7. Den norske ”symbolprofilen” i eit skandinavisk komparativt perspektiv


7. Den norske ”symbolprofilen” i eit skandinavisk komparativt perspektiv

Perspektiv og data for skandinavisk komparasjon

Så langt har vi sett på oppslutninga om nasjonale symbol i dei tre skandinaviske landa (med hovudvekt på dei offisielle). I denne kartlegginga kjem det fram fleire fellestrekk i den skandinaviske symbolbruken, men også tydelege skilnader. Vi vil bruke analysen av desse fellestrekka og skilnadene til å profilere den norske symbolbruken og jakte på særtrekk i norske nasjonale ”mytar”. Når det gjeld tolkingar av skilnader i symbolbruk i dei skandinaviske landa skal vi trekke inn tre perspektiv:

  • for det første, skilnader i dei skandinaviske landa si historie og historieoppfatning som skaper ulike nasjonalstats-tradisjonar som dei nasjonale symbola kan spele på,
  • for det andre, spørsmålet om kva situasjonar og institusjonar nasjonal identitet blir knytt til i dei tre skandinaviske landa,
  • for det tredje, spørsmål om den emosjonelle dimensjonen ved bruk av nasjonale symbol i Skandinavia.

Skandinaviske nasjonalstatstradisjonar

Eit viktig bakgrunn for å forstå den folkelege bruken av dei offisielle nasjonale symbola, er framveksten av den moderne nasjonalstaten og massedemokratiet. Historikaren Svein Ivar Angell har drøfta dette nærare i ein studie (Angell 1998; Angell 1999). Angell tek som utgangspunkt at ”nasjonalstaten sine nøkkelsymbol kommuniserer den kjenslemessige auraen knytt til nasjonalstaten som institusjon. Posisjonen desse symbola har vil difor også ha samanheng med den nasjonalstatlege utviklinga og kva kjenslemessige bindingar denne utviklinga kan gje opphavet til” (Angell 1998:3). Ut frå denne tankegangen kan altså eventuelle skilnader i notidig oppslutning om dei offisielle nasjonale symbola henge saman med kva plass desse symbola har hatt i den nasjonalstatlege utviklinga i dei tre landa. Angell meiner at dei tre skandinaviske nasjonalstatstradisjonane har følgjande kjenneteikn som kan vere av betydning for dei offisielle symbola sin posisjon:

Den norske nasjonalstatstradisjonen er prega av det på slutten av 1800-talet var eit samanfall mellom massemobilisering og demokratisering på den eine sida, - og nasjonsbygging og utvikling av ein nasjonal identitet på den andre. Dette skapte, i følgje Angell, to karakteristiske trekk ved den norske nasjonalstatstradisjonen:

For det første har det gjeve opphavet til ei forestilling om at norsk nasjonalisme har representert ei positiv og demokratiserande kraft (...). For det andre synest det i Noreg å vere ein meir umiddelbar samanheng mellom samfunnsmedlemmene sin identifikasjon med nasjonalstaten og oppslutninga kring den nasjonale symbolverda, enn i dei andre skandinaviske landa. Sagt på ein annan måte: i Noreg er det truleg eit større samsvar mellom dei nasjonalstatlege nøkkelsymbola og det folk opplever som dei viktigaste nasjonale symbola (Angell 1999:38).

Angel sin analyse skulle altså tilseie høg folkeleg oppslutning om dei offisielle norske nasjonalsymbola.

Når det gjeld den svenske tradisjonen hevdar Angell at denne, samanlikna med den norske, i større grad bygger opp om identifikasjon med staten enn med nasjonen. Sverige (og Danmark) har i motsetning til Norge, heilt fram til 1800-talet stormaktsposisjonar som fleirnasjonale heilstatar. Sverige sitt tap av Finland i 1809 svekte denne stormaktsposisjonen og gjorde Sverige til eit etnisk og kulturelt meir homogent samfunn. ”I denne prosessen vart det sentralt å definere kva svensk eigenart var. Dette vart eit konservativt prosjekt kor ein tok sikte på å påvise kontinuiteten i den nasjonale historiske utviklingsgongen. Samstundes var folket meir enn nasjonen objektet for definisjonen av ein eigenart – i tråd med tysk romantisk nasjonalisme” (Angell 1999:35). Utviklinga av svensk nasjonal identitet på 1800-talet, er derfor ikkje på same måten som den norske, knytt til forestillinga om demokratisering og utvikling av nasjonalt sjølvstende. Den er heller ikkje på same måten knytt til forestillinga om viktige skilsetjande hendingar i den moderne nasjonalstaten sin historie. I Sverige skjer det eit brot i utviklinga av nasjonal identitet ved at det konservative prosjektet frå 1800-talet blir forkasta under demokratiseringsprosessen på 1900-talet. Desse forholda gjer at det blir vanskeleg å sjå dagens svenske demokrati i forlenginga av svensk ”nasjonsbyggingshistorie”. Det er også vanskeleg å finne historiske vendepunkt i nasjonen si historie som kan skape utgangspunkt for ei entusiastisk nasjonaldagsfeiring. Fleire forskarar har hevda at svensk identitet i større grad er knytt til ei identifisering med staten enn med nasjonen, og at ”folkhemmet” som produkt av sosialdemokratiet og velferdsstaten er blitt eit sentralt symbol på det moderne svenske fellesskapet.

