6. POSISJONAR OG POLITISK STILLINGSTAKING. EIN ANALYSE AV STRUKTURELLE LIKSKAPAR OG ULIKSKAPAR I ELITEHABITUSAR


Med utgangspunkt i dei univariate frekvensfordelingane, har vi valt ut 20 av dei påstandane som respondentane vart bedne om å ta stilling til utifrå ein firepunktsskala (frå sterkt samd til sterkt usamd). I ei standard, ”kausal”analytisk tilnærming er tidsrekkjefølgja for variablane avgjerande for kva som får status som såkalla avhengige og uavhengige variablar. Medan posisjons- og bakgrunnsvariablar typisk vil få status som uavhengige variablar, vil haldningsvariablar få status som avhengige variablar.

I analysen nedanfor er retninga på analysen den motsette. Haldningsvariablane er definerte som aktive, medan bakgrunns- og posisjons-variablane er definerte som supplementære. Dette gjev oss ikkje berre ein strengare kritisk ”test” av korleis samanhengen mellom feltposisjonar og stillingstaking artar seg. Det gjev oss samstundes eit klarare bilete av korleis dei ulike posisjonane grupperer seg i høve til kvarandre i dei aktuelle politiske stridsspørsmåla, av kva spørsmål som maktar å generere dei klaraste skiljelinene mellom dei ulike posisjonane, og følgjeleg også av dei strukturelle likskapane og ulikskapane mellom dei ulike grupperingane sine habitusar.

Den multiple korrespondanseanalysen avdekkjer to klare hovudopposisjonar. Til saman summerer desse opp heile 81% av variasjonen i materialet. Akse 1 er klart dominerande, og fangar opp 55% av inertiaen (eigenverdi=0.23078), mot 22% for akse 2 (eigenverdi=0.17385)[57]. Av tabell 6 går det både fram kva påstandar som er dei mest sentrale med omsyn til aksane sin konstruksjon, og kva variabelinterne opposisjonar som er dei viktigaste:

Tabell 7: Absolutte bidrag frå haldningsspørsmål til akse 1 og 2. Bidrag frå opposisjonar mellom variabelkategoriar til variablar. Terskelverdi for variablar =5%, for enkeltkategoriar 1.3%.

Variabel/Påstand
Variabelbidrag til Akse 1
Intrabidrag til variabel
Variabelbidrag til Akse 2
Intrabidrag til variabel
Viktige foretak og finansinstitusjoner
i Norge bør ha norske eiere.
5.2% til aksen.
Helt enig vs Helt uenig: 73%

Den politiske styringen av en rekke fristilte
selskaper, som feks. Telenor, NSB og Posten,er for svak og bør styrkes.
5.4% til aksen
Delvis enig vs. Helt uenig: 72.7%

Ved norske investeringer i utlandet bør norske standarder for arbeidsmiljø og vern av ytre miljø følges der de er strengere enn de lokale.
7.0% til aksen
Helt enig vs Helt uenig: 89.2%
5.7% til aksen
Helt enig vs. Delvis uenig: 73.3%
I Norge har vi kommet langt nok i å
redusere økonomiske forskjeller.
10.2% til aksen
Helt enig vs Helt uenig: 83.1%
7.3% til aksen
Helt enig vs. Delvis uenig: 79.3%
Kulturelle foretak, som for eksempel medier og forlag, bør i hovedsak være i norsk eie.
6.1% til aksen
Helt enig vs Helt uenig: 82.5%
5.0% til aksen
Helt enig vs. Delvis uenig: 71.5%
I Norge er det for stor forskjell mellom samfunnstoppene og den øvrige befolkningen i reell politisk innflytelse.

