Tjuvstart på feltarbeid: Påskehyttetur

Stipendiat Anita Nordeide brukte påsken på feltarbeid blant hyttefolk i Austlandsområde.

Påske er for mange synonymt med hyttetur, sjokolade og påskeskirenn. Som forskar på slektskap og familierelasjonar i det norske hytteliv,  er påskeferien ei viktig tid for undersøkingar.

Så sjølv om ikkje feltarbeidet mitt byrjar for fullt før til sumaren, var det viktig å gjere eit førebuande feltarbeid allereie denne påska.  Feltarbeidet omhandlar datainnsamling; deltakande observasjon og intervju på norske hytter, hytteeigarar og – brukarar.

Folk har vist stor interesse for prosjektet og har teke godt imot meg både på intervju heime og på visitt på hyttene deira. No er eg tilbake etter å ha vore på ein liten felttur blant hyttefolk i Austlandsområde. I fjellet fann eg påskepynta hytter og fjellkledde folk, klare til å nyte høgtida og fridagane på hyttene sine- som dei hadde gjort kvar påske heile livet. Påskesola har no gått over til vårsol. No blir det meir lesing før feltarbeidet kjem i gong att til sumaren.

Påskevær ved Ustaoset. Foto: Anita Nordeide
Påskevær ved Ustaoset. Alle foto: Anita Nordeide

 

Av Anita Nordeide
Publisert 27. apr. 2017 10:17 - Sist endret 27. apr. 2017 10:17