Takhøgd, illojalitet og internasjonalisme

Alle basketaka i soga til SF og SV er drivande godt skildra i boka om den no tamde politiske urokråka, skriv Bernt Hagtvet om Frank Rossavik si imponerande bok SV – frå Kings Bay til Kongens bord.

Valgkampbod for SV før det norske lokalvalget 2007. Karl Johans gate, Oslo, juli 2007.

Foto: Wikicommons

Dei fleste parti i moderne samfunn oppstår med røter i sosioøkonomiske og/eller sosiokulturelle skiljeliner – klasse, religion, region, språk, alder, kjønn eller etnisitet. Det er oppgåva til den politiske sosiologien å studera når og eventuelt kvifor ei skiljeline framfor andre slår ut i separate partidaningar.

Ei skiljeline kan liggja meir eller mindre dormande i mange år (til dømes sentrum–periferi-aksen i norsk politikk, heilt til EEC-kampen gav han nytt liv i 1970-åra). Eller spenningar i samfunnslivet kan artikulerast eller utnyttast medvite av politiske intellektuelle og aktørar som vil bruka rivnene i den sosiale veven som lyftestenger for nye parti.

Ein grunntanke i alle partistudiar er det politiske rommet – den plassen som må hoggast ut i det politiske spekteret til nye partidaningar. Dette manøvreringsrommet varierer frå land til land. Her i Noreg var det temmeleg trongt til venstre for Arbeidarpartiet. Det er det fyrste Frank Rossavik syner oss i den nye boka si.

Sjeldan skiljeline

Men at eit parti kan skapast med basis i utanrikspolitiske skiljeliner, er nokså sjeldan. Sosialistisk Folkeparti var eit slikt parti. Rett nok blanda det tredje standpunktet seg med ein kritikk av dreiinga innanfor Arbeidarpartiet bort frå det som nokså manande vart kalla sosialismen. Men det var fyrst og fremst motstanden mot stormaktblokkene og den norske innmeldinga i NATO – i tillegg til protesten mot atomvåpna og frykta for at DNA skulle gli i retning av atomvåpen på norsk jord – som gav SF den politiske energien frå starten i 1961.

Å teikna opp korleis denne grunnvisjonen forma eit parti som streva med å få ein basis i fagrørsla og møtte Haakon Lie i nærkamp, er Frank Rossaviks føremål med denne boka. Det er medrivande lesnad. Ein treng ikkje krimlitteratur i påska etter dette. Rossavik har gjeve oss ein kjeldenær studie av høg kvalitet.

Internasjonale orkankast

Boka hans er òg historia om korleis dei enorme skifta i internasjonal politikk velta inn over partiet og reiv og sleit i ankerfesta. 1956, 1968, 1989 i Europa og 1959 på Cuba, kulturrevolusjonen i 1966 i Kina. Desse orkankasta råka fyrst og fremst kommunistane, men med utfluktene SV-arane gjorde til sivilisasjonens fyrtårn som DDR, Romania og Nord-Korea, gjekk appellane frå desse samfunna djupt inn i SV-lekamen.

Heile tida stod striden om haldninga til austblokka og indirekte til det representative folkestyret her heime. Rossavik har med glimt av sjølverkjenning frå alle reisande unnateke den glade krigaren Ørnhøi (t.d. Berge Furre, Berit Ås, Svein Skotheim).

Kva er sosialisme?

Både ute og heime vart SF/SV slite mellom revolusjonsromantikk og genuin interesse for sosial rettferd. USA-skepsis politisk og økonomisk, men ikkje minst kulturelt (Evensmo), var eit samanbindande lim i profilen. Men det er underleg i dag å lesa kor ureflekterte alle appellane om sosialismen var. Her har ein å gjera med eit parti stint av akademikarar – likevel var det så lite tenkjing om kva sosialismen skulle vera her heime. Det er noko djupt provinsielt over dette. Rossavik dreg interessante idéhistoriske liner frå stormaktsskepsis over kampen mot leniniseringa i SUF i 1969 til den grøne profilen som er dagens SV. Men Rossavik gjer ingen djuptgåande freistnad på å skjøna den fascinasjonskrafta som Lenin hadde på ungdomen mot slutten av 60-åra. Ei blanding av autoritetsopprør, massiv kunnskapsløyse, romantikk og ynsketenkjing. Kvifor var det heimlege demokratiet så jammerleg keisamt? Her kunne Rossavik ha gått djupare, statsvitar som han er.

