12. Nasjonale symbol i møte med EU


12. Nasjonale symbol i møte med EU

Eit av premissa for analysen av bruken av nasjonale symbol i denne rapporten, er at nasjonal identitet ofte vil vere implisitt og latent og først bli tydeleg i situasjonar som aktualiserer spørsmålet om kva nasjonen er. Integrasjon av ein nasjon i overnasjonale samanslutningar, kan vere eksempel på slike situasjonar, og spørsmålet om dei skandinaviske landa sin integrasjon i EU kan derfor vere eit eigna utgangspunkt for å sjå på bruk av nasjonale symbol. Dette er også eit tema som vil være av særleg interesse for denne rapporten ettersom det dreier seg om bruken av nasjonale symbol i ein politisk maktkamp.

”Union” på norsk

I analysen vår har vi dokumentert ei høg oppslutning om nasjonalstaten sine offisielle symbol og ritual i Norge. Vi har også argumentert for at dei blir til og kjem i bruk i ein periode i norsk historie som gjer dei eigna til å symbolisere den ”nye norske nasjonen”. I norsk tradisjon blir framveksten og bruken av desse ofte tolka som ein del av ein frigjeringsprosess frå framant herredøme. Forteljinga om denne frigjeringsprosessen er sentral i den norske "nasjonal-myten" (Thorkildsen 1995). Ein politisk integrasjon av nasjonalstaten i ein overnasjonal union vil på denne bakgrunnen naturleg kunne oppfattast som ei reversering av den nasjonale frigjeringsprosessen. Sjølve ordet ” union” vekker negative kjensler innanfor denne nasjonale myten. Inge Lønning, som var sentral i Ja-kampanjen på 1990-talet, meinte at assosiasjonane til sjølve unionsomgrepet var med og bestemte utfallet av avrøystinga i 1994:

I kampen om det norske folkeflertallet var løpet i virkeligheten kjørt i det øyeblikk EF skiftet navn til EU (...). Av iøynefallende historiske grunner er det lettere på norsk enn på noe annet språk å bruke union til å forebygge ethvert tilløp til, respektivt fjerne ethvert spor av tankevirksomhet (Lønning 1997:199).

Iver B. Neumann, som har anlaysert begrepsmakt i den norske Europa-debatten, meiner også at dei mest utbreidde forestillingane og kjenslene knytta til omgrepet Norge, gav EEC/EF/EU-debatten eit anti-union utgangspunkt som favoriserte nei-standpunktet. Han har analysert Stortingsdebattane om medlemskap i 1972 og i 1994 og ser mellom anna på korleis medlemskapsspørsmålet blir knytt til norsk historie:

Hovedpoenget er at nei-siden ved hjelp av alliansebygging mellom populistiske nasjonalister og sosialister lykkes i å framstille staten som splittet mellom stat og folk, mellom byråkrati og Storting.. Det er bare Stortinget, og ikke byråkratiet som har legitim kobling til nasjonen. Byråkratiet har derimot en kobling til unionen (...). Når staten framstår som positiv, gjør den det i form av sitt parliamentariske ansikt, og den forstås ikke som stat, men som ”folkevalgt”, ”folkets representanter”, ”folket” etc. Når staten framstår som negativ, er det i form av sitt byråkratiske ansikt. I norsk Europa-debatt har nei-siden klart å stille begrepene folk-Storting-suverenitet opp mot begrepene stat-byråkrati-union. Denne koblingen virker på spesifikke handlingssekvenser, for eksempel folkeavstemninger. Nei-sidens evne til å definere begrepene og forholdet mellom begrepene er en maktressurs (Neumann 2001:15).

Vi har tidlegare brukt omgrepet ”nasjonalisering av kjenslelivet” for å beskrive korleis det (gjennom ein langvarig sosialiseringsprosess) blir knytt kjensler til nasjonale symbol og ritual som får oss til å reagere emosjonelt på ein spontan måte i møte med desse. Anders Johansen meiner at det same reaksjonsmønsterert blir aktivert i møte med EU-spørsmålet:

På valgdagen var det noen som sa at de "stemte med hjertet", altså Nei. Andre sa de "stemte med hodet", og med tungt hjerte falt ned på et Ja (...). Men jeg kan ikke huske å ha hørt noen si at "hjertet", eventuelt i strid med "hodet", ledet dem til å stemme Ja. Nei til EU hadde monopol på følelsene. Bevegelsen hadde 17. mai på sin side (...) det norske Nei var dypt og inderlig nasjonalistisk. Det dreide seg om gleden ved å vite hvem en er, hva en står for, hvor en hører til, hvem en holder med. Mot dette hadde Ja-siden ingenting å stille opp (Johansen 1995:11).

