Kongeleg symbolmakt - Skandinaviske jule- og nyttårstaler som nasjonale ritual

Tilbake til Makt- og demokratiutgreiinga si startside

Makt- og demokratiutgreiinga sin rapportserie, ISSN 1501-3065

Rapport 10, januar 2000, ISBN 82-92028-10-2


Brit Marie Hovland


INNHALD

Innleiing; folketalen og folkekongedømmet *

Frå eineveldig til nasjonalsymbol *

Skandinaviske utviklingsdrag *

Tid for tale… *

Hoffskålen som vart nasjonalt ritual *

"Endelig er Norge samlet til ett rike" *

Svensk eigenart *

Detronisering og det nye kronsymbolet *

Det kongelege spelerommet *

Den danske nasjonen sett frå trona *

Til nordmenn i "de tusen hjem" *

Kungahemmet i folkhemmet *

… Tid for togn *


Det nasjonale grenselandet; nasjonalitet eller overnasjonalitet? *

Den nasjonale sjølvdefineringa, "vi" og "dei andre" *

Nasjonale konsensus- og konfliktfelt *

Folkekonge-mysteriet *

"Talenes Tid" *

Talen som alt heilar? *

Kjelder *

Oppslagsverk *

Litteraturliste *

Innleiing; folketalen og folkekongedømmet

Ved årsslutt er det tradisjon at dei skandinaviske monarkane held ein folketale som oppsummerer året som gjekk og gjev nasjonale visjonar for framtida. Talen stadfestar nasjonen som fellesskap og monarken som nasjonalsymbol. Taleritualet eksemplifiserer ein kjerne i det moderne folkekongedømmet.

Omgrepet folkekongedømme peiker på at institusjonen heller relaterer seg til folket, nasjonen, enn til statsstyring. Her skil konstitusjonelle monarkar seg frå sine eineveldige forgjengarar. At monarkiet vert vurdert som ein anakronisme fordi det vantar politisk avgjerdsmakt, kan henge saman med at ein brukar fortida som målestokk på samtida. Når vi analyserer dei kongelege talerituala som del av den moderne kongerolla, er det med ein annan målestokk: Talane er ikkje interessante som uttrykk for realpolitisk makt, men som uttrykk for symbolmakt. Dette fell inn i Makt- og demokratiutgreiingen 1998-2003 sin intensjon om å fokusere vidare enn økonomisk bytemakt og politisk avgjerdsmakt, og å analysere endringar i makta sine former. Dette impliserer mellom anna eit søkjelys på identitets- og symbolmakt.

Monarkiet er i liten grad analysert med sikte på å forstå kva rolle det speler i moderne samfunn. Dei kongelege talane gjev materiale for å nærme seg ei slik problemstilling. Alle dei tre skandinaviske taletradisjonane har vakse fram i løpet av det siste hundreåret. Den danske talen med røter tilbake på 1800-talet, er eldst, medan den svenske talen fyrst kom til i 1970-åra. Men i vår tid er alle tre vorte faste medieinstitusjonar. Vi skal sjå nærare på korleis tradisjonane har utvikla seg, og kva som er monarken sin bodskap til folket.

Kongedømma som har overlevd det monarkiske mannefallet på 1900-talet, har gått gjennom ein ritualiseringsprosess som stettar den nasjonalsymbolske kongerolla. Rammene er strenge: Monarken skal samle. Difor kan det rojale ytringsrommet avsløre konsensus og konfliktfelt i det nasjonale meinings-universet. Ved å stille dei nasjonale taletradisjonane i relieff mot kvarandre, kan vi såleis få syn for både særnasjonale og fellesskandinaviske drag.

Sjølv om konge- og dronningetalane ber med seg ein arv frå hierarkiske samfunn som demokratisk innstilte skandinavar vanlegvis distanserer seg frå, har talane svært høge lyttar- og sjåartal. I så måte er den kongelege folketalen så vel som folkekongedømmet eit mysterium. Studien av talerituala kan gje innsyn i monarken si rolle og sin funksjon i det moderne demokratiet. For kva makt ligg det eigentleg i å vere folketalar i dag?

Frå eineveldig til nasjonalsymbol

Kongekrønikene er ein raud tråd i nasjonalhistoria fram mot moderne tid, der han forsvinn i ein meir kompleks samfunnsvev. Minkande fokus speglar ei skipling av den oligarkiske styreforma. Trua på eit gudegjeve hierarki med kongen som verdsleg toppunkt veikna. I demokratisk ideologi vart hierarki derimot uttrykk for maktundertrykking og folkeleg forfordeling: Det vart eit demokratisk mål å få statsaffærane ut av dei kongelege gemakkane og inn i det offentlege livet – res publica. Det representative demokratiet som oppstod innan nasjonalstatlege grenser, hadde republikanske drag.

Implisitt i demokratiseringsprosessen som representerte ei realpolitisk detronisering, låg det òg ei løysing for monarkiet: Det politiserte samfunnet kom til å krevje si eiga upolitiske motsetning. Det oppstod eit presserande behov for nye arenaer, tankesett og forteljingar som kunne samle på tvers av skiljelinene. Den nasjonsbyggande tidsalderen var "Talenes tid". Saker med "Talerom" politiserte nasjonen; målsak, avhaldssak, kristendom og norskdom. Store talerom og større talegåver gav politisk gevinst. Men snart vart politikk og samfunn meir fragmentert. Modernismen speglar dette. Då vart det behov for nye fora som kunne formidle den samfunnslegitimerande soga.

I denne epoken startar ritualiseringsprosessen som reidde grunnen for folkekongedømmet. Den britiske historikaren David Cannadine seier slik at: «as the real power of the monarchy waned, the way was open for it to become the centre of grand ceremonial once more». Folkekongen si makt kviler, i motsetning til sine eineveldige forgjengarar, på ein demokratisk folkevilje.

Cannadine meiner at noverande europeiske kongehus kan forståast ut frå korleis dei nasjonale elitane reagerte då oligarkiet (fåmannsveldet) møtte den demokratiske utfordringa. Der eliten stod svakt, tilpassa han seg ein ny kontekst og la grunnen for eit vidare virke. Der maktbasisen var sterkare, som i Tyskland, Østerrike og Russland, vart det demt opp mot folkeleggjeringa, noko som på sikt undergrov posisjonen. Denne omvendte darwinismen skal altså ha komme det britiske så vel som dei skandinaviske kongehusa til gode.

 

Skandinaviske utviklingsdrag

Dei tre skandinaviske landa er konstitusjonelle monarki. Monarken har si symbolske rolle som statsoverhovud i det parlamentariske demokratiet. Men kvar monark har òg sitt særnasjonale handlingsrom som berre kan forståast i lys av den nasjonalstatlege utviklingshistoria.

Både Sverige og Danmark møtte den moderne tida som dominerande statar med sterk kongemakt og ein sterk adla overklasse, men tidleg på 1800-talet endra mykje seg: Danmark miste Noreg, og Sverige miste Finland til Russland. Samtidig med Finlandstapet vart det svenske eineveldet avslutta med grunnlova av 1809, der "kungen allena styra folket" framleis stod fast. Tapstraumet og den personlege kongemakta gjev to hovudaspekt på soga om "det svenske": Bo Stråth meiner sjokktapet førte til eit behov for svensk sjølvdefinering, og den offentlege konstruksjonen av det svenske tok utspring i kongemakta.

Demokratiseringsreformene på 1800-talet vart følgt av "samhällsbevarande" sikringar. Den svenske konservatismen gav unionsstriden "prägel av kamp mellan norsk demokrati och svensk överhetsstat". Unionsoppløysinga forsterka krisa som raten for utvandring vart sett som symptom på. Emigrasjonsutgreiinga av 1908 framstilte Sverige som eit forsteina monarki i total utakt med den demokratiske tidsånda. Samfunnsingeniørane presenterte folkhemmet etter amerikansk modell. Nasjonen skulle klargjerast for ei betre framtid:

På denna resa måste gammalt bagage, föråldrade vanor, traditioner och lojaliteter kastas i diket eller lämnas in på museernas effektförvaringar. En god svensk måste vara en modern svensk med fast framtidsblick, en som inte släpade benen efter sig. Därför kunde anklagelser för traditionalism och konservatism riktas både mot den gamla eliten [...och...] allmogen.

1900-talet vart innleidd av ein ny nasjonsbyggingsprosess. Den konservative ideologien vart degradert, og gamle elitar kom i bakgrunnen. Demokratisk tankegods fekk sitt gjennombrot. Grunnen var lagt for den svenske sosial-demokratiske æra frå 1920-åra. Tokammersystemet og "kungen allena styra folket" stod likevel som konservativt vern til 1974. Men patriotisk konge-truskap var erstatta av nasjonale dygder som demokrati, modernitet og funksjonalitet.

Dansk nasjonal identitet vart òg prega av tapstraumar. I 1814 tapte dei Noreg, og i 1864 Slesvig. I mellomtida (1849) vart eineveldet avslutta. Staten gjekk frå å vere sentrum for ein eineveldig fleirkulturell heilstat, til å verte ein homogen småstat med ei liberal forfatning. Men slesvigtapet medførte ei reversering av demokratiseringa, som i neste instans styrka opposisjonen fram mot at høgrekreftene resignerte forfatningskampen rundt hundreårsskiftet. Dette viser to viktige sider ved "det danske": Heilstatstradisjonen vart vidareført i grensestridane samtidig som den reverserte demokratiseringa styrka den opposisjonelle venstresida, som etter grensesnevringa i 1864 kunne spele på folkeleg ideologi med språk i fokus. Heilstatstradisjonen og grundvigianismen rann saman.

Hendingane i 1920 samlar perspektiva: Då vart Nord-Slesvig tilbakeført til Danmark samtidig som Påskekrisa, etter at kongen søkte å omgå valresultatet, sette punktum for monarken si realpolitiske makt. På 1800-talet hadde det folkelege vorte kopla til den eineveldig heilstatstradisjonen, med Påskekrisa vart monarken kopla frå staten og til nasjonen.

Medan Danmark og Sverige innleidde hundreåret med tapstraumar, vart 1814 halden som ei nasjonal gjenføding av samtidige nasjonalromantikarar i Noreg. Men då romantisk filosofi fekk sosial skyts, søkte eliten saman mot den folkelege nasjonalismen som hadde brodd både syd- og austover. Garborgs "Ut or Unionane" viste koplinga mellom politikk og kultur. Personalunionen med Sverige og opplevinga av ein "kulturunion" med Danmark vart begge sett som unasjonalt overstyre. Med polariseringa stod konge og embetsmenn i høgre-vridd posisjon mot ein veksande nasjonalsinna demokratisk opposisjon fram mot 1884 og 1905.

I unionsstriden fram mot 1905 hadde republikanarane vore mange og taleføre, men det norske folket valde likevel den monarkiske styreforma. Valet må sjåast ut frå rolla kongen hadde fått i norsk gullaldermytologi, som igjen hadde gjeve legitimitet til venstrerørsla. Der stod eit særnorsk kongehus som symbol på det frie Noreg. At prinsen med dansk herkomst og britisk gifte flytta til Noreg, tok namnet Haakon, drog lina til norrøn mellomalder og vart Haakon VII, kunne altså symbolisere norsk nasjonal kontinuitet og sjølvstyre.

Vender vi tilbake til Cannadine sine perspektiv på ritualiseringa, kan vi risse opp nokre hypotetiske liner i det skandinaviske landskapet: I Sverige stod "konungen allena styra riket" i 165 år trass i brotet mellom den konservativt kongetrugne nasjonsideen på 1800-talet og den moderne sosialdemokratiske æra på 1900-talet. I 1974 vart det erstatta med "all offentlig makt i Sverige utgår från folket". Samtidig fall tokammersystemet. Det konstitusjonelle vakuumet er eit svensk særdrag. I Danmark kom ei tidlegare kopling mellom eldre statstradisjon og nye nasjonale straumdrag. Den kongelege heilstats-tanken levde vidare i grundvigiansk utforming. Det norske møtet mellom monarki og demokrati er illustrert av at monarkiet vart sjølve kronsymbolet på ein fri norsk demokratisk nasjon både i 1814, 1905 og i 1945.

