Protokoll fra Instituttstyremøtet 28. august 2002

Møtet ble satt 28. august 2002, kl. 12.15, Rom 725 ESH, og hevet kl. 16.00.

Tilstades: Geir Høgsnes (møteleiar), Sylvi Endresen, Willy Pedersen, Arvid Fennefoss Åsmund Birkeland, Arnlaug Leira, Børge Kjartan Lindøe (stud iso), Dag Album, Regi Theodor Enerstvedt, Harald Botha, Birgit Draugedalen Bineau, Gudleik Grimstad (ref).

Forfall: Marianne Nordli Hansen, Helge Hiram Jensen (stud iso), Helene Vedeld (stud sgeo), Jan Hesselberg.

SAK 1
Saksnr. 35/02
Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 26.06.02 og innkalling til instituttstyremøtet 28.08.02. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet. Saker under eventuelt.

Dag Album var ikkje tilstades under sak 47/2.

          
SAK 2
Saksnr. 36/02 A
Opptak til hovudfag Sosiologi og Samfunnsgeografi hausten 2002

Opptaksrammen for sosiologi hovudfag 2002 er 80. Hausten 2002 var det
46 søkjarar til 40 plassar på hovudfag sosiologi.

Opptaksrammen for samfunnsgeografi hovudfag 2002 er 31. Hausten 2002
var det 23 søkjarar til hovudfag samfunnsgeografi. Samfunnsgeografi
tek opp fleire studentar i haustsemesteret enn i vårsemesteret.

          
SAK 3
Saksnr. 36/02 B
Personalsituasjonen ISS

Universitetslektor sosiologi Silje Fekjær vart tilsett 1. august.
Universitetslektor sosiologi Per Arne Tufte vart tilsett 1. august.
Avdelingsingeniør (IT-konsulent) Lise Hamre vart tilsett 27. mai.
Forskar sosiologi Ulla-Britt Lilleaas vart tilsett 1. april.
Forskar sosiologi Oddrun Sæter vart tilsett 1. juli.
Stipendiat sosiologi Andres Vassenden vart tilsett 22. april.
Stipendiat sosiologi Espen Gram tiltrer 15. oktober.
Ny postdoktor i sosiologi er under tilsetjing. Komiteen levere
innstillinga ca. 1. oktober.
Førsteamanuensis samfunnsgeografi Per Gunnar Røe vart tilsett i
1/5 stilling 1. august

          
SAK 4
Saksnr. 36/02C
Juleseminaret 2002

Det blir instituttseminar (juleseminar) på Lysebu måndag 2. desember
med avsluttande middag. Sett av heile dagen! Tema for seminaret blir
forsking og forskingstrategi. Program med orientering og påmelding
vert sendt ut seinare.

          
SAK 5
Saksnr. 37/02
Halvårsrekneskap og revidert budsjett 2002

Vedtak:
Instituttstyret tek halvårsrekneskapen til etterretning.
Instituttstyret sluttar seg til følgjande budsjettrevisjonar:
1) Mellombels flytting frå C-blokka til 8. etasje (Admin/Felles) 300 000
2) Sletting av gamle prosjektkonti (Admin/Felles) 150 000
3) Tilleggsløyving til bokkjøp (Sosiologi) 100 000
3) Støtte til studiesenter/kjøp av kontorplass Berkeley h2002
(Sosiologi) 25 000
4) Studiereise Helsinki Admin (Admin/Felles) 100 000
SUM 675 000
Ny prognose årsresultat 2002 etter tiltak: 1 075 000

Tiltak blir lagt inn i prognosen i økonomirapporten for august.

          
SAK 6
Saksnr. 38/02
Budsjett 2003 med forslag til tiltak utover rammen (rosa ark)

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til budsjett for 2003.
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til tiltak utover ut over
budsjettrammen for 2003 (rosa ark).

          
SAK 7
Saksnr. 39/02
Forslag til prinsipp for innpassing og godkjenning av ekstern

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til prinsipp for innpassing
og godkjenning av ekstern utdanning.

          
SAK 8
Saksnr. 40/02
Arbeidsplan for studiereformen ved ISS

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til arbeidsplan for
studiereformen.

          
SAK 9
Saksnr. 41/02
Master i sosiologi

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til master i sosiologi.
Oppstart for studieprogrammet vil bli hausten 2003.

