4. INTERNE STRUKTURAR OG HOVUDOPPOSISJONANE I DET NORSKE MAKTFELTET


4. INTERNE STRUKTURAR OG HOVUDOPPOSISJONANE I DET NORSKE MAKTFELTET

 

Resultata som følgjer er tufta på ein analyse av karakteristika ved 1711 personar i leiande stillingar i det norske samfunnet. Utvalet, gjort av Makt- og demokratiutgreiinga sine forskarar[14], er det følgjande:

a) Forskings- og utdanningsinstitusjonar - 146 personar

b) Forsvaret - 68 personar

c) Sentraladministrasjonen - 197 personar

d) Kyrkja - 107 personar

e) Kulturinstitusjonar - 143 personar

f) Media - 116 personar

g) Privat og offentleg næringsliv - 308 personar

h) Organisasjonar - 215 personar

i) Det politiske system - 190 personar

j) Politi- og justisvesen - 138 personar

 

Dei variablane vi har nytta som aktive kapitalindikatorar til konstruksjonen av eit norsk maktfelt, er dei følgjande:

Økonomisk kapital:

Skattlagd inntekt – 8 kategoriar

Kapitalinntekt – 7 kategoriar

Utdanningskapital/Arva kulturell kapital:

Eiga utdanning – 6 kategoriar

Far si utdanning – 6 kategoriar

Mor si utdanning – 6 kategoriar

Far sitt yrke – 7 kategoriar[15]

Mor sitt yrke – 7 kategoriar

Feltspesifikk sosial kapital[16]:

Antal år røynsle i sentraladministrasjon – 5 kategoriar

Antal år røynsle i forsking – 5 kategoriar

Antal år røynsle i politikken – 5 kategoriar

Antal år røynsle i organisasjonar – 5 kategoriar

Antal år røynsle i politi/justisvesen – 4 kategoriar

Antal år røynsle i næringsliv – 6 kategoriar

Antal år røynsle i forsvaret – 4 kategoriar

Antal år røynsle i kyrkja – 4 kategoriar

Antal år røynsle i media – 5 kategoriar

Antal år røynsle i kultursektoren – 5 kategoriar

Til saman sit vi att med 17 aktive variablar og 95 aktive variabelkategoriar til den multiple korrespondanseanalysen. Posisjonsvariabelen er ikkje gjeven status som ein aktiv variabel, men vil i staden bli projisert inn som ein supplementær variabel, dvs. ein variabel som ikkje har orienteringskraft på aksane sine retningar i rommet. I staden vil dei ulike posisjonskategoriane sine plasseringar verte fastlagde (eller ”forklarte”) utifrå kva verdiar dei har på tvers av alle dei aktive variablane i analysen.

Som det går fram av lista ovanfor, blandar vi også to ulike typar informasjon i denne analysen, då både mobiliteten mellom og innom generasjonar i røynda vert skriven inn i løysinga. Dette er ikkje ein problemfri strategi, men grunnen til at vi meiner denne kan forsvarast, er at ei slik løysing greier å føre saman to av dei sentrale produksjonsvilkåra med omsyn til strukturar i habitusane: både yrkesvilkåra og dei sosiale bakgrunnsvilkåra vert inkluderte i løysinga. Korleis dialektikken mellom desse to kjem til syne i dei posisjonane dei ulike leiarane inntek, skal vi komme attende til i den siste delen av rapporten. Første steget er å sjå korleis dei ulike posisjonane plasserer seg i høve til desse setta av kapitalindikatorane.

Analysen gjev oss i første omgang to hovudopposisjonar som vi kan nytte for å skildre dei interne skiljelinene i det norske maktfeltet. Akse 1 summerer opp 34,4% av inertiaen i materialet (eigenverdi= 0.16105), medan akse 2 summerer opp 22.2% av inertiaen i materialet (eigenverdi=0.14089)[17]. Tek vi utgangspunkt i individa sin plasseringar langs desse to dimensjonane, finn vi først dette mønsteret[18]:

Figur 2: Individposisjonar i det norske maktfeltet

 

Som det går fram av Fig. 2, gjev analysen oss ei triangulær punktsky, med relativt god separasjon mellom dei ulike individa sine plasseringar[19]. Gjeve denne forma, er det grunn til å tru at det er tre hovudpolaritetar i det norske maktfeltet.

Eit synopsis av dei numeriske resultata frå analysen, gjev oss eit første haldepunkt i den vidare tolkinga:

Tabell 1: Absolutte bidrag frå variablar til akse 1 og 2. Bidrag frå opposisjonar mellom variabelkategoriar til variablar (intrabidrag). Terskelverdi for variablar = 5.9%, for enkeltkategoriar 1.1%.

