3.2. Det norske sosiale rommet


3.2. Det norske sosiale rommet

På bakgrunn av data frå ISSP97-undersøkinga om Arbeidstilhøve og arbeidsrøynsler, har vi valt ut 9 kapitalindikerande variablar til konstruksjonen av eit norsk sosialt rom. Til saman gjer desse det mogleg å skilje mellom respondentane sine posisjonar i tre ulike hierarki: yrkeshierarkiet, utdanningshierarkiet og det økonomiske hierarkiet. 4 variablar måler respondentane sine posisjonar i yrkeshierarkiet:

  • Yrkesposisjon: 10 kategoriar
  • Bransje: 10 kategoriar
  • Type verksemd: 9 kategoriar
  • Stilling: 5 kategoriar

3 variablar måler respondentane sine posisjonar i utdanningshierarkiet:

  • Lengde på/type allmenn utdanning: 6 kategoriar
  • Lengde på/type yrkesutdanning: 3 kategoriar
  • Lengde på/type høgare utdanning: 4 kategoriar

2 variablar måler respondentane sine posisjonar i det økonomisk hierarkiet:

  • Samla eiga inntekt: 9 kategoriar
  • Samla hushaldsinntekt: 11 kategoriar

Sjølv om dette settet rommar klare element av redundans, gjer desse variablane det like fullt mogleg å skilje mellom ulike sektorar og posisjonar, samstundes som det er mogleg å etablere ein syntese av dei ulike kapitalhierarkia i Noreg anno 1997[11]. Dette går også fram av resultatet frå ein multippel korrespondanseanalyse av dei nemnde variablane[12]:

Figur 1: Kapitalstrukturar i det norske sosiale rommet[13]

Som det går fram av figuren ovanfor, kan Akse 1, den horisontale aksen, tolkast som ein kapitalvolumakse som skil mellom respondentar med høge og låge samla kapitalvolum. Til venstre i figuren finn vi alle posisjonar som indikerer høge kapitalvolum: dei høgaste utdanningskategoriane, dei høgaste eigne inntekts- og hushaldsinntektskategoriane, leiarstillingane, akademiske yrker og profesjonar er plasserte i dette området av figuren. Motsett finn vi dei lågaste inntektskategoriane, dei lågaste utdanningane, dei manuelle yrka og yrkesposisjonar på lågare organisasjonsnivå til høgre i Figur 1.

Akse 2, den vertikale dimensjonen, kan tolkast som ein kapitalstrukturakse som skil mellom den relative vekta av økonomisk andsynes akademisk kapital. Aksen skil vidare mellom posisjonar i privat og i offentleg sektor, og mellom kvinner og menn.

Samla gjev Figur 1 oss fire ulike kvadrantar, som alle har sine særeigne kjenneteikn. Kvadranten nede til høgre er dominert av menn i manuelle yrker og i primærnæringane, med kortare yrkesfaglege utdanningar og relativt sett låge inntekter. Kvadranten oppe til høgre har ei overvekt av kvinner, tilsette på lågare autoritetsnivå i service- og salsverksemder og også av personar med dei lågaste inntektene. I kvadranten oppe til venstre er det framleis ei overvekt av kvinner, men respondentane viser seg oftare å ha høge volum utdanningskapital, er i yrker i offentleg sektor (td. forsking og utdanning), og/eller på mellom- eller høgare leiarnivå i offentleg sektor. Samstundes er dei oftare i dei mellomste inntektsgruppene. Tilslutt, i kvadranten nedst til venstre, finn vi også respondentar med høgare utdanningar, men den relative tyngda som den økonomiske kapitalen utgjer i profilen deira, saman med innslaget av personar i høgare leiarstillingar i privat sektor, skil dei frå respondentane i øvre, venstre kvadranten.

Den tredje aksen (ikkje vist) skil primært mellom tilsette i privat sektor i høve til leiarar og sjølvstendige/bedriftseigarar: gjennomsnittspunkta for handverkarar, tilsette på lågare nivå i maskin-, bygg- og anleggsarbeid, formenn, middels inntekter og yrkesutdanningar har alle positive koordinatar, medan både dei høgaste inntektsgruppene og utdanningsgruppene, leiarar på høgare nivå, eigarar av eigne verksemder, og bønder/fiskarar alle har negative koordinatar. Aksen gjev derfor ytterlegare informasjon om distansar mellom punkt i dei to nedste kvadrantane i Fig. 1.

Maktfeltet, det området der dei dominerande posisjonane er plasserte, vil i følgje teorien vere lokalisert i det mest kapitalsterke området av dette rommet, dvs. dei to kvadrantane til venstre i Fig. 1. Spørsmålet er så kva hovudopposisjonar ein finn internt i dette feltet, og i kva grad posisjonane som er lokaliserte her kan seiast å utgjere ein homogen eller heterogen elite?


[11]Ein vesentleg mangel ved analysen som ligg til grunn for Figur 1, er at viktige former for sosial og politisk kapital (sjå Bourdieu 1986, Hjellbrekke og Osland 2000, Hjellbrekke 2000), ikkje let seg inkludere, då ISSP-97 undersøkinga ikkje rommar slik informasjon. []

12 Sjå Hjellbrekke 2000 for detaljar om dei numeriske resultata frå denne spesifikke analysen. []

13Denne analysen er tidlegare publisert i Hjellbrekke 2000.


Publisert 25. nov. 2010 13:52