Angell meiner ut frå dette, at dei nasjonalstatlege utviklinga i Sverige ikkje ligg til rette for ein sterk identifikasjon med dei nasjonalstatlege nøkkelsymbola. Truleg vil det vere andre symbol som kan konkurrere om å uttrykkje svensk nasjonalkjensle.

Når det gjeld Danmark hevdar Angell at dette landet hamnar i ein mellomposisjon i forhold til Sverige og Norge. I likskap med Sverige kan også Danmark vise til ein stormaktstradisjon og til ei utvikling frå fleirnasjonal heilstat mot ein etnisk og kulturelt meir homogen nasjonalstat. Denne utviklinga kom seinare enn i Sverige og som i Norge fall den meir saman med ein fase då massedemokratiet er i utvikling og den vanlege borgaren i større grad blir involvert i prosessen. I den danske utviklinga blir grensespørsmålet mot Tyskland eit nasjonalt traume som mobiliserer patriotisme og nasjonalkjensle som kan styrke vidareføringa av ein militant statstradisjon. Men i same perioden utvikla det seg også ein anti-autoritær grundtvigiansk nasjonalisme. Slik sett blir den danske nasjonalstatstradisjonen prega av ei spenning mellom ein konservativ tradisjon, og utviklinga av ein nasjonal identitet bygd på forestillinga om den danske ”folkelighet”. Samanlikna med den norske tradisjonen er det vanskelegare å gjere den danske historia til ei forteljing om demokratisering og frigjering, fordi utviklinga er mindre eintydig og meir prega av konservative tilbakesteg. Det er også, som i Sverige, vanskelegare å finne skilsetjande hendingar som kan feirast som historiske vendepunkt. Når det gjeld bruken av dei nasjonale nøkkelsymbola kan vi kanskje trekke den slutninga at den vil vere prega av tvetydighet mellom på den eine sida ein konservativ og autoritær tradisjon, - og på den andre ein meir folkeleg og antiautoritær. Det kan tyde at det er meir problematisk å legitimere offentleg bruk av dei danske nøkkelsymbola enn dei norske, som blir støtta av ein offentleg autorisert nasjonal myte om nasjonal frigjering og demokratisering. Angell hevdar samstundes at det finst ein lang og sterk tradisjon for folkeleg bruk av dei nasjonale symbola i Danmark, til dømes flagg brukt som ein del av det borgarlege festmønsteret som utvikla seg på slutten av 1800-talet (Angell 1999:35).

Situasjonar som mobiliserer nasjonal identitet i Skandinavia

Den nordiske surveyen inneheld også nokre spørsmål som kan vere relevante når ein skal tolke fellestrekk og variasjonar i bruken av nasjonale symbol i Skandinavia. Det første dreier seg om kva situasjonar som mobiliserer den nasjonale identiteten. Det vart stilt eit ope spørsmål om i kva situasjonar ein kjenner seg mest, svensk, dansk og norsk. I alle dei tre skandinaviske landa er det to situasjonar som ofte blir nemnt. Den eine er situasjonen ”å vere i utlandet”, den andre er store idrettshendingar. Begge desse situasjonane har truleg det til felles at dei aktiviserer ein latent nasjonal identitet. I utlandet blir det nasjonale synleg ved at ein kryssar grenser og forlet sin eigen nasjon. (Ein av dei svenske respondentane sa at ”jag känner mig mäst svensk når jag går gjennom tullen”.) På idrettsarenaen blir det nasjonale aktivisert ved at mykje av den internasjonale konkurranseidretten, særleg innanfor lagidrett, fokuserer på kamp mellom nasjonar. Det er neppe tilfeldig at lagidretts-konkurransar blir særleg ofte nemnt som situasjonar som aktiviserer nasjonalkjensle. Danmark skil seg ut som landet der idrettsarenaen er klart viktigaste for mobilisering av nasjonalkjensle, med det mannlege fotball-landslaget og det kvinnelege håndball-landslaget som ofte nemnde eksempel. Det er interessant å merke seg at dei dominerande arenaene for mobilisering av nasjonalkjensle i Skandinavia i dag ser ut til å vere knytt til moderne internasjonale fenomen som utanlandsreiser og internasjonal konkurranseidrett i fjernsynet. Auka mobilitet av personar og idear over landgrensene blir ofte framstilt som eit trugsmål mot nasjonal identitet og nasjonale symbol, men samstundes ser det ut som om denne typen fenomen kan stimulere til auka bruk av nasjonale symbol.