 

Variabel
Bidrag til Akse 1
Intrabidrag til variabel
Bidrag til Akse 2
Intrabidrag til variabel
Eiga inntekt
 
17.6% til akse 2.
340’-399’ vs. 750’-999’/1 mill+ : 64.5%
Kapitalinntekt
 
9.5% til akse 2
<10’ vs. 200’-999’/1 mill+: 74.7%
Eiga utdanning
 
13.3% til akse 2.
VG2/Univ2 vs. Forskarnivå: 81.%
Far si utdanning
21% til akse 1.
Grunnskole vs. Univ2/Univ3: 94.5%
6.4% til akse 2
VG1 vs. Univ.3 : 72.7%.
Mor si utdanning
18.7% til akse 1
Grunnskole vs. VG2/Univ.1-3: 98.4%
 
Far sitt yrke
21.1% til akse 1.
Leiande stilling ikkje manuelt vs
Fagl/Ufagl manuelt/Bonde: 93.9%
 
Mor sitt yrke
13.7% til akse 1
Leiande/Melloml. ikkje manuelt.
vs. Ufagl manuelt/Bonde: 92.3%
 
Antal år røynsle i forsking
 
8.9% til akse 2.
5-9 år/10-19 år/20 år+
vs. Ingen: 94.5%
Antal år røynsle i næringsliv
 
24.3% til akse 2.
20-29år/30år+ vs. Ingen: 95.4%
Sum, bidrag frå variablar
74.5%
80%

 

Når vi brukar foreldra sitt utdanningsnivå og deira posisjon i yrkeshierarkiet som indikatorar på arva kulturell kapital, ser vi at medan akse 1 i hovudsak står fram som ein akse som skil mellom høge og låge volum arva kulturell kapital, mao. i høve til individa sine sosiale bakgrunnsvilkår, verkar akse 2 å skilje mellom høge og låge volum økonomisk kapital, mellom høge og middels volum eigen utdanningskapital og (dels også) arva kulturell kapital, og mellom personar som anten har si primære arbeidsrøynsle innan forsking eller næringsliv.

Ein inspeksjon av dei ulike variabelkategoriane sine distribusjonar i individskya, gjev oss eit langt meir presist bilete av dei interne strukturelle opposisjonane som finnast i feltet.

For det første er opposisjonane i høve til foreldrebakgrunnar svært klare, både i høve til fedrar og mødrer sine utdanningar[20]. I begge tilfella (sjå Figurar 3 og 4) finn vi ein svært liten grad av overlapping mellom personane på toppen og på botnen av dette kapitalhierarkiet. Sjølv om biletet hadde vorte noko meir nyansert dersom ein også hadde inkludert barn av foreldre med 3-årige gymnasutdanningar i figurane, er det ingen tvil om at denne varianten av den kulturelle kapital-dimensjonen er i stand til å generere svært klare skiljeliner i det norske maktfeltet.

Samstundes framstår desse skiljelinene som klare barrierar i feltet:

 

Figur 3: Far si utdanning. Plasseringar for individ med fedrar med lågaste (raud) vs. høgaste (blå) utdanning.

 

Rørsler i retning av dei venstre kvadrantane av rommet viser seg å vere klart uvanlege for personar av lågt utdanna fedrar, og i det alt vesentlege finn vi det same mønsteret også i høve til mødrene sine utdanningar:

Figur 4: Mor si utdanning. Plasseringar for individ med mødrer med lågaste (svart), nest høgaste (raud) og høgaste (blå) utdanning.

 

Motsett ser vi også at rørsler i retning av kvadrantane til høgre i maktfeltet er like uvanlege for dei respondentane som har dei høgast utdanna foreldra. Ein første, organiserande opposisjon i maktfeltet er følgjeleg klart knytt til utdanningskomponenten i respondentane sine volum av arva kulturell kapital. Klarast ser vi dette i høve til fedrane sitt utdanningsnivå. At mønsteret er mindre klart når det gjeld mødrene heng saman med at det er langt meir vanleg at respondentane har mødrer enn fedrar med lågt utdanningsnivå, noko som truleg har å gjere med kjønnsmessige ulikskapar i utdanningsnivå i foreldregenerasjonane (sjå tabell 2.2 nedanfor). Det er såleis fedrane sitt utdanningsnivå som er mest utslagsgjevande med omsyn til den opposisjonen vi finn her. Samstundes er det verdt å merke seg at ein stor del av respondentane har foreldre med relativt lågt utdanningsnivå.

Denne stratifiserande mekanismen viser seg også, og ikkje uventa, å vere relatert til ein liknande, om enn ikkje like eintydig opposisjon med omsyn til foreldra sine yrkesbakgrunnar:

Figur 5: Far sine yrker. Leiande stilling (blå), ufaglært manuelt yrke (raud), bonde (svart).

 

Figur 6: Mor sine yrker. Leiande stilling (blå), ikkje-manuelt rutinearbeid (lilla), ufaglært manuelt yrke (raud).

 

