3: Sosiale medium og mangfaldspolitikk

Denne studien granskar hvordan nordmenn med minoritetsbakgrunn i kultursektoren tar i bruk sosiale medier for å skape og påverke tilhøyrslepolitikk.

Prosjektet ledes av Cecilia Salinas.

Bildet kan inneholde: font, multimedia, rektangel, programvare, duppeditt.

Foto: Cecilia Salinas

Medan fortrulege samtalar om utestenging i tida før digitaliseringa skjedde rundt kjøkenbordet heime, har desse samtalane no forflytta seg til nettet og treft det offentlege rom med stor kraft. Dette kjem særleg godt fram i kjølvatnet av George Floyds død og innverknaden han har hatt i Noreg.

Nordmenn med minoritetsbakgrunn og innvandrarar deler stadig oftare personlege erfaringar om utestenging og rasisme på digitale plattformer, der dei prøver å utfordre førestillinga om at det ikkje finst rasisme i Noreg. Digitale plattformer har høve til å utvide deltakingsområdet for samtalar som ikkje er svært offentlege, men heller ikkje heilt private.

Med dette i tankane lurer eg på kva slags politiske samtalefellesskap artistar og modellar i grupper på Instagram og Facebook – for menneske i kultursektoren – opprettar for å bygge opp att fellesskap og tilhøyrsle? 

Kontakt: Cecilia Salinas


Les om vandreutstillinga ARTivisme som består av digitale teikningar og tekster som spring ut av Privatlivets grenser.

Publisert 24. juni 2024 14:15 - Sist endret 25. juni 2024 13:11