Berre ein arena i Skandinavia er viktigare enn idrettsarenaen for aktivisering av nasjonalkjensle: det er den norske 17- mai-arenaen. 47% av nordmennene seier at dette er dagen dei kjenner seg mest norske. Ser vi på andre nasjonale særtrekk merker vi oss at mange svenskar nemner midtsommarsfeiringa som ein dag dei kjenner seg særleg svenske, og at ganske mange danskar nemner jule- og nyttårsfeiringa med dronningas nyttårstale som ei tid for ”danskhet”.

Symbol for nasjonen?

Vi har også prøvd å få meir tak på kva som sterkast symboliserer kvart av dei skandinaviske landa ved å be respondentane å velje i ei liste over symbol og institusjonar (medan vi i framstillinga så langt primært har fokusert på dei offisielle symbola, utvidar vi her perspektivet til å sjå etter dei meir uoffisielle eller løynde symbola, jamfør tidlegare drøfting).


Nor.
Sve.
Dan.
Storting/Riksdag/Folketinget
38
11
10
Landslag innen ulike idretter
20
23
26
Natur og landskap
25
27
23
Velferdsstaten
4
9
11
Store industri-eller teknologibedrifter
1
11
3
Kirken (statskirken/folkekirken)
5
10
8
Folkehøyskolen
2
8
16
Ubestemt
5
3
2

Fellestrekk mellom dei skandinaviske landa er at ”landslaga innen ulike idretter” og ”natur og landskap” blir oppfatta som viktige symbol. Berre eit symbol er viktigare. Det er Stortinget for nordmennene. Heile 38% av nordmennene nemner dette, medan berre 10% av danskane nemner Folketinget og 11% av svenskane Riksdagen.

Av andre nasjonale særtrekk merker vi oss folkehøgskolen sin sterke posisjon som nasjonalt symbol i Danmark (16%) og svenskane si vektlegging av storindustri- og teknologibedrifter som symbol på det svenske (11%). Eit eksempel på det siste er Volvo sin posisjon som nasjonalt symbol i Sverige. Dette eksempelet illustrerer også eit poeng eg tidlegare har vore inne på: at nasjonal identitet er latent og løynd og ofte først blir tydeleg når den er truga eller borte. Mange av ”sorgreaksjonane” i Sverige på ”utflagginga” av Volvo januar 1999, kan tolkast som uttrykk for ei nasjonal kjenslebølgje kring tapet av ”folkhemmet på hjul”.

Nasjonale symbol og kjensler i Skandinavia

Ein ting er å eige eit nasjonalt symbol og å av og til bruke det. Eit heilt anna spørsmål er kva denne bruken gjer med brukaren. Blir den som brukar symbolet kjenslemessig berørt av symbolbruken, eller er det bere snakk om vanemessig bruk som tilsynelatande ikkje gjer noko med brukaren? Vi har tidlegare peikt på at det nasjonale symbolspråket er eit språk som på ein særleg måte kan tale til kjenslene. Om dei offisielle nasjonale symbola i dei skandinaviske landa har denne eigenskapen, er av interesse i ei maktdrøfting fordi det seier noko om deira potensielle symbolmakt, og om eventuelle skilnader mellom landa i så måte.

