5. Det empiriske grunnlaget for rapporten


5. Det empiriske grunnlaget for rapporten

Denne rapporten bygger i hovudsak på data og konklusjonar frå følgjande prosjekt:

  • Surveydata frå ein norsk survey i 1994 om nasjonal identitet (Bøyum 1995; Aagedal 1997). Denne undersøkelsen var ein del av eit internasjonalt surveysamarbeid. Den internasjonale delen av spørjeskjemaet inneheldt ingen spørsmål om bruk av nasjonale symbol, så det var ikkje mogeleg å samanlikne den norske ”symbolprofilen” med tilsvarande symbolbruk i andre land.
  • Dette er derimot mogeleg i eit nordisk prosjekt som inkluderer ein survey om bruk av offisielle nasjonale symbol og ritual i Sverige, Norge og Danmark (Aagedal 2001; Botvar og Lunestad 2001). Det nordiske prosjektet inneheld også komparative delstudiar av nasjonal symbolbruk på ulike område: etniske minoritetar sitt forhold til nasjonale symbol og ritual (Brottveit 2001a), bruken av nasjonale symbol i kampanjar for og mot EU-medlemskap (Hovland 2001b) og monarkane sine jule- og nyttårstalar som nasjonale ritual (Hovland 2000). (Det siste temaet er tidlegare handsama i ein eigen rapport til Maktutredninga og blir difor ikkje nærare omtalt i denne rapporten (Hovland 2000b).)
  • Analysen av etniske minoritetar sitt forhold til nasjonale symbol er ført vidare i eit prosjekt under Norges forskningsråd sitt IMER-program (”Etniske relasjoner og nasjonale symboler”).
  • Vi har også brukt data og resultat frå to case-studiar av nasjonale ritual: symbolbruk og ritualisering i samband med kong Olav V’s død og gravferd 1991, - og kronprinsbryllaupet 2001.
  • I tillegg til dette har vi også trekt inn einskildresultat og tolkingsperspektiv frå anna forsking om bruk av nasjonale symbol i Norge, utan at vi har gått inn på ei systematisk gjennomgang og drøfting av denne forskinga. Vårt inntrykk er likevel at det på dette feltet er gjort lite. Den internasjonale survey-forskinga om nasjonal identitet er basert på haldningsspørsmål og fokusert rundt temafeltet nasjonal identitet og etnosentrisme der tolkingsramma er meir psykologiserande enn kulturanalytisk (Aagedal 1997). Den gjev derfor ingen konkret kunnskap om symbolbruk og dårleg grunnlag for å forstå nasjonale symbol og ritual som eit språk. I Norge har vi mykje interessant historisk forsking om framveksten og bruken av nasjonale symbol og ritual som ein del av den norske nasjonsbyggingsprosessen frå 1800-talet (Sørensen 1998), men få studiar som analyserer bruken av nasjonale symbol i dagens Norge. (Eksempel på slike er forskinga knytt til vinterolympiaden på Lillehammer 1994 (Klausen 1995).)

Publisert 25. nov. 2010 13:52