6. Bruken av nasjonale symbol i Skandinavia


6. Bruken av nasjonale symbol i Skandinavia

I det følgjande skal vi sjå nærare på nokre einskildsymbol og bruken av desse. Vi vil samanlikne norske data om symbolbruk med tilsvarande data i Sverige og Danmark.

Det er fleire grunnar til dette. Det kan vere fruktbart å sjå på dei nasjonale symbola i eit land som eit symbolsystem eller ”språk”. Kjenneteikn ved dette symbolsystemet blir då tydelegare når ein samanliknar det med andre nasjonale symbolsystem. Ein føresetnad for komparasjon er at det som skal samanliknast er likt nok til å kunne samanliknast, - og samstundes så forskjellig at det er interessant å samanlikne. Desse føresetnader meiner vi er til stades i dei skandinaviske landa. Danmark, Sverige og Norge har mange fellestrekk når det gjeld språk og kultur og styreform. Samstundes ser det ut til at det, på trass av kulturelle likskaper, kan vere store skilnader nettopp i bruken av nasjonale symbol og ritual. Utifrå det vi har sagt om den nasjonale identiteten sin implisitte karakter er det ikkje så lett å sjå særdrag i eins eige fordi det i stor grad dreier seg om ”taus” og kroppsleggjort kunnskap. Ved å sjå det mot eit kontrasterande bakteppe, kan den norske symbolbruken tre tydelegare fram.

Nasjonale symbol er utbreidde og i bruk. Eksempel flagget

Kor vanleg er det å eige og bruke eit nasjonalt symbol i dei skandinaviske landa? Tek vi flagget som eksempel, viser resultata at det er ganske vanleg. 9 av 10 skandinavar har eit nasjonalt flagg. Og flagga blir brukt. 3 av 4 seier dei har brukt det siste året. Flagg i privat eige og bruk er i så stor grad ein skandinavisk felleskultur at vi ikkje ser at dette er spesielt, samanlikna med mange andre land, der flagget primært blir brukt på offentlege bygningar.

Også innanfor Skandinavia finst det ganske store variasjonar i flaggbruken. Nordmenn og danskar flaggar ein god del meir enn svenskar. Når det gjeld skilnader mellom nordmenn og danskar, er nivået relativt likt, men flagget blir brukt ved ulike høve og på ulike arenaer. I Norge dominerer 17. mai flagginga. 82% av nordmennene flaggar denne dagen. I Danmark blir flagget mest brukt på private festdagar (80%). Også i Sverige dominerer den private festflagginga, men på eit lågare nivå. Halvparten av svenskane har ”fest-flagga” siste året.

Bruk av nasjonalsangen

Eit anna tradisjonelt nasjonalt symbol er nasjonalsangen. Også dette er eit symbol som blir brukt av mange. Halvparten av alle skandinavane som vart spurde, seier dei har vore med å synge nasjonalsangen i løp av siste året. Dei nasjonale skilnadene følgjer same mønsteret som for flagging med Norge og Danmark på topp (58% og 56%) og Sverige på eit lågare nivå (38%). Igjen er det slik at nasjonaldagen blir den dominerande bruksarenaen i Norge (53%).

Store variasjonar i oppslutninga om dei skandinaviske nasjonaldagane

Når det gjeld flagging og bruk av nasjonalsangen, ser vi at det er mange fellestrekk mellom dei tre skandinaviske nasjonane. Når det gjeld nasjonaldagsfeiring og oppslutninga om denne, er derimot kontrastane store. Norge har ein offisiell nasjonaldag med ei omfattande folkeleg feiring, Danmark og Sverige har det ikkje. Medan 71% av nordmennen deltek i den offentlege feiringa av nasjonaldagen, er tilsvarande tal i Sverige og Danmark 7% og 5%. Tala tyder på at Sverige og Danmark har offisielle nasjonaldagar som eigentleg manglar folkeleg stadfesting (i alle fall målt gjennom deltaking i offentleg feiring). Reint statistisk må vi karakterisere dei som ”døde nasjonale ritual”. Denne surveyen spør berre om offentleg feiring, men ut frå tidlegare kartleggingar i Norge veit vi at heile 94% feirar dagen om vi legg til dei som feirar privat (Bøyum 1995; Aagedal 1997).