For å få vite meir om dette har vi valt ut eit av symbola og spurt om folk blir rørt når dei syng nasjonalsangen. Å bli rørt eller å få klump i halsen under nasjonalsangen kan tolkast som ei kroppsleggjort erfaring av nasjonal identitet. Folk er ikkje i tvil om dei har opplevd dette, klumpen i halsen kan ikkje lyge sjølv om vi kan lyge om klumpen i halsen. Det vi står overfor er ikkje ein fysiologisk bestemt reaksjon som dei tårene i augene ein får når ein skrellar løk. Å bli rørt under nasjonalsangen, er sjølvsagt noko som er kulturelt lært. Det er eit eksempel på det Norbert Elias omtaler som nasjonalisering av kjenslelivet, ein kulturell læringsprosess der det blir knytt emosjonelle reaksjonar til nasjonale symbol og ritual (Elias 1978). Det er vanskeleg å undersøke nasjonaliseringa av kjenslelivet ved å spørje folk generelt om deira kjensler i forhold til nasjonen. Folk går ikkje rundt med ”generelle kjensler” på dette området, desse kjenslene er av latent karakter og ofte løynde for personen. Dei kjem fram i bestemte situasjonar, ofte overraskande på den det gjeld, (”eg fekk plutseleg klump i halsen”).

Kva viser så resultata på dette området? Har skandinavar eit nasjonalisert kjensleliv, er nasjonalsangen i stand til å utløyse kjensler? Svaret er langt på veg ja (tabell 2). To av tre skandinavar seier at dei har opplevd å bli rørt når dei høyrer, eller sjølv syng, nasjonalsangen. Flest danskar og nordmenn blir rørt, færrast svenskar.


Nor.
Sve.
Dan.
Alltid
23
17
20
Noen ganger
31
29
31
Ved en bestemt anledning
20
16
19
Aldri
24
36
28
Husker ikke
1
1
2
Ubestemt
0
1
1

Resultata viser altså at fleirtalet av skandinavar har ein kroppsleg emosjonell reaksjon i møte med eit nasjonalt ritual som det å synge nasjonalsangen. Det nasjonale har med andre ord sett seg i kroppen og kjenslelivet. Når nasjonalsangen blir sungen framkallar det assosiasjonar frå tidlegare avsyngingar av sangen, kjensler som kan bli aktivert på nytt. Det ser ut som om denne ”reaktiveringsprosessen” kan tre i kraft for dei fleste skandinavar. Eit nasjonalt ritual som det å avsynge nasjonalsangen, kan dermed ikkje berre karakteriserast som ein ”likegyldig og tom tradisjon” i Skandinavia. Vi har ikkje undersøkt om bruken av andre nasjonale symbol har tilsvarande funksjonar, men det er vanskeleg å tru at nasjonalsangen står i ei særstode på dette området. Truleg er det slik at også bruken av flagg og nasjonaldrakt og feiring av nasjonaldag hjå mange aktiviserer bestemte stemningar og kjensler (jamfør den norske ”kategorien” 17. mai-stemning som også blir brukt som ein målestokk på stemningsnivået på andre områder: ”det var reine 17. mai stemninga”). Samstundes er det klart at den emosjonelle ”ladninga” til eit symbol og ritual er avhengig av kva posisjon dette symbolet/ritualet har i kvart land (grunnlovsdagane i Sverige og Danmark har ikkje ein status som kan samanliknast med den norske og feiringane av desse kan neppe brukast som målestokk på feststemning).

Fellestrekk og variasjonar i den skandinaviske bruken av nasjonale symbol

I det følgjande skal vi samanfatte dei ulike bruksmønstra av offisielle nasjonale symbol i dei skandinaviske landa og drøfte fellestrekk og variasjonar i desse mønstra.

