Offentleg partistøtte – god bruk av pengar?

Staten yter i overkant av ein halv milliard kroner årleg i støtte til dei politiske partia. I tillegg kjem eit ukjent tal millionar frå kommunar og fylkeskommunar. Får det politiske fellesskapet noko att for desse pengane? Gir denne pengebruken nok demokratiske avkasting i form av veljarintresse og –engasjement?

Det norske demokratiet i det 21. århundre, Fagbokforlaget 2014. Redigert av Harald Baldersheim og Øyvind Østerud, Universitetet i Oslo. Innheld 17 kapittel som i tilknyting til grunnlovsjubileet presenterer oppdaterte analysar av ei rekkje sider ved det norske demokratiet: Forholdet til EU, NATO og FN, menneskerettar, parti og veljarar, kontrollen med statsapparatet, lokaldemokrati m.v.

Dei politiske partia er berande infrastruktur i det norske demokratiet – dei er band mellom folk og styre og motor i det parlamentariske demokratiet. Det kan vere gode grunnar til at fellesskapet legg vekt på å ha livskraftige parti, mellom anna gjennom økonomisk støtte. Men banda mellom folk og parti skrantar. Talet på partimedlemmer er fallande, absolutt og relativt. I ei ny bok om Det norske demokratiet i det 21. århundre viser Knut Heidar at berre mellom fem og sju prosent av veljarane er medlemmar av eit politisk parti. Av desse er det svært få som reknar seg som aktive partimedlemmar. Partia blir meir og meir drivne av tilsette partifunksjonærar. Politikken blir levebrød.

Frå anna forsking veit vi at under ti prosent av veljarane kan tenkje seg å ta på seg eit verv som folkevald. Desse tendensane tyder på at partia ikkje maktar å engasjere veljarane og fange opp den politiske interessa som faktisk er til stades. Det store fleirtalet av veljarane er interessert i politikk, i utanriks- så vel som innanrikspolitikk og lokal politikk. Bernt Årdal understrekar i boka at borgarane gjerne lar seg engasjere i enkeltsaker, deltar i demonstrasjonar og underskriftskampanar, osv.

Men dei politiske partia ser ikkje ut til å greie tappe denne ressursen. Frammøte ved stortingsvala har halde seg rimeleg bra, men interessa for kommunevalet har vore dalande sidan byrjinga av 1990-talet. I mange kommunar klagar dei politiske partia over at det er vanskeleg å finne folk til å fylle vallistene. Borgarideal som dei fleste hyllar, er den lovlydige borgaren («ikkje snyte på skatten»), og borgaren som bryr seg om andre i familie og nærmiljø, viser Lawrence Rose. Men å gå forpliktande inn i partipolitikken eller tunge offentlege verv er ikkje ideal som scorar høgt.

Bakgrunnen for denne utviklinga kan vere at sambandet mellom partistruktur og samfunnsstruktur er blitt meir utydeleg med åra. Oddbjørn Knutsen finn i sitt kapittel om veljaråtferd at det ikkje i same grad som før er slik at partia spring ut av bestemte yrkesgrupper og næringsgreiner eller livssynsgrupperingar. Partival blir mindre og mindre styrt av yrke, religion eller geografi. Venstre-høgre-dimensjon er mindre prega av motsetning mellom arbeid og kapital, meir av konfliktar mellom offentleg og privat tilsette. Sentrum-periferi-konflikten utviklar seg til til motsetning mellom sauehald og rovdyrkultus.  Sambandet mellom samfunn og parti er blitt meir diffust.

Banda mellom folk og styre treng altså fornying. Delar av den offentlege partistøtta kunne kanaliserast meir mot stimulere til større borgarengasjement, f. eks. til å ta på seg forpliktande politiske verv og til å fornye kva det vil seie å vere partimedlem. Partia treng å gjere seg meir attraktive.  Dette burde vere eit sentralt debattema i jubileumsåret 2014.

Denne teksten har allerede stått på trykk i Aftenposten, 30.9.14.

Av Harald Baldersheim, Institutt for statsvitskap, UiO
Publisert 1. okt. 2014 18:31 - Sist endret 1. okt. 2014 18:31