4. Avgrensing av tema og problemstilling


4. Avgrensing av tema og problemstilling

Temaet for denne rapporten har vi kalla nasjonal symbolmakt i Norge. Det tyder at vi vil sjå på nasjonale symbol og ritual utifrå eit maktperspektiv. Dette er eit stort og komplisert emneområde å analysere. Å analysere bruken av og konsekvensane av nasjonale symbol og ritual, reiser store metodologiske, empiriske og teoretiske utfordringar. Avgrensinga av kva som skal oppfattast som nasjonale symbol og ritual reiser mange spørsmål, - symbol og ritual er mangetydige og komplekse å tolke og det finst relativt lite samfunnsvitskapleg empiri på feltet. Det er derfor naudsynt å gjere fleire innleiande avgrensingar og kome med mange atterhald i analysen og tolkinga av materialet.

For det første har vi avgrensa analysen til å primært omfatte nasjonalstaten sine offisielle symbol: flagget, nasjonalsangen, nasjonaldrakt, nasjonaldagen, monarkiet osv. For det andre vil dei empiriske data vi legg fram i hovudsak dreie seg om omfanget i bruk av dei einskilde nasjonale symbola. Bruk av eit nasjonalt symbol skjer i ein kontekst og ofte i samspel med andre nasjonale symbol og symbol frå andre symbolsystem. For å kunne forstå bruk og meining av nasjonale symbol må vi derfor inn og analysere korleis dei blir brukt og fungerer på ulike arenaer. Vi har valt ut nokre arenaer som vi meiner er interessante for å forstå korleis dei offisielle nasjonale symbola fungerer i ein moderne norsk samfunnskontekst. På dette feltet finst det lite forsking og vi må i stor grad bygge på eigne eksempel eller førebels analysar av empirisk materiale. Mangel på forsking blir endå tydelegare når det gjeld den neste problemstillinga: samanhengen mellom nasjonale symbol og makt i Norge. Her vil det først og fremst måtte dreie seg om å presentere og drøfte perspektiv og hypotesar om norsk symbolmakt.

På bakgrunn av dei avgrensingar og reservasjonar vi har presentert, ser eg denne rapporten utifrå ei tredelt målsetjing:

Presentere nyare statistisk materiale om bruk av offisielle nasjonale symbol i Norge. Analysere mønster i bruken av desse symbola og sette den norske symbolbruken i relieff ved å samanlikne med tilsvarande symbolbruk i Sverige og Danmark (jamfør også vektlegging av dette i Maktutredninga).

Beskrive og analysere bruk av nasjonale symbol på utvalde arenaer. Her vil vi særleg sjå på elektroniske media sin tyding for bruk av nasjonale symbol og ritual i tilknyting til det fenomenet som mediaforskarar omtaler som ”mediabegivenheter” (store internasjonale idrettsarrangement, kongelege seremoniar osv.).

Drøfte bruken av norske nasjonale symbol utifrå perspektivet ”symbolmakt”. I denne samanheng vil vi også kome med nokre antagelsar om ”norsk nasjonal symbolmakt”.


Publisert 25. nov. 2010 13:52