  • Offisielle nasjonale symbol som flagg og nasjonalsang blir mykje brukt i alle dei skandinaviske landa. 9 av 10 skandinavar har flagg og 3 av 4 har brukt det siste året, 1 av 2 har sunge nasjonalsangen.
  • Eit fleirtal av skandinavane har eit ”nasjonalisert kjensleliv”, kan bli emosjonelt påverka av offisielle nasjonale symbol (jamfør reaksjonane på nasjonalsangane).
  • Sverige skil seg ut med mindre bruk av dei offisielle nasjonale symbola enn Norge og Danmark.
  • Når det gjeld bruk av offisielle nasjonale symbol, skil Norge seg ut på to av dei områda vi har undersøkt. Det gjeld stor folkeleg oppslutning om den offisielle nasjonaldagen og omfattande bruk av nasjonaldrakter. Nasjonaldagsritualet og nasjonaldrakter har liten eller ingen oppslutning i Sverige og Danmark.
  • Danmark og Norge er relativt like når det gjeld bruks-omfanget av symbola (med unntak av nasjonaldagsfeiring og nasjonaldrakt), skilnaden går truleg meir på i kva samanhengar og på kva måtar symbola blir brukt. Norge skil seg ut ved at vi her finn ein omfattande folkeleg bruk av dei offisielle nasjonale symbola på den offentlege arenaen. Mykje av den danske (og svenske) symbolbruken knyter seg til private, ikkje politisk ideologiske arenaer, til dømes idrettskonkurransar og privat festbruk. Denne meir uformelle måten å bruke dei offisielle nasjonale symbola på er ein trend vi også finn i Norge, men den er ikkje så dominerande her.
  • ”Festnasjonalismen”. Når det gjeld den meir private og uformelle måten å bruke offisielle nasjonale symbol på, kan denne tolkast som eit uttrykk for det Jonas Frykman har omtalt som ”informalisering av nationell identitet”. ”Ingen som vuxit upp i de sena 1900-talets Sverige –Norge eller andra skandinaviska länder, kan ha undgått en ganska oansvarig träning i at bruka de nationella uttrycksmedelen” (Frykman 1992:35). Medan gårsdagens skandinavar hadde eit giv-akt forhold til flagget, har dagens skandinavar blitt vant med å bruke flagget på ein avslappa måte under årstidmarkeringar, familiefestar og idrettsbegivenheter. Dette har, i følgje Frykman, skapt ein ”festnasjonalisme” der skandinavar er blitt ”festkompetenta med nationella förtecken” (Frykmann 1992:35).

Informaliseringshypotesen finn stønad på fleire punkt i vårt material. Vi har vore inne på den omfattande bruken av flagg i private festsamanhengar. Den viser seg også gjennom ei liberal haldning til bruk av flagget der dei fleste (og særleg dei yngre generasjonar) aksepterer at idrettssupportarar maler flagget i ansiktet. Idrettsarenaen er eit typisk uttrykk for denne ”festnasjonalismen”. Vi har vist at denne arenaen er viktig for oppleving av nasjonal identitet i alle dei tre landa. Mykje tyder på at vi her vil finne ein skandinavisk felleskultur i bruka av nasjonale symbol der mange av dei skilnader vi har vore inne på, ikkje lenger gjeld. Svenske etnologar har hevda at den svenske offisielle skepsisen mot bruk av nasjonale symbol ikkje slår ut på idrettsarenaen og våre observasjonar frå dei skandinaviske supportarmiljøa under sluttspelet i EM, tyder på at den nasjonale symbolbruken er temmeleg lik (Brottveit og Aagedal 2000). Samstundes vil det vere variasjonar mellom landa når det gjeld kva som er dei mest nasjonale idrettsgreinene. Dei sterke emosjonelle reaksjonane mot dopingavsløringar i Finland og dopingrykta i Norge i langrennssporten, heng truleg saman med den sterke nasjonale symbolverdien som nettopp desse idrettsgreinene har i Finland og Norge. Dette døme viser også at å knyte nasjonal ære til idrett, også inneber risikoen for nasjonal skam om noko går gale.

Typisk for det vi har omtalt som ”festnasjonalismen” er ein eksperimenterande og leikande bruk av nasjonale symbol. Tabu knytt til bruk av nasjonale symbol blir brotne: ein kan male flagget i ansiktet, kle seg med flagget, blande flagget med andre symbol ved å skrive eige namn eller namn på idrettsidol på flagget, offisielle nasjonalsangar blir sunge saman med nye supportarsangar etc.

Den voldsomme bruken av nasjonale symbol innanfor idrettssupporterkulturen kan tolkast som eit uttrykk for ein særleg sterk og aggressiv nasjonalisme. ”Hooligans-kulturen” sin rasistiske bruk av nasjonale symbol på idrettsarenaen er eit problem også i Skandinavia. Men hovudinntrykket av den skandinaviske supportarkulturen, (tildømes under sluttspelet i fotball EM 2000), er at dette er svært marginale fenomen og at den voldsomme bruken av nasjonale symbol kring denne typen idrettsarrangement ikkje kan tolkast rasistisk. Politiet rapporterer at dette er ein relativt snill kultur med få eller ingen valdsepisodar og danske supporterar omtalar seg som ”roligans”, i motsetning til ”hooligans”. Den er meir eit uttrykk for ein ”vi-slår-oss-løs-nasjonalisme” enn ein ”vi-slår-deg-ned-nasjonalisme”.

