Protokoll fra Instituttstyremøtet 14. mai 2003

Møtet ble satt 14. mai 2003, kl. 14.15, Rom 725 ESH, og hevet kl. 14.35.

Til stades: Geir Høgsnes (møteleiar), Arnlaug Leira, Åsmund Birkeland, Arvid Fennefoss, Willy Pedersen, Jan Hesselberg, Dag Album, Birgit D. Bineau, Harald Botha, Joachim Svendsen, Kjartan Lindøe, Silje Maria Tellman, Gudleik Grimstad (ref)

Møtet vart heva kl. 14.35.

SAK 1
Saksnr. 16/03
Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 9.4.03 og innkalling til instituttstyremøtet 14.5.03. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet. Saker under eventuelt.
          
SAK 2
Saksnr. 17/03 A
Studentopptaket hausten 2003 (per 14.5.03)

Søknader via samordna opptak: iso 193, sgeo 59
Søknader om overgang til bachelorprogram: iso 139, sgeo 104
Søknader om fullføring av bachelorgrad: iso 126, sgeo 66

          
SAK 3
Saksnr. 17/03 B
Samlokalisering ISS

Bygget vert overlevert 1. august. Møblering mm til 1. september.
Innflytting planlagt medio september. Styrenedsett arbeidsgruppe
samarbeider med interiørarkitekt om løysingar for studentareal,
fellesarel og kontor.

          
SAK 4
Saksnr. 18/03
Forslag om mellombels tilsetjing i 20 % stilling som førsteamanuensis (førsteamanuensis II) i sosiologi utan føregåande utlysing – 1.8.03-31.7.06, i alt 3 år

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget frå fagstyret på sosiologi
og innstiller Rune Åkvik Nilsen til mellombels tilsetjing i 20 %
stilling som førsteamanuensis (førsteamanuensis II) i sosiologi for
perioden 1.8.03 til og med 31.7.06 – til saman 3 år. Saka vert
oversendt tilsetjingsrådet.

          
SAK 5
Saksnr. 19/03
Forslag om mellombels tilsetjing i 100 % stilling som universitetslektor i sosiologi utan føregåande utlysing – 1.8.03-31.7.05, i alt 2 år

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget frå fagstyret på sosiologi
og innstiller Marit Haldar til mellombels tilsetjing i 100 % stilling
som universitetslektor i sosiologi for perioden 1.8.03 til og med
31.7.05 – til saman 2 år. Saka vert oversendt tilsetjingsrådet.

          
SAK 6
Saksnr. 20/03
Forslag om mellombels tilsetjing i 100 % stilling som vitskapleg assistent (SKO 1020) i samfunnsgeografi utan føregåande utlysing 1.6.03-30.08.03, i alt 3 månader

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget frå fagstyret på
samfunnsgeografi innstiller Joseph A. Yaro til mellombels tilsetjing
i 100 % stilling som vitskapleg assistent i samfunnsgeografi for
perioden 1.6.03 til og med 30.8.03 – til saman 3 månader.

          
SAK 7
Saksnr. 21/03
Forslag om mellombels tilsetjing i 100 % stilling som førsteamanuensis i samfunnsgeografi (vikar for førsteamanuensis Tone Haraldsen) utan føregåande utlysing – 1.8.03-30.4.04, i alt 9 månader

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget frå fagstyret på
samfunnsgeografi innstiller Thorkel Askildsen til mellombels
tilsetjing i 100 % stilling som førsteamanuensisvikar i
samfunnsgeografi for perioden 1.8.03 til og med 30.4.04 – til saman 9
månader.

          
SAK 8
Saksnr. 22/03
Forslag til utlysingstekst: Fast heil stilling som førsteamanuensis i samfunnsgeografi

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til utlysingstekst for fast
heil stilling i samfunnsgeografi frå fagstyret på samfunnsgeografi og
sender saka over til fakultetet.

          
SAK 9
Saksnr. 23/03
Forslag til nye timesatsar for undervisningsrekneskapen Sosiologi

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til nye timesatsar for
undervisningsrekneskapen på sosiologi. Satsane vert gjort gjeldande
frå og med rapporteringssemesteret våren 2003. Dei gamle satsane vil
framleis gjelde for grunn-, mellom- og
hovudfagsundervisning/sensur/rettleiing utført våren 2003. Satsane
vert oversendt fakultetet for godkjenning.

          
SAK 10
Saksnr. 24/03 (ekstrasak)
Søknad om forskingstermin – Regi Enerstvedt

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til tilrådinga frå fagstyret for
sosiologi og gjev professor Regi Enerstvedt forskingstermin våren og
hasusten 2005.

          
Publisert 27. sep. 2010 09:46