English version of this page

Privatlivets grenser: Sosialitet og tilhøyrsle i digitale kvardagsliv

Korleis opnast og stengjast dører online, finst det digitale «dørstokkar»? Om dørstokkane finst, kven får trø over og kven blir haldne utanfor? Korleis forhandlast grensene mellom det private og det offentlege når privatlivet offline blir gjort tilgjengeleg online?

Marianne Gullestad si klassiske bok Kitchen Table Society (1984), står sterkt som ein referanse for nordisk sosialitet. Med digitalisert kvardagsliv som vårt eksplisitte fokus tek vi Gullestad med oss i arbeidet med å styrke og fornye etnografiske metodar, og revitalisere nordisk etnografi som ein stad for teoretisk innovasjon.

Inspirert av Kitchen-Table Society der Gullestad skildrar korleis normer og moral vart etablert blant unge kvinner rundt kjøkkenbord i Bergen – spør vi: Kvar er kjøkkenborda no? Har det noko å seie om «kjøkkenbordsamtalar» flyttar seg til Facebook, Snapchat eller Instagram? Korleis påverkar digitalt samvær og det å vere til stades kvardagen til menneske, og kva er det vi deler og med kven?

I Gullestad sine tidlege studiar er huset eit nøkkelsymbol for privatlivets fred. Huset gav fysisk vern mot omverda, ikkje alle sleppte inn døra eller over dørstokken. Korleis skjer dette i dag, der dei individuelle og personlege biografiane til individa ligg tilgjengelege på nett?

Korleis opnast og stengjast dører online, finst det digitale «dørstokkar»? Om dørstokkane finst, kven får trø over og kven blir haldne utanfor? Korleis forhandlast grensene mellom det private og det offentlege når privatlivet offline blir gjort tilgjengeleg online? Gjennom prosjektet Privatlivets grenser søkjer vi ei forståing av grunnleggjande dimensjonar ved sosialt og kulturelt liv i ei tid der digital teknologi spelar ei stadig viktigare rolle.

Problemstillingane blir utforska gjennom fire delprosjekt:

Del 1: Emosjonelt og digitalt identitetsarbeid

Kva har digitale plattformer å seie i kvardagslivet til unge vaksne, til dømes i val av møteplassar? 

Leiar: Tuva Beyer Broch

Del 2: Naturforvaltning, reindrift og digitalisert sosialitet utover det menneskelege

Korleis påverkar digitaliseringsverktøy samspelet mellom menneske og dyr innan reindrift og reinforvaltning?

Leiar: Marianne Elisabeth Lien

Del 3: Sosiale medium og mangfaldspolitikk

Kva moglegheiter kan digital teknologi tilføre mangfaldspolitikken i kultursektoren?

Leiar: Cecilia Salinas

Del 4: Digitale kvardagsliv i bygde-Noreg

Kva rolle spelar digital teknologi for kvardagsliv i dagens bygde-Noreg?

Leiar: Tom Bratrud


Private Lives, eller Privatlivets grenser, er eit forskingsprosjekt som går føre seg frå 2020 til 2023, i samarbeid mellom Sosialantropologisk institutt ved Universitetet i Oslo, Norsk institutt for naturforskning og Norsk teknisk museum, finansiert gjennom Norges forskningsråd (SAMKUL).

Sjå rådgjevingsgruppa til prosjektet.

Bildet kan inneholde: tekst, font, logo, azure, linje.