2. SOSIALT ROM, HABITUS, MAKTFELT, OPPOSISJONAR OG KONFLIKTLINER


Bourdieu var verken den einaste eller den første til å nytte omgrepet sosialt rom i analysar av sosiale skiljeliner og opposisjonar. Den første systematiske drøftinga av korleis omgrepet kunne knytast til studiar av sosial mobilitet finn ein i Ptirim Sorokin sin banebrytande studie ”Social Mobility” (1959[1927]). For Sorokin er det sosiale rommet å forstå som eit sosialt stratifisert, fleirdimensjonalt rom, der det også er mogleg å rekne ut avstandar mellom posisjonar og grupper. Fordi det er ”...more than three different social groupings which do not coincide with each other (the groupings of the population into state groups, into those of religion, nationality, occupation, economic status, political party, race, sex and age groups, and so on)” (ibid.:7), kan det sosiale rommet, i motsetnad til det euklidske rommet, også ha meir enn tre dimensjonar. Ein analyse av avstandane utifrå ikkje-euklidske geometriske prinsipp, ligg likevel utanfor Sorokin sitt skjema. Og sjølv om tre ulike former for stratifikasjon vert framheva – økonomisk, politisk og yrkesmessig stratifikasjon – er analysen av mobilitetsbaner avgrensa til rørsler langs rommet sine horisontale og vertikale dimensjonar. Noko overraskande er heller ikkje utdanningssystemet framheva som ein eigen mobilitetskanal, men det følgjer av drøftinga til Sorokin at han primært forstår dette som ein kanal for vertikal mobilitet, og følgjeleg også gjev det status som ein stratifiserande mekanisme internt i rommet. Relasjonane og avstandane mellom dei ulike posisjonane vert slik definerte utifrå ein kombinasjon av politiske, økonomiske, yrkesmessige og utdanningsmessige kriteria. Ettersom det også er tale om eit sosialt rom, må ein vidare ta det for gjeve at desse relasjonane ikkje berre er strukturerande i høve til, men også vert strukturerte av sosial interaksjon innanfor ulike institusjonelle settingar og arenaer. Sjølv om det kanskje er mogleg å utleie ein analytisk strategi frå Sorokin si opphavlege drøfting som også gjer det mogleg å gripe denne siste problematikken, er vi likevel av den oppfatning at vi her med fordel kan ta feste i arbeida til Bourdieu.[2]

Ein viktig grunn til dette, er at omgrep som grupper, elitar og klassar er tett knytt til omgrepet sosialt rom. I Bourdieu sitt rammeverk, vert klassar og grupper lokaliserte teoretisk som posisjonar i eit multidimensjonalt sosialt rom. Dimensjonane i dette rommet er konstruerte på grunnlag av ulike former for kapital, som samstundes er aktive prinsipp for sosial differensiering[3]. Dei relative posisjonane og opposisjonane i det sosiale rommet vert likeeins eit produkt av distribusjonen av ulike typar kapital (økonomisk, kulturell, sosial, politisk etc.) og av maktrelasjonar i det samfunnet som er objektet for analysen. Posisjonar som er lokaliserte nær ein annan i dette rommet vil ikkje berre utvise likskapar med omsyn til det samla volumet kapital og med omsyn til strukturen i kapitalsamansetjinga. Teorien tilseier også at personar som over tid står i like eller likearta posisjonar i eit felt eller i det sosialt rommet, ofte også vil framstå med, eller over tid utvikle systematiske likskapar med omsyn til handlingsgenererande skjema for persepsjon, tenking og handling – dvs. likskapar med omsyn til strukturane i sine habitusar. Det at personar har hatt relativt likearta baner verkar også til å skape fellestrekk både i deira persepsjon av og i måtar å klassifisere omverda på, og i neste omgang verkar deira habitusar slik også til å generere praksisformer som liknar ein annan. Omgrepet vert slik tilordna status både som eit formande og som eit formidlande ledd mellom handling og struktur; som ein strukturert og samstundes strukturerande sosial handlingsmekanisme. Dialektikken mellom den objektiverte og kroppsleggjorte historia utgjer derfor eit nøkkelelement i Bourdieu sin praksisteori. For medan ein habitus er å forstå som kroppsleggjort historie, er eit felt og eit sosialt rom å forstå som objektivert historie (Bourdieu 1977, 1980, 1987, 1997). Ein analyse av samanhengane mellom desse strukturane krev derfor at ein gjer ein analyse av dei ulike banene internt i dette rommet.

