5. HOMOGAMI- OG MOBILITETSMøNSTER I DET NORSKE MAKTFELTET


5. HOMOGAMI- OG MOBILITETSMøNSTER I DET NORSKE MAKTFELTET

Forsking om homogami og om sosial mobilitet omhandlar omfanget av sosial ulikskap i eit samfunn, og korleis ulike former for ulikskap vert oppretthaldne eller endra innan ein generasjon eller frå ein generasjon til den neste. I studiar av intergenerasjonell mobilitet, analyserer ein til vanleg to hovudtypar mobilitet: utdanningsmobilitet - i kva omfang skilja med omsyn til utdanningsnivå i foreldregenerasjonen også vert vidareført til borna - og yrkesmobilitet - i kva omfang yrkesval tenderer til å gå i arv frå ein generasjon til neste. På bakgrunn av slike analysar, har det også vore vanleg å trekkje slutningar om omfanget av mobilitet mellom sosiale klassar eller sosioøkonomiske statusposisjonar[34].

Innanfor denne forskinga kan ein igjen skilje mellom to hovudposisjonar, som begge har ideologiske slagsider. Liberale, og i hovudsak amerikanske forskarar (td. Blau & Duncan 1967) har vektlagt at eit høgt omfang av så vel utdannings- som yrkesmobilitet har vore eit av dei sentrale kjenneteikna ved vestlege industrisamfunn, og dette vert sett i samband med eit forsvar for eit liberaldemokratisk styresett. Ein høg mobilitetsrate inneber at posisjonar ikkje går i arv, og dette vert sett på som ein avgjerande faktor for vedlikehaldet og utviklinga av demokratiet.

I meir venstreorienterte, europeiske forskingsmiljø har ein snarare vektlagt omfanget av reproduksjonen av sosial ulikskap i dei same samfunna. Trass i eit tilsynelatande aukande omfang av sosial mobilitet, anten i form av ein generell auke i utdanningsnivået frå ein generasjon til den neste eller ei omfattande endring av yrkesposisjonar, finn ein likefullt at reproduksjonen av sosial ulikskap er eit sentralt kjenneteikn ved såkalla liberaldemokratiske samfunn. Og sjølv om ikkje maktposisjonar direkte treng å gå i arv, finn ein likefullt at personar som er i slike posisjonar utviser stor grad av likskap både med omsyn til sosial bakgrunn, utdanningsval og karrierevegar. Banene deira er om ikkje like, så iallfall likearta. Til denne forskingstradisjonen høyrer også Pierre Bourdieu, som systematisk har knytt sine mobilitetsanalysar til problemstillingar om korleis ulike former for kapital – kulturell, økonomisk eller sosial – kan investerast i feltstridar om ulike former for makt.

Som vi har sett ovanfor, kan også det politiske systemet fungere som ein mobilitetskanal, ved sidan av utdannings- og yrkeskanalen. Ein fullstendig analyse av dette komplekset fell likevel utanfor rammene av det som det er mogleg å rekke over i denne rapporten, og ville også krevje andre data enn dei vi har tilgang til. Analysen måtte i tillegg også vere systematisk, historisk samanliknande i orientering. Likeeins byr ein analyse av intergenerasjonell yrkesmobilitet i vårt tilfelle på særeigne problemstillingar, då storparten av respondentane vert plasserte i kategorien ”leiande stilling”. Vi skal derfor avgrense oss til ein analyse av omfanget av yrkes- og utdanningshomogami i foreldregenerasjonen, av utdanningsmobilitet mellom generasjonane og av utdanningshomogami blant eliterespondentane.

Årsaka til at vi også vil analysere homogamimønstra, er tufta på ein hypotese om at ekteskapsmønstra er ein god indikator på dei sosiale distansane som var dominerande i foreldregenerasjonen, og med det også i oppvekstmiljøa til dagens leiarar. Personar som står nær kvarandre i det sosiale rommet har ikkje berre større sjansar for å utvise likskapstrekk i smakspreferansar og livsstilar. På ekteskapsmarknaden har dei òg større sjansar for å kjenne att og å verdsetje personar med eigenskapar, livsstilar, preferansar, verdsoppfatningar og kapitaltypar som dei sjølve verdset. Desse disposisjonane er det i neste omgang gode grunnar til å tru vert vidareførte til dei borna dei har sett til verda.


[34]Det klassiske arbeidet i norsk mobilitetsforsking er Natalie Rogoff Ramsøy sin studie av mobilitetsmønstra for tre kohortar menn, fødde i 1921, 1931 og 1941 (Rogoff Ramsøy 1977).


Publisert 25. nov. 2010 13:52