Leiarar som sjølve er barn av foreldre i leiande stillingar er også å finne i sektorane til venstre, medan barn av foreldre i manuelle yrker og bønder er lokaliserte i sektorane til høgre i figurane. Medan dei interne skiljelinene mellom dei med foreldre i manuelle yrker eller i bondeyrket er vanskeleg å få auge på, er skiljelinene mellom manuelle yrker og leiande ikkje-manuelle stillingar klare. På dette punktet utviser hovudopposisjonen i maktfeltet klare likskapstrekk med hovudopposisjonen vi finn i konstruksjonen av det norske sosiale rommet (jf. figur 1). Personar med mødrer i lågare stillingar i ikkje-manuelle yrker (sekretærar, butikkpersonell mv) er imidlertid svært vanleg, og er spreidde over alle kvadrantane av feltet (jf. mødrene sitt lågare utdanningsnivå). Samla framstår aksen som ein volumakse med omsyn til kulturell kapital, som primært skil i høve til den arva kulturelle kapitalen, men også i høve til eigen utdanningskapital (eller institusjonalisert kulturell kapital [Bourdieu 1986]). Sjølv om det ikkje går klart fram av figurane ovanfor, skil akse 1 også, om mindre eintydig, mellom universitetsutdanna og personar med anten grunnskole- eller vidaregåande utdanning. Gjennomsnittspunkta for alle dei lågaste utdanningane er lokaliserte til høgre i feltet, og i klar avstand frå gjennomsnittspunkta for dei ulike universitets- og høgskoleutdanningane (sjå òg figur 9). Å tolke aksen som ein generell kapital-volumakse, er likevel problematisk. Sjølv om gjennomsnittspunktet for dei aller høgaste inntektene (1 mill+) får negative koordinatar på aksen (dvs. ligg til venstre i figurane 3 og 4), er mønsteret ikkje eintydig. Dei to lågaste inntektskategoriane (<340’, 340’-399’) ligg begge nær aksen sitt nullpunkt.

Likefullt skildrar aksen ein grunnleggande opposisjon mellom to ulike vilkår for forminga av primære strukturar i dei individuelle habitusane. Utan at vi direkte kan slutte oss til dette frå resultata av denne analysen, har både franske (Bourdieu 1979) og norske studiar (Rosenlund 1998, 2000) dokumentert klare samanhengar mellom posisjonane i det sosiale rommet og i livsstilsrommet. Personar som er lokaliserte i dei områda av feltet der ein finn dei mest omfattande akkumulerte voluma av personleg og arva kulturell kapital, har ofte hatt ein oppvekst i heimar der det var mange bøker, der utdanning vert verdsett høgt, samstundes som foreldra ikkje sjeldan er å finne i funksjonær-, leiarstillingar, ”frie yrker” (td advokat), profesjonar og stillingar i høgare utdanning. Ein finn også klare samanhengar mellom desse posisjonane og individuelle disposisjonar i retning av både å verdsetje, å ha omfattande kunnskapar om og å vere hyppige brukarar av dei formene for kunst, kultur, litteratur og musikk som vert assosiert med ”høg-” eller ”finkultur”, ”avansert smak”, ”avantgarde” eller for den saks skuld ”kulturadelen”. Motsett finn ein klare samanhengar mellom det å ikkje ha slike bakgrunnar og det å verdsetje meir ”populærkulturelle” uttrykksformer, som td. countrymusikk, svensk dansemusikk, figurativ kunst og populærlitteratur.

Mot denne bakgrunnen vil det derfor ikkje vere overraskande om fleirtalet av personar i leiarstillingar innan kultursektoren også er å finne i dei områda av feltet der akkumulasjonen av kulturell kapital er på sitt sterkaste, og der denne kapitaltypen også utgjer det dominerande elementet i profilen over det samla kapitalvolumet.

Går vi vidare til akse to, den vertikale aksen, synest den å vere noko meir kompleks i si oppbygning. Frå tabell 1 går det fram at både økonomiske og kulturelle kapitalindikatorar yter høge bidrag til aksen, og at polariteten mellom arbeidsrøynsle i forsking vs. næringsliv er sentral. Ei nærare gransking av individskya viser for det første at aksen heilt klart skil mellom høge og låge volum av økonomisk kapital:

 

Figur 7: Inntektsforskjellar. 1 million+ (blå), 575-750 000 (grønt), 340- 399 000 (raud).

 

 

Som det går fram av figur 7, er individpunkta for dei høgaste inntektene (1 mill+) klart konsentrerte i øvre venstre kvadrant. Motsett er punkta som indikerer dei lågare inntektene lokaliserte i dei to nedste kvadrantane, medan dei (for denne gruppa) middels inntektene er plasserte i sentrum.

Figur 8: Kapitalinntekter. 1 mill+ (blå), 299’-999’ (svart), <10’ (raud)

I figur 8 finn vi eit liknande, om ikkje like klart mønster for fordelinga av kapitalinntektene. Også i dette tilfellet er personar med dei høgaste inntektene å finne i øvre, venstre kvadrant, medan det store fleirtalet med ei kapitalinntekt mindre enn 10 000 kroner er sterkast konsentrert i dei to nedste kvadrantane.

Men aksen avdekkjer samstundes ein opposisjon mellom personar med dei aller lengste universitetsutdanningane og dei med mellomlange universitets-/høgskuleutdanningar og dei aller lågaste utdanningane:

 

Figur 9. Eigne utdanningar: Dr.gradsnivå (raud), cand.mag/4 årig høgskule (svart),

utan studiekompetanse (blå).

 

Aksen avdekkjer slik ein polaritet mellom personar som anten har dei høgaste voluma økonomisk kapital eller dei høgaste voluma utdanningskapital, og kan følgjeleg best skildrast som ein kapitalstruktur-akse[21].