 

Tid for tale

Utviklingsvegane fram mot dagens styreform har vore ulike. Og i denne prosessen har kvart av monarkia tilpassa seg kvar sine handlingsrom og fått kvar sine nasjonale roller. I tråd med utviklingshistoria vi rissa opp, har dei tre taletradisjonane òg oppstått til ulike tider. Den danske talen har som sagt, røter tilbake til 1800-talet. Den norske oppstod i mellomkrigstida. Men fyrst i 1970-åra var det tid for ein liknande svensk taletradisjon.

 

Hoffskålen som vart nasjonalt ritual

Den danske nyttårstaletradisjonen viser ei stegvis utvikling frå ein elitær kontekst til den moderne folkekongerolla. Det fyrste spede førebodet finn vi mellom fisken og steika på det danske nyttårstaffelet i 1880-åra. Då reiste kong Christian IX seg og skålte for selskapet og fedrelandet. Den patriotiske skåltalen var retta mot eliten i paleet. Danskar flest visste knappast om han. Det var fyrst med avisprenting og radiooverføring på 1900-talet at den danske talen fekk eit meir folkeleg preg.

Kong Frederik VIII var både meir demokratisk innstilt og meir pratesalig enn forgjengaren. Allereie som kronprins i 1904 fekk han prenta nyttårstalen i riksdekkjande aviser. Han introduserte òg den tradisjonelle avslutningsbøna "Gud bevare Danmark!" Likevel var det fyrst i Christian X si lange regentstid, 1912 – 1947, at nyttårstalen vart årleg avisinnslag. I mellom-krigstida vart talen òg forsøkt vidareformidla gjennom radio. I denne perioden utvikla nyttårstalen seg til eit ritual danskar av i dag kan kjenne att.

Taleritualiseringa i kong Christian X si regentstid er uttrykk for endrings-prosessen det danske kongehuset gjekk gjennom i perioden. Vi har vore inne på den danske Påskekrisa i 1920 då kong Christian vart refsa for demokratisk overtramp. Dette vart den siste direkte realpolitiske manøveren frå den danske monarken. I mellomkrigstida skal han derimot ha innsett og tilpassa seg makta som låg i å tale til og for folket i staden for å beordre dei. Ritualiseringa av nyttårstalen kan sjåast som brikke i dette mønstret.

Under okkupasjonen var hofftaffela avlyste, og kongen talte for fyrste gang direkte over radio. Ved dei tre fyrste okkuperte årsskifta tona monarken sin tale inn i stovene til det danske folk. Dei to siste åra vart han hindra i å tale. Den nye radioformidlinga må i konteksten ha virka til å gje nyttårstalen ein ny symbolverdi for danskane. Difor må òg tradisjonsbrotet, sjølv etter berre tre år, ha gjeve sterke nasjonale signal. Okkupasjonstida tilførte både talen og monarkiet ny og sterk nasjonal symbolverdi inn i etterkrigstida.

I etterkrigstida vart den nasjonale samlingstalen kopla saman med den elitære skåltaletradisjonen: Talen vart radiooverført frå hofftaffelet. Frå seint i 1950-åra vart han òg TV-overført. Elitepreget hang likevel med til kong Frederik IX i 1958 tok steget frå selskapet og inn i arbeidsrommet med talen. Då fekk talen preg av å vere ei av kongen sine arbeidsoppgåver. Talen vart frigjort frå den elitære konteksten og vart fullt og heilt retta mot det danske folket. Dronning Margrethe II har vidareført tradisjonen frå 1972. Heile 91% av danskane har svart at dei brukar å lytte til hennar nyttårstalar. Ho samlar danskane ved terskelen til det nye året og framtida. Skåltalen har vorte ein nasjonal folketale og eit nasjonalt overgangsritual.

 

"Endelig er Norge samlet til ett rike"

Så sterke ord brukte kong Olav då NRK-TV òg femna Nord-Noreg, og han kunne sjåast av heile landet på nyttårsaftan i 1967. Kronprins og seinare kong Olav V var den som etablerte og personifiserte den norske nyttårstale-tradisjonen sjølv om talen oppstod i kong Haakon VII si regentstid.

Den norske nyttårstalen har, naturleg nok, ei kortare historie enn den danske, men den fyrste direkte radiooverførte kongelege nyttårstalen i Skandinavia var norsk og vart halden av kronprins Olav i 1934. Til liks med det fyrste radiooverføringsforsøket i Danmark, må ein òg i Noreg fram mot 2. verdskrig før radiotalen vart etablert som ritual. I motsetning til i Danmark var den norske talen frå starten radiooverført og retta mot det norske folket.

Den norske nyttårstalen var heller ikkje så tett knytt til kongeposisjonen som på sydlegare breidder. Han hadde preg av å vere eit kongeleg norsk "familie-føretak". Ved årsskiftet 1939-40 talte kronprinsen til det norske folket. Jule- og nyttårshelga 1940-41, den fyrste i eksil, kom kong Haakon for fyrste gang sjølv til mikrofonen. Kronprinsesse Märtha og resten av kongefamilien sende òg sine helsingar til det norske folket frå eksiltilveret.

I dei fem åra kongefamilien var i eksil, sende dei årvisst jule- og nyttårshelsingar til den okkuperte norske nasjonen. Avstanden førte altså med seg ein ny type kontakt mellom konge og folk, eller kongefamilie og folk. Både talen og sjølve talaren symboliserte norsk motstandskraft og samhald. Eksilkongen vart i seg sjølv symbol på den norske ufridommen, og når "Dette er London!" vart etterfølgt av kongelege helsingar, må det ha skapt nasjonal forventning om at det som ein gang var, skulle komme att. Slik fekk både kongen og nyttårstalen styrka nasjonal symbolverdi inn i etterkrigstida.

"Familieføretaksordninga" heldt fram til dåverande kronprins Olav i einsam majestet aksla oppgåva frå 1950-åra. Han talte, med eitt unntak, årleg frå 1951 til 1989. Som konge heldt han talen i 33 samanhengande år. Saman med dei to talane i mellomkrigstida, to under krigen og sju i perioden fram til signinga i 1957 heldt han til saman 44 talar. "Familieføretak-talen" var ein fase i kong Olav si taletid, som òg heldt den fyrste TV-overførte talen i 1965.

I 1990, 40 år etter at kronprinsesse Märta heldt sin siste tale før kronprins Olav tok over, talte sonen deira, kronprinsregent Harald. Kong Olav var sjuk og døydde knappe tre veker seinare. Regents- og talerolla gjekk vidare i arv. Kong Harald V har talt i ei mediepluralistisk tid, men likevel seier 68% av nordmennene at dei bruker å lytte til monarken sine ord på nyttårskvelden. Om ikkje talen har samla Noreg til eitt rike, så samlar han bokstavleg talt nordmennene rundt skjermane i "de tusen hjem".

 

Svensk eigenart

Nyttårstalen som årvisst etermedieritual i Danmark og Noreg oppstod og fekk sterk nasjonal symbolverdi under 2. verdskrig. Då nasjonane var hertekne av ei framand makt, stod monarkane fram og talte for håp og nasjonalt samhald på terskelen til det nye året og framtida. Rituala vart etablerte i nasjonale krisetider. Den svenske kongelege radiooverførte juletalen manglar med si korte historie frå 1973, liknande assosiasjonar.

Kong Carl Gustav tok over trona i ei monarkisk krisetid. Grunnlovsrevisjonen stod for døra, og spørsmålet om monarki eller republikk vart seriøst diskutert. I denne usikre tida etablerte den ferske kongen eit folkeleg orientert ritual. Kong Christian X av Danmark skal i mellomkrigstida ha innsett folketalen sitt integrerande potensiale i den demokratiske konteksten. Utfordringane dei to monarkane erkjente, og løysingane dei valde, ser ut til å ha vore mykje dei same sjølv om det skilde eit halvt hundreår. Fjerninga av det 165 år gamle "kungen allena styra riket" for "all makt utgår från folket" i 1974 ser ut til å ha utløyst om lag same reaksjon som Påskekrisa i 1920 gjorde i Danmark.

Den svenske talen er både i tidspunkt, innhald og uttrykk annleis enn i nabolanda. Kong Carl Gustav har talt i julehelga, ei høgtid med familiært preg. Det familiære fokuset kjem òg fram i TV-programmet om konge-familien i nyttårshelga, som vart årvisst etter at kongen stifta familie og fekk barn i 1980-åra. Programmet har preg av å vere eit innblikk i det kongelege biletalbumet. Begge medierituala set kongefamilien, ikkje konge-posisjonen, i sentrum. Dette høver til biletet Bo Stråth har rissa opp av den svenske nasjonale identiteten som i etterkrigstida var omdefinert og statleggjort gjennom ein sosialdemokratisk "folkhemsideologi" med likskap og tryggleik som berande verdiar. Både den kongelege radiotalen og nyttårs-programmet på TV fremjar den svenske kongefamilien som eit rojalt folkhem; eit nasjonalt eksempel på den svenske folkhemsmentaliteten.

Det svenske taleritualet er annleis enn i nabolanda. Talen er nyare, vert halden til ei anna tid, og har anna uttrykk og innhald. Han vert berre radiooverført og manglar liknande historisk symbolinnhald som i Noreg og Danmark. Likevel lyttar kvar fjerde svenske. Dette vitnar om ei folkeleg interesse for monarkiet, men på andre premissar.

 

Detronisering og det nye kronsymbolet

Talerituala oppstod då monarkiet vart realpolitisk detronisert. I Sverige utsette det konstitusjonelle vakuumet omstillinga, noko som òg kan vere ei forklaring på den tilbaketrekte rolla kongehuset har hatt i det moderne folkhemmet på 1900-talet. Etter siste tronskifte og grunnlovsrevisjonen endra dette seg, og det svenske juletaleritualet fell inn i eit fellesskandinavisk mønster.

Den danske taletradisjonen er klargjerande for utviklinga fordi ein ser kontinuitet og stegvis utvikling frå eldre statstradisjonar til dagens rojale virke. Det er nemleg monarkane sin historiske legitimitet kombinert med realpolitisk detronisering som opna det nye handlingsrommet i det moderne samfunnet. Det norske monarkiet hadde ingen slik hierarkisk tradisjon å spele vidare på. Kong Haakon var frå starten oppteken av å føye virket etter Grunnlova og folkets vilje. Det var då òg nordmennene som hadde stemt fram kongedømmet og kongen i 1905. For nordmennene vart kong Haakon eit kronsymbol på nasjonal fridom, og folkeavstemminga gav kong Haakon legitimitet som folkekonge. Talerituala er ei årviss stadfesting av slike band mellom monark og folk.

 

Det kongelege spelerommet

Talane skapte nye og meir personlege band mellom konge og folk. Kongen vart ikkje lenger berre ein fjern maktperson som gav ordrar og direktiv. Han talte til kvar og ein av landsmennene i deira eigne stover. Såleis meiner Cannadine at den britiske juletalen for monarkiet sin del, representerte den viktigaste utviklinga i fyrste del av 1900-talet:

But the most important development during this period [1914-1953] was the advent of the B.B.C. […] the Christmas broadcasts, instituted in 1932 and immediately adopted as ’traditional’, enhanced the image of the monarch as the father-figure of his people, speaking to his subjects in the comfort and privacy of their homes.

I dei nye talerituala stod monarken fram som ein nær og omsorgsfull nasjonal far, heller enn ein fjern statsleiar. Det rituelle kongedømmet kopla monarken frå staten og til nasjonen. Media var støttespelar og nødvendig premissgjevar.

Medieutviklinga opna nye kommunikasjonskanalar. Gruppetilhøyrsle vart mindre avhengig av direkte kontakt og fysisk kommunikasjon. Fleire nasjonalismeteoretikarar knyter difor danninga av nasjonale identitetar til massemediene si utvikling. I mellomkrigstida opna det seg såleis ein ny kanal mellom konge og folk: radiofonien.

Det er som radio- og seinare TV-program at danske og norske nyttårstalar har utvikla seg til det nasjonale ritualet vi kjenner i dag. Monopolsituasjonen var lenge med på å framheve talen som eit nasjonalt viktig program. Men oppslutninga ser likevel ikkje ut til å ha dalt i vår mediepluralistiske samtid.

