Disputas: Anita Nordeide

Master Anita Nordeide ved Sosialantropologisk institutt vil forsvare sin avhandling for graden ph.d: "PÅ HYTTA: ein etnografi om slekting i Noreg".

Bilde av den som skal disputere, samt et tynt, rødt, vertikalt og rektangulært banner på høyre side der det står "Sosialantropologisk institutt" etterfulgt av logoen til Universitetet i Oslo.

Foto: Tron Trondal

Prøveforelesning

Tittel: TBA

Tid: 10:15-11:00

Disputas

"PÅ HYTTA: ein etnografi om slekting i Noreg"

Tid: 12:15-15:00

Leder av disputas

Instituttleder Thorgeir Kolshus, Sosialantropologisk institutt, UiO.

Bedømmelseskomité

Veiledere

Marianne Elisabeth Lien

Nefissa Naguib

Om avhandlingen

PÅ HYTTA: ein etnografi om slekting i Noreg.

I avhandlinga «PÅ HYTTA» har Anita Nordeide forska på korleis nordmenn sitt forhold til hytta er. Ho finn at hytta er heilt sentral i familierelasjonar – på både godt og vondt. Avhandlinga tek hytter som utgangspunkt for å studere slekt og familierelasjonar blant dei som er tilknytt ei hytte i Noreg. Nordeide har fylgt 40 hytter, med eigarar og hyttebrukarar over halvanna år, på alt frå stølar frå 1700-talet til nybygde leilegheiter.

Snarare enn å forstå slekt og familie som noko som eksisterer i seg sjølv, syner avhandlinga korleis desse fenomena kjem til og utøvast gjennom ting og handling. Funna synleggjer at slekting ikkje er avgrensa til å gjelde levande menneske, men også omfattar gjenstandar og forfedrar. Ein skapar altså kjensla av å høyre til slekta gjennom å drikke av tippoldemor sin kopp, eller å ta med den nye kjærasten på familiehytta. Hytta vert slik ein aktiv minnestad og ein del av slektsopplevinga. I tillegg tek avhandlinga opp spenningar mellom ulike familiekonstellasjonar, og måten folk handterer desse relasjonane gjennom hytter.

Blir ein «norskare» med hytte?

Hytta har hatt ein sentral rolle i nasjonsbygginga i Noreg, og dette vert framleis reprodusert i media og det offentlege ordskifte. Slik skapast eit inntrykk av at alle deltek i denne måten å erfare og utøve norskheit på. Statistisk materiale synleggjer at ein stor del av befolkninga i Noreg ikkje eig eller har tilknyting til ei hytte. Avhandlinga tydeleggjer at hytte og hytteforteljingar både inkluderer og ekskluderer folk si tilhøyrsle til slekt, familie og nasjon.

 

Dersom du ønsker en digital kopi av avhandlingen kan du sende en forespørsel til kandidaten. Kandidaten kan nås på mail: anita.nordeide@sai.uio.no 

For mer informasjon:

Publisert 22. aug. 2024 16:27 - Sist endret 26. aug. 2024 09:59