Dei med dei lengste utdanningane finn vi i dei to nedre kvadrantane, og dei som avslutta skulegangen anten etter obligatorisk skulegang, etter 3 år på vidaregåande, eller tok ei av dei kortare universitets- eller høgskuleutdanningane (td. NHH) finn vi primært i dei to øvre kvadrantane, men på kvar si side av akse 1. Her finn vi også dei med dei høgaste inntektene. All den tid aksen også, og på liknande vis, skil mellom personar med bakgrunn i forvaltning eller forsking, og personar som primært har bakgrunnen sin innanfor næringslivet, er dette kanskje ikkje overraskande. I alle høve vitnar strukturen i det norske maktfeltet om at høge volum av institusjonalisert, kulturell kapital ikkje utan vidare let seg konvertere til høge volum økonomisk kapital. Sjølv om den kulturelle kapitalen verkar å fungere som ein seleksjonsmekanisme gjennom å utgjere eit minimumskrav med omsyn til kva kapitalvolum ein må ha for å få tilgjenge til bestemte områder av maktfeltet, er det ingen eintydig samanheng mellom lengda på utdanninga og den økonomiske verdien den kan konverterast til. Dei karrierane som krev dei aller lengste utdanningane er dei som gjev dårlegast økonomisk avkastning i feltet. Frå ein slik synsvinkel er utdanningssystemet ikkje utan vidare mobilitetskanalen å satse på dersom målet er å akkumulere dei store voluma av økonomisk kapital. Snarare tyder strukturen i feltet på at to parallelle, om enn innbyrdes relaterte logikkar er verksame med omsyn til kapitalakkumulasjonsprosessane. Akkumulering av høge volum av ein type kapital utelukkar eller gjer det vanskeleg å akkumulere tilsvarande høge volum av andre typar kapital. Dobbel kapitalakkumulasjon (av så vel økonomisk kapital som utdanningskapital) bryt med logikken og den grunnleggande polariteten i maktfeltet. Når vi projiserer dei ulike posisjonane i maktfeltet inn i dei hovudopposisjonane vi så langt har avdekka, kjem denne strukturen til syne[22]: Figur 10: Posisjonar i det norske maktfeltet

Hypotesen om ein tri-polar feltstruktur vert langt på veg stadfesta av figur 10: vi finn ei klynge av posisjonar som alle er knytte til det private næringslivet, ei klynge sentrert rundt posisjonar i det politiske systemet og ei klynge av posisjonar som høyrer til i offentleg sektor.

For det første framstår feltet med eit klart skilje mellom posisjonar i offentleg og i privat sektor. Denne opposisjonen kjem til uttrykk langs akse 2, og finn si tydelegaste form i polariteten mellom leiarar av høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar og i kyrkja vs. leiarar og/eller eigarar av private verksemder. Likeeins ser vi at gjennomsnittspunkta for dei posisjonane som indikerer tilknyting til det politiske systemet er å finne i nærleiken av kvarandre, samla i ei klynge til høgre i feltet. Her finn vi også leiarane i arbeidstakarorganisasjonar, og også gjennomsnittspunktet for dei politiske kommentatorjournalistane. Det er altså ikkje berre i det fysiske rommet – td. rundt eit bord på Tostrup-kjellaren eller i Stortingsrestauranten – at journalistar og politikarar møtest. Strukturelt står dei også nær kvarandre i det norske maktfeltet.

Vi finn vidare at dei områda der akkumulasjonen og reproduksjonen av den kulturelle kapitalen er på sitt aller sterkaste – i nedste venstre kvadrant – også er der vi finn gjennomsnittspunkta for leiarar av kulturinstitusjonar, leiarar av frittståande forskingsinstitusjonar og høgare embetsmenn som dommarar. Også kyrkjelege leiarar ligg i nærleiken av dette området. Ikkje uventa gjev høge akkumulerte volum av kulturell kapital slik også lettare tilgang til posisjonar der ein kan utøve makt gjennom leiinga av sentrale institusjonelle distributørar av ulike former for kulturell kapital.

Motsett ser vi at politikarposisjonane er å finne i det området der akkumulasjonen av så vel eigentileigna som arva kulturell kapital er på det lågaste. Som analysen ovanfor har vist, er storparten av dei personane som sjølve er barn av lågt utdanna foreldre, og oftare med bakgrunn i manuelle yrker, lokaliserte i dei to kvadrantane til høgre. Samstundes er nesten alle respondentar som i tillegg er utan studiekompetanse å finne i den øvre av desse to. Analysen gjev derfor klare indikasjonar på at den kulturelle og den politiske eller organisasjonsbetinga kapitalen står i diagonal opposisjon til kvarandre i det norske maktfeltet. Medan dei politiske posisjonane øvst til høgre står fram som dei mest opne med omsyn til sosial mobilitet, er posisjonane som er lokaliserte i nedste venstre kvadrant av maktfeltet tvert om dei mest lukka.

Dette mønsteret er interessant i høve til ein diskusjon om tilhøvet mellom politikarar eller politiske parti og intellektuelle i Noreg. Mange har hevda at dette tilhøvet er prega av distanse og gjensidig mistru[23]. Og om vi kan plassere dei intellektuelle i første rekke i dei nedre kvadrantane i feltet, er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor dei tilhøyrer ein del av eliten som synest å vere framand og lukka for mange av medlemene av den politiske eliten. Samstundes må det minnast om at det innan den politiske eliten også finnest fleire med den samansetjinga av arva (og til dels tilegna) kulturell kapital som er typisk for den kulturelle eliten, og at det innan den kulturelle eliten også finnest fleire som har den samansetjinga av arva kulturell kapital som er typisk blant politikarar. Det er såleis grunn til å tru at det er indre opposisjonar mellom habitusar i begge leirar som det kan vere viktig å ta omsyn til i analysar av tilhøvet mellom til dømes universitetssektoren og politikarane i saker som gjeld forskingspolitikk og reformer i universitets- og høgskolesektoren[24].