Angell har også analysert oppfatningar av stat og nasjon i norsk tradisjon, og brukt det til å tolke ulike haldningar til EU-medlemskap og EØS-samarbeidet. Han har brukt Rokkan sitt skilje mellom stat og nasjon, der staten tilhøyrer maktsfæren og nasjonen kultursfæren. Angell meiner at den norske politiske tradisjonen disponerte for å oppfatte EU-spørsmålet innanfor den nasjonale sfæren som eit moralsk spørsmål om vår fridom og eigenart. Den EU-tilpassinga som skjedde innanfor den statlege sfæren gjennom EØS-samarbeidet mobiliserte ikkje tilsvarande kjensler. Sidan den nasjonale sfæren vart hovudarenaen, vart kjenslene og symbola viktige.

Bruken av nasjonale symbol og ritual i kampanjar om EF/EU-medlemskap

Utifrå det vi har sagt om den norske nasjonale myten og dei nasjonalstatlege symbola sitt forhold til desse, burde vi forvente at den nasjonale dimensjonen i kampanjen vart særleg viktig på nei-sida og at dei nasjonalstatlege symbola vart flittig brukt. Vårt empiriske materiale viser at mønsteret er meir komplekst og at også andre faktorar har vore utslagsgjevande for bruken.

Nei-rørsla tok tidleg det norske flagget i bruk i sin kampanje. Flaggstripa vart eit gjennomgangssymbol i mykje av nei-materialet i 1972 (Dahl og Bjørnson 1973:39). Ho vart derimot ikkje brukt i 1994, truleg på grunn av rasistiske grupper sin bruk av flaggsymbolet i dei mellomliggjande tiåra. 17. mai feiringa vart også trekt inn i EU-kampen gjennom taler og i nokre tilfelle også som parolar i toga. Legitimiteten for dette kunne ein knyte til kamp-tradisjonen denne dagen sto i. Men samstundes kom dette i konflikt med tradisjonen med 17. mai som ein nasjonal integrasjonsdag, og Nei til EU sitt standpunkt sentralt ser ut til å ha vore å ikkje bruke nasjonaldagen som demonstrasjonsdag mot EU (Hovland 2001:48).

Når det gjeld den norske nasjonaldagen viser opinionsdata frå 1994 at nokre sette spørsmålsteikn ved om dagen kunne feirast som før om vi vart med i EU. 12% meinte at "dersom Norge blir medlem av EU, må vi slutte å feire 17. mai" og 17% at "det norske flagg ikkje lenger vil vere offisielt" (Aftenposten 12.8.1994). Sjølv om ja-leiinga avviste slike påstandar som skremsel-propaganda, og nei-leiinga stadfesta at 17. mai feiringa neppe var i fare, viser resultata at fleire oppfatta EU-medlemskap som eit trugsmål mot våre nasjonale symbol og ritual. Dette er i og for seg ikkje unaturleg utifrå den samanhengen som finst mellom forestillingar om nasjonen og dei symbola og rituala som representerer denne. Dersom ein meiner EU-medlemskap tyder dramatiske endringar for nasjonen Norge, er det ikkje unaturleg å tenke seg at dette også vil påverke vår feiring av nasjonen. Og omvendt kan endringar og inngrep i nasjonale symbol tolkast som synlege prov på at det har skjedd endringar i det usynlege fellesskapet som desse symboliserer. Ser vi på 17. mai feiringa som eit fortetta utrykk for den norske nasjonen, vil snev av tvil knytt til denne feiringa si framtid i EU, kunne oppfattast som eit alvorleg ”varsko” i forhold til norsk EU-medlemskap.

Så langt har vi trekt fram einskildeksempel på bruk av nasjonale symbol i forhold til EU-medlemskap. Når det gjeld systematiske undersøkelsar av bruk av nasjonale symbol i kampanjar om EU-medlemskap, er det lite forsking å bygge på. Her skal vi referere til ein undersøkelse som har samanlikna bruk av nasjonale symbol/ritual i EU-kampanjar i Skandinavia på 1990-talet (Hovland 2001b).