Dei relasjonelt definerte klassane i rommet er heller ikkje å forstå som faktiske klassar (i tydinga mobiliserte grupper), men snarare som sannsynlege klassar (grupperingar som under gjevne vilkår og i gjevne situasjonar kan framstå som sosialt og politisk mobiliserte). Dette gjer det naudsynt å skilje mellom klasse som ein ontologisk og som ein epistemologisk storleik. Faktiske klassar er følgjeleg noko som må byggjast gjennom eit vedvarande “representasjonsarbeid”, og ikkje noko som kan takast for gjeve (sjå Bourdieu 1991: 234 og 1994: 25-29)[4].

Det same gjeld i høve til omgrepet elite. Medan teorien om det sosiale rommet kviler på fleire brot med marxistisk klasseteori, indikerer omgrepet maktfelt også eit brot med substansialistiske tilnærmingar til studiet av elitar. Eit maktfelt er å forstå som dei strukturelle opposisjonane ein kan finne mellom agentar som står i dominerande posisjonar i ulike felt[5], og som av den grunn er lokalisert i dei mest kapitalsterke sektorane av det sosiale rommet. Agentane som står i desse posisjonane vil også tendere til å møtast eller å verte konfronterte med ein annan, både i stridar om vidareføring eller endring av maktrelasjonane internt i det feltet dei sjølve er lokalisert i, og i stridar om styrkeforholdet mellom dei ulike felta[6]. Slik styrkeforholdet mellom felta er asymmetrisk, vil også relasjonane mellom, og makta til dei ulike posisjonane vere det[7]. Dei seleksjons- og stratifikasjonsmekanismane som er verksame i ulik felt, både med omsyn til felttilgang og med omsyn til kva baner som typisk leier agentar i retning av dominerande og dominerte feltposisjonar, vil ein med stor visse også finne varierer i ulike områder av maktfeltet. Å synleggjere desse variasjonane vert eit naudsynt mål for analysen, og som i andre felt, vil kapitalakkumulasjonen, opposisjonane og maktrelasjonane vere eit produkt av historiske stridar.

Men det at ein kan finne strukturelle opposisjonar mellom posisjonar i maktfeltet, er ikkje einstydande med at desse opposisjonane utgjer ”konfliktliner”, eller kjem til uttrykk i opne konfliktar. Det må difor presiserast at i analysane som følgjer brukar vi omgrepet ’opposisjonar’ om relasjonar og avstandar i maktfeltet med omsyn til tre ulike tilhøve:

  • Volum og samansetjing av kapital knytt til ulike posisjonar i feltet
  • Aktørane sin habitus
  • Aktørane sine standpunkt

Logikken i tenkemåten som ligg til grunn kan kort seiast å vere følgjande: Maktfeltet er konstruert på same måte som andre felt, nemleg som eit multidimensjonalt sosialt rom der dimensjonane viser til sentrale differensierings- og fordelingsprinsipp i feltet og er bygd opp på grunnlag av eigenskapar som gjev makt og posisjon til dei som har desse eigenskapane i feltet. Same kva plass (posisjon) ein har i feltet, vil denne vere relatert til alle andre plassar i feltet. Relasjonane mellom posisjonane er reelle i den forstand at det krevjast arbeid, ressursar og tid å flytte seg mellom dei. Dess meir tid og krefter det tek å flytte seg mellom posisjonar i feltet, dess større avstand er det mellom dei. Posisjonane står såleis meir eller mindre i opposisjon til kvarandre, og alle felt har ein struktur av opposisjonar. Føremålet med, og styrken til den sentrale analysereiskapen vi nyttar – den multiple korrespondanseanalysen – er at den gjer oss i stand til å vurdere kor klare desse opposisjonane er, og langs kva slags maktdimensjonar i feltet desse går.