Om intensjonen med dei moderne kongelege rituala er å samle nasjonen, ser dei tre skandinaviske monarkane ut til å lykkast med det, men i ulik grad. Undersøkingar viser at folket lyttar til monarken. Surveyundersøkinga Diaforsk gjennomførte hausten 1998, viste at 91% av danskane, 68% av nordmennene og 26% av svenskane såg seg sjølve som dronning- eller kongetalelyttarar. Ratingtala viser ein del lågare oppslutning, men stadfestar eit høgt sjåar/lyttartal. Ulikskapen mellom survey- og ratingtalet er i seg sjølv interessant: Folk svarer at dei bruker å lytte til talen, sjølv om dei kanskje ikkje gjorde det i år eller i fjor. Dette tyder på at dei føler at dei burde ha lytta til talen. Ulikskapane kjem vi tilbake til, her er poenget å vise at talane har folkeleg oppslutning og såleis vert vurderte som viktige.

Den nye koplinga mellom konge/dronning og folk er nasjonal, som rikskring-kastinga. I etermediene framstod monarken som nasjonalsymbol. Folket lytta og godtok samtidig monarken som sin talsmann. Difor må ein òg tru at monarken speglar eit folkeleg godteke syn på kva som konstituerer fellesskapen. Taleritualet kan då sjåast som ei artikulering og utprøving av kva som gjeld for legitime fellesverdiar i nasjonen. Talematerialet gjev slik sett eit innblikk i kva fellesverdiar dei tre nasjonane kan samlast om. Over tid kan ein sjå korleis fellesskapen vert redefinert. Noko er fast, anna vert endra etter konteksten. Komparasjonen mellom dei tre kongelege taleromma i Skandinavia kan då vere klargjerande.

I nasjonalismeteori ser ein eit analytisk skilje mellom statsborgarleg og etnisk orientert nasjonalisme. I eit historisk paradigme viser A.D. Smith at den stats-borgarlege idealtypen har territorielt opphav, medan den etniske botna i tanken om ein opphaveleg kulturkrins. Smith meiner genesisforståinga gav sterke nasjonsbyggande føringar. Statsborgarleg nasjonsbygging sosialiserte nasjonen inn den statlege ramma, medan den etniske sikta mot å få ei høvande statleg ramme kring kulturfellesskapen. Frå stat til nasjon, eller frå "ethnie" (førnasjon) til stat. Begge prosessane har både kulturelle og politiske komponentar, men med ulik konstituerande vekt.

I slike modellar har "det norske" vorte sett som eit etnisk-orientert eksempel, Smith ser såleis norsk 1800-tal nasjonalisme som "etnisk separatisme", medan svensk nasjonsbygging gjennom byråkratisk inkorporasjon fekk stats-borgarleg preg. Danmark vert sett i ein mellomposisjon. Uffe Østergård har såleis karakterisert "det danske" som ein ikkje-nasjonalistisk småstats-nasjonalisme. Når monarken har nasjonen og det fellesnasjonale meinings-universet som spelerom, skulle ein tru at jule- og nyttårstalane ville spegle slike nasjonale særdrag om dei er reelle og ikkje teoretiske konstruksjonar.

 

Den danske nasjonen sett frå trona

Danske nyttårstalar har to særdrag: For det fyrste inkluderer dei etniske danskar utanfor nasjonalstatgrensene, for det andre femnar monarken framleis den gamle heilstatstanken. Inkluderinga av eksillandsmennene, færøyingane og grønlendingane viser ein ambivalens i dansk nasjonal identitet. Gruppene vert inkluderte i "det danske" av to ulike grunnar; kultur/etnisitet og statstradisjon/territorialitet.

Helsinga til danskar syd for tyskegrensa har vore fast sidan 1920. Kong Frederik IX talte til alle "hvor det danske Sprog agtes og æres af alle Danske uden for Rigets Grænser". Eksillandsmennene utvida nasjonen: "Året, der gik, har atter bekræftet den samhørighed, der er mellem os herhjemme og dem, der uden for landets grænser er danske af oprindelse, taler det danske sprog og øver en gerning, som gør vort land større" (1968). Med dette står "det danske" fram som ein kulturfellesskap uavhengig av statlege grenser. Danskdomen vart oppretthalden av ein kulturfellesskap med felles språk, kultur og symbolgalleri:

Jeg ønsker Lykke og Velsignelse over Hjemmene, det være sig i Danmark som uden for Rigets Grænser, overalt, hvor det danske Sprog og det danske Flag agtes og æres og elskes. Vi har faaet et Klenodie – vort Flag, det hvide Kors paa den røde Bund, Troen paa Livet og Kærlighedens røde Farve, Kærligheden til det dyrebareste, vi har – vort Land. (1948)

Både kong Frederik og seinare dronning Margrethe har påpeikt at danskdomen var avgrensa av språket og symbolisert av Dannebrog. I 1991 helste dronninga såleis "de danske syd for grænsen, som så trofast holder ved deres danske arv; de er med til at minde os om, hvem vi er, og jeg bringer dem også i år mine varmeste nytårsønsker" (1991). Ho inkluderte alle "hvis rod er i Danmark eller i danskheden" (1989) i den danske nasjonen.

Eksillandsmenn generelt og i dansk-tyske grenseland spesielt eksemplifiserte dansk eigenart der kulturarven levde i språkfellesskapen, vart symbolisert med flagget og botna i kjærleik til fedrelandet. Monarkane artikulerte seg i vagare vendingar om dansk særart i Danmark. Fokuset på landsmenn ute kan difor sjåast som ei implisitt sjølvtolking. Landsmenn ute spegla det heimlege, samtidig som nasjonstolkinga vart mindre kontroversiell enn om den heimlege nasjonen vart definert ut frå språkfellesskapen. Nasjonen vart ikkje avgrensa i nasjonalstatsgrenser eller styresett, men av folket eller kulturen. Underkommuniseringa av territorielle grenser medførte ei synleggjering av dei etnisk-kulturelle.

Ein må utanfor nasjonalstatgrensene før danske monarkar artikulerer språket som ein kjerne i dansk kulturfellesskap. Det grundtvigianske fokuset på språk har altså levd vidare i "det danske". Det er i forlenginga av eit slikt språk-basert nasjonssyn at danskar i Syd-Slesvig, i dag som for snart 150 år sidan, vert inkluderte i "det danske". Danskdom vart eit spørsmål om kultur-bakgrunn, ikkje statsborgarskap. Den monarkiske påpeikinga av heimen som nasjonal sosialiseringscelle høver inn i same mønstret. Utanfor nasjonalstats-grensene var det heimen som førte den oppveksande slekta inn i den danske kulturarven, og heimane trengde altså ikkje liggje i Danmark.

Grenseområda og grensestridane har alltid stått sentralt i dansk nasjonal identitet. Dette viser òg att i nyttårstalane. Trass den generelle omtalen av heimleg dansk kultur og historie, merkar eitt emne seg ut: Grensestridane med Tyskland og okkupasjonen er tilbakevendande tema. Den vage danske sjølvdefineringa finn i siste instans sin motsetning i "det tyske". Tyskland og tyskarane fungerer framleis som dansk nasjonal grensemarkør.

Ambivalensen i "det danske" kjem til uttrykk når ei anna gruppe utanfor nasjonalstaten òg vert inkludert i monarken sitt nasjonale famntak. Helsinga til Grønland og Færøyane har vore tradisjon sidan 1920 og vert stadig halden ved like: "Til Færøerne og Grønland sender jeg mine gode nytårsønsker i glæden over den gensidige respekt og samhørighed, som præger forholdet mellem de tre folk i Det Danske Rige", sa dronning Margrethe såleis i 1980. Helsinga viser tydeleg at færøyingane og grønlendingane vart inkluderte av andre grunnar enn eksillandsmennene i Syd-Slesvig. Dronninga si helsing på deira respektive nasjonalspråk, "gott nýggjár" og "ukiortaami pilluaritsi", i 1981 var såleis klargjerande. I staden vert dei inkluderte i kraft av heilstats-tradisjonen som det danske kongedømmet hadde femna gjennom århundre.

Etnisk-kulturell språkfellesskap og territoriell statstradisjon var to ulike innfallsvinklar til monarken sin nasjonale famn. Difor er eksillandsmennene og heilstatstradisjonen, med inkluderinga av grønlendingar og færøyingar, to klargjerande aspekt ved danske nyttårstalar. Dei to aspekta speglar på mange vis sameininga mellom den elitære heilstatstanken og den meir folkelege grundtvigianismen på 1800-talet. Heilstaten var det gamle monarkiske råderommet, folket har seinare vorte det nye virkefeltet. Dansk nasjonal identitet er framleis prega av denne koplinga som har gjeve "det danske" eit motsetningsfullt innhald.

Dronning Margrethe har i si taletid sidan 1972 halde fram i forfedrane sine spor, men ho har lagt meir vekt på å fremje nasjonen som ein dialektisk og dynamisk fellesskap. Dette har òg ført til ei ny kongeleg presisering av ein heimleg kulturfellesskap. Dronninga har sjølv gjeve ei rimeleg forklaring på denne utviklinga: "Tolerancen er nemlig intet værd, hvis vi ikke også respekterer os selv og vort egets standpunkt". (1983) Fleksibilitet utad har altså ført til ny og meir medviten sjølvdefinering. Dronning Margrethe har sett eit nytt søkjelys på positive sider ved dansk nasjonal identitet, som ho distanserer frå rasisme og negativ nasjonalisme.

Idealtypane etnisk og statsborgarleg nasjonalisme vert ofte sett som motpolar, men det danske tilfellet viser tydeleg at det heller er snakk om tendensar og særnasjonale koplingar mellom tendensane. Samtidig tyder den vage presiseringa av ein heimleg fellesskap på at "det danske" har ei ibuande konflikt i nasjonsdefineringa og i den nasjonale identiteten. Men motsetningane vert ikkje stilt mot kvarandre. Den "grenselause" nasjonen er difor både ventil og berebjelke i dansk nasjonal identitet. Det er talande at dronning Margrethe si nasjonsdefinering i nyttårstalane best av alt kan oppsummerast av Grundtvig sine strofar i sangen Folkeligt skal alt nu være frå 1848: "Til et folk de alle høre, som sig regne selv dertil".

 

Til nordmenn i "de tusen hjem"

Norske talar er òg prega av adresseringa til landsmenn i utlandet. Dette var sjølve tittelen på dei fyrste talane i mellomkrigstida. Sidan kom okkupasjonen med fem eksilår for kongehuset. No vart talane ein kanal mellom ein kongefamilie i eksil og eit okkupert norsk folk. I begge tilfella stod utskiljinga frå den norske kulturfellesskapen i fokus.

"Grenseløysa" er felles, men der danske monarkar unnlet å artikulere ein heimleg fellesskap, har norske kongelege talt om og til ein historisk kulturfellesskap som både i sinnelag og styresett skilde nordmenn frå andre nasjonalitetar. Dette kom tydeleg fram i talane under 2. verdskrig då den tyske okkupasjonsmakta stod som grensemarkør for "det norske". I 1940 sa kong Haakon såleis at håpet var at nordmennene atter skulle styre utan innblanding av "systemer og prinsipper som ikke passer for det norske lynne eller med norske tradisjoner". Okkupasjonsmakta vart omtalt som eit unasjonalt overstyre i etnisk og statsborgarleg forstand. Kongen stilte seg på den definert rette sida og stod som symbol på framtidsvisjonen han sjølv ytra: Håpet var at snart "Atter står nordmenn på egen grunn under eget flagg".

I ettertid omtalte kong Haakon okkupasjonstida som ei norsk slavetid: "Så senket mørket seg over Norge, og det norske folk ble underkastet fem lange år med besettelse, slaveri og nød." (1946) Men talane viser at mørketida òg kasta oppklarande lys over det norske:

[…] det norske folk [sto] fast som Norges egne fjell og ga derved verden et lysende eksempel på et folks kjærlighet til sitt fedreland og på hvordan denne fedrelandskjærlighet ble omsatt til motstand mot den inntrengende voldsmakt. […Kongen takket alle som…] aldri for et øyeblikk sviktet sin harde plikt, og som ved sin strålende innsats for alltid har risset sine navn i mor Norges saga. (1945)

Ytre press gav indre samling. Norsk nasjonalitet vart redefinert og presisert med "tysken" som grensemarkør. Motstandsrørsla vart plassert i heltegalleriet i det nasjonalhistoriske paradigmet. Norrøn mellomalder, 1814 og 1905 stod som andre nasjonale milepålar. Fokuset på nasjonalhistoria skil norske nyttårstalar ut i sitt skandinaviske omland.

