1. INNLEIING


Omgrepa makt og elite byggjer oftast på ein teoretisk føresetnad om at samfunnet, dei posisjonane eit individ kan inneha i dette, og følgjeleg også relasjonane mellom individa i desse posisjonane, let seg analysere som eit fleirdimensjonalt hierarki. Slik ein skil mellom ulike former for makt, td. mellom militær, byråkratisk og økonomisk makt, skil ein gjerne også mellom ulike typar elitar, td. mellom politiske, administrative og økonomiske elitar (Scott (red)1990, Suleiman & Mendras (red) 1997).

Samstundes har rekrutteringa til eliteposisjonar, og også karrierevegane som typisk fører eit individ i retning av ein gjeven eliteposisjon, vist seg å vere gjenstand for variasjon. Dels vil ein finne at dette varierer mellom statar, men òg at det varierer innom og mellom generasjonar i ein og same stat. Kor opne eller lukka elitane i eit gjeve samfunn er, er likeeins eit spørsmål om omfanget av, og formene for sosial mobilitet i det same samfunnet. Ein eliteanalyse må av den grunn samstundes romme, eller vere tufta på ein analyse av elitemobilitet.

For Max Weber (1978[1922]) vart mobilitet mellom sosiale posisjonar også oppfatta som konstituerande for sosiale klassar[1]. Ikkje uventa har då òg mobilitetsproblematikken både vore ein sentral del av, og sterkt knytt til den internasjonale forskinga om sosial stratifikasjon. To teoretiske rammeverk har dei seinare åra dominert dei anglo-amerikanske og –amerikanskinspirerte arbeida om denne tematikken: Erik Olin Wright sin Marx-inspirerte klassemodell (1985, 1997) og John H. Goldthorpe sitt Weber-inspirerte klasseskjema (Erikson & Goldthorpe 1991).

I denne rapporten vil vi likevel ta eit anna teoretisk utgangspunkt: den franske sosiologien Pierre Bourdieu sine omgrep om sosialt rom og maktfelt (Bourdieu 1979, 1985). Som vi skal argumentere for i større breidde nedanfor, er det fleire årsaker til dette. For det første gjer rom-tilnærmingar det mogleg å identifisere det Weber (op. cit) omtalte som ”the totality of class situations” ved å halde saman fleire ulike stratifikasjonskriteria, td. politiske, økonomiske, utdanningsmessige og yrkesmessige kriteria. For det andre gjev ein slik analyse ikkje berre rom for ein fleirdimensjonalitet som vi meiner manglar i rammeverka til Wright og Goldthorpe. Framgangsmåten gjer det også mogleg ikkje berre å synleggjere relasjonar og distansar mellom ulike posisjonar og grupper i dette rommet, men også å studere dei ulike mobilitetskanalane og –barrierane mellom dei same posisjonane og gruppene. Slik kan også ulike retningar på typiske individuelle rørsler – td. horisontale, vertikale og diagonale - gripast med langt større detalj og presisjon. For det tredje inviterer ein slik analyse til ei inkludering av historisk-institusjonelle aspekt, ikkje berre i analysen av sosial mobilitet men også i analysen av sosiale elitar, noko som er fråverande både i analysane til Goldthorpe og Wright. For det fjerde krev Bourdieu sitt program om epistemisk refleksivitet ikkje berre at ein skil skarpt mellom analyseobjekta som ontologiske og epistemologiske storleikar, men også systematisk søkjer å bryte med førehandskonstruksjonar av forskingsobjektet, som td. storleikar som elite og klasse. Endeleg opnar analysen for ein fruktbar kombinasjon og integrasjon av to statistiske rammeverk – det probabilistiske og det geometriske -, ein kombinasjon som så langt berre unntaksvis har vore søkt utnytta i samfunnsvitskaplege studiar.

Etter først å ha presentert og drøfta det teoretiske og metodologiske rammeverket i større breidde, vil vi med utgangspunkt i data frå Makt- og demokratiutgreiinga si Leiarskapsundersøking i denne rapporten ta opp fire problemstillingar:

  1. Kva hovudopposisjonar strukturer det norske sosiale rommet av idag?
  2. Kva hovudopposisjonar strukturerer det norske maktfeltet anno 2002? Kor stor grad av konsentrasjon/spreiing utviser dei ulike gruppene internt i dette rommet? Utviser dei ulike posisjonane i det norske maktfeltet systematiske forskjellar med omsyn til homogenitet eller heterogenitet?
  3. Kva intra- og intergenerasjonelle mobilitetsbaner og –barrierar kan avdekkjast internt i det norske maktfeltet? Kva områder av maktfeltet står fram som dei mest “opne”, og kvar finn ein dei klaraste tendensane til reproduksjon?
  4. Finn vi samanhengar mellom strukturane i det norske maktfeltet og strukturane i habitusane til dei personane som står i posisjonar i dette feltet? Kjem strukturelle opposisjonar mellom posisjonar i maktfeltet slik også til syne i form av posisjonsspesifikke variasjonar med omsyn til individa sine persepsjons-, haldnings- og handlingsdisposisjonar?

Ei generell utlegging av Bourdieu sin praksisteori høyrer ikkje hit, men før vi går laus på desse problemstillingane, er det likevel trong for ei klargjering av korleis omgrepa sosialt rom, maktfelt, habitus, opposisjon og konfliktline vil bli nytta i den etterfølgjande analysen.


[1] For Weber er sosiale klassar “...the totality of those class situations within which individual and generational mobility is easy and typical”; (Weber 1978 [1922] : 302).


Publisert 25. nov. 2010 13:52