Protokoll fra Instituttstyremøtet 3. september 2003

Møtet ble satt 03. september 2003, kl. 14.15, Rom 725 ESH, og hevet kl. 14.50.

Til stades: Geir Høgsnes (møteleiar), Arnlaug Leira, Arvid Fennefoss, Willy Pedersen, Jan Hesselberg, Dag Album, Birgit D. Bineau, Harald Botha, Regi T. Enerstvedt, Børge Kjartan Lindøe, Gudleik Grimstad (ref)

Møtet vart heva kl. 14.50.

SAK 1
Saksnr. 32/03
Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 11.6.03 og innkalling til instituttstyremøtet 3.9.03. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet. Saker under eventuelt.

Geir Høgsnes var ikkje til stades under handsaminga av sak 36/03.
Møteleiar under sak 36/03 var Dag Album.

          
SAK 2
Saksnr. 33/03 A
Studiestart og studentopptak på instituttet sine bachelor- og masterprogram hausten 2003

Instituttstyret tok orienteringa til etterretning

          
SAK 3
Saksnr. 33/03 B
Avtale om forskarsamarbeid med Haas School of Business, University of California, Berkeley

Instituttstyret tok orienteringa til etterretning

          
SAK 4
Saksnr. 33/03 C
Flytting til C-blokka

Instituttstyret tok orienteringa til etterretning. Flytting skjer i
løpet av veke 39. Informasjonsskriv er sendt alle tilsette.

          
SAK 5
Saksnr. 33/03 D
Utkast til styrings- og administrasjonsreglement for fakultet og institutt

Instituttstyret tok saka til etterretning.

          
SAK 6
Saksnr. 34/03
Økonomirapport per 31.7. 03

Vedtak:
Instituttstyret tok økonomirapport per 31.7.03 til etterretning.

          
SAK 7
Saksnr. 35/03
Forslag til budsjett for 2004

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til budsjett for 2004.
Budsjettforslaget gjev eit samla negativt resultat for instituttet
på -1 766 929 kroner fordelt slik på dei ulike kostnadsstadane:

Administrasjon/Felles budsjett (170700): -80 921 kroner
Sosiologi (170710): -1 360 002 kroner
Samfunnsgeografi (170720): -356 595 kroner
Osloforsking (170730): +30 590 kroner

Budsjettforslaget vert sendt fakultetet for godkjenning.

          
SAK 8
Saksnr. 36/03
Søknad om å få disponere kontorplass i Berkeley, California, h2003 og v2004

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til tilrådinga frå fagstyret og løyver kr
50.000,- til dekning av utgifter til kontorplass i Berkeley for
stipendiat Roy A. Nielsen haustsemesteret 2003 og vårsemesteret 2004.
Instituttstyret føreset at eventuelle andre gjestande forskarar frå
instituttet, etter nærare avtale med Nielsen, kan gjere seg nytte av
infrastruktur og kontor ved kortare forskingsopphald i perioden.
Instituttstyret ber om at slike opphald for framtida berre skal
kunne søkjast for kortare periodar om gongen, maksimalt inntil eitt
semester, og at lengre forskaropphald enn dette som hovudregel skal
krevje fornya søknad. Instituttstyret ber om at ordninga vert gjort
kjend for alle tilsette ved instituttet. Instituttstyret sluttar seg
til tilrådinga frå fagstyret for sosiologi og gjev Nielsen fritak frå
undervisningsplikta for den perioden han har forskingsopphald ved
Berkeley - dvs hausten 2003 og våren 2004.

          
SAK 9
Saksnr. 37/03
Søknad om forskingstermin vår og haust 2004 - Wessel

edtak:
Instituttstyret sluttar seg til tilrådinga frå fagstyret for
samfunnsgeografi og gjev Terje Wessel forskingsfri våren og hausten
2004.

          
SAK 10
Saksnr. 38/03
Søknad om forskingstermin vår og haust 2003 - Roggen

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til tilrådinga frå fagstyret og gjev
Ingar Roggen forskingsfri våren og hausten 2003.

          
Publisert 27. sep. 2010 09:46