Nasjonaldrakt

Flagget representerer eit innarbeidd offisielt nasjonalt symbol i alle dei tre skandinaviske landa. Dermed er det lett å samanlikne bruken av dette symbolet. Langt meir problematisk blir det når vi kjem til symbolet nasjonaldrakt. Det finst nok eksempel på at eit land kan ha ei offisiell autorisert drakt (til dømes den såkalla ”Sverige-dräkten”) (Centergran 1995:63). Men det vi oftast legg i symbolet nasjonaldrakt og som er vanleg i bruk, er ulike folkedrakter frå eit land (i Norge omtalt som bunad og i Sverige som bygdedrakt eller folkedrakt). Sjølv om desse draktene er forskjellige, blir dei som regel både oppfatta som lokale og nasjonale symbol (Aagedal 1997). I Norge er dette truleg det nasjonale symbolet som spreier seg mest i dag: Ein tredjedel av den norske befolkninga har bunad. Dette talet er overraskande høgt, særleg sett i forhold til at bunad fram til i dag stort sett berre har vore eit nasjonalt symbol for kvinner og fordi det er eit dyrt symbol. (Å skaffe seg ein norsk bunad i dag vil vanlegvis koste mellom 20 000 og 50 000 Nkr.) I Sverige er det berre 6% som oppgjev at dei har ei svensk nasjonaldrakt, i Danmark er ikkje spørsmålet stilt fordi ein rekna med at fenomenet var så lite utbreidd at det var uinteressant å måle statistisk.

I Norge har derimot 60 % av alle kvinnene bunad. Det betyr at det finst nærare 1,5 millionar bunader i Norge til ein innkjøpsverdi av kring 30 milliardar kroner.

Monarken sin nyttårstale

Våre surveydata om oppslutning om nasjonale symbol og ritual omfattar, som vi har vore inne på, primært dei tradisjonelle offisielle nasjonale symbola. Men vi har også tatt med ein ny-oppfunnen tradisjon som fleire forskarar har tolka som eit nytt tilskot til dei nasjonale rituala (Hobsbawm 1993; Dayan og Katz 1996). Monarkane sine talar i radio og fjernsyn i jule- og nyttårshelga er ein tradisjon som er mogeleggjort av dei elektroniske media og som har fått stor oppslutning i Skandinavia. Utviklinga av dette taleritualet og innhaldet i talane er analysert av historikaren Brit Marie Hovland og presentert som ein rapport i Maktutredninga (Hovland 2000). I denne samanhengen skal vi berre sjå på oppslutninga om dette ”nyoppfunne” ritualet. Igjen haltar samanlikninga litt. Den danske og norske monarken talar på nyttårskvelden i fjernsynet, den svenske på første juledag og berre i radio. Ein kan spekulere over grunnane til at det er blitt slik, men uansett er det klart at fjernsynsmediet generelt har ei høgare dekning enn radio og dermed favoriserer den danske og norske monarken. Samla sett har dette nasjonale ritualet høg oppslutning. 70% av skandinavane seier at dei brukar å følgje desse talane. Største er oppslutninga i Danmark der 9 av 10 danskar seier at dei brukar å sjå på talen, noko lågare i Norge der 2 av 3 ser på, og klårt lågaste i Sverige der berre kvar fjerde svenske høyrer på kongen.

Samlemål for symbolbruk

Så langt har vi sett på bruken av det einskilde symbolet og ritualet. Er det mogeleg å seie noko om symbolbruken meir samla, og ut frå dette svare på spørsmålet om kven av skandinavane som er dei største brukarane av offisielle nasjonale symbol? Sjølv om det kan stillast fleire spørsmålsteikn til verdien av slike samanlikningar, har vi laga eit enkelt samlemål for symbolbruk. Vi har tatt for oss fem av dei symbola og rituala vi har kartlagt (flagg, nasjonalsang, nasjonaldagsfeiring, nasjonaldrakt, monarkens nyttårstale) og sett på kor stor del av folket som ”brukar” eit eller fleire av desse.

Resultata viser, som venta ut frå det vi har sett frå einskildsymbola, at Sverige har den lågaste bruken av dei offisielle nasjonale symbola, og Norge den høgaste. Svenskane har i gjennomsnitt brukt 1.4 av dei offisielle nasjonale symbola og rituala siste året, nordmenn 3.2 og danskane 2.3. (Her må vi igjen minne om at Danmark manglar nasjonaldraktsymbolet i konkurransen, men at vi reknar med at nivået på dette er så lågt at det ikkje hadde slått vesentleg ut.)


Publisert 25. nov. 2010 13:52