5.2% til aksen
Helt enig vs. Delvis uenig:79.3%
Det er viktigere å bygge ut offentlige
tjenester enn å sette ned skatten.
11.6% til aksen
Helt enig vs Helt uenig: 89.2%
7.1% til aksen
Helt enig vs.
Delvis enig/uenig: 75.6%
I Norge bør man vektlegge mer privatisering
og en mindre offentlig sektor
13.8% til aksen
Helt enig vs Delvis/Helt uenig: 96.7%
7.4% til aksen
Delvis enig vs. Helt uenig: 79.8%
Den statlige innflytelsen over
privat næringsdrift bør reduseres
10.9% til aksen
Helt enig vs Delvis/Helt uenig: 96.9%
7.8% til aksen
Delvis enig vs. Helt uenig: 87.8%
Vi bør bygge gasskraftverk i Norge
med utgangspunkt i dagens teknologi
5.9% til aksen
Helt enig vs Helt uenig: 95.8%

Vi bør satse på et samfunn der kristne
verdier spiller en større rolle enn idag

5.4% til aksen
Delvis uenig vs. Helt uenig: 85.8%
Vi bør regulere omfanget av innvandring
etter behov i arbeidsmarkedet

6.4% til aksen
Delvis uenig vs. Helt enig/uenig:79%
Sum, bidrag frå variablar
76.6%
57.3%

Som det går fram av tabell 6, er den interne opposisjonen i variablar som omhandlar ulike sider ved forholdet stat vs. marknad sentrale med omsyn til beggje aksane sin konstruksjon. Ein gjennomgang av resultatmatrisene for dei absolutte bidraga byggjer opp under ei tolking av akse 1 som ein klassisk høgre/venstre-dimensjon. Svarkategoriar som indikerer ei generell politisk høgreorientering (sympati for marknads-/private løysingar, opposisjon mot statleg styring/økonomi framfor miljø) er lokaliserte på aksen si høgre side (positive koordinatar), medan kategoriar som indikerer ei generell politisk venstreorientering (pro-stat/politisk styring/norsk eigarskap/pro miljøvern) er lokaliserte på aksen si venstre side (negative koordinatar).

Akse 2 kan i første omgang synast meir uklar, då ein finn opposisjonar mellom svar som både indikerer sterk høgre- eller venstreorientering (heilt samd/usamd), og kategoriane delvis samd/usamd. Men dette er eit konsistent mønster. Dei ekstreme kategoriane vert gjennomgåande tilordna negative koordinatar på aksen, medan svarkategoriane på midten får positive koordinatar. Der akse 1 skil i høve til generell meiningsorientering, skil derfor akse 2 i høve til meiningsintensitet[58].

Når vi projiserer dei ulike posisjonspunkta inn i denne løysinga, finn vi klare mønster[59]:

Figur 12: Elitehaldningar til politiske stridsspørsmål.

Langs akse 1 finn vi ein klar polaritet mellom høgreorienterte posisjonar i privat næringslivsverksemd og venstreorienterte posisjonar i offentleg sektor - innan kyrkja, kulturinstitusjonar, universitet og høgskolar. Dette er samstundes ein opposisjon mellom posisjonar karakteriserte ved relativt høge og låge volum økonomisk kapital.

Mellom desse posisjonane finn vi ei rekkje meir ”nøytrale” posisjonar, som enten er knytt til institusjonar som i følgje vår politiske konstitusjon skal vere politisk nøytrale (Politi og påtalemakt, Domstolar, Departement, Ytre etatar, Forsvaret), til næringsverksemder som er avhengige av å balansere omsynet til marknaden og statlege reguleringar (Samvirke, Offentleg næringsverksemd, Private kulturinstitusjonar, Mediebedrifter), eller er posisjonar der det er viktig for dei som sit i posisjonane å unngå mistankar om at deira avgjerder er styrte av (parti)politiske sympatiar og band (Leiarar Forskingsråd, Forskingsinstitutt, Mediebedrifter, Massemedia).

Vidare finn vi storparten av kvinnene i dei to kvadrantane til venstre, medan menn også i dette tilfellet er spreidde over alle fire kvadrantar. I høve til indikatorar på sosial bakgrunn, skil særleg personar med fedrar i manuelle yrker (noko som samstundes er ein indikator på låge volum arva kulturell kapital) seg ut på aksen si høgre side. Endeleg er skiljet mellom personar med anten humanistiske eller pedagogiske vs. tekniske/naturvitskaplege utdanningar markant, ein ”klassisk” opposisjon som også er funnen i franske studiar, td. i ”La noblesse d’État” og ”Le patronat”[60].

