7. AVSLUTNING. OPPOSISJONAR, KONFLIKTLINER OG MOGLEGE AKTøRKONSTELLASJONAR


Innleiingsvis viste vi til Raymond Aron sitt omgrep om elitestruktur som eit tilhøve mellom ulike grupper i eliten som er særeige for kvart samfunn, etter som personane i dei ulike gruppene aldri vert rekruttert på same måten og gruppene kan utgjere ein meir eller mindre koherent heilskap. Analysen av hovudopposisjonane i feltet, av den sosiale bakgrunnen til dei som er rekruttert til dei ulike områda i feltet, og av homogami- og mobilitetsmønster tyder på at det norske maktfeltet har ein tri-polar struktur.

Utgangspunktet for konstruksjonen av denne strukturen er ikkje førehandsbestemte kjenneteikn ved grupper, men eit sett av kapitalindikatorar knytt til karakteristika ved eit utval av personar. Kva slags karakteristika dette er, har sjølvsagt samanheng kva slags posisjonar personane er i, og kva slags samfunnsområde, samfunnsoppgåver eller funksjonar dei er knytte til. Føremålet med analysen er nettopp å syne kva slags samanhenger dette kan vere. Det analysen tyder på, er at dei tre grupperingane av posisjonar som til saman utgjer den tri-polare strukturen ikkje er like homogene med omsyn til oppgåver og funksjonar. Mest homogen er grupperinga av posisjonar knytt til privat næringsliv. I klar opposisjon til denne finn vi ei gruppering av posisjonar innan offentleg sektor, men denne er langt meir heterogen med omsyn til oppgåver og funksjonar. Den tredje grupperinga, som begge dei nemnte står i opposisjon til, er i så måte også svært heterogen. Det er såleis problematisk å karakterisere dei to siste grupperingane som elitegrupper ut frå desse kriteria. Men dersom vi tenker på gruppedanning som noko som ikkje primært har å gjere med oppgåver og funksjonar knytt til posisjonar, men med sosial gjenkjenning og verdsetting, vert biletet eit noko anna.

Dette viser attende til to av dei poenga vi understreka innleiingsvis: at elitegrupperingane som kan lesast ut av feltkonstruksjonen ikkje må forvekslast med reelle elitegrupper, og at opposisjonane ikkje må forvekslast med aktive konfliktliner. Avslutningsvis vil vi også understreke at det både er mogleg og sannsynleg at det finnast både opposisjonar og konfliktliner i det norske maktfeltet som fell utanfor denne analysen, og som det ikkje er mogleg å identifisere eller å seie så mykje om ut frå det datagrunnlaget som ligg føre og dei analytiske verktøya vi har nytta. Vi vil likevel hevde at ein av styrkane ved å kombinere desse analytiske verktøya på den måten vi har prøvd å gjere i denne rapporten, er at det gjer oss i stand til å få fram nyansar i velkjende konfliktliner og å avdekkje moglege nye konfliktliner i det norske maktfeltet.

Skal ein kunne tale om konfliktliner langs dei ulike opposisjonsdimensjonane som analysen har synleggjort, må det vere mogleg å identifisere aktørkonstellasjonar som står i konflikt med kvarandre langs desse dimensjonane. Å tale om moglege nye konfliktliner føreset derfor at det let seg gjere å peike på moglege nye aktørkonstellasjonar i maktfeltet. Nokre slike konstellasjonar ser vi kanskje konturane av.

Vi finn det til dømes interessant at personane i dei rikspolitiske posisjonane plasserer seg i den same (nedre venstre) delen av haldningsfeltet som leiarane av kulturinstitusjonar, politiske journalistar og leiarar av arbeidstakar-organisasjonar, i opposisjon til ordførarane i dei 10 største byane.

At tendensane til meiningshomogenitet (opposisjon mot likskap) er så sterk blant leiarar i næringslivet, er kanskje òg noko overraskande, sett på bakgrunn av dei historiske trekka ved den norske samfunnsformasjonen som omgrepsparet forhandlingsøkonomi og blandingsadministrasjon (Hernes 1978) viser til, og kan skuldast sosiale mekanismar som skaper ei enda klarare konfliktline mellom desse posisjonane og posisjonar i kultur-, forskings- og utdanningssektoren.

