Eit akademisk sjølvmord

«Forskinga di er for god til å vere sann», sa kollegaer til Diederik Stapel. Sann var den heller ikkje. Men kva kan forskarar ved UiB lære av superfjuskaren Stapel, skriv UiB på nettavisa si.

Emeritus Karl Halvor Teigen gjesta redelighetsutvalget ved UiB.

«Fabrication, falsification and plagiarism». Dette er dei mest alvorlege måtane ein kan drive ureieleg akademisk arbeid på. Sosialpsykologen Diederik Stapel gjorde seg skuldig i alle. I 2011 måtte Diederik Stapel trekke seg frå stillinga som forskar i sosialpsykologi ved universitetet i Tilburg. Han risikerer også fengselstraff for å ha tatt i mot pengar for forsking som aldri blei gjort.

Publisert 11. mars 2013 16:33 - Sist endret 3. apr. 2018 14:22