Dei fyrste etterkrigstalane var prega av nasjonalhistorisk paradigmeretorikk: Den norske nasjonen hadde stått den nye prøven (okkupasjonen). No måtte ein stå samla om arbeidet for ei betre framtid. Sjølv om denne kraftretorikken snart vart nedtona, har historia halde fram som sentralt taletopos. Men fokuset kom heller til å vere på samhald og samarbeid, både nasjonalt og internasjonalt, enn på det skiljet okkupasjonen hadde openberra innan nasjonen. Dei siste tiåra fremja kong Olav historia meir som læremeister enn som nasjonalt kriterium. Jubileumsretorikk erstatta den "sjølvsagde" historiseringa. I staden for å sjå nordmennene som ein opphaveleg kulturkrins, opna dette for å sjå nasjonalhistoria som rettleiar for ein samtidig nasjon utan felles rot og opphav.

I kong Harald si taletid i 1990-åra ser ein ei endring. Han har lagt ny vekt på historie som kjerne i norsk nasjonal identitet. Samtidig har han halde fram forgjengaren si nedtoning av det norske som ein etniskkulturell fellesskap. Men der kong Olav gjorde dette implisitt, har kong Harald gjort det meir eksplisitt. Som sin slektning i syd har han poengtert at toleranse òg fordrar sjølverkjenning og respekt for eigen kultur: "Uten en norsk identitet har vi lite å tilføre et voksende verdenssamfunn", sa han såleis i talen i 1991.

Endringa speglar ei fleirkulturell utfordring. Kong Olav sitt jubileumsfokus kan sjåast som ei omstilling til ei fleirkulturell nasjonserkjenning. I lengre liner kan ein sjå innvandringstematikken som omvendt parallell til eksil-landsmennene, som den norske nyttårstalen starta med. Då var det utskiljinga frå det heimlege som katalyserte talen og nasjonstolkinga. I sin andre tale, 1. januar 1940 – under verdskrigen, men før Noreg var okkupert – sa kronprins Olav såleis: "Aldri før har jeg forstått så klart hva moderlandet betyr for våre landsmenn ute, og hvordan landet kan vokse også utenfor sine grenser." Seinare har fokuset heller vore på integrasjon i ein fleirkulturell fellesskap.

Under okkupasjonen var kongefamilien i eksil. Eksiltilveret gav større talefridom enn kva den danske monarken hadde i det okkuperte heimlandet. Der kong Christian balanserte på lina mellom motstand og innordning, talte kong Haakon og kronprins Olav av Noreg friare. Avstanden opna talerommet samtidig som det å illegalt lytte til eksilkongen si helsing til nasjonen, må ha fått symbolverdi. Eksiltilveret vart i seg sjølv symbol på ein unormal norsk tilstand. Difor kan heimkomsten i 1945 tolkast som ei symbolhending på line med reisinga av "Noregs gamle kongestol" i 1814 og det norske kronsymbolet på norsk sjølvstende i 1905. I 1945 stod kongen og det norske folket atter på eigen grunn under norsk flagg.

Eksilopplevinga har stått sentralt i talane, men ikkje på same måten som i Danmark. I Noreg vart òg den heimlege fellesskapen tydeleg artikulert. I norske talar var det heller medvitet om "dei ute" som framkalte definisjonen av "oss heime" som fellesskap. Erkjenning av avstand framkalte behov for presisering av fellesskapen. Historiefokuset gjev den norske nasjonstolkinga eit etnisk-kulturelt preg, men dette vert tett følgt av statsborgarlege aspekt. Moderne norske milepålar er jamt over knytt til utviklinga av det norske demokratiet i ein fri norsk nasjon, ei kopling som har vart ved sidan 1814.

 

Kungahemmet i folkhemmet

Dei svenske talane er karakterisert av at kungahemmet står fram som eit opphøga folkhem, eit nasjonalt eksempel eller symbol på folkhemmet ville vi sagt som ikkje er prega av svensk ambivalens i forhold til nasjonalisme-omgrepet. Den "unasjonale" nasjonalismen skin gjennom i kong Carl Gustav sine juletalar, som òg er retta mot utlandssvenskane.

Den svenske juletalen er ein tradisjon med røter tilbake til 2. verdskrig, og den fyrste kongelege talen vart kringkasta så tidleg som i 1951. Men det var fyrst etter 1973 at monarken vart fast talar. Fram til då hadde talen vore fast, medan talaren skifta. Det var ikkje det blå blodet, men ein viss kjendisfaktor i svensk kulturliv som var kriterie for å tale. Talen fall inn i ein svensk farbrormentalitet: Å vere fødd inn i ein høg samfunnsposisjon var ikkje grunn god nok til å vere nasjonal talsmann i det moderne folkhemmet.

Trass i at juletalen har vore fast i etterkrigstida, låg Sverige likevel etter nabolanda der dei fyrste radiooverførte nyttårstalane kom i mellomkrigstida. Dette høver ikkje med etnologen Orvar Löfgren si presisering av mediene si spesielt normdannande kraft i Sverige. Løftar vi blikket frå julehelga, ser vi då òg at Sverige hadde eit radiooverført nyttårsritual som var eldre enn både den danske og den norske radiotalen:

Tydligast blev detta nationella fokus i den radioritual som skapades redan i 1926, vid nyårsnattens tolvslag stod det svenska folket högtidligt församlat framför radioapparaterna runt om i landet, lyssnade på Anders de Wahl och hörde klockorna ringa nationen samman: i sådana ögonblick skapades ett massmedialiserat nationellt "vi", med stark känsloladdning. På detta sätt gav radion, liksom senare teven, både en gemensam lyssnarrytm åt livet i folkhemmet och en samtalsplattform ("hørde du"…), som korsade både klass-, generations- och bygdegränser.

Löfgren lèt nyttårsritualet eksemplifisere massemedia si nasjonaliserande kraft i Sverige. Samtidig påpeiker han at tradisjonelt samlande fedreland-symbol viste seg ubrukelege i det moderne folkhemmet. Kongehuset si rolle i den konservative 1800-tals patriotismen vart degradert i det moderne nasjons-byggingsprosjektet. Dette kan vere ei forklaring på kvifor juletalen ikkje vart knytt til kongemakta tidlegare. Fyrst då den meir egalitære taletradisjonen tok slutt i 1970-åra, det vart ikkje halde tale verken i 1970 eller i 1971, opna det seg eit talerom for kongen. Som ny regent i 1973 etablerte kong Carl Gustav den kongelege juletalen som sidan har vorte eit nasjonalt ritual.

Svenskekongen sine talar er òg innhaldsmessig prega av farbrormentaliteten. Familien, folkhemmet, står i sentrum og kongen tolkar seg sjølv og juletalen som nasjonalt eksempel på familiebanda mellom kjende og kjære:

Jag hoppas att denne årliga hälsning, som för mig blivit en fin tradition, får tjäna som symbol för alla de tankar vi sänder varandra i dessa jultider. Kanske är just julen den tid på året når man allra mest känner behovet av kontakt och närhet till sin familj, sina vänner och sin hemtrakt. Alla behöver vi ett visst mått av omtanke, medmänsklighet och värme i vinter mörkret. (1986)

Slik er det kongelege juletaleritualet ei stadfesting av "det svenske", som trass si unasjonale framtoning òg er eit nasjonalt uttrykk.

Svenskekongen skildrar staten og familien, men manglar ein eksplisitt nasjonal retorikk. Der norske monarkar har fokusert på historia og danske monarkar på ein vagare kulturtradisjon, unnlét kong Carl Gustav å gå inn på feltet. Nasjonen vert eit uartikulert mellomnivå. I helsinga svenskekongen sendte "Från Er barndoms jular, från familj och vänner. Från saknad, längtan och tradition. Men också från dagens Sverige" i 1975, kjem det biografiske familiefokuset fram. Talen var titulert svenskar "hemma och i utlandet"

I etterkrigsåra var taletittelen ein variasjon av "Tal till utlandssvenskarna". Talen uttrykte behov for å knyte eksilsvenskane til gamlelandet, og omvendt. Her fell talen inn i folkhemsideologien, der emigrasjonen var katalysator for den moderne nyorienteringa. Men kongetalane skil seg frå dei andre juletalane som vart heldne før 1973. Både i 1957, 1960 og 1966 retta den kongelege talaren seg mot svenskar både "ute och hemma". Det var berre dei kongelege som i denne perioden gjorde poeng av å tale til den heimlege så vel som diaspora-nasjonen. Denne kongelege viljen til å posisjonere seg i den heimlege fellesskapen, vart følgt opp i det kongelege juletaleritualet frå 1973. Men fokuset på utlandssvenskane forsvann ikkje:

Ni svenskar i utlandet känner nog också att ni behöver Sverige som en fast punkt i tillvaron. I det rörliga internationella livet krävs trots allt en förankring någonstans. Det är naturligt att hembygden skänkar den särskilda känsla av trygghet som en främmande miljö kanske inte alltid kan ge. (1973)

Tradisjon, familie og heimbygda vart dregne fram som svenske identitets-skaparar. Fokus på landsmenn i eksil fekk kongen til å presisere behovet for rotfeste og identitet. Men framleis var det nasjonale aspektet implisitt.

På same vis som i nabolanda ser ein ei utvikling i den kongelege nasjonstolkinga. Det fyrste tiåret talte kong Carl Gustav om og til eit moderne og framtidsretta Sverige. Han talte om vitskap, teknologi og forsking. I 1979 sa han såleis at: "Namnet Sverige står för neutralitet, solidaritet och kvalitet." Det er særsvensk at den kongelege folketalen fokuserer meir på produksjon og internasjonalt ry, enn på ein indre samlande fellesskap. Sverige framstod som eit upatriotisk Mønsterland.

Dette har i nokon grad endra seg. I 1970-åra vart historia knapt nemnt i talane. I 1980-åra og i 1990-åra har svensk historie fått større plass. I 1981 advarte kongen svenskane mot å verte "hemmablind". Han viste til dei gamle tradisjonane med "sockenstugor och kyrkbackar" og dei nyare med riksdagshuset på Sergels torg, riksmøta og herredagane. Han rissa opp historia om eit ope og egalitært svensk samfunn. Det svenske demokratiet vart historisert, og kongen mante folket til å hegne om kulturarven.

Med historiske nedslag viste svenskekongen at "Sveriges band med det övriga Europa har alltid varit starka". Samtidsorienteringa vart historisert med påpeikinga: "Dagens unga generationer kommer sannolikt att bli de första Europa-svenskarna" tidleg i 1990-åra då Sverige tok vegvalet med å gå inn i EØS og EU. Poenget er likevel at vendinga mot Europa medførte ei vending mot forhistoria i dei svenske talane. Kongen sette eit nytt søkjelys på kultur-bakgrunn og historiserte Sverige inn i ein europeisk kulturkrins. I 1996 oppsummerte han såleis: "Våra relationer med det övriga Europa har också de gamla anor. Nu har de formaliserats, genom vårt medlemskap i EU".

Sverige har vorte framstilt som "patriotismens u-land – närmast en form av inverterad nationalism". Dette er eit moderne 1900-tal fenomen, og Löfgren si skildring av det upatriotiske særpreget kunne stått som programerklæring for dei svenske kongelege juletalane:

Världssamvetet Sverige framställdes inte bara som en neutral välfärdsstat – höjd över maktpolitiska intriger och lumpen egennytta – utan även som en modern samhällsformation som frigjort sig från traditionens barlast av fosterländsk rekvisita och nationalistiska brösttoner. I Sverige regerade nu förnuftet, rationaliteten och framtiden. Här fanns i sanning ett föredöme för andra nationer, som inte hunnit lika långt i sin mognadsprocess.

Kongen fremja eit moderne, rasjonelt svensk samfunn som hadde lagt snever nasjonalisme bak seg. Dette svenske mønstersamfunnet hadde familien som grunncelle og velferdsstaten som ramme. Implisitt og eksplisitt var dette ei distansering frå det nasjonale.