Kommunistisk trusvisse

Å ha med trusvisse kommunistar å gjera var til tider tungt. I 1975 ser ein eit mønster: Di færre dei vart, di meir kravstore vart dei i rådslagingane med SF. Valforbundet med NKP skulle verta bergingsplanken for eit grunnstøytt parti. Men NKP gav ikkje opp noko grunnleggjande av identiteten og dei organisatoriske einingane sine. Ikkje noko vestleg kommunistparti har friviljug oppløyst seg sjølv – det som kom nærast, var kan henda det italienske.

Det skulle visa seg at Noreg ikkje vart noko unnatak. Her har Rossavik levert ei inngåande skildring av samlingskongressen som framtidige historikarar vil vera takksame for. 
Som lesar sit eg att med undring over at SF-folka orka å ha med desse kommunistdinosaurane å gjera. At sentrale SF-folk verkeleg trudde at NKP skulle oppløysa seg sjølv, må koma av den høge stemninga av historisk oppbrot på den tida.

Gustavsen

Mest imponerande i denne historia er Finn Gustavsen. Eg høyrde han sjølv i Magasinparken på Kongsberg den lagnadstunge sumaren 1963 rundt Kings Bay. Høg og tunn, med falkenase, intens og velartikulert, kan henda òg med ein snev av fanatisme – det var mi fyrste røynsle med politikarar på nært hald. Eg vart imponert over energien og viljen til å overtyda.

Dette inntrykket byggjer seg òg opp under lesinga av Rossavik. Finn Gustavsen var den mest Sovjet-kritiske i SF. Han hadde sett fattigdomen i auststatane på nært hald, opplevt den politiske undertrykkjinga, arrogansen og det lammande byråkratiet. Han lèt seg ikkje imponera og vart sitjande då representantar for verdsrørsla kom inn på kongressane han var offisielt utsend til.

Den nasjonale arenaen 

Norsk venstreside er god til å spegla sjølv. På få år har me fått biografiar om Haakon Lie, Torolf Elster, bok om Orientering, om Klassekampen, om AKP og om æraen til sosialdemokratiet på engelsk. Før er det gjeve ut bandsterke verk om DNA, LO og NKP. I tillegg kjem dei mange bøkene om særforbund og AUF. Trygve Bulls intimportrett av Mot Dag og Erling Falk frå 1955 går inn i rekkja av litterære godbitar.

Då har eg enno ikkje nemnt alle sjølvbiografiane. Frå Gerhardsen og Lie over Johan Vogt og Trond Hegna til Erik Solheim. Har dei eit drag sams? Ja, dei er alle øyredøyvande norske i opplegg og gjennomføring.

No skal ikkje ein meldar kritisera ein forfattar for at han ikkje har skrive den boka meldaren sjølv helst ville ha. Men den breie og gjennomarbeidde studien til Frank Rossavik formeleg ropar etter samanliknande nordiske perspektiv på venstresosialismen.

Akademikarfordomane 

Kva seier dette om den politiske kulturen i Skandinavia? Det er ikkje nok å seia at Sverige ikkje fekk noko SF fordi landet stod utanfor NATO. Her er det djuptgåande skilnader, ikkje minst i synet på intellektuelle i arbeidarrørsla. Frank Rossavik er inne på dette fleire gonger i boka si. Gløym ikkje at det var Sigurd Evensmo som klårare enn andre såg dette særdraget av akademikarfordomar i DNA (les til dømes radiokåseriet hans i NRK om anti-intellektualismen i DNA i essaysamlinga Observasjoner. Han møtte det sjølv intenst og orka det ikkje.

No har òg Sindre Hovdenakk synt at også Torolf Elster fekk smaka pisken. Neste gong Rossavik skriv om SF/SV, må han kasta seg inn i dette feltet. Tru om ikkje noko av dette har smitta over på partiet no. Var ikkje Øystein Djupedals «kvileskjer» uttrykk for det same? Og det i eit parti som nettopp sprang ut av det Stein Rokkan kalla den «byradikale intelligentsiaen».

Frank Rossavik har ytt eit bidrag til den politiske historia i Noreg. Han har intervjua imponerande mange. Han skriv balansert og ærleg. Heller ikkje SF/SV var noko teselskap. Partiet som i dag sit ved Kong ens bord og stør krig i Afghanistan og i Libya, har gått ein lang veg.


Frank Rossavik (2011): SV – frå Kings Bay til Kongens bord. Spartacus Forlag.

Denne anmeldelsen stod på trykk i Dag og Tid, 08.04.11.

Emneord: Norge, Sosialistisk Venstreparti, sosialisme Av Bernt Hagtvet
Publisert 14. apr. 2011 20:11 - Sist endret 23. apr. 2019 16:33