Ein ytterlegare fordel med dei analyseverktøya vi nyttar er at dei ikkje berre gjer det mogleg å identifisere slike moglege nye konfliktliner, men også interne opposisjonar i opposisjonane og langs konfliktlinene. Ved bruk av tradisjonelle statistiske analyseteknikkar må tolkinga i hovudsak tuftast på resultata for dei ulike enkeltvariablane og variabelkategoriane. Den multiple korrespondanseanalysen gjer det derimot mogleg ”å gå attende til individa”[67], og opnar med det også for ein meir detaljert studie av korleis den kategoriinterne variasjonen artar seg.

Opposisjonen mellom ein næringslivselite og ein kulturelite som er nemnt over viser seg til dømes å ikkje vere ein opposisjon mellom homogene grupperingar, for innan kulturposisjonane er det ei utprega polarisering mellom ei meiningsintens venstreorientering og ei langt meir moderat orientering. Opposisjonen som er peika på mellom ein marknadsteknokratisk styringselite og ein kultur/akademikar-opposisjon er eit anna døme. Dersom det er rimeleg å tolke opposisjonen langs akse 1 som ein slik opposisjon, må denne også kunne finnast att mellom kultur/akademikar-eliten og delar av den politiske eliten. Og til ein viss grad finn vi ein slik opposisjon i figurane ovanfor. Konsentrasjonsellipsane for posisjonane i det vi noko lausleg kan omtale som ”meiningsfeltet” viser at det blant partileiarar og stortings-representantar finnast ei sone i kvadrantane til høgre som ikkje i det heile teke overlappar med ellipsane til representantane for kyrkje og kultur. Samtidig er det høg grad av overlapping mellom desse grupperingane i dei venstre kvadrantane – noko som kan tolkast som at den opposisjonen vi snakkar om også er ein klar opposisjon innan den politiske eliten. Ein må også merke seg at når det gjeld den delen av kultur/akademikar-eliten som kan plasserast innan forskings- og universitetssektoren, så er skiljelinene i forhold til den politiske eliten lite markante. Om det finnast ein opposisjon her, så er det i så fall ikkje ein opposisjon mellom delar av den politiske eliten og forsking/universitetssektoren, men mellom delar av den politiske eliten og delar av den akademiske eliten. Med andre ord: denne opposisjonen finn ein også internt i den akademiske eliten. Slik sett er det kanskje meir truleg at ein får ei klarare konfliktline mellom kyrkje/kultur-sektoren og delar av den politiske eliten, enn mellom forsking/universitetssektoren og den politiske eliten. På den andre sida kan det tenkjast at det er ei potensiell konfliktline mellom ei kultur/politikar/akademikar-gruppering på den eine sida og ei politikar/akademikar-gruppering på den andre, for ellipsane til den siste grupperinga omfattar samstundes dei meir moderate næringslivsposisjonane og posisjonar i offentleg næring av den typen som har vore tilhald for framståande representantar for den marknadsteknokratiske styringseliten dei seinaste 10-15 åra[68].

Med det har vi også fått demonstrert eit av dei gjennomgåande argumenta i denne rapporten: at det i analysar av makt, elitar og klassar ikkje berre er viktig å gjere nytte av analytiske reiskapar som evnar å plassere personar og grupperingar av personar i høve til sentrale opposisjonar og konfliktliner i og mellom dei felta dei tilhøyrer. Dei analytiske verktya må òg gjere det mogleg å synleggjere inter- og intraposisjonell variasjon som seier noko om kvifor og korleis desse personane og persongrupperingane kan vere meir eller mindre involverte i og meir eller mindre aktivt medverkar til å oppretthalde eller skape opposisjonane og konfliktlinene.


[67]Dette er samstundes eit av dei grunnleggande prinsippa i den dataanalytiske filosofien til Brigitte Le Roux og Henry Rouanet. []

68 Slagstad (1998) nemner til dømes Einar Førde, Harald Norvik og Tormod Hermansen i denne samanheng.


Publisert 25. nov. 2010 13:52