Ut frå Handelman sin terminologi er det mest nærliggjande å karakterisere bruken av nasjonale symbol i supporterkulturen som re-presenterande. Unge skandinavar har utvikla ein kompetanse i nasjonal symbolbruk som gjer dette symbolsystemet til eit egna språk for mange formål. I tillegg til å uttrykkje ein kollektiv nasjonal identitet, kan symbola brukast i eit ”maskespel” der ein leikar med roller og prøver ut identitetar. Dette kan også vere identitetar som ikkje berre dreier seg om nasjonal tilhørigheit, men til dømes om kjønnsidentitet. Den nasjonale fotball-supporterkulturen er primært ein ”gute-kultur”, og når unge skandinavar i vikinghjelm svingar med ølglas, flagg og plastsverd på barane før kampen, er det også eit spel om det å vere mann.

At bruken av dei nasjonale symbola her ikkje blir tolka ”presenterande”, tyder ikkje at vi berre oppfattar tabubrota som ei kritisk distansering frå det nasjonale symbolspråket. Truleg er det meir rimeleg å tolke festnasjonalismen som ei liberalisering av det nasjonale symbolspråket som tillet nye måtar å bruke og kombinere symbola på. Slik sett kan den friare og eksperimenterande bruken gjere dei offisielle nasjonale symbola interessante for nye brukargrupper som middel for å konstruere og kommunisere ”eit moderne sjølv”. Den friare bruken av dei nasjonale symbola innanfor festnasjonalismen gjer at dei kan uttrykkje både kollektiv forankring og individualitet, to sentrale verdiar innan for det moderne sjølvbiletet (Gullestad 1997).

Nasjonaldagsfeiring og den ”presenterande nasjonalismen”

Som vi har vore inne på skil Norge seg frå Sverige og Danmark med ei større oppslutning om offentleg bruk av nasjonale symbol. Den viktigaste bruksarenaen for dei nasjonale symbola i Norge er 17. mai: ein offentleg og, i vid forstand, politisk arena. Skilnadene i dei skandinaviske nasjonaldagstradisjonane er truleg eit godt utgangspunkt for å forstå ulike måtar å bruke offisielle nasjonale symbol på og ulike føresetnader for nasjonal symbolbruk. Angell har hevda at den norske nasjonalstatstradisjonen i ein skandinavisk samanheng, er den tradisjonen som lettast let seg presentere gjennom dei nasjonalstatlege nøkkelsymbola og derfor også er den nasjonale identiteten som lettast let seg feire gjennom ein spesiell offisiell nasjonaldag. Nasjonaldagsfeiringa er knytt til ei skilsetjande hending i nasjonen si historie, knytt til Grunnlova av 1814 der den nye norske nasjonen blir fødd. Seinare norsk historie kan tolkast som ei vidareføring og ei stadfesting av 1814-tradisjonen (unionsoppløysinga med Sverige 1905, kampen for fridom under okkupasjonen 1940-45, kampen mot rasisme på 80- og 90-talet) (Bjørgen og Hovland 2001).

I dansk og svensk tradisjon er det ingen dag som på tilsvarande måte skil seg ut, dei svenske og danske grunnlovene har ikkje same nasjonale status og aura, utviklinga av svensk og dansk nasjonalisme på 1800-talet står i eit meir komplekst forhold til utviklinga av dei svenske og danske demokratia osv. Derfor blir spørsmålet om kva dag ein skal feire som nasjonen sin dag meir komplisert i Sverige og Danmark, og som gamle stormakter blir kanskje behovet for ei nasjonaldagsfeiring mindre enn for Norge som har ein kort periode med sjølvstende å markere og ta vare på. I nordisk samanheng minner oppslutninga om den norske nasjonaldagen meir om oppslutninga om nasjonaldagane på Grønland og Færøyane der feiringa blir assosiert med kampen for nasjonalt sjølvstende (Adriansen 2001). Nasjonaldagsfeiringa blir knytt til det ein kan kalle ei post-kolonial erfaring og til ein post-kolonial nasjonal identitet.

Barbro Blehr har analysert svensk politisk debatt på 90-talet om korleis ein kan vitalisere den offisielle nasjonaldagen 6. juni til ei folkeleg nasjonaldagsfeiring som kan fremje ”ein sunn nationalkänsla” (Blehr 2001). Eit av forslaga dreier seg om å gjere 6. juni til fridag, noko som etter planen vil bli gjennomført frå 2003. Det svenske forsøket er interessant fordi det, i tråd med svensk tradisjon, er eit framtidsretta forsøk på å ”modellere” ei sunn nasjonalkjensle