At dei politiske posisjonane står fram som dei mest opne med omsyn til sosial mobilitet er også interessant i høve til påstandar om at det finnest klare tendensar til reproduksjon av ein sosialdemokratisk politisk adel i Noreg[25]. I eit firesiders oppslag som omhandla Jens Stoltenberg si karriere, gjorde Dagens Næringsliv den 2.september 2000 td. eit stort poeng av at ei rekkje leiande yngre politikarane og høgare embetsmenn ikkje berre er fødde og oppvaksne på Oslo vestkant, men ofte og kjem frå leiande politikar- og embetsmannsfamiliar, har starta sine politiske karrierar i dei same miljøa (i dette tilfellet Majorstua AUF), og utviser klare likskapstrekk med omsyn til partnarval, utdannings- og yrkesløp. Rekrutteringa til viktige posisjonar i politikk, embetsverk, næringsliv, forskingsinstitusjonar og media synest såleis å skje frå eit lite, oversiktleg og svært homogent miljø, som både er rikt på utdanningskapital, tildels også økonomisk kapital, men kanskje aller viktigast: på arva og eigentileigna politisk kapital, som vert ytterlegare understøtta av verdfulle former for symbolsk og sosial kapital, etablert gjennom dei homogamitendensane ein finn i feltet.

Funnet ovanfor gjer at denne tesen i det minste må modifiserast. Vi kan likevel ikkje utelukke at banene til medlemene av Majorstua AUF på 70-talet er (eller er i ferd med å verte) typiske for dei personane som kan plasserast i dominerande posisjonane internt i det politiske feltet[26]. At slike baner finnest, og kanskje har vorte meir vanlege, samstundes som det politiske feltet synest å vere relativt opent for personar med meir “kapitalsvake” bakgrunnar, peikar i retning av ein feltintern opposisjon. Manglande volum av kulturell eller økonomisk kapital har ein til no kunne kompensere for med eit tilsvarande høgt volum av politisk kapital, akkumulert gjennom arbeid i andre institusjonar og på andre arenaer. Det politiske systemet er følgjeleg meir enn ein arena for politisk og ideologisk strid om maktposisjonar i, og utforminga av det norske samfunnet; det er også ein alternativ mobilitetskanal i det norske samfunnet[27].

Samstundes finn vi i dei seinare åra klare dømer på at det ikkje berre har vorte mogleg, men for enkelte agentar også klart ynskjeleg å kunne konvertere den politiske kapitalen til andre former for kapital[28]. Sjølv om dette ikkje nødvendigvis er noko nytt eller uvanleg, er det tilhøve som like fullt gjev grunn til å spørje om det er ein ny politisk habitus i emning. Den makta og autoriteten som deltakarane i det politiske feltet har, kviler på ei særskilt form for symbolsk makt. Generelt kan ein seie at det som gjev personar symbolsk makt er at dei representerar noko som andre gjenkjenner og påskjøner som noko verdfullt – noko som gjev respekt, som ein kan ha tillit til, som vert forbunde med plikt, ære og samvit. Det spesielle med det politiske feltet er at dette er kjenneteikn og eigenskapar som ikkje primært har å gjere med kva slags økonomisk, kulturell eller sosial kapital ein har, men med korleis ein forvaltar det å representere andre enn seg sjølv. Difor vert det også så viktig for politikarar å unngå all mistanke om at deira engasjement i feltet i første rekke berre tener eigne (kapital)interesser. I den ”dynastidebatten” vi har vore inne på, dukkar ein slik mistanke opp: nokon har tilgjenge til politiske maktposisjonar i kraft av familieakkumulerte former for økonomisk, kulturell og sosial kapital, og forvaltinga av denne ”formuen” er langt viktigare for dei enn forvaltinga av rolla som representant for andre. Då Reiulf Steen for nokre år sidan i eit intervju blei konfrontert med påstanden om familiedynasti i Arbeiderpartiet imøtegjekk han denne mistanken med å peike på at det ikkje var så underleg at så mange av barna i dei aktuelle familiane finnest att i viktige posisjonar, sett på bakgrunn av den tidlege innpodinga av politisk engasjement og sosial rettferdssans i desse familiane. Deira politiske sosialisering gjorde det naturleg for dei å engasjere seg i det strevet som er nødvendig for å oppnå politiske posisjonar, og det er dette engasjementet og strevet – ikkje familieband og sosiale samband som er utslagsgjevande. Det Steen med dette seier, er at dette dreier seg om personar som har den politiske habitus som nettopp vert kravd i det politiske feltet om ein skal verte gjenkjent og påskjøna på ein måte som gjev symbolsk makt i feltet.