For å bli tilkjend graden master i sosiologi må kandidaten ha ei
bachelorgrad og avlegge følgjande eksamenar: SOS 300, SOS 301, SOS
302, og to valfrie kurs innan teorispesialisering. Masteroppgåva vil
utgjere 60 studiepoeng.

Instituttet vil kvart semester ta opp inntil 40 studentar til master
i sosiologi. Opptakskravet til master i sosiologi vil vere bachelor i
sosiologi med minimum 80 studiepoeng sosiologi, der minst 30
studiepoeng er på 200-nivå.

          
SAK 10
Saksnr. 42/02
Master i Samfunnsgeografi

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til mastergrad i
samfunnsgeografi.

Oppstart for studieprogrammet vil bli hausten 2003.

For å bli tilkjend graden master i samfunnsgeografi må kandidaten ha
ei bachelorgrad og avlegge følgjande eksamenar: SGO 301
(15 studiepoeng), minst eit teoriemne á 15 studiepoeng
(SGO 312, 314, 315 eller 316 og SGEO 341 eller SGEO 342 (særpensum).
Masteroppgåva (SGEO 390) utgjer 60 studiepoeng.

Instituttet vil kvart år ta opp inntil 31 studentar til master i
samfunnsgeografi. Opptakskravet til master i samfunnsgeografi vil
vere bachelor i samfunnsgeografi eller tilsvarande. Enkelte
tverrfaglege bachelorgrader vil gje grunnlag for opptak, dersom
fordjupingskravet i samfunnsgeografi er oppfylt (minimum 80
studiepoeng).

          
SAK 11
Saksnr. 43/02
Samlokaliseringav ISS

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til den foreslåtte disponeringa av
C-blokka.

Instituttstyret sluttar seg til forslaget til disponering av
8. etasje i B-blokka. Dersom det ikkje lukkast å finne tilleggskontor
i bygget eller ledige kontor som følgje av permisjonar eller
liknande, er styret budd på at nokre tilsette vil kunne bli plasserte
to og to på større kontor.

          
SAK 12
Saksnr. 44/02
Søknad om sluttføringsstipend – Pål Meland

Vedtak:
Instituttstyret rår til at Pål Melaqnd blir innvilga
sluttføringsstipend for perioden 5.10.02 til og med 4.4.2003 og
oversender saka til fakultetsstyret for vidare handsaming.

          
SAK 13
Saksnr. 45/02
Søknad om sluttføringsstipend – Håvard Helland

Vedtak:
Instituttstyret rår til at Håvard Helland blir innvilga
sluttføringsstipend for perioden1.10.2002 til og med 31.3.2003 og
oversender saka til fakultetsstyret for vidare handsaming.

          
SAK 14
Saksnr. 46/02
Støtte til studiesenter i Berkeley

Vedtak:
For haustsemesteret 2002 løyver instituttstyret inntil kr 25 000 til
leige av kontor ved studiesenter i Berkeley, California. Løyvinga
skjer under føresetnad om tilsvarande stønad frå NFR.

          
SAK 15
Saksnr. 47/02
Støtte til utanlandsopphald – Lars Bugge

Vedtak:
Instituttstyret løyver inntil kr 28.000 i støtte til dokumenterte
reise- og opphaldsutgifter for stipendiat Lars Bugge i samband med
forskingsopphald ved studiesenter i Berkeley i perioden 4. oktober
til og med 6. desember 2002.08.22

Instituttstyret føreset at Bugge deler kontor under opphaldet, og
oppmodar stipendiatar som vurderer lengre
utanlandsopphald/faglege reiser om å starte planlegging av
opphaldet i god tid og hente inn midlar frå NFR eller andre eksterne
kjelder. Instituttet sine avsetjingar til forskingsstøtte vil ikkje
kunne dimensjonerast for dette.

          
SAK 16
Saksnr. 48/02
Økonomisk stønad til tredje internasjonale Teoriforum-symposium 31.10-2.11.2004

Vedtak:
Instituttstyret løyver inntil kr 110 000 i støtte til delvis dekning
av utgifter i samband med arrangering av internasjonalt Teoriforum
symposium 31.10-2.11.2004.

          
SAK 17
Saksnr. 49/02
Søknad om fritak frå ordinær undervisning frå 1. januar 2003 til og med 31. oktober 2003 – til saman 10 månader

Vedtak:
Instituttstyret innvilgar søknaden frå Stein Bråten om
undervisningsfri frå og med 1. januar 2003 til og med 31. oktober 2003

          
Publisert 27. sep. 2010 09:46