Svenske talar er karakterisert av at kungahemmet framstår som eit opphøga folkhem, og at eksilsvenskane står som ambassadørar for det svenske mønsterlandet. Sjølv om kulturfellesskap og historisitet har fått større plass, er det nasjonale vakuumet framleis tydeleg, og kong Carl Gustav har sjølv etterlyst sunn svensk nasjonalkjensle. (1984) Etterlysinga er argument for at A.D. Smith sin tese om at territorielt baserte nasjonar "became ’national states’, though never ’nation-states’" gjev meining i det svenske tilfellet. På overflatan. Går ein lenger inn på "det svenske" ser ein at distanseringa i seg sjølv er uttrykk for ei solid nasjonal sjølvkjensle og ein svensk identitet som med å distansere seg frå det ein fremja som irrasjonell nasjonalisme, har sterke sjølvhevdande drag. Distanseringa gjev likevel svensk nasjonal identitet eit ufarleggjerande "unasjonalt" preg, samtidig som ho opnar eit rom for meir kjensleladde nasjonale ideologiar.

 

… Tid for togn

Talane viser at monarkane til ei kvar tid forheld seg til nasjonale identitetar med ulike samlings- og konfliktfelt: Dei har ulike talerom. Difor er det monarken utelèt like talande som det han tematiserer. Utelating er tagal tale. Spørsmålet er kva som vert utelate. I nasjonssynet ligg det implisitt ei avgrensing mot omverda, der går det nasjonale "grenseland".

Talematerialet viser at dei kongeleg artikulerte nasjonssyna har vore og er i stadig endring. Dei siste åra har dei tre skandinaviske monarkane sine talerom nærma seg kvarandre. Samtidig som fokuset på eit felles etnisk-kulturelt opphav vart nedtona i norske talar, la danske monarkar større vekt på å presisere verdien av ein felles dansk kulturell identitet. Dei siste to tiåra ser ein òg at svenskekongen har lagt større vekt på historie og felles kultur, noko som var nesten fråverande i 1970-åra. Der historisitet og kulturfellesskap stod sentralt, har det komme meir i bakgrunnen, der det stod mindre sentralt, har det fått større plass. Tilnærminga kan koplast til dei to store utfordringane nasjonalstatane har møtt i perioden. Endringane fall nemleg saman med at to nye tema dukka opp i talane: EF/EU- og innvandringssaka.

Å sjå nærare på monarkane sine tematiseringar av desse taletoposa, kan altså vere ein måte å komme nærare inn på det nasjonale "grenselandet" i dei tre nasjonane. I den samanhengen er det naudsynt å kaste blikket utanfor sjølve talen, til mediedekninga og folkelege reaksjonar. Då kan ein sjå kvar grensene for monarken sitt ytringsrom har gått i desse to sakene. Held monarken seg til den nasjonale konsensus eller prøver han ut konsensusgrensene? Kva makt gjev dette den konsensuelle monarken?

Innfallsvinkelen er inspirert av Johan Fjord Jensen sin artikkel "Dronning Margrethes nytårstaler. Konsensus i ritualer og politik". Dronninga sine innspel i innvandringsdebatten i 1980-åra førte med seg ein debatt om monarken sitt handlingsrom. Jensen ser talane og debatten som knutepunkt i konsensusdanninga: Her ser ein ritualet sin samlande funksjon, samtidig som grensene for konsensus vert blottlagde. Konfliktene viste forsonings- og konfliktrommet i det dansknasjonale meiningsuniverset. Slik sett kan talerituala gje innsyn i og haldepunkt for om innvandring og overnasjonalitet verkeleg representerer uløyselege utfordringar for den nasjonale fellesskapen i dei tre skandinaviske nasjonalstatane.

Vinklinga har òg verdi i ein generell nasjonalismediskusjon. Det har vore eit munnhell at nasjonale identitetar med etniske kjernar òg er etnisk segregerande. Er det slik, burde norske monarkar, etter nasjonstolkinga å dømme, ha snevrare talerom om innvandringssaka enn sine nordiske naboar. Ein kunne då tru at nasjonalitetar med statsborgarleg preg og territorielt utgangspunkt har ibuande motsetningar mot overnasjonalitet. Fokuset på monarken sitt handlingsrom i desse sakene vil altså kunne seie noko om kvar grensene for den nasjonale konsensus går, noko som igjen vil gje djupare innsikt i dei tre nasjonale meiningsuniversa.

 

Det nasjonale grenselandet; nasjonalitet eller overnasjonalitet?

Dei kongelege taleromma har altså nærma seg kvarandre. I Sverige kom fokuset på historisitet særleg sterkt fram i 1991 og i 1994, dei to åra då svenskane gjekk inn for svensk medlemskap i høvesvis EØS og EU. Dette var ikkje berre eit samanfall i tid. Det var det svenske vegvalet inn i Europa som fekk si rojale forhistorie. Det var samanheng mellom innmeldinga og den nye kongelege nasjonspresiseringa.

Tendensen går att i danske talar. Dronning Margrethe har meir enn forgjengaren fokusert på dansk nasjonal identitet og dansk kulturarv. Dronning Margrethe tok over trona i 1972, året då Danmark sa ja til EF. Vektlegginga vart òg tyngre markert i fyrstedelen av 1990-åra då danskane etter om og men sa ja til EU. Overnasjonale bindingar ser altså ut til å ha medført eit sterkare fokus på kulturbakgrunn og historie. I Noreg ser ein ikkje ei liknande kopling. Norske monarkar har ikkje gått inn på EF/EU-tematikken i nyttårstalane.

Det kongelege talerommet i saka kan ikkje forklarast ut frå at Danmark og Sverige står innanfor, medan Noreg står utanfor EU. Avgjerande milepålar som innmelding eller nei til medlemskap ser nemleg ikkje ut til å ha endra det rojale ytringsrommet.

Allereie i 1958 sa kong Frederik av Danmark at "Vi bestræber os tillige paa at […] deltage i arbejdet med de europæiske markedsplaner". I 1961 uttrykte han håp om at "de flest mulige af de vesteuorpæiske lande vil blive knyttet til et udvidet fællesmarked". Etter at utvidinga vart stansa i 1963, omtalte kongen det som ein nasjonal nedtur: "Det er vort håb, at bestræbelsene for dannelsen af ét stort europæisk marked på ny vil møde fremgang i 1964". Slik heldt han fram til han i 1971 profeterte at "Meget tyder på, at 1972 vil blive et år, hvor skelsættende afgørelser skal træffes". Han fekk rett. Dette året sa Danmark ja til EF. Samtidig fekk Danmark ny regent. Dronning Margrethe har halde fram forgjengaren sitt syn på EF og seinare EU, men det er mindre overraskande sidan Danmark då hadde teke steget inn i fellesskapen. Men metaforbruken hennar er talande. I 1997 påpeikte ho at Holger Danske kraup ut av sneglehuset mot eit aktivt samarbeidande Europa: "Horisonten har blevet bredere, perspektivet dybere. Vi er godt på vej til at arbejde os ud af vores sneglehus."

Taledekninga i Politiken og Berlingske Tidende viser at dei kongelege EF/EU-standpunkta ikkje vekte oppsikt, dei må altså ha vorte godtekne. I den konservative og kongetrugne Berlingske Tidende fekk talen fyrstesideoppslag og god spalteplass utan kritiske merknader. I Politiken vart talane berre tidvis omtalt. Men i denne avisa finn ein unntaket for regelen om at det kongelege standpunktet vart godteke. Oppslaget "Nytårstale vækker harme" 030198 galdt talen der dronninga skildra Holger Danske sin veg ut av sneglehuset. Keld Albrechtsen frå Enhedslisten meinte at dronninga hadde gått over streken når ho, slik han såg det, uttrykte støtte til NATO og Amsterdam-traktaten. Dette vart tolka som ei kongeleg støtte til regjeringa i ei politisk betent sak. Difor hadde han spurt statsministeren etter retningsliner for dei kongelege nyttårstalane.

Det er interessant å merke seg at ingen av avisene slo ned på kong Frederik sine EF-vennlege talar i ein periode då Danmark stod utanfor fellesskapen. I staden er det altså dronning Margrethe som i seinare tid har møtt kritikk. Keld Albrechtsen sin debattopptakt ser likevel ikkje ut til å ha ført særleg vidare. Dette tyder altså på at danskane har godteke dei kongelege standpunkta i denne saka. EF/EU kan altså ikkje ha vore oppfatta som eit spørsmål som skapte basale skilje i den danske nasjonen.

Svenskekongen ytra seg òg positivt om europasamarbeidet og svensk medlemskap både før og etter at Sverige valde å gå inn i EØS i 1991 og i EU i 1994. I 1988 sa han såleis at "Man vill delta i den dynamiska process som pågår på kontinenten […] Det sker naturligtvis först och främst genom att vårt land aktivt deltar i europasamarbetet." Den svenske EØS-søknaden vart i 1991 omtalt som "viktiga steg som underströk vår vilja till samarbete över gränserna". I juletalane gav altså kongen si uttalte støtte til svensk medlemskap i EØS og seinare i EU, og det før Sverige stod som medlem. I seinare tid har han halde fram fokuset.

Dagens Nyheter og Svenska Dagbladet har ikkje kritisert ytringane. Men fokuset har vorte vektlagt. Bruken av "Europa-svenskar" som undertittel i 1990 og poengteringa av at kongen historiserte banda mellom Sverige og Europa i 1991, viser at Dagens Nyheter merka seg det kongelege standpunktet. Tittelen "Kungeligt jultal om EG och fred" i 1991 viste at òg Svenska Dagbladet registrerte kongesynet. Begge avisene vidareformidla poengteringa utan kritikk. I staden fekk talen i perioden rundt 1990 markert større spalteplass og merksemd enn før, og sidan. At monarken som nasjonalsymbol kunne ytre ja-standpunkt utan kritikk, tyder på at spørsmålet om svensk medlemskap i EØS og EU ikkje kan ha vorte oppfatta som ei sak som truga med å splitte det svenske folket.

Der danske og svenske monarkar har talt ope og argumentativt for medlemskap, har kong Olav og kong Harald implisitt og eksplisitt distansert seg frå temaet. Saka er berre omtalt i samband med folkeavstemmingane i 1972 og 1994. Ved desse vegvala har monarken teke opp saka som ei formaning om nasjonalt samhald. I 1972 sa kong Olav det slik:

Vi er så få her i landet, vi har ikke råd til å la forskjell i oppfatning og følelser lage skille i folket, men må arbeide sammen til felles gavn […] Utviklingen vil vise de betingelser vi kan oppnå i Det Europeiske Fellesskap og la oss alltid huske på at vi skal løfte til felles beste og løfte i flokk.

Nyttårskvelden 1993, 4 timar før Noreg gjekk inn i EØS og med ei ny folkeavstemming om EU i vente, talte kong Harald med det same forsonande motivet:

Vårt land skal bygges videre ut gjennom de demokratiske beslutninger folket treffer, enten det bliver som medlem i den europeiske unionen eller som medspillere i Europa på annen måte. Vi skal leve sammen som gode nordmenn og europeere både før og etter en folkeavstemming.

Norske monarkar har altså distansert seg frå EF/EU-saka, men har oppmoda om forsoning og nasjonalt samhald på tvers av meiningsskiljene. Saka har vorte eit meta-tema i norske nyttårstalar: Monarken tek ikkje stilling i saka, men prøver å samle motsetningane saka skaper. Dei har stilt seg utanfor fordi saka har vist å ha nasjonalt splittingspotensiale.

Dei kongelege oppmodingane om nasjonalt samhald har ikkje vorte kritiserte i media. Aftenposten framheva kongen sin samlingsinnsats både etter 1972- og 1993-talen. I 1973 var tittelen såleis: "Kongen: Vi er så få, ulik mening må ikke skille oss" og i 1994: "Kongen manet til gjensidig respekt". Her vart det òg poengtert at "alle som en" burde "ta kong Haralds formanende ord til etterretning" og oppsummert: "Nyttårsaften ga oss en kongelig tale til å få forstand av". Dagbladet har hatt eit meir distansert forhold til og ofte ein ironisk omtale av nyttårstaleritualet. 1972-talen vart ikkje omtalt. Men i 1994 viste oppslaget: "Ja og Nei vil følge KONGEN" at den rojale samlingstanken vart framheva.