Om vi skal tru Reiulf Steen, tyder dette på at ein vel påskjøna og lett gjenkjenneleg politisk habitus vert halde i hevd. Yngre partikollegaer opptrer og uttalar seg imidlertid på måtar som kan tolkast i motsatt lei. Som når til dømes ein ung sosialdemokrat i eit avisintervju ikkje legg mykje skjul på at partiet har vore ein ”arena til karrierebygging”, i og utanfor politikken, og at det at partiet nettopp kan vere ein slik arena er avgjerande for rekrutteringa til partiet[29]. At politikken her framstår som ein av fleire mogelege ”arenaer” for personleg karriere, bryt i alle høve med den politiske habitus Steen har i tankane.

Hypotesen vår om at dei svakaste mobilitetsbarrierane er å finne i det politiske feltet er derfor dobbel: det politiske feltet har ikkje berre dei mest opne banene inn i maktfeltet. For bestemte agentar har barrierane mellom det politiske feltet og dei andre av delfelta i maktfeltet vorte svekka. Der ein tidlegare hadde eit meir avgrensa utval retrettstillingar frå politikken, som td. fylkesmann, kringkastingssjef, direktør i Statens Lånekasse eller i Husbanken, synest karrierevegane i dag ikkje berre å vere andre og fleire enn for 20 år sidan. Baner som av ulike (og ideologiske) årsaker før var ”blokkerte” eller ”utenkjelege”, framstår i dag ikkje berre som legitime, men også ynskte. Samstundes rommar denne trenden eit paradoks. Utover 1990-talet har det politiske feltet sin posisjon i det interne felthierarkiet i maktfeltet gradvis vorte svekka og underkasta det økonomiske feltet sin logikk: på ei rekkje områder har politisk styring vorte erstatta av marknadsstyring. Likefullt vitnar dei hyppigare skifta mellom politikk og næringsliv om at den politiske kapitalen sin verdi i maktfeltet har auka.

Samstundes aktualiserer dette ei anna sentral problemstilling. Kvinner sine posisjonar i maktfeltet viser seg å vere langt meir konsentrerte enn tilsvarande posisjonar for menn. Medan menn er jamt distribuerte i alle kvadrantar i figur 10, finn vi svært få kvinner i næringslivskvadranten øvst til venstre. Dette har fleire konsekvensar. Ikkje berre er kvinner i røynda ekskluderte frå dei områda av maktfeltet der ein finn næringslivsleiarane, og med det også frå ein primær arena for utøving av økonomisk makt. Sett under eitt framstår den interne opposisjonen mellom høge og låge volum av kulturell kapital, og følgjeleg også mellom politisk og kulturell kapital, òg som klart meir dominerande for kvinner enn for menn.

Den siste hypotesen må likevel nyanserast i høve til ulike karrierar og posisjonar internt i maktfeltet, ettersom vi ikkje kan utelukke at den same opposisjonen gjer seg gjeldande internt i dei ulike posisjonane. For å få avklart dette, og for samstundes å få eit betre inntrykk av dei ulike gruppene sin konsentrasjon og spreiing internt i feltet, har vi derfor kombinert desse to variablane, og lagt konsentrasjonsellipsar rundt individ som har arbeidsrøynsler frå eit sett utvalde posisjonar[30]. Slik kjem dei posisjonsspesifikke opposisjonane også klarare fram:

Figurar 11.1-11.5: Antal år arbeidsrøynsle i utvalde samfunnssektorar

(Illustrasjoner mangler)

Kvar konsentrasjonsellipse femner om 86% av alle individ som har det gjevne kjenneteiknet[31]. Gjeve kodinga, vil eit individ som har arbeidsrøynsler frå fleire ulike posisjonar derfor kunne vere representert i fleire av figurane ovanfor[32]. Tolkinga av ellipsane er etter måten intuitiv: grupper som er polariserte langs begge dimensjonar vil få rundare ellipsar enn grupper som er sterkare polariserte langs ein av dimensjonane. Jo vidare omkrinsen av ein ellipse er, dess meir omfattande er også den romlege spreiinga av den gjevne gruppa. Medan tett samla grupper får “tronge” ellipsar, får vidt spreidde grupper derfor “vide” ellipsar. Vinkelen på ellipsen fortel oss vidare kva aksar som influerer sterkast på individfordelingane. I figurane ovanfor ser vi at fleire er strekte langs den første aksen, og følgjeleg prega av opposisjonen mellom høge og låge volum kulturell kapital, samstundes som dei tek ein diagonal retning gjennom feltet (frå høgre i retning av nedre venstre kvadrant). Retninga som ellipsane tek vert avgjort av korleis opposisjonen mellom økonomisk kapital og utdanningskapital (akse 2) verkar inn på individfordelingane. Veg td. den økonomiske kapitalen tyngre enn utdanningskapitalen i individprofilane, går ellipsen frå høgre mot øvre venstre kvadrant. Ei sterk grad av overlapping mellom, og like former på to eller fleire ellipsar er vidare ein indikasjon på ein likearta distribusjon av individpunkta i feltet. Motsett tyder ein klar separasjon mellom, og/eller ei klart ulik form og/eller ulik retning på to eller fleire ellipsar at dei gruppespesifikke skiljelinene er meir klare. Som vi ser av figurane 11.1-11.5, er det både klare likskapstrekk og forskjellar i det analyserte materialet.