Samanhengane mellom desse karakterstika, både i høve til kjønn og i høve til sosial bakgrunn, er også veldokumenterte. Kvinner søkjer seg sjeldnare til tekniske og naturvitskaplege utdanningar enn menn. Og medan disposisjonen i retning av dei kortare, meir ”nyttige”, ”sikre” og ”praktisk” innretta tekniske utdanningane historisk har vore utbreidd blant menn med bakgrunn i klassiske arbeidarklasseposisjonar, finn ein sterke disposisjonar i retning av lengre, vitskapleg innretta, og også ”unyttige” utdanningar (td. humanistiske fag) blant barn med utgangsposisjonar i den kulturelle ”høgadelen”. I artikkelen ”Utdanningspolitikk og ulikhet. Rekruttering til høyere utdanning 1985-1996”, viser Marianne Nordli Hansen (1999) at sannsynet for val av høgare utdanning – både det ho kallar eliteutdanningar (td. juristar, lækjarar, tannlækjarar, veterinærar, farmasøytar, sivilingeniørar, arkitektar og siviløkonomar) og universitetsutdanningar – framleis er høgast blant dei som har fedrar i ”gruppene som baserer sin posisjon på utdanningssystemet – profesjoner m.m. og ingeniører/administratorer.” (s. 189). Likeeins finn ho tendensar til at sannsynet for å velgje universitetsfag er større for kvinner enn for menn, og at denne tendensen vert styrka. Vidare er det ein tendens i ”de øvre klassene” til at ”Mennene tiltrekkes mest av elitefagene, kvinnene av universitetsstudiene.” (s. 196)[61].

Som vi ser av Figur 12, kjem desse skiljelinene også til uttrykk gjennom deira politiske stillingstaking. Medan barn av fedrar i manuelle yrker i dette tilfellet står fram med ei politisk høgreorientering, går høge volum kulturell kapital saman med ei politisk venstreorientering. Legg ein samstundes vekt på skilja i utdanningsorientering ser ein kanskje i denne opposisjonen òg konturane av det spenningsforholdet som Slagstad (1998) omtaler mellom ein ”markedsteknokratisk styringselite” og krefter som representerer ein opposisjon mot denne eliten, spesielt i det kulturelle/akademiske feltet.

Men som vi òg ser av figuren, er det ikkje snakk om ein strukturell replikasjon, der den politiske stillingstakinga kan utleiast av posisjonane i maktfeltet som respondentane er lokaliserte i. Sjølv om akse 1 klart kan tolkast som ein kapitalstruktur-akse, der opposisjonen mellom økonomisk og kulturell kapital nok ein gong er den dominerande, posisjonerer personane i dei rikspolitiske posisjonane seg i den same kvadranten som leiarane av kulturinstitusjonar. Trass i forskjellane med omsyn til posisjonane sine gjennomsnittlege volum arva kulturell kapital, tenderer begge til å forsvare Staten si rolle andsynes marknaden. Interaksjonen mellom utgangsposisjonane i det sosiale rommet og banene inn i maktfeltet (som i begge tilfella, men på ulike måtar, er karrierar som er knytte til Staten), verkar her til å generere likearta politisk stillingstaking, der høge volum politisk og arva kulturell kapital står i opposisjon til høge volum økonomisk kapital. I denne samanhengen veg dei sekundære strukturane i habitusane, knytte til røynsler gjorde på vegen til og i posisjonar med spesifikke karriere-karakteristika tyngre enn dei primære strukturane.

