Våg å vite: Utdanning og omskjering

Økonomistudent Frikk Nesje har studert korleis utdanning kan påverke omskjering av kvinner i Kenya.

Han får Våg å vite-prisen for si masteroppgåve «Effects of Schooling on the Female Genital Cutting The Case of Kenya». Omskjering er eit særleg vanskeleg og tabubelagt tema, som Nesje har tatt føre seg med hjelp av mikroøkonomisk metode.

- Kvifor valde du dette emnet til oppgåva di?

- Eg hadde lyst til å skrive om noko som det samfunnsøkonomiske metodeapparatet kunne nyttast til, men som i liten grad var studert av økonomar. Omskjering av kvinner er eit slikt tema. Det som i tillegg gjorde temaet spanande er at den akademiske litteraturen i lita grad kan konkludere med kva vilkår som må tilfredsstillast for å sikre nedgang i talet på omskorne kvinner.

- Kva har overraska deg mest av det du har funne ut?

- Det som overraska meg med funna eg gjorde var kor mykje dynamikken internt i familien hadde å seie for sannsynet for å observere omskjering. Spesielt har mor i hushaldet ei viktig rolle. UNICEF og enkelte andre organisasjonar som arbeider for å få ned talet på omskorne kvinner undervurderer denne dynamikken. Tiltaka til desse organisasjonane rettar seg mot dynamikkar på landsbynivå.

- Kva tyder prisen for deg?

- Prisen tyder mykje for meg.

Publisert 26. okt. 2015 18:11 - Sist endret 12. aug. 2024 10:49