Den klare fellesnemnaren i figurane 11.1-5 er den tydelege posisjonsinterne opposisjonen langs den første aksen for alle grupperingane med lengst fartstid frå sin sektor. Opposisjonen mellom personar med høge vs. låge volum av arva kulturell kapital går att i alle fem sektorar. Med unntak for dei lengste karrierane i næringsliv og i forsking, femner alle ellipsane også om origo. Likevel finn vi berre ei marginal overlappande sone mellom dei med lengst karrierar i næringslivet og dei med lengst karrierar i dei fire andre sektorane, og den klare separasjonen mellom dei med lengst arbeidsrøynsle i næringslivet og i forsking er påtakeleg[33]. Vidare er respondentar med inntil fire år arbeidsrøynsle innan forsking og/eller forvaltning gjenstand for omfattande spreiing i feltet, og representerte i alle kvadrantar. Denne typen arbeidsrøynsle er følgjeleg verken særleg eksklusiv eller ekskluderande i høve til posisjonar i nokon av sektorane.

Derimot utmerkar dei kortare karrierane innan forsvaret og særleg i politi- og justisinstitusjonar seg ikkje berre som meir eksklusive i sin feltdistribusjon (begge dreg mot dei kapitalsterke områda lengst til venstre i feltet). Som dei einaste finn vi også klare sektorinterne skiljeliner mellom personar med korte vs. lange karrierar. Medan opposisjonen mellom høge og låge volum kulturell kapital genererer interne skiljeliner blant dei med dei lengste karrierane, slår polariteten mellom økonomisk kapital og utdanningskapital klart sterkare inn for dei med kortare fartstid frå anten politi/justis eller forsvaret. For den første gruppa kan dette delvis tilskrivast ein kombinasjon av at gjennomsnittsalderen for advokatane i materialet er klart lågare enn for dommarar og personar innan politi- og påtalemakta. I tillegg finn vi ein opposisjon mellom desse tre gruppene sine respektive gjennomsnittspunkt. Likeeins kan vi ikkje utelukke at opposisjonen internt blant personar med røynsle frå forsvaret vert mindre tydeleg dersom tidlegare feltprestar vert uteletne frå analysen. Men plasseringane av, og vinklane på desse ellipsane tyder likefullt på at denne typen røynsle anten heng saman med, eller gjev lettare tilgang til baner som særleg fører i retning av posisjonar i næringslivskvadranten. Kontrasten til nettopp næringslivskarrierane er då òg slåande. Medan vi for dei førstnemnde finn eit klart brot mellom dei korte og lange karrierane, er det innslaget av kontinuitet som dominerer i den sistnemnde gruppa: her finn vi ei svak reorientering i høve til akse 2 (vinkelen til ellipsane endrar seg) kombinert med ei klar forskyving langs den same aksen. Med andre ord aukar den økonomiske kapitalen si vekt parallelt med lengda på fartstida i næringslivsposisjonane. Grunna mangelen på tidsseriedata, er det ikkje grunnlag for å trekke konklusjonar om i kva grad desse forskjellane skuldast posisjonsrelaterte karriereforskjellar eller generasjonsskiljeliner.

Sjølv om analysen så langt både har avdekka eit sett hovudopposisjonar og også klare indikasjonar på mobilitetsbarrierar internt i maktfeltet, gjev dei grafiske resultata frå korrespondanseanalysen ikkje svar på kor sterke desse barrierane er. Vi har heller ikkje funne eit uttrykk for karakteren til dei parvise samanhengane. Nedanfor skal vi derfor supplere resultata frå den multiple korrespondanseanalysen med ein loglineær analyse av homogami- og mobilitetsmønstra i maktfeltet. To problemstillingar vil organisere analysen: I kva grad skjer rekrutteringa til topposisjonar i det norske samfunnet frå grupper som har gjort sine grunnleggande røynsler i homogene oppvekstmiljø? Og i kva grupper finn vi dei sterkaste innslaga av heterogenitet?


[14] For ein meir omfattande presentasjon av prinsipp for utvalstrekking og av data frå spørjeundersøkinga, sjå Holt & Prangerød 2001 og Gulbrandsen (red) 2002. []

15I kodinga av yrkesvariabelen har vi nytta ein noko modifisert versjon av Harry Ganzeboom sin konverteringsnøkkel frå ISCO88-kodar til Goldthorpe sitt klasseskjema i 7-kategoriar versjonen. Denne framgangsmåten er ikkje utan vanskar. For å redusere feilkjeldene har vi samanlikna og justert resultata Ganzeboom sin nøkkel gjev for Leiarskapsundersøkinga med dei resultata ein får når den same nøkkelen vert nytta på andre norske data om sosial mobilitet, samla inn i same tidsrom (undersøkinga "Holdning til sosial ulikhet (ISSP) 1999"). Sjå elles Ganzeboom (www.fss.uu.nl/soc/hg(isko88/index.htm ) og Goldthorpe og Erikson 1991[]

16I kva grad arbeidsrøynsle fell inn under omgrepet sosial kapital kan drøftast. Når vi likevel har valt å kalle arbeidsrøynsle for feltspesifikk sosial kapital, skuldast det både det at ein person med lang fartstid innanfor ein gjeven sektor av maktfeltet, vil kunne opparbeide eit omfattande nettverk som gjev vedkomande tilgang til ytterlegare ressursar, samstundes som vedkomande over tid med stor visse også vert inkludert i eit sett institusjonaliserte relasjonar som i tillegg gjev tilgang til kollektivt eigd sektorspesifikk kapital. Begge desse kriteria tilfredsstiller Bourdieu sin definisjon av 'sosial kapital'. (Sjå Bourdieu 1986: 248/249) []