Desse opposisjonane mellom posisjonar må ikkje forvekslast med konfliktliner mellom posisjonar og/eller personar. Personar kan lokaliserast i feltet i høve til opposisjonane, og deira lokalisering seier noko om kva for ressursar dei har til rådvelde i stridane i feltet. Kva slags konfliktliner dei plasserar seg langs heng saman med kva slags strider dei eventuelt engasjerarar seg i, og dette heng igjen saman med kva dei av ulike grunnar (økonomiske, politiske, moralske) meir eller mindre spontant finn det verdt å engasjere seg i. Om og kva dei vel å engasjere seg i, vert i denne analysen sett i samband med strukturar i aktørane sin habitus. Relasjonar mellom habitusar er reelle i same forstand som relasjonar mellom posisjonar. Og på same måten som det finst relasjonar og opposisjonar mellom posisjonar, finst det relasjonar og opposisjonar mellom habitusar. Men sjølv om det skulle vere stor grad av samsvar mellom desse to typane opposisjonar, må ikkje opposisjonar mellom habitusar og posisjonar forvekslast eller reduserast til kvarandre. Og sjølv om det skulle vise seg at det er stort samsvar mellom opposisjonar mellom habitusar og skilnadar i dei standpunkt aktørane har med omsyn til aktuelle stridsspørsmål, er det ikkje tale om nokon enkel kausal relasjon.

Opposisjonar mellom posisjonar må altså heller ikkje forvekslast med konfliktliner mellom klassar og/eller elitar og elitegrupperingar. Om vi forstår ei klasse eller ein elite/ei elitegruppering som eit sett av personar som står i innbyrdes likearta posisjonar, som skil seg klart frå andre sett av personar som står i andre likearta posisjoner, gjer analysen det mogleg å lokalisere slike klassar og/eller elitar/elitegrupperingar i det sosiale rommet. Men sjølv om avstandane og opposisjonane mellom dei er reelle nok, er dette berre ”klassar og/eller elitar på papiret”. Konfliktliner mellom desse vert det først når personane som ”høyrer heime” i klassene/elitane ”kjenner seg heime” i bestemte klassar/elitar og enten mobiliserer andre eller let seg mobilisere av andre til å handle på vegne av den same klassen/eliten. Då vert klasse/elite ei eiga kraft i feltet som må forventast å farge standpunkt i høve til aktuelle stridsspørsmål. Om det finnest klare samband mellom posisjonar og posisjonstaking i det norske maktfeltet, og korleis posisjonstaking heng saman med opposisjonar i feltet, skal vi kome attende til i slutten av rapporten (del 6).

Sambandet mellom opposisjonar mellom posisjonar og habitusar i feltet og kva standpunkt aktørane har med omsyn til aktuelle konfliktliner er følgjeleg alt anna enn enkelt. Ein meir fullstendig analyse av skilnadar i standpunkt i aktuelle stridsspørsmål ville mellom anna måtte inkludere ein analyse av kva som har vore sentrale konfliktliner og klasse- og/eller elitedanningsprosessar i feltet si historie, og korleis dette har prega strukturane i feltet og aktørane sin habitus. Sjølv om ei rekkje biografiske studiar og studiar av sektorar og politiske skiljeliner anten indirekte har omhandla, tangert eller vil kunne utgjere eit grunnlag for ein analyse av denne problematikken[8], har eit slikt arbeid så langt ikkje vore gjennomført i Noreg[9].

Vår tilnærming til studiet av klassar og elitar er såleis basert på differensieringsprinsipp som gjer det mogleg å identifisere ein struktur av opposisjonar både mellom klassar og elitar. Men dei differensieringsprinsippa vi tek i bruk skil seg frå dei som elles er vanlege i klasse- og elitestudiar. I den samfunnsvitskapelege faglitteraturen er det til dømes ein lang tradisjon for å differensiere mellom elitar ut frå kva slags samfunnsområde, samfunns-oppgåver, maktnivå eller funksjonar i samfunnet dei ulike elitane eller elitegrupperingane vert kopla til (sjå drøftinga i kap. 2 i Gulbrandsen et al. 2002). Så tidleg som 1950 argumenterte til dømes Raymond Aron for eit funksjonsbasert elitedifferensieringsprinsipp, og hevda at eliten i moderne samfunn kan inndelast i 5 undergrupper: politiske leiarar, statsadministratorar, økonomiske leiarar, masseleiarar og militære leiarar (Aron 1950a : 9). Sjølv om grunnlaget for differensieringsprinsippet er kontroversielt og det ikkje er semje om kva for undergrupper eliten i moderne samfunn kan inndelast i, kan ein vanskeleg tenke seg ei empirisk gransking av elitestrukturen som ikkje er tufta på visse føresetnadar om kva som skil dei ulike delane av eliten frå kvarandre og kva slags konkrete undergrupper det dreiar seg om, og den leiarskapsundersøkinga vi baserar vår analyse på er i så måte ikkje noko unntak. Som det vert peika på i utgreiinga om korleis utvalet av personar til undersøkinga er gjort, er det lagt til grunn at desse skal representere leiarskap i hierarki innanfor sentrale samfunnssektorar. Utvalsprinsippet er altså sektorar og posisjonar innanfor sektorar, men utvalet av sektorar er skjønnsmessig (Gulbrandsen et al. 2000 : 20). I høve til vår analytiske framgangsmåte er dette ikkje problematisk så lenge undersøkinga inneheld den informasjonen vi treng for ein feltkonstruksjon, og så lenge det er rimeleg å tru at utvalet gjer det mogeleg å lokalisere dei viktigaste posisjonane og opposisjonane mellom desse i feltet. Men i vår analyse er desse posisjonane og opposisjonane ikkje definerte på førehand ut frå til dømes eit sektorprinsipp. Føremålet med analysen er tvert om å finne ut noko om kva slags struktur av opposisjonar som finst i maktfeltet, utan å gjere bestemte føresetnadar om korleis desse heng saman med bestemte sektorar i samfunnet. Om det skal vere meiningsfullt å snakke om undergrupperingar av eliten føreset i vår analyse at den avdekkar opposisjonar i maktfeltet som det gjev meining å tolke som opposisjonar mellom undergrupperingar. I så måte er det interessant å legge merke til at også Raymond Aron i den nemnde artikkelen frå 1950 peikar på behovet for ei relasjonell bestemming av elitestrukturen i moderne samfunn:

Med elitestruktur forstår eg tilhøvet mellom dei ulike gruppene i eliten som er særeige for kvart samfunn. For sjølv om det alltid finst næringslivsleiarar, forvaltningsleiarar, fagforeiningssekretærar og ministrar, så er dei aldri rekruttert på same måten og dei kan enten utgjere eit koherent heile eller vere heilt skilte frå kvarandre. (Aron 1950a : 10).

I motsetning til Aron (og andre) er undergrupperingane av eliten i vår analyse ikkje definerte på førehand, men vert identifiserte gjennom analysen av maktfeltet. Det første steget i ein slik analyse er å få avklart kva hovudopposisjonar ein finn i det norske sosiale rommet.


[2]Så langt vi kjenner til, har ikkje Bourdieu drøfta Sorokin si opprinnelege omgrepsfesting av ‘sosialt rom’. Det er derfor liten grunn til å tru at Sorokin har vore ei viktig inspirasjonskjelde. Og trass i klare likskapstrekk, finn ein fleire teoretiske og metodologiske skiljeliner mellom dei to posisjonane. []

3For ei drøfting av dei ulike typane kapital, sjå Bourdieu (1986). []

4For ein meir detaljert presentasjon av framgangsmåten i konstruksjonen av eit sosialt rom, sjå Bourdieu 1979 og 1982.[]

5For ei drøftinga av kjenneteikna ved eit felt, sjå "Quelques proprietés des champs" (Bourdieu 1980). []

6 Eksemplifisert: Skal utnemninga av biskopar eller avsetjing av "opprørsprestar" verte bestemt av politiske styresmakter, eller er dette teologiske spørsmål som skal dette overlatast til kyrkja sine eigne organ? Skal det vere opp til forskingsmiljøa å avgjere kva det skal forskast på, eller skal dette verte fastlagt gjennom politiske vedtak? Skal ein ha politisk kontroll over føretak, politisk styrt rente og/eller politisk regulering av økonomiske sektorar, eller skal dette i det vesentlege vere opp til aktørane på den gjevne marknaden å avgjere?[]

7 Som tidlegare biskop vil Per Lønning (også tidlegare stortingsrepresentant) utvilsamt ha makt i teologiske stridar om i kva grad omgrepet ‘helvete’ høyrer med i Bibelen eller ikkje. Men tidlegare statssekretær (1979), finansråd (1986-91) og dåverande konserndirektør Tormod Hermansen kunne i røynda overprøve vetoet til samferdsleminister Dørum, då saka om fusjon med Telia kom opp på dagsordenen.[]

8Blant mange kan vi kort nemne arbeida til Benum (1979), Bull dy. (1982),Christensen, Lægreid og Zuna (2001), Furre (1990), Jansen (1989), Maurseth (1979), Nordby (1989, 1994, 1999, 2000) Rokkan (1987), Seip (1963, 1974), Sejersted (1983) Slagstad (1998) og Tønneson (1979). []

9 Av analysar på lokalt nivå er arbeida til Rosenlund (1998, 2000) dei mest omfattande.


Publisert 25. nov. 2010 13:52