Dei kongelege jule- og nyttårstalane viser at dei tre skandinaviske monarkane har og har hatt ulike nasjonale handlingsrom når det gjeld overnasjonale spørsmål som EF og EU. Danske og svenske monarkar har teke standpunkt. Norske monarkar har erkjent at saka splittar folket og har difor halde seg utanfor. Ingen av dei tre kongehusa har møtt særleg kritikk for sine standpunkt. Sidan den konsensuelle monarken må halde seg innan konsensusfeltet, tyder dei kongelege artikuleringane at overnasjonalitet ligg innan konsensusgrensene i Danmark og Sverige, men utanfor eller på grensa av dei norske. Dette rimer ikkje med modellen vi skisserte om kjernar og grensemarkørar i etniskeorienterte versus meir statsborgarleg orienterte nasjonale identitetar. Dette funnet reiser interessante spørsmål om nasjonal identitet og nasjonalisme utan at dette kan drøftast vidare i denne konteksten.

 

Den nasjonale sjølvdefineringa, "vi" og "dei andre"

Innvandring er vurdert som ei anna hovudutfordring nasjonalstatane står ovanfor. I den samanheng kan ein lese ei tydeleg endring i dei nasjonale sjølvdefinisjonane monarkane har uttalt i jule- og nyttårstalane. Temaet har vorte aktualisert i løpet av dei siste 30-40 åra, men har vorte særleg vektlagt dei siste 20.

 

Dronning Margrethe som "flyktningedronninga"

I 1956 skipla Suez-Ungarn-krisane verdssamfunnet, og kong Frederik sende si nyttårshelsing til dei som "fordrevet fra deres fædreland har fundet asyl her i landet". Hendinga innleidde flyktninge- og innvandringstematikken i danske nyttårstalar. Framover 1960-åra talte kongen for humanitært og fredsskapande arbeid. Tronskiftet i 1972 medførte ein ny retorikk.

"På denne aften ønsker jeg også et glædeligt nytår for de mange, der har fundet hertil, men for hvem Danmark er et fremmed land, gid også de må føle, at de er en del af det danske samfund", sa dronning Margrethe i 1976. Ho femna innvandrarane, samtidig som ho peikte på ulikskapane. I 1980 understreka ho vidare at "de er nu vore medborgere, dem skal vi gøre vort land begribeligt for". Danskane måtte godta "at andre har en identitet, som de ikke vil miste selv om de har slået sig ned her hos os". Skiljet mellom "os" og "dei" stod som ei kongeleg erkjenning av kulturkonfliktane i samfunnet.

I takt med strammare samfunnsøkonomi kom integreringsmotivet tydelegare fram. I 1982 understreka dronninga at Danmark hadde teke mot innvandrarar i gode år og at ein ikkje kunne slå handa av dei når tidene hardna til: "1983 er ikke bare vores år, det skal også være deres." I 1984-talen, "flyktningetalen", stilte ho dansk framandfiendsle til rette:

Med vidt forskellig baggrund kommer flygtninge hertil, kvæstede somme tider både på sind og krop. Vi tager imod dem og er nok også lidt stolte over, at de har valgt netop vort lille paradis, men når vi ser dem stå famlende over for vort livsmønster og vort sprog, så kniber det alt for hurtigt med gæstfriheden, og skuffelsen melder sig på begge sider. [...] Så kommer vi med vores «danske humor» og små dum-smarte bemærkninger, så møder vi dem med kølighed, og så er der ikke langt til chikane og grovere metoder - det kan vi ikke være bekendt. (1984)

Skildringa av kulturkrasj mellom kvesta flyktningar og sjølvgode danskar munna ut i ei kongeleg formaning i bydeform. Argumentasjonen speglar at både-og-perspektivet i dansk nasjonalitet skapte problem: Flyktningane flykta til det trygge Danmark, men stod famlande overfor dansk livsmønster og språk. Dei vart tiltrekte av staten, men utstøytte frå nasjonen.

Dronninga si løysing var å stille seg open mot det framande samtidig som ein medvite hegna om nasjonalkulturen. Ein var dansk "hvad enten vore rødder går langt tilbage og måske fortaber sig i en fjern fortid, eller vi først nylig har slået os ned her". (1985) Den doble danske nasjonale orienteringa opna altså òg ei dør for innvandrarar inn i den danske fellesskapen. Med å bruke ekteskapet som metafor framheva ho at begge partar hadde ansvar for å bidra, og samfunnsdynamikken vart historisert: Danskane skulle vidareføre "hvad vore forgjengere så dygtigt forstod: At tage imod meget nyt, men næsten umærkeligt gøre det til vort eget – gøre det dansk". (1987) Då kunne dei nye landsmennene føle at "her fik vi rod". (1993)

Etter "flyktningetalen" ser vi to nye aspekt ved innvandringstematikken: Fyrst og fremst merkar vi oss at dronninga no brukte 1. person i omtalen av innvandrarane. Ho talte ikkje lenger om "oss" og "dei". Men på same tid vart tematikken igjen meir implisitt med fokus på eit dialektisk og ope samfunn heller enn formaningar til det danske folket.

Dronning Margrethe har sterke meiningar om dansk framandfiendsle, og det har òg vorte vektlagt i danske medier. Taleoppslaga frå 1977, 1981 og 1983 i Politiken og Berlingske Tidende understreka, roste og vidareformidla det kongelege synet. Men i 1983 kom den fyrste kritiske reaksjonen. I eit lesarbrev i Berlingske Tidende vart talen sett som uttrykk for ei forbigått paternalistisk [!] tid då øvrigheita kunne formane borgarane. Kritikken auka etter "flyktningetalen" i 1984. Begge avisene oppsummerte talen i positive vendingar. Politiken slo opp "Dronningen: Tag vel imod flygtninge" 01.01.1985, og leiaren 03.01. påpeikte i positiv meining at det var monarken og ikkje statsministeren som politiserte nyttårstaleritualet.

Men fleire lesarbrev i Politiken kritiserte "flyktningetalen". Dei poengterte at det var lett å formane når ein sjølv stod urørt. Så kom politikarane på bana. Fredag 04.01.1985 stod "Politiker beder om husly hos dronningen. Brug Fredensborg til flyktninge" på trykk. Politikar Dorrit Krappe påpeikte at ungdom miste boligen til flyktningar, medan dronninga, med romsleg plass, talte formanande om å vere open og tolerant:

Dronning Margrethe opfordres i et åbent brev fra en politiker i Helsingør til at indlogere flygtninge på Fredensborg slot. Når dronningen i sin nytårstale opfordrer til gæstfrihed, bør hun ikke se passivt til, mens unge danskere sættes på gaden til fordel for flygtninge, heder det i brevet. [...] "Så var det ikke bedre, om flyktningehjælpen lånte Fredensborg til flygtningene end, at der nu skal smides mennesker på gaden, som kun har 10,5 kvt. meter? Du har jo stadig god plads på Amalienborg ved siden af."

Tonen skal ha gått att i fleire medieoppslag. Dronninga si omtolking av flyktningesaka til ei moralsk sak, vart ikkje godteken. Talen vart motteken som eit politisk innlegg. Innlegga påviste òg sosial avstand mellom folk flest og dronninga på sin opphøga "pidestall": Ho burde ikkje uttale seg om saker ho ikkje hadde noko med (politisk) eller kunne forstå implikasjonane av (sosialt). Ho fekk korreks av folk og folkevalde for å ha gått utanfor talerommet sitt.

Sjølv om ho seinare fekk brei støtte, viste reaksjonane at det kongelege talerommet i innvandringstematikken vart innsnevra. Temaet var ikkje lenger konsensuelt, men skapte splid. Søren Krarup sine ytringar i Ekstra Bladet i 1988 underbyggjer ei slik tolking. Han påpeikte under tittelen "Dronning Agathe" at "Dronning Margrethe er jo ikke en politisk person. Hun er en national person – det samlende symbol for landet. Det er ikke hendes oppgave at fremføre meninger." I ei påfølgjande lesarundersøking oppslått med tittelen "Bland dig udenom dronning" skal lesarane ha støtta Krarup. Saka splitta, og dronninga vart beden om å halde seg borte frå konfliktfeltet. Her kunne ho ikkje samle folket, og som nasjonalt symbol måtte ho difor halde seg utanfor.

Talane og responsen tyder på at innvandringstematikken i 1980-åra gjekk frå eit konsensuelt forsoningsrom inn i eit nasjonalpolitisk konfliktrom. Ein ser av dei seinare talane at dronninga etter 1985 trekte seg tilbake frå dette konsensuelle "grenseområdet" og gjekk tilbake til ein implisitt omtale av problematikken. Innvandringspolitikk låg ikkje lenger innan den konsensuelle danske monarken sitt handlingsrom.

 

Frå "Norge for nordmennene" til antirasisme

Under krigen såg kronprins Olav «Norge for nordmennene!» som framtids-mål, ei utsegn som i dag gjev innvandringsfiendslege assosiasjonar. Men utsegna må kontekstualiserast; den tyske okkupasjonsmakta var grense-markør. I etterkrigstida vart denne konfliktretorikken nedtona parallelt med eit nytt fokus på samhald og felles innsats, nasjonalt som internasjonalt. Kong Olav tok opp flyktningetematikken i nyttårstalar frå 1950-åra, men fram mot 1970-åra var det oftast ei kongelege oppmoding om å yte avstandshjelp. Seinare kom integreringsmotivet i fokus. "La oss ta imot dem i Fridtjof Nansens ånd", sa kong Olav såleis i 1979.

I 1970-åra stramma arbeidsmarknaden til, "Lov om innvandringsstopp" vart vedteken og pågangen av asylsøkjarar vaks. Flyktninge- og asylpolitikk vart konfliktfylt. På denne tida endra òg den kongelege tematiseringa av saka seg. 1982-talen vart innleidd med at kongen inkluderte dei "nye" folkegruppene i landsmenn-omgrepet:

Kjære landsmenn,

La meg først få si at med disse gode, gamle ord mener jeg alle mine landsmenn, også de som er blitt norske statsborgere og dermed våre landsmenn efter å ha valgt Norge som sitt nye hjemland.

Kongen femna innvandrarane i nasjonen. Nasjonen framstod altså ikkje som ein etnisk-kulturell fellesskap med opphav, kultur og historie som kjerne. I staden ser ein at det nye integreringsfokuset fall saman med nedtoninga av dette nasjonalhistoriske paradigmet. I kong Harald si taletid har aspekta i større grad vorte sameina: "Når mennesker med forskjellig kulturbakgrunn skal leve sammen, oppstår det lett konflikter. […] Som i et ekteskap dreier det seg om et tosidig forhold hvor man må kunne stille krav til hverandre." (1995) Kong Olav talte om toleranse og integrasjon på generelt plan. Dei siste åra har kong Harald talt meir eksplisitt om utfordringane det fleirkulturelle samfunnet stiller nasjonen ovanfor.

I 1998-talen gjekk kong Harald inn i volds- og innvandringsproblematikken. Han gav alle partar eit visst ansvar når han slo fast at delar av integrerings-arbeidet hadde vore mindre vellukka. Han tok standpunkt og samla argu-mentasjonen med å "gi en honnør til både enkeltpersoner og antirasistiske organisasjoner i deres inkluderende og brobyggende arbeid". Utviklinga frå kong Olav si oppmoding om å yte hjelp til flyktningane i 1950-åra, via inkluderinga i landsmennomgrepet i 1982 til kong Harald sitt antirasistiske standpunkt i 1998 viser at nyttårstalane speglar ei samfunnsutvikling på dette området.

Aftenposten si dekning av 1966-talen viser at kongeorda vekte merksemd. Tittelen "Kongeord om nestekjærlighed" vart følgt opp av undertitlane "Tusener av flyktninger" og "Ta imot utfordringen". I 1979 viste "Ta vel imot nødstedte!" og "La oss ta imot dem i Fridtjof Nansens ånd!" det same. 1982-talen vart oppsummert under: "Kongen: Mer åpenhet og nærhet!", og kongen si presisering av forskjellen mellom å hjelpe på avstand og å gje støtte til medmenneske i kvardagen vart understreka. I 1995 vart den kongelege oppmodinga om å vere trygg på sitt eige og å godta ulikskapar hjå mindretalet framheva. Leiarskribenten slo fast at kong Harald følgde i kong Olav sine fotefar og var like klar "i møtet med det nye og ukjente". Aftenposten vidareførte og roste det kongelege integreringsmotivet. I denne perioden hadde Dagbladet i høgda ei ironisk oppsummering av talane.

