FØREORD


Denne rapporten er skriven i samband med doktorgradsprosjektet Desentralisering som styrings- og forvaltningspolitisk strategi i Noreg etter 1900, og vil i hovudsak vere ein kortversjon av den komande avhandlinga mi. Denne skal etter planen vere ferdig i fyrste halvdel av 2004. Dei som ynskjer ei ytterlegare underbygging av det som står i denne rapporten, lyt difor vente til avhandlinga vert publisert. Einskilde element er dekte i nokre av dei tidlegare publikasjonane mine (jf. litteraturlista).

I tillegg til Makt- og demokratiutgreiinga, har Historisk institutt (UiB), LOS-senteret og Kommunal- og regionaldepartementet løyvd pengar til ulike delar av doktorgradsprosjektet. Ei stor takk går til desse, og til professor Tore Grønlie, som har vore rettleiar for meg heilt sidan hovudfaget. Eg ynskjer dessutan å takke alle gode kollegaer ved Rokkansenteret og Universitetet i Bergen som har teke seg tid til å lese gjennom og kommentere rapporten både i endeleg form og i tidlegare versjonar.

Bergen, mars 2003

Yngve Flo

Yngve Flo er stipendiat ved Historisk institutt, Universitetet i Bergen, og er tilknytt Stein Rokkan senter for fleirfaglege samfunnsstudiar som medlem av forskargruppa Demokrati og lokalstyre.


Publisert 25. nov. 2010 13:52