref).

Forfall: Helge Hiram Jensen (iso stud), Helene Vedeld (stud sgeo), Dag Album.

SAK 1
Saksnr. 16/02
Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 06.03.02 og innkalling til instituttstyremøtet 08.05.02. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet. Saker under eventuelt.

Det var meldt ei ekstrasak til møtet - sjå sak 25/02.

Marianne Nordli Hansen deltok ikkje under sak 25/02.

          
SAK 2
Saksnr. 17/02 A
Sakkunnig komite stipendiatstilling - sosiologi

Det kom inn i alt 14 søknader. Komiteen var samansett slik: Professor
Marianne Nordli Hansen (ISS/leiar), professor Sigurd Skirbekk (ISS)
og forskar Jon Rogstad (ISF). Sjå sak 25/02.

          
SAK 3
Saksnr. 17/02 B
Sakkunnig komite postdoktorstilling - sosiologi

Det kom inn i alt 8 søknader. Komiteen blir samansett slik: Professor
Arnlaug Leira (ISS/leiar), professor Halvor Fauske, Høgskolen i
Lillehammer og professor Willy Martinussen, NTNU.

          
SAK 4
Saksnr. 17/02 C
Sommaravslutning ISS

Det er nedsett ein festkomite: Studiekonsulent Cecilie W. Lilleheil,
studiekonsulent Thomas Sandvik, stipendiat Elin Selboe og stipendiat
Anders Vassenden. Dato for arrangementet blir torsdag 20. juni.

          
SAK 5
Saksnr. 18/02
Samlokalisering ISS

Vedtak:
Instituttstyret opprettheld tidlegare vedtak fatta av instituttstyret
onsdag 19. mars 1997 (Sak 13/97), om at instituttet aktivt vil
arbeide for at heile instituttet skal samlast i C-blokka når
Psykologisk institutt flyttar ut hausten 2002.

Det vert utnemnd ein brukarkomite, samansett av Børge Kjartan Lindøe
(studenrepresntant iso), Helene Vedeld (studentrepresentant sgeo),
Åsmund Birkeland (stipendiatrepresentant), Geir Høgsnes
(instituttstyrar, vit iso), Jan Hesselberg (visestyrar, vit sgeo),
Birgit Draugedalen Bineau (adminrepresentant) og Gudleik Grimstad
(kontorsjef). I tillegg til ti vitskaplge tilsette utpeika av
instituttstyret (ein representant frå Sosiologi og ein representant
frå Samfunnsgeografi).

I samarbeid med prosjektleiing/Teknisk avdeling skal brukarkomiteen
utarbeide eit romprogram for instituttet, og legge tilhøva til rette
for ein prosess som gjev eit best mogleg resultat for instituttet
sine tilsette og studentar.

          
SAK 6
Saksnr. 19/02
Mellombels tilsetjing i eksternt finansiert stilling som forskar (SKO 1109) - sosiologi

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget om å tilsetje Ulla-Britt
Lilleaas i mellombels stilling som forskar (SKO 1109) ved ISS,
sosiologi, på NFR-prosjektet "Maskuline kroppsvaner og
helseforståelse - kjønn, kultur, tradisjon og forandring".

Lilleaas blir vert tilsett mellombels i 100% stilling for 3 år
(jfr. Tenestemannslova § 3, punkt 2A) i perioden 1/4-02 til og med
31/3-05 under føresetnad om fullfinansiering frå NFR.

Saka blir oversendt fakultetet.

          
SAK 7
Saksnr. 20/02
Søknad om forlenga permisjon utan løn - sosiologi

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til fagstyret sitt forslag og innvilgar
Ole-Jørgen Skog 80% permisjon utan løn frå stillinga som professor
ved ISS, sosiologi, i perioden frå og med 1. august 2002 til og med
31. juli 2003.

Saka blir oversendt fakultetet.

 
          
SAK 8
Saksnr. 21/02
Søknad om forskingstermin for hausten 2002 og våren 2003 - sosiologi

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget, og innvilgar professor
Arne Mastekaasa forskingstermin hausten 2002 og våren 2003, til saman
12 månader.

          
SAK 9
Saksnr. 22/02
Forenkla innstilling i samband med tilsetjing av Silje Fekjær som vikar i stillinga som universitetslektor (SKO1009) på sosiologi

Vedtak:
Instituttstyret foreslår for Det samfunnsvitskaplege fakultet at
Silje Noak Fekjær blir å tilsette i vikariat som universitetslektor
for inntil eitt år (i perioden 1.8.2002 til og med 31.7.2003).
Fekjær vikarierer for professor Marianne Nordli Hansen, som har løna
permisjon i same periode.

Saka blir oversendt fakultetet.

          
SAK 10
Saksnr. 23/02
Ny fagleg/administrativ leiar for Osloforskning

Vedtak:
Instituttestyret foreslår førsteamanuensis Lise Kjølsrød som ny
fagleg/administrativ leiar for Osloforskning for perioden frå og med
1. juli 2002 til og med 31. desember 2004.

          
SAK 11
Saksnr. 24/02
Felles mal for innsamling av materiale til institutt-CV

Vedtak:
Instituttstyret godkjenner forslaget til felles mal for rapportering
til institutt-CV. Forskingsansvarlege får fullmakt til å gje malen si
endelege utforming, og til å lage rapporteringsrutinar som sikrar mot
dobbeltrapportering i høve til årsrapport o.l.

          
SAK 12
Saksnr. 25/02
Innstilling til stipendiatstilling i sosiologi

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til innstilling frå sakkunnig komite og
innstiller Espen Gran til stillinga som universitetsstipendiat i
sosiologi ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi,
Universitetet i Oslo. Tilsetjinga gjeld for ei periode for inntil 4
år med 25% undervisningsplikt. Dersom Gran takkar nei til stillinga
går tilbodet vidare til innstilte nr. 2 osb.

Saka blir oversendt til fakultetet.

          
SAK 13 EVENTUELT

A.
Instituttstyret ynskte å ta opp spørsmålet om bruken av mellombelse
tilsetjingar i eit seinare møte.

          
Publisert 27. sep. 2010 09:46