17Vi har her valt å rekne ut dei modifiserte eigenverdiane for å gje eit meir korrekt bilete av aksane sin sentralitet. (Sjå Hjellbrekke 1999)[]

18Dei etterfølgjande korrespondanseanalysane er gjorde med programvaren ADDAD, og dei postfaktorielle analysane med tilhøyrande grafar med EyeLID2. EyeLID2 er utvikla av Bernard & al. (1988) i "Groupe Mathématiques et Psychologie", Université René Descartes, 45 rue des Saints-Pères, 75270 Paris Cedex 06.[]

19Dette ser vi mellom anna utifrå det at det er lite “magma” i skya. []

20Gjeve alderen på respondentane, er det ikkje uventa at vi finn langt færre mødrer enn fedrar med høgare utdanning.[]

21 Også dette er i tråd med funna til Bourdieu (1979, 1989) og Rosenlund (1998, 2000)[]

22Av presentasjonsmessige årsaker går vi over frå å sjå på enkeltindivida sine posisjonar til å sjå på gjennomsnittspunkta for dei individa som innehar dei ulike posisjonane. []

23Det synast m.a. å ha vore utbreidd skepsis mot intellektuelle i norsk fag- og arbeidarrørsle. For ei meir allmenn drøfting av innslag av anti-intellektualisme i norsk modernitetshistorie, sjå td. Slagstad (1998) og Skirbekk (2002). []

24Jf. Vabø 2002, 2003.[]

25 Siri Bjerke, Gro Harlem Brundtland, Hanne Harlem, Grete Faremo og Rune Gerhardsen er i så måte alle nærliggande dømer.[]

26Og slik sett er typiske baner for den politiske høgadelen. []

27Vi vil samstundes understreke det usikre ved ein slik mobilitetsstrategi, ettersom desse posisjonane høyrer til dei meir utrygge som er å finne i maktfeltet. Kvart fjerde år risikerer ein som kjent å tape posisjonen ein har, anten gjennom partiinterne nederlag i nominasjonsprosessane eller gjennom valnederlag. Det er heller ingen automatikk i det at den politiske kapitalen kan konverterast til dei andre kapitaltypane. Går ein gjennom lista av dei som har kunna veksla inn eller konvertert sin politiske kapital til høgtlønna stillingar i skjeringsflata mellom næringsliv og politikk, finn vi truleg også ein systematikk: at brorparten av dei anten har vore mellom dei høgast profilerte innan sine partigrupper, mellom dei med høgare utdanning eller mellom dei med fartstid som statssekretær eller minister. Lang politisk røynsle er følgjeleg ikkje i seg sjølv einstydande med eit høgt volum politisk kapital. []

28Den 16. april 2002 hadde td. Bergens Tidende eit oppslag om at fleire, yngre sosialdemokratiske politikarar hadde vorte rekrutterte til direktørstillingar i NHO då dei gjekk ut av politikken. Som Grete Knudsen og Kjell Opseth sine engasjement i Mjellem & Karlsen-saka viser, er dette ikkje isolerte tilfeller som berre gjeld for yngre politikarar. Utover 1990-talet har ei rekkje andre og eldre tillitsvalde gått frå leiande stillingar i politikken til direktørstillingar i Storebrand, kommunikasjonsrådgjevarstillingar i GeelmuydenKiese, starta eigne lobbyverksemder, eller vortne styremedlemer i td. AkerRGI eller SunndalCollier. []

29 Intervju med Sigurd Grytten (tidlegare stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet og tidlegare leiar av AUF i Hordaland, leiar av Europabevegelsen 2002, no tilsett som medie- og myndighetskontakt i Burston-Marsteller), BT, 21.04.2002[]

30Vi har valt å presentere dei posisjonane som best er i stand til å skildre både sentralitet og spreiing i materialet. []

31Dette tilsvarer +/- 2 standardavvik utifrå gjennomsnittspunktet i ei todimensjonal tilnærma normalfordeling, med aksane stilte ortogonalt på ein annan. Som dette tilseier, er denne framgangsmåten, som er utvikla av Brigitte Le Roux ved Université René Descartes, Paris, noko sensitiv for skeivfordelingar. Likeeins vil kategoriar som femner om få individ lettare verte påverka av "uteliggarar" enn det kategoriar som femner om mange individ vil vere. Ei viss varsemd i bruken av teknikken, td. ved først å granske kvar individsky sin totale distribusjon i rommet, er derfor å tilrå. []

32For ein første analyse av intersektormobilitet, sjå Beldo Klausen i Gulbrandsen op.cit., s. 60-62. []

33Den omfattande vekslinga mellom framtredande posisjonar i forsking og næringsliv, som Moen (2002) framhevar som eit kjenneteikn ved det finske samfunnet, synest i norsk samanheng såleis å vere langt meir avgrensa, og kan kanskje òg delvis forklare kvifor det ser ut til å vere langt vanskelegare å få til ei meir permanent større satsing på forsking i Noreg (jf. òg opposisjonen mellom politikarposisjonane og forskingsposisjonane) ?


Publisert 25. nov. 2010 13:52 - Sist endret 15. nov. 2013 12:42