Alle dei tre skandinaviske landa gjennomførte på 90-talet folkerøystingar om landa si tilknyting til EU. I samband med desse folkerøystingane vart det i alle tre landa organisert omfattande kampanjar for og mot integrasjon i EU. Sjølv om utgangspunktet og utfallet av dei tre røystingane vi skal sjå på er forskjellige (Folkerøysting i Sverige om medlemskap med ja-utfall 13. november 1994, og i Norge 28. november 1994 med nei-utfall, dansk folkerøysting om tilslutning til Maastricht-avtalen 2. juni 1992 med nei-utfall) er dei relativt samanfallande i tid og gjev eit interessant utgangspunkt for å sjå på nasjonal symbolbruk. Hovland har analysert i kva grad og på kva måte dei offisielle nasjonale symbola (og andre nasjonale symbol) blir brukt i kampanjane for og mot medlemskap. Målet var ikkje å analysere kva effekt nasjonalkjensle eller bruk av nasjonale symbol hadde for resultatet av røystinga, dette ville krevje eit anna granskingsopplegg. For at analysen skal vere praktisk mogeleg å gjennomføre har vi avgrensa studien til kampanjemateriellet frå ein ja- og ein nei-organisasjon i kvart land. Det analyserte kampanjematerialet kjem då frå følgjande seks organisasjonar:

  • Sverige: Nej till EU og Ja till Europa.
  • Norge: Nei til EU og Europabevegelsen.
  • Danmark: Folkebevægelsen mod EF og Den danske Europabevægelse.

Som det framgår av utvalet har vi konsentrert oss om dei særskilde ja og nei-organisasjonane. Det var skilnader mellom landa når det galt dei politiske partia sin involvering i kampanjane, og dette vil sjølvsagt kunne vere med å påverke konklusjonane.

Det nasjonale spela ein viktig rolle i i debatten og kampanjane. Spørsmålet om EU representerte overnasjonalitet og kva dette innebar for demokratiet, var eit hovudspørsmål i alle dei tre landa. Når det gjeld omfanget av bruken av offisielle nasjonale symbol i kampanjane, er Norge det landet der symbola blir mest brukt og Sverige minst, med Danmark i ei mellomklasse. Dette resultatet er ikkje så overraskande. Det høver bra med hovudmønsteret frå surveyen og Angell sin analyse av nasjonalstatstradisjonane som tyder på at Norge er det landet der dei offisielle symbola er mest knytt til nasjonal identitet, og Sverige minst. Meir overraskande er det kanskje at det er ja-sida som brukar dei offisielle nasjonale symbola mest, og på den friaste måten. Særleg er dette tilfelle i Norge slik at den norske ja-kampanjen står fram som den største brukaren av nasjonale symbol (både offisielle og det vi har kalla opne nasjonale symbol). Dette strir mot det inntrykket som vart skapt av nei-kampanjane som meir appellerande til nasjonalkjensle enn ja-kampanjane, - og også mot det perspektivet vi har vore inne på tidlegare om at nei-sida hadde symbola i ryggen og derfor mest å tene på å bruke dei.

Når vi skal tolke desse skilnadane i symbolbruk, må vi truleg trekke inn taktiske vurderingar og omsyn som ja- og nei-kampanjane måtte ta. Det vil vere eit trugsmål mot eit standpunkt og ein kampanje sin legitimitet om argumentasjon og symbolbruk kan gje grunnlag for skuldingar om etnosentrisme og rasisme. Naturleg nok er det mest nærliggjande å kople nei-standpunkta til slike haldningar, derfor er denne sida mest forsiktig i å bruke nasjonale symbol. Når ja-sidene i dei to land brukar flagget og andre nasjonale symbol på ein friare måte, heng dette truleg saman med at ein ikkje treng ta slike legitimitetsomsyn, men det kan også vere andre strategiske grunnar til at desse symbola blir særleg viktige i ja-kampanjen. Nasjonal identitet og nasjonalkjensle vil, som vi har vore inne på, ofte vere av implisitt og uuttalt karakter. Det tyder at nasjonalkjensle kan dra i retning av eit bestemt standpunkt til EU utan at denne samanhengen blir sett ord på. Dersom det til dømes er slik at utbreidde forestillingar om nasjonen disponerer for eit nei-standpunkt, står ja-kampanjane overfor eit dilemma. Enten må ein prøve å føre EU-debatten bort frå nasjonale tema, eller så må ein tematisere spørsmålet om EU og nasjonal identitet og gje ei alternativ tolking og kopling mellom nasjonalkjensle og EU-medlemskap. Vår analyse av kampanjematerialet viser at nasjonale tema har hatt stor plass både på begge sider i konflikten og at ja-sida i staden har valt å tematisere det nasjonale, i staden for å unngå dette temaet. Truleg er det størst behov for ei tematisering på norsk ja-side der nasjonalkjensle og det nasjonale symbolgalleriet tradisjonelt har lagt føringar i nei-retning, til dømes gjennom den negative ladinga som sjølve ”unions”-omgrepet har i norsk historie. Dette kan vere ei mogeleg forklaring på at ein i Skandinavia finn den mest omfattande bruken av nasjonale symbol i den norske ja-kampanjen.

