– Skal vi leggje til rette for det grøne skiftet, må vi forstå hindringane

Verda treng ei grøn omstilling. Men korleis får ein til overgangen? Svaret ligg ikkje berre i teknologien.

Plakat med teksten "there is no planet B" holdes opp.

Bilde: Colourbox

Då Allan Dahl Andersen sette seg ned for å skrolle gjennom tredje del av FNs klimapanels sjette hovudrapport, som kom i april 2022, vart han glad – og stolt. For der såg han ikkje berre sitt eige namn, men heile fagfeltet sitt representert.

Andersen forskar innan såkalla «transition studies», eller omstillingsstudiar, altså studiar av store sosiale og teknologiske transformasjonar.

– Dette var første gong feltet vårt var med i ein slik hovudrapport, fortel han.

Samfunnsvitarar tar meir plass

Elin Lerum Boasson, professor i statsvitskap og medforfattar av FNs klimapanels sjette hovudrapport, uttalte i april at samfunnsvitskapane aldri har vore så breitt representerte av FNs klimapanel som i denne rapporten og at økonomifaget relativt sett har blitt mindre viktig. Viss ein skal finne løysingar på klimaproblemet, trengst det ei breidde av samfunnsvitskapelege fag, sa ho til Uniforum.

Andersen peikar på at naturvitarar og økonomar ofte jobbar med abstrakte scenario. Hans eige fagfelt omfattar teknologi, samfunn og kultur og fokuserer særleg på endringsprosessar i det verkelege livet.

Vi ser på det selskap, politikarar og forbrukarar tenkjer og gjer. Er dei med å leggje til rette for eit grønt systemskifte, eller hindrar dei det? Det er gjennom slike spørsmål vi finn svar på kva verkemiddel som trengst for å få til endring, seier Allan Dahl Andersen, som jobbar ved TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur, del av Universitetet i Oslo.

Eit vippepunkt i personbilmarknaden

Delrapport 3 i FNs klimapanels sjette hovudrapport tar føre seg utsleppsreduksjon, karbonopptak og verkemiddel. Rapporten skildrar korleis ny teknologi ofte startar i det små – gjerne i ein verna marknad med subsidiar eller anna aktiv skjerming, som den norske el-bilmarknaden.

Så følgjer ein akselerasjonsfase, og teknologien når eit vippepunkt der han passerer gamal teknologi –  først i kostnad, så i marknadsdel. Sidan held den nye teknologien fram sin bratte vekst fram til den gamle teknologien er heilt ute. 

– Med personbiltransport er vi på god veg til å nå eit slikt vippepunkt i Noreg. Dette ser ein på ulike indikatorar, mellom anna salet av nye bilar, seier Andersen.

Han nemner ein anekdote: Viss du kjøper ein ny bil, kan du bli spurt: «Kvifor kjøper du el-bil?». Men du kan også bli spurt: «Kvifor kjøper du ikkje el-bil?»

– Når folk oftast blir spurt om det andre, heller enn det første, tenkjer vi gjerne at noko i samfunnet har skifta. Då har vi passert et kulturelt vippepunkt. Men dette kan variere frå stad til stad, også innanfor Noreg.

Å bruke eksisterande kompetanse

I ein av studiane som siterast i rapporten, tar Andersen og Gulbrandsen til orde for at det grøne skiftet kanskje kan akselererast gjennom å kople nedgang i næringar som ikkje er berekraftige med framveksten av nye næringar, som kan byggje på liknande kompetanse og teknologi.

Nokre gonger blir eksisterande næringar også transformerte, ifølgje forskarane. 

– Det er vanskeleg å byggje opp nye næringar og kunnskapsbasar frå botn. Den kunnskapen som understøttar produksjon og innovasjon er ofte innebygd i sosiale relasjonar og strukturar, seier Andersen.

Viss ein kan byggje nye næringar med eksisterande kunnskap, har ein vunne mykje tid, forklarer han.

– I tillegg kan ein kanskje sikre at selskap, arbeidsplassar og lokalsamfunn overlever og dermed blir meir positive til det grøne skiftet.

Undersøkte omstillingsforsøk i petroleumsnæringa

Skal ein få til dette, krevjast det likevel meir enn å endre teknologikompetansen i verksemdene, ifølgje Andersen. I forskingsarbeidet sitt undersøkte han og kollega Magnus Gulbrandsen kva hindringar verksemder kan møte når dei vil inn på meir berekraftige marknader.

Dei såg på kva som hende då olje- og gassprisane fall i 2013-14 og leverandørar til petroleumsindustrien begynte å sikte seg inn mot sektorar som havvind, forsvarsindustri og byggindustri. Sjølv om den teknologiske kompetansen i selskapa var god, var det vanskeleg for dei å konkurrere i dei nye marknadene.

– Ei av årsakene var at dei hadde vore vane med eit høgt pris- og lønnsnivå. Dei hadde konsentrert seg om å byggje teknologi av høg kvalitet, som ikkje skal bli knust under ekstreme forhold. Men i dei fleste marknader er pris viktigare enn kvalitet. Det var det vanskeleg for verksemdene å tilpasse seg.

– Også organisasjonskulturen må endrast

Verksemdene hadde også andre vante måtar å operere på som gjorde det vanskeleg å kome inn på dei nye marknadene.

– I petroleumsnæringa er potensialet for kunnskapsoverføring stort. Men viss selskap skal tenkje nytt, handlar det ikkje berre om å endre teknologikompetansen. Også organisasjonskulturen må endrast. Det er vanskelegare, seier Andersen.

Han er glad for at fagfeltet hans no blir løfta fram av FNs klimapanel.

– Heile sivilisasjonen vår er avhengig av ein radikal transformasjon. Viss vi ikkje forstår drivkreftene og blokkeringsmekanismane, kan vi heller ikkje designe politikk eller verkemiddel som legg til rette for det grøne skiftet.

 

Graf illustrerer vippepunktet.
Ny teknologi startar ofte i det små. Så følgjer ein akselerasjonsfase og teknologien når eit vippepunkt der han passerer gamal teknologi, først i kostnad, så i marknadsdel. Til slutt er den gamle teknologien heilt ute. Figuren er henta frå Delrapport 3 i FNs klimapanels sjette hovudrapport. 
Av Silje Pileberg
Publisert 19. jan. 2023 12:36 - Sist endret 1. feb. 2024 11:10