Samstundes er avstanden vi finn mellom ordførarane i dei 10 største byane og dei rikspolitiske posisjonane av interesse. Sjølv om partisamansetjinga i ordførarutvalet ikkje er identisk for det ein finn for rikspolitikarane, indikerer funnet likefullt ein intern opposisjon mellom lokal- og sentralnivå i det politiske feltet, der eitt av skilja gjeld synet på om Staten kan oppfattast som ein mot-, meir enn ein medspelar. Vidare finn vi også i dette kartet at dei politiske journalistane og leiarane av arbeidstakarorganisasjonane posisjonerer seg svært nær dei rikspolitiske posisjonane. Vi kan berre spekulere i om funnet er eit uttrykk for ein feltlogikk som, samstundes som den genererer ”korrekte” uttrykk for semje og usemje (mao. kva som er ”legitime” og ”illegitime” opposisjonar) i dei mest kapitalsterke områda av det politiske delfeltet, verkar ekskluderande i høve til dei andre posisjonane.

Som vi har peika på ovanfor, kan individa si spreiing rundt dei gjennomsnittlege posisjonspunkta vere omfattande, slik også overlappinga mellom sonene rundt dei ulike posisjonane kan vere det. Å tufte tolkinga på gjennomsnittspunkta sine posisjonar aleine, er av den grunn ein risikabel strategi.

Også i denne analysen har vi derfor teikna konsentrasjonsellipsar rundt eit sett utvalde posisjonar, som til saman gjev uttrykk for dei dominerande likskapstrekka og skiljelinene i materialet. Dersom ellipsane har liten omkrins, er den interne homogeniteten markant. Er dei strekte langs akse 1, er den saksorienterte venstre-høgre polariseringa sterk: opposisjonen mellom dei som har svart ”samd” vs. ”usamd” dominerer. Er dei derimot strekte langs akse 2, finn vi ei polarisering i høve til meiningsintensitet: respondentane kan gjennomgåande vere samde i saker, men skil likefullt lag med omsyn til styrkegraden på synspunkta. I begge desse tilfella vil ellipsane få ei ”trong” form. Har ellipsane derimot både vid omkrins og rund form, er det nok ein gong ein indikasjon på omfattande spreiing, og sterk polarisering langs begge desse dimensjonane.

I figurane 13.1-6 (sjå nedanfor) ser vi både tendensar til meiningshomogenitet og -polaritet. For det første strekkjer alle ellipsar seg opp i ein eller begge kvadrantar for svakare meiningsintensitet. For det andre er det ei tildels omfattande overlapping mellom dei ulike posisjonane. Utan at vi av den grunn kan slutte oss til at det rår ei generell konsensusorientering i det norske maktfeltet, tyder dette på at det er gode moglegheiter for å forhandle om sentrale politiske saker.

Figurar 13:1-6. Konsentrasjonsellipsar for utvalde posisjonar, haldningsspørsmål.

Men samstundes rår det klare opposisjonar mellom og internt i enkeltposisjonar. Dei mest eintydige resultata finn vi blant leiarane i næringslivet. Ellipsane indikerer ikkje berre ei klar politisk høgreorientering, men er også klart overlappande, nesten uavhengig av posisjonar. Sjølv om styrkegraden varierer, er det semja som dominerer, og personane vi finn i desse posisjonane står gjennomgåande fram som like i sin opposisjon mot likskap. Unntaket er leiarar av offentleg næringsverksemd, som skil seg ut med også å gje rom for eit innslag av moderat venstreorientering, slik ein også finn det blant representantane for arbeidsgjevarorganisasjonane. Skulle liknande resultat også komme til syne på andre områder enn dei vi har sett på i denne rapporten, er det ikkje berre ein klar indikasjon på at svært ”effektive” sosiale mekanismar maktar å generere ein omfattande strukturell homogenitet i næringslivshabitusane. Som konsekvens vil truleg desse leiarane også vere mellom dei som har lettast for å identifisere seg som ei distinkt gruppe, og som det følgjeleg vil vere grunnlag for å omtale som ei samla elitegruppering.