Dei nasjonale symbola blir brukt på to hovudmåtar i kampanjen. For det første positivt ved å prøve å knytte ja-standpunktet til nasjonale symbol som flagget og flaggfargane (tildømes ved å skrive ”ja” med dei norske flaggfargane). For det andre negativt og kritisk ved å karikere nei-sida sitt standpunkt som uttrykk for ein forhistorisk, naiv og rural nasjonalisme, med etnosentriske og rasistiske undertonar. Kampanjemateriale frå ja-sida der nei-sida sine leiarar blir framstilt i eit isolert ”annerledesland” prega av norsk folklore, umoderne jordbruk, og gamaldags industriell teknologi som produserer ”tradisjonelle norske produkt”, må oppfattast som eit forsøk på ”ei alternativ nasjonalisering” av det norske kjenslelivet. (Eit eksempel på dette er nei-dronninga Anne Enger Lahnstein bunadskledd ved samlebandet i ein fabrikk som produserer bunadskledde Anne-Enger-Lahnstein-dokker.) I Bourdieu sin terminologi kan vi seie at ein går til åtak på doxa, det underforståtte i norsk nasjonal identitet som ein tenkjer og handlar utifrå, for å prøve å få det fram i lyset, kritisere det og endre den emosjonelle ladinga i det. (Dette er ein kompleks prosess der utfallet i forhold til intensjonane kan vere usikkert. Kor effektivt er det til dømes å karikere bruken av bunadssymbolet i ei tid då bunadsbølgja slår inn over det moderne Norge?)

EU sitt symbolproblem

Effekten av nasjonale symbol i forhold til EU-medlemskap er både avhengig av den tradisjonen som dei norske nasjonale symbola står i, EU-symbola sin status og emosjonelle appell, - og oppfatning av relasjonane mellom desse symbolsystema. At dei nasjonale symbola og rituala truleg slo ut til fordel for nei-sida, kan tolkast som eit teikn på at det europeiske fellesskapet, samanlikna med dei nasjonale fellesskapa, manglar slagkraftige symbol for å uttrykkje ein kollektiv identitet. Dette er nok til ein viss grad tilfelle. EU-unionen er samanlikna med nasjonalstatane eit nytt fellesskap og har ikkje hatt same tid til å utvikle ein symbol- og ritual tradisjon. Bortsett frå EU-flagget er dei andre symbola døde. Dei er offisielle symbol som manglar brei folkeleg oppslutning. Få i Europa veit at Europa-dagen er 9. mai, og endå færre feirar den. Men problemet stikk truleg djupare. EU sin symbol- og ritualproduksjon har i stor grad fylgt nasjonalstatane sitt symbolspråk med eigen EU-dag, EU-sang og EU-flagg (Bakke 1995). Men dermed blir også lett EU-symbola oppfatta som konkurrentar til dei nasjonale. Og her er vi truleg midt inne i eit av EU sine store dilemma. EU-fellesskapet har fram til i dag ikkje vore eit fellesskap som skaper ei vi-kjensle som kan samanliknast med den nasjonale. Freistnader på å styrke EU-identiteten gjennom til dømes utvikling av symbol og ritual, blir fort opplevd som trugsmål mot ein nasjonal identitet. EU-systemet har så langt ikkje funne noko god løysing på dette dilemmaet. Særleg i forhold til eit land som Norge med ein sterk og antiunion-prega symboltradisjon, kjem EU-symbola fort i klemme. I denne samanhengen kan det elles vere interessant å merke seg at dersom spådomen om at stortingsvalet 2005 vil bli eit EU-val slår til, kan vi få ein ny stor unionsdebatt same året som vi feirar minne om oppløysinga av unionen med Sverige.


Publisert 25. nov. 2010 13:52