Protokoll fra Instituttstyremøtet 4. februar 2004...

Møtet ble satt 04. februar 2007, kl. 14.15, Rom 221 Harriet Holters hus, og hevet kl. 15.00.

Til stades: Geir Høgsnes (møteleiar), Jan Hesselberg, Bjørnar Sæther, Ole Jørgen Skog, Willy Pedersen, Sten Morten Henningsmoen, Kjell Erling Kjellman, Jarle Havnes, Hanne Bruvik, Gudleik Grimstad (ref)

SAK 1
Saksnr. 03/04
Godkjenning av dagsorden
          
SAK 2
Saksnr. 04/04 A
Rekneskap for 2003

Vedtak:
Instituttstyret tek rekneskapen for 2003 til orientering.

          
SAK 3
Saksnr. 05/04
Budsjett for 2004

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til budsjett for 2004 med
dei endringane som vart vedtekne i møtet, og gjev kontorsjefen
fullmakt til å disponere tilgjengelege midlar innanfor ramma av
vedteken disponering. Budsjettet vert oversendt fakultet.

          
SAK 4
Saksnr. 06/04
Årsplan for 2004

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til årsplan for 2004.
Årsplanen vert oversendt fakultet.

          
SAK 5
Saksnr. 07/04
Søknad om forskingsfri

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til tilrådinga frå fagstyret for
samfunnsgeografi og gjev professor Kristian Stokke forskingsfri
hausten 2004 og våren 2005. Til saman 12 månader.

          
SAK 6
Saksnr. 08/04
Tilsetjing utan kunngjering i eksternt finansiert stipendiatstilling i sosiologi for 4 år med 25 % undervisningsplikt

Vedtak:
Instituttstyret innstiller Silje Fekjær til stillinga som mellombels
tilsett stipendiat i sosiologi for 4 år med 25 % undervisningsplikt
på NFR prosjektet "Educational careers: Attainment, Qualification
and Transition to Work" utan kunngjering. Prosjektnummer 142209,
prosjektleiar professor Arne Mastekaasa. Tidspunkt for tiltredelse
vert avtalt med stipendiaten. Tilsetjinga gjeld under føresetnad av
tilfredsstillande finansiering frå NFR. Saka vert sendt vidare til
fakultetet

          
SAK 7
Saksnr. 09/04
Tilsetjing utan kunngjering i eksternt finansiert stipendiatstilling i sosiologi for 3 år utan undervisningsplikt

Vedtak:
Instituttstyret innstiller Bård Anton Lindgaard til stillinga som
mellombels tilsett stipendiat i sosiologi for 3 år (1.1.2004-
31.12.2006) utan undervisningsplikt på NFR prosjektet " Deltaking
eller utestenging? Funksjonshemmede akademikeres jobb- og
karrieremuligheter sett i lys av tre modeller av funksjonshemming".
Prosjektleiar professor Regi T. Enerstvedt. Tilsetjinga gjeld under
føresetnad av oppretthalding av tilfredsstillande finansiering frå
Blindeforbundet/Aetat. Saka vert sendt vidare til fakultetet

          
SAK 8
Saksnr. 10/04
Tilsetjing utan kunngjering i mellombels stilling som universitetslektor (vikar) i sosiologi for 1 år - frå 1.1.04-31.12.04

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget frå instituttleiar og
innstiller Gunnar Colbjørnsen Aakvaag til mellombels
universitetslektorstilling (vikariat) i sosiologi for 1 år utan
kunngjering - frå 1.1.04-31.12.04.

          
SAK 9
Saksnr. 11/04
Innstilling til utlyst mellombels stilling som universitetslektor (vikar) i sosiologi for 1 år

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til fagrådet og bedømmingskomiteen si
innstilling og innstiller Anders Bakken til mellombels stilling (1-
årig vikariat) som universitetslektor i sosiologi ved Institutt for
sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo. Dersom Bakken
takkar nei til stillinga går denne vidare til søkjar nr. 2. Saka vert
oversendt fakultetet.

          
SAK 10 EVENTUELT

A. Instituttet vil inntil vidare og som ei prøveordning legge tilgang
til 2., 3., og 4. etasje HHH inn i korta til master og
hovudfagsstudentane ved instituttet, slik at dei får tilgang til wc
og vatn i sydfløya. Det er ein føresetnad at stille soner og
mobilforbodet vert respektert.

          
Publisert 27. sep. 2010 09:46