2. januar i 1999 var tonen frå Dagbladet ein annan. "Kongen bekymret over volden" var tittelen på oppslaget, og statsministertalen var titulert "Lytt til kongen, Bondevik". Under tittelen "Mobiliserer mot volden i samfunnet" oppsummerte Aftenposten talen som "god, konkret og modig". Den kongelege støtta til antirasistisk arbeid i Noreg har fått ros og applaus frå Akersgata, som sjølv legg vinn på å vere talerør for og til det norske folket.

 

Svensk grenseløyse

Alle treng rotfeste og identitet. Det har kong Carl Gustav understreka både med omsyn til eksilsvenskane og framandkulturelle. Eksilsvenskane hegna om banda til fedrelandet, og svenskane måtte godta at innvandrarane hadde liknande identitetsband: "Samtidigt som vi bör göra allt för att bereda utlänningarna i Sverige ett nytt hem, måste vi visa hänsyn och förståelse för det som vi oppfattar som särartat." (1974) Det ein ynskte for seg og sine, måtte ein òg tolerere hjå andre.

Kongen såg innvandring og pluralisme som del av eit sunt internasjonalt engasjement, og "just på flyktningeområdet" kunne svenskane vise at den humanitære fanesaka var meir enn ord. (1987) Han fremja framandhat og rasisme som usvensk og udemokratisk, altså eit brot på den "unasjonale" svenske nasjonalismen:

Vi får inte glömma bort att respekten för medmänniskan - och hennes rätt till en egen identitet - också gäller oss själva, våra invandrare och flyktningar. De behöver vårt stöd och vår respekt. Där kan varje svensk medborgare göra en stor insats genom att motarbeta främlingsfientlighet och rasistiska tendenser. Demokrati är något varje ny generation måste erövra. (1988)

Toleranse vart kopla til demokrati-idealet. Samtidig som kongen skilde mellom «oss själva» og innvandrarane, søkte han å inkludere begge partane i demokratiet, den svenske nasjonen.

I 1990-åra har argumentasjonen fått sterkare antirasistisk preg: "Många flyktningar, som kommit hit för att få skydd, känner sig i stället hotade. Allt detta är skrämmande och oacceptabelt i vårt Sverige." (1992) Den kongelege formaninga viste to særpreg: Fokuset på "Sverige i Europa" og på det svenske mønsterlandet: "I dessa tider när vi både hemma och runt i världen ser en tilltagande främlingsfientlighet och osund nationalism är värnet av vår traditionella öppenhet en av våra viktigaste uppgifter." (1991) Internasjonal orientering vart argument mot rasisme: "Alltsedan tidernas begynnelse har vi varit ett innvandrarland". (1992) Den svenske historia vart framstilt som "en spännande väv av inhemska och utländska impulser och människor". (1993) Den tolerante svensken vart historisert, og rasisme framstod som både ahistorisk og unasjonalt.

Kongen sette visjonen om det svenske mønsterlandet opp mot nasjonalsjåvinistiske samfunn: Sverige og svenskane ville og skulle "aldrig någonsin acceptera rasism och främlingsfientlighet." (1997) Igjen ser ein avnasjonaliseringa av bodskapen som er typisk for moderne svensk retorikk.

Kongen sitt integrasjonsfokus i innvandringssaka har fått merksemd i mediene, men mediedekninga var lenge liten. I Dagens Nyheter var omtalen lenge anonymt plassert blant reklamestoffet. I Svenska Dagbladet vart talen referert, men berre i liten grad kommentert. Dette endra seg som sagt, rundt 1990, og då kom kongen sitt flyktningeengasjement i fokus. I 1991 var tittelen i Dagens Nyheter "Kungen manade till ökad tolerans" og på fyrstesida med "Kunglig varning i jultal". I 1992 var tittelen "Varning för främlingshat i kungens juletal". Dette var dei to åra då kongetalen fekk store oppslag i denne avisa. Svenska Dagbladet har hatt meir stabil dekning av juletalen og i 1992 under tittelen: "Kungen fördömer rasismen". Året etter var "Stäng inte gränserna" blåst opp. Dette året vart den kongelege oppmodinga vidareført i eit lesarbrev titulert: "Lyssna på kungen". Svenskekongen sitt innvandrings-engasjement gav brei mediedekning. Mediene understreka og vidareførte den kongelege oppmodinga. Temaet ligg innanfor svenskekongen sitt talerom.

 

Nasjonale konsensus- og konfliktfelt

Det er avgrensa i kva grad ein kan generalisere observasjonar frå talane over på samfunnet som heilskap. Men konge- og dronningstalane er del i samfunnet. Som samfunnsuttrykk er det kongelege talerommet særprega av å ha ein samlande intensjon som i seg sjølv legitimerer kongen som nasjonal talsmann. Når folket lyttar og media vidareformidlar, må ein difor tru at talane og mediedekninga speglar nasjonale konsensus- og konfliktfelt.

Analysen av dei skandinaviske jule- og nyttårstaletradisjonane har vist sær-nasjonale drag som fell inn i ei gjengs forståing av dei tre nasjonale identitetane. Det norske har sterkare etnisk-kulturelle drag enn dei andre, det danske viser ei motsetningsfull kopling og det svenske har eit "unasjonalt" preg. Det gjev meining å sjå desse kongelege nasjonsuttrykka i lys av nasjonalstatleg utviklingshistorie. Svein Ivar Angell si titulering av det norske som "dynamikk nedanfrå", det danske som "autoritet og ’folkelighed’" og det svenske som "transformasjon ovanfrå" oppsummerer dynamikken og kastar forklarande lys over dei kongelege handlingsromma som vi har kartlagt.

Samtidig har analysen vist at den felles godtekne nasjonsdefineringa heller er dynamisk enn statisk. Dei kongelege jule- og nyttårstalane viser at dei tre skandinaviske nasjonane i mykje møter dei same internasjonale utfordringane. I perioden då EF/EU- og innvandringstematikken har komme opp, har dei tre nasjonssyna såleis nærma seg kvarandre. Men samordninga skjer ut frå særnasjonale premissar. Dei tre monarkane har framleis ulike talerom. Dette kan igjen forståast ut frå konstituerande nasjonselement. Sjølv om talerituala er moderne 1900-tals fenomen, må ein sjå det kongelege talerommet og ergo det nasjonale konsensusfeltet i lys av den lengre nasjonalstatleg utviklinga.

Dei nasjonale konfliktfelta som vi har kartlagt, høver ikkje med hypotesen at etnisk orientert nasjonalisme har ein sterkare ibuande segregerande tendens. Norske monarkar har ikkje vorte kritiserte for å ytre seg om innvandrings-tematikk. I staden ser ein at grensa for deira handlingsrom går på statleg plan. Det er i Danmark at innvandringstematikken har vist seg som konfliktfelt den konsensuelle monarken ikkje kan gå inn i. Der har ikkje EU-saka same konfliktpotensiale. I Sverige ser ingen av sakene ut til å liggje utanfor konsensusfeltet, noko som kan delforklarast med mindre fokus på talen.

Den doble inkluderinga av danskar utanfor Danmark og av heilstaten og seinare innvandrarar kan sjåast i lys av sameininga av heilstatstradisjonen og nasjonaldemokratiske straumdrag på 1800-talet. Kritikken mot "flyktninge-dronninga" kan tolkast som teikn på at konflikta mellom dei to tradisjonane framleis kan sonderast i «det danske». Den uavklarte kjernen i dansk nasjonal identitet gjer innvandringstematikk til nasjonalt stridsfelt.

Norske talar var karakterisert av ei nasjonalhistorie som med gullaldrar, nedgangstider, nasjonale dådar og heltedygder plasserte den samtidige nasjonen inn i eit nasjonalt paradigme. Dette kan koplast til danninga av ein norsk nasjonal identitet på 1800-talet då kulturell og politisk «unionsmotstand» vart to sider av same opposisjonelle venstresak. At EF/EU ligg utanfor det kongelege talerommet, tyder på at meiningskløfta frå den unionelle frigjeringskampen enno kan sonderast i det norske folket. Unionelle spørsmål er norske stridsfelt.

Den svenske juletalen er karakterisert av biletet av kungahemmet som eit opphøga nasjonalt folkhem og utanlandssvenskane som internasjonale ambassadørar for den svenske mønsterstaten. Mellom det familiære og det statlege nivået er det eit vakuum. Distansering mot patriotisk nasjonalisme er ein kjerne i det moderne svenske folkhemmet. Då kan ein forstå kvifor ein konsensuell svensk monark ikkje målber eit tradisjonelt nasjonssyn. Her går nemleg ei grense for den svenske meiningsfellesskapen. Det nasjonale vakuumet i juletalane kan sjåast som kroneksempel på brotet i den svenske nasjonsbyggingsprosessen.

 

Folkekonge-mysteriet

Dei siste tiåra har internasjonaliseringa prega den kongelege nasjons-defineringa: Eit fleirkulturelt samfunn kan ikkje haldast saman av nasjonale identitetar basert på felles opphav. Større overnasjonale bindingar medfører auka fokus på identitet, tilhøyrsle og samhald. Sjølv det moderne mennesket har behov for samlande fora og myte.

Dei moderne jule- og nyttårstalerituala eksemplifiserer fenomenet Pierre Bourdieu har kalla "the mystery of the minister" eller ministermystikken, som viser til at grupper vert stadfesta og mobiliserte når nokon taler på deira vegner, og at talsmannen samtidig får makt i kraft av å vere gruppesymbol. Mystikken viser til at talsmannen taler om, til og på vegne av ei og same gruppe. Han er innanfor og utanfor, men fyrst og fremst for. Talsmannen får, innan felles godtekne grenser, makt til å definere gruppetilhøyrsla. Han har defineringsmakt.

Ein talsmann forvaltar og uttrykker legitimiteten i gruppa han leiar. I nokre variantar av afrikanske kongedømme var identifikasjonen mellom kongen og folket så sterk at ein sjuk gammal konge betydde eit sjukt og svekka samfunn. Han vart difor drepe. Kongen i kropp og skinn vart då ei personifisering av samfunnet. Personen var posisjonen, men posisjonen vart oppretthalde uavhengig av personen. Per Sivle formulerte denne logikken slik: "Og det er det stora, og det er det glupa, at merket det stend, um mannen han stupa." Monarkiet er ein slik "personuavhengig" institusjon. I vår eiga tid ser vi dette i tronskifteytringa: "Kongen er død! Leve Kongen!"

A.M. Hocart går vidare i ei slik forståingsramme når han brukar «den doble kroppen» som bilete på monarken. Dualiteten mellom person og posisjon gjenspeglar seg i det kongelege virket. Ein og same person sameiner mot-setningen i å handtere makt og å ha tillit, det å vere både utanfor og innanfor nasjonen. Monarken er både-og, og verken-eller. Difor kan han stå som tals-mann for ei heterogent samansett folkegruppe som ein nasjon. Men han må handtere og oppfylle «ein-stå-for-alle» for at det ikkje skal verte «alle-mot-ein». I demokratiske statar betyr ei slik utstøting avskaffing av monarkiet. Monarken er nasjonal talsmann i kraft av nasjonen.

«Den doble kroppen» tematiserer viktige sider ved monarkiet - i demokratiet. Ein konstitusjonell monark er underlagt folkestyret og er såleis avhengig av opinionen. Men kongen/dronninga er ikkje likemann/kvinne. Det er den historisk legitimerte opphøga posisjonen kombinert med detroniseringa og avpolitiseringa i demokratiseringsprosessen som gav monarken rolla som folket sin representant. I dette møtet mellom hierarki og egalitet finn ein grunnlaget for folkekongedømmet der monarken symboliserer og representerer nasjonen. Med ein upolitisk posisjon i eit politisk samfunn kan monarken viske ut individualiteten og stå som personifisert symbol på nasjonen.