Motsett står kulturposisjonane bokstaveleg talt fram som den radikale motsatsen, og stadfestar med det også den rådande feltopposisjonen mellom den økonomiske og kulturelle kapitalen som vi ovanfor har knytt til eit mogeleg spenningsforhold mellom ein marknadsteknokratisk styringselite og ein opposisjon mot denne i det kulturelle/akademiske feltet. Den klare venstreorienteringa blant leiarane av kulturråd og kulturorganisasjonar er uomtvisteleg, og synest å falle inn i eit slikt mønster. Men samstundes er grupperinga kjenneteikna av ei utprega intern polarisering mellom klart venstreorienterte og meir moderate krefter. Sjølv om vi ikkje har data som underbyggjer eller kan vise til analysar som gjev støtte til ein slik konklusjon, er det nærliggande å sjå dette funnet som eit uttrykk for ein liknande intern opposisjon, både mellom personar og institusjonar i det norske kulturpolitiske delfeltet.

Trass i stridane mellom radikale og konservative teologar i det religiøse feltet, og trass i skiljet mellom det å ha teologiutdanninga frå Menighetsfakultet eller Teologisk fakultet, verkar det som om desse skiljelinene i langt mindre grad kjem til uttrykk utanfor dette delfeltet. Også i gruppa av kyrkjelege leiarar, leiarposisjonar som framfor alt er tufta på utøvinga av symbolsk makt, er det den generelle venstreorienteringa som er dominerande.

Når det gjeld dei departementstilsette si plassering har Christensen, Lægreid og Zuna (2001) dokumentert at departementa si personellrekruttering med omsyn til typar høgare utdanning har endra seg mellom 1976 og 1996[62]. Dette gjeld både i høve til mellomleiar- og toppleiarnivået[63]. Internt rår det også klare forskjellar mellom dei ulike utdanningsgruppene sine vurderingar av rommet for utøving av skjønn[64], og likeeins deira identifikasjon med ulike yrkesroller[65]. Mot ein slik bakgrunn kunne ein kanskje vente å finne ein markert intern heterogenitet blant dei departementstilsette. Det viser seg ikkje å vere tilfelle. For det første inntek dei det meir nøytrale området i dei to øvre kvadrantane. For det andre tyder omkrinsen på ellipsen òg på at meiningsforskjellane ikkje er dei mest utprega. Sett på spissen set strukturane i profesjonshabitusen seg snarare gjennom ved at gruppa tildels vegrar seg mot å ta stilling til politiske stridsspørsmål.

Dette gjeld i noko mindre grad for dei andre i utgangspunktet nøytrale feltposisjonane. Her finn vi for det første ei omfattande overlapping mellom dei posisjonane som er tufta på retten til utøving av fysisk makt (politi- og påtalemakt og dei høgare militære posisjonane). For det andre er høgreorienteringa klar. Vi ser vidare at dei med dei lengste militære karrierane uttrykkjer meir einsarta meiningar enn personar på lågare stillingsnivå. Forklaringane på denne forskjellen kan vere fleire. Det kan skuldast generasjonsforskjellar, men kan òg vere uttrykk for ei aukande ”einsretting” av oppfatningar parallelt med lengda på dei militære karrierane. Det er elles verd å merke seg at dommarane utgjer den klart mest (og einaste) venstreorienterte grupperinga blant ordensmaktene.

Gruppa av leiarar av universitets-, høgskole-, forskings- og forskingsråds-institusjonar, som alle er sentrale distributørar av institusjonell kulturell kapital, høyrer til dei meir fragmenterte posisjonane. Rett nok er overlappinga mellom desse posisjonane stor. Men samstundes som ellipsane har vide omkrinsar, femner dei, om enn i varierande grad, om alle fire kvadrantane. Vinklane på ellipsane er òg ulike. Medan ellipsen for leiarar i universitets- og høgskolesektoren indikerer ei generell venstreorientering, er forskingsrådsleiarane noko klarare polariserte langs den første aksen. Leiarar av forskingsinstitutt har på si side ein heilt særeigen profil: her finn vi ein opposisjon mellom meiningsintens høgreorientering og ei venstreorientering med svak meiningsintensitet.