Når monarken står som nasjonal talsmann, får han nasjonal autoritet. Autoriteten låner han av gruppa han representerer, så lenge dei lét han stå som nasjonal talsmann. Og så lenge han er talsmann, har han nasjonal definerings-makt innan felles godtekne grenser. Folkekonge-mysteriet botnar i at monarken har tilpassa seg det nasjonale meiningsuniverset. Difor kan kong Carl Gustav av Sverige, kong Harald av Noreg og dronning Margrethe av Sverige tale om, til og på vegner av nasjonane når året lid mot slutt. Dei oppsummerer fortida og gjev nasjonale visjonar for framtida. Overgangs-rituala stadfestar og vigslar nasjonen som fellesskap og monarken som symbol på fellesskapen.

 

"Talenes Tid"

Mystikkomgrepet er talande. Det er nemleg ikkje nokon logikk i at monarken med sin oligarkiske "arv" framstår som nasjonalsymbol og nasjonal talsmann i demokratiske samfunn. For å få forståing for monarken si rolle, må ein sjå talen i lys av samfunnet og menneska sitt konstante identitetsbehov. På den andre sida kan ein spørje seg om dei kongelege jule- og nyttårstalane verkeleg har ein identitetsskapande funksjon. Kva makt ligg det i å vere nasjonal folketalar i dag? Skal ein tru samfunnsforskarar, er nemleg «Talenes Tid» omme.

Perioden frå 1870 til 1930 har vorte kalla talane og talaren si tid i Noreg. I det unge norske demokratiet vart massane mobiliserte av retoriske talegåver i saker med "talerom". Dette var tida for dei store folkemøta og for by- og bygdematadorane. Så kom ei meir pragmatisk og rasjonalistisk «Tabellenes Tid». Berge Furre meiner mellomkrigstida var ein overgangsperiode mot ein ny sosial orden med velferdsstaten og sosialdemokratiet. Det nye samfunnet vart prega av differensiert spesialisering. Livssfærene vart spalta frå kvarandre utan dei identitetsskapande perspektiva som var typiske i «Talenes Tid». Knut Kjeldstadli har peikt på at denne fristillinga i moderniteten førte med seg angst og rotløyse. Fragmenteringa medførte eit søk etter identitet og samhald. Hans Try har vist til liknande prosessar som årsaksforklaring på assosiasjonsvesenet sin framvekst på 1800-talet. Då var det òg behov for nye samlande fora. Foreiningane var då førebod om "Talenes Tid", oppbrotet frå kongetrugen samfunnsreligiøsitet.

Mellomkrigstida og andre del av førre hundreår har felles oppbrotstrekk. I mellomkrigstida vart politikken meir pragmatisk, nyttefunksjonell og fokusert på økonomi og realpolitikk. Statleg styring overskugga legitimerande samfunnsideologiar. I denne perioden oppstod eit nytt behov for «store forteljingar» og samlande samfunnslegitimerande ideologi på tvers av partisystemet. Men i det politiserte samfunnet kunne stadig færre ta rolla som uavhengige og apolitiske samlingspunkt. Politikarar har sjeldan generell, oftare sektorisert legitimitet. Dette opna framtida for kongehuset. Demokratiseringsprosessen stilte kongen i sjakk, men ikkje i sjakkmatt.

 

Talen som alt heilar?

«Talenes Tid» er kanskje omme, men ikkje for monarken. Med forvitringa av den samfunnslegitimerande politiske talen, oppsto eit nytt behov for «den store samfunnssoga». I eit stadig meir gjennompolitisert samfunn fann den apolitiske monarken ein nasjonal nisje i dette samfunnsvakuumet. Monarkiet vart fråkopla staten og tilkopla nasjonen. I eit tradisjonelt maktperspektiv vert dette å tolke som eit tilbakesteg frå styringspolitiske statssfærer. Men monarken har fått eit nytt maktfelt; han artikulerer og definerer såleis nasjonen. Poenget er å fokusere på kva roller monarkiet har, ikkje kva roller det har mista: Det moderne folkekongedømmet skal samle det splitta.

Parallelt og i samanheng med den djuptgåande samfunnsendringa i mellomkrigstida, slo modernismen for alvar gjennom i norsk kulturliv. Modernismen er nettopp ei spegling av samfunnsfragmenteringa. Såleis har modernistisk litteratur vorte knytt til førestillinga om å vere utstøytt og rotlaus. Det moderne samfunnet framstår som verdilaust, forfalle og fragmentert. Modernisten lengtar etter heilskap og meining. Difor er denne litteraturen ofte knytt til eksilforfattaren. Slik har litteraten Julia Kristeva sagt at berre i det framande "blir heimstaden omskapt til ein heim i verkeleg meining; den staden tankane og draumane våre søkjer seg til, staden der grunnsteinen i oss sjølve er nedlagt". Ho meiner eksilet er "sjølve det naudsynlege vilkåret for den moderne litteraturen". Med splitting og avstand kom søket etter det eksistensielle, det ein hadde teke for gitt. Fellesskapen får verdi når han ikkje lenger er sjølvsagt. Det ein har, tenkjer ein ikkje alltid over. Det ein misser, saknar ein. Opplevinga av framandgjering med moderniteten kan altså forståast som ein kjerne i modernismen.

Dei kongelege jule- og nyttårstalerituala kan sjåast som ei kongeleg avspegling av modernismen, som har prega vårt hundreår så sterkt. I talane artikulerer monarkane samlande idear i samfunn som ikkje lenger vert oppfatta som integrerte eller homogene. Dette kjem tydeleg fram i måten landsmenn i utlandet har hatt og har ei katalysatorrolle i alle dei tre taletradisjonane: Det var utflytta landsmenn som var sjølve utløysande årsak for tradisjonen med den kongelege artikuleringa av ein heimleg fellesskap. Når ein søkjer å halde saman det splitta, vert splittinga i seg sjølv samlande. I vidareføringa av denne tanken kan ein sjå den kongelege tematiseringa av innvandringstematikken. Her har monarkane òg søkt å samle det splitta. Nye splittande tendensar vert tekne opp og søkt heila i dei kongelege talane. Denne inkluderande tendensen ved talen som nasjonalt ritual gjev håp om at nye utfordringar òg kan løysast innan nasjonal-statlege grenser. Faren for monarkiet sin del er sjølvsagt at splittingane vert for store til at dei kan byggjast bru over. Monarken kan aldri vere den einaste samlingsfaktoren, han må byggje på folkeleg konsensus. Sjølv om monarken skal samle, kan ikkje kongen eller dronninga halde talen som alt heilar.

 

 

Kjelder

For nærare presisering av kjeldetilvising på talesitata, sjå den komande forskingsrapporten, Hovland 2000, som kjem i Nordisk ministerråd sin Nord-serie.

  • Norske talar frå 1957, danske talar frå 1972 og svenske talar frå 1973 er kopiar frå dei respektive hoffa.
  • Danske talar før 1972 er gjengjevne frå Politiken og Berlingske Tidende.
  • Norske talar i etterkrigstida fram til 1956 er gjengjevne frå Aftenposten.
  • Norske talar i mellomkrigs- og okkupasjonstida er utskrift frå NRK.
  • Talerespons: Diverse årgangar av Aftenposten, Dagbladet, Berlingske Tidende, Politiken, Dagens Nyheter og Svenska Dagbladet (for presisering sjå noteapparatet)
  • Diaforsk si surveyundersøking om nasjonale symbol og ritual i Norden 1998.
  • Ratingtal frå DR TV og NRK-Forskningsavdelinga

 

Oppslagsverk

  • Litteraturvitenskapelig leksikon 1997. Jakob Lothe, Christian Refsum og Unni Solberg. Oslo: Kunnskapsforlaget

 

Litteraturliste

Anderson, Benedict 1991. Imagined Communities. Reflections on the Origin and Spread of Nationalism. London: Verso

Angell, Svein Ivar 1998. Dei nasjonalstatlege nøkkelsymbola i Skandinavia - sett på bakgrunn av den nasjonalstatlege utviklinga, forskingsrapport frå prosjektet «Nasjonale symbol og ritual i Norden». Oslo: Diaforsk

Bourdieu, Pierre 1991. Language and Symbolic Power. Cambridge: Polity Press

Cannadine, David 1996. «The Context, Performance and Meaning of Ritual: The British Monarchy and the ‘Invention of Tradition’, c. 1820-1977» (1983) i Eric Hobsbawm og Terence Ranger (red.) The Invention of Tradition. Cambridge: Cambridge University Press

Elvander, Nils 1961. «Från liberal skandinavisk till konservativ nationalism i Sverige» i Skandia 27, 366-386

Frost, Hanne 1997. "Gud bevare Danmark!" i Samvirke nr. 1, 1997

Furre, Berge 1992. Norsk historie 1905-1990. Vårt hundreår. Oslo: Det Norske Samlaget

Hjorthol, Geir 1996. Forfattaren i eksil. Kjartan Fløgstad og biografien. Forskningsrapport nr. 18, Høgskolen i Volda. Volda: Høgskolen i Volda

Hovland, Brit Marie 2000 (under ferdigstilling). Forskingsrapporten om dei skandinaviske kongetaletradisjonane frå prosjektet "Nasjonale symbol og ritual i Norden", Diaforsk. Kjem i Nordisk Ministerråd sin Nord-serie

Jensen, Johan Fjord. "Dronning Margrethes nytårstaler. Konsensus i ritualer og politik", i Hans Fink (red.) Arenaer – om politik og iscenesættelse. KULTURSTUDIER nr. 5. Århus: Århus Universitet.

Kjeldstadli, Knut 1995. «Norge 1840 til 1940 - fra et tradisjonelt til et moderne samfunn?» i reidun Høydal (red.) Nasjon - region - profesjon. Vestlandslæraren 1840-1940, KULTs skriftserie nr. 45. Oslo: Noregs forskingsråd

Löfgren, Orvar 1991. "Att nationalisera moderniteten" i Nord 1991:26, Anders Linde-Laursen og Jan Olof Nilsson (red.) Nationella identiteter i Norden – ett fullbordat projekt? Eskilstuna: Nordiska rådet

Löfgren, Orvar 1993. «Nationella Arenor» i Billy Ehn/Jonas Frykman/Orvar Löfgren (red.) Försvenskningen av Sverige. Det nationellas förvandlingar. Stockholm: Bokförlaget Natur och Kultur

Nielsen, May-Brith Ohman 1995. «Besynge og beskrive. Å spore vestlendingen i tale og tabeller» i Reidun Høydal (red.) Nasjon - region - profesjon. Vestlandslæraren 1840-1940, KULTs skriftserie nr. 45. Oslo: Noregs forskingsråd

Pryser, Tore 1997. «Fra kongemakt til folkemakt» i Nordens historie 1397-1997. 10 essays. Nord 1997: 11. København: DR Multimedie

Smith, A. D. 1991. National Identity. Harmondsworth: Penguin

Smith, A. D. 1995. The Ethnic Origins of Nations. Oxford: Blackwell

Stråth, Bo 1994. «The Swedish Path to National Identity in the Nineteenth Century» i Øystein Sørensen (red.) Nordic Paths to National Identity in the Nineteenth Century. KULTs skriftserie nr. 22. Oslo: Noregs forskingsråd

Sørhaug, Tian 1996. Om ledelse. Makt og tillit i moderne organisering. Oslo: Universitetsforlaget.

Try, Hans 1985. Assosiasjonsånd og foreiningsvekst i Norge. Forskningsoversyn og perspektiv. Øvre Ervik: Akademisk Forlag

Østergård, Uffe 1992. Europas Ansigter. Nationale stater og politiske kulturer i en ny, gammel verden. København: Rosinante

Østergård, Uffe 1994. «Nation-Building Danish Style» i Øystein Sørensen (red.) Nordic Paths to National Identity in the Nineteenth Century. KULTs skriftserie nr. 22. Oslo: Noregs forskingsråd

Østerud, Øyvind m. fl. 1999a. Mot en ny maktutredning. Oslo: Ad Notam Gyldendal

Østerud, Øyvind 1999b. Globaliseringen og nasjonalstaten. I bokserien frå Makt- og demokratiutgreiinga 1998-2003. Oslo: Ad Notam Gyldendal


Tilbake til innhald for rapport 10

Tilbake til Makt- og demokratiutgreiinga si startside

Publisert 25. nov. 2010 13:52