Som venta peikar også det politiske feltet seg ut med klare interne forskjellar[66], og vi finn ein klar polaritet langs høgre/venstre dimensjonen blant partileiarar og leiande personell i partiorganisasjonane. Sjølv om mønsteret er det same, er denne opposisjonen noko mindre utprega blant stortingsrepresentantane. Også dette kan ha fleire årsaker, men då vi ikkje kan utelukke at dette funnet kan skuldast eit ulikt tal respondentar i dei to gruppene, vil vi avstå frå vidare drøfting. At statssekretærane under ei AP-regjering gjennomgåande er meir konsentrerte og tildels også venstreorienterte enn dei øvrige politikarane, er heller ikkje uventa. Held ein fast på relevansen av dei klassiske skiljelinene i analysen av norsk politikk, er det i så måte kanskje meir overraskande at venstreorienteringa ikkje er sterkare. Ellipsen tyder snarare på ei sentrum-venstre enn ei profilert venstreorientering.

Endeleg finn vi ein venta opposisjon mellom leiarar av arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonar. Men samstundes har desse to ellipsane ei svært stor overlappande sone. Vi vil ikkje gå inn i ei drøfting om dette kan tolkast som eitt av mange moglege uttrykk for det Trond Nordby (1999) har omtalt som ”korporatisme på norsk”, men funnet indikerer i alle høve eit monaleg rom for samarbeid og forhandling mellom desse to partane.


[57]Også i dette tilfellet er prosentdelane rekna ut med utgangspunkt i verdiane for dei modifiserte eigenverdiane.[]

58Av omfangsmessige årsaker har vi valt ikkje å presentere dei figurane som detaljert viser dei ulike svarkategoriane og individgrupperingane sine posisjonar i det faktorplanet som vert danna av akse 1 og akse 2. Individskya har ei klassisk hesteskoform, men også her utan sterke innslag av "magma". Ikkje uventa ligg svarkategoriane ordna langsetter denne hesteskoen.[]

59Vi har likeins avgrensa oss til berre å ta med feltposisjonane i figur 12. Tolkinga av hovudopposisjonane er likevel tufta på dei ulike haldningskategoriane sine posisjonar og bidrag til aksane, og på posisjonane til alle dei supplementære kapitalindikatorane. []

60Vi vil nok ein gong understreke at dette ikkje er einstydande med at denne opposisjonen artar seg likt, eller treng bety det same i Noreg som i Frankrike. Som det går klart fram av den samanliknande historiske analysen Eirinn Larsen (2003a, 2003b) gjer av norske og franske siviløkonomutdanningar, er forskjellane, trass i seinare tids konvergenstendensar, framleis klare. Kontrastane var enno klarare på det tidspunktet våre respondentar gjennomførte sine utdanningar. For ein analyse av nyare samanhengar mellom sosial bakgrunn og rekruttering til eliteutdanningar, sjå Nordli Hansen (1999).[]

61Vidare finn Roar Høstaker (1997) sterke preferansar blant barn av den tradisjonelle embetsmannseliten m.o.t. profesjonsutdanningar og – spesielt blant døtrene – filologiske og samfunnsvitskapelige universitetsstudiar. Sjå også tabell 5.5 i Vabø (2002) over ”Fedres utdanningsnivå for studenter ved Universitetet i Oslo 1981 fordelt på fakultet og kjønn, sammenlignet med fars utdanning for personer mellom 19 og 30 år”. Tabellen viser klart at studentpopulasjonane, og spesielt dei kvinnelige studentane i disiplinar som jus, medisin og odontologi har spesielt høg prosentdel fedrar med universitetsutdanning (menn: 32-33%, kvinner 34-42%, mot berre 5% og 4% i totalpopulasjonen). Men dette gjeld også for dei andre fakulteta (menn: frå 18% på HF til 25% på teologi, kvinner: frå 24% på HF og SV til 27% på MN og teologi).[]

62Sjå tabell 2.1.2 i Christensen, Lægreid og Zuna 2001[]

63Ibid., tabell 2.5. []

64Ibid., tabell 3.1.[]

65Ibid., tabell 3.4.[]

66Ellipsane rundt desse posisjonane synleggjer også risikoen som følgjer av berre å tolke gjennomsnittspunkta sine posisjonar i kartet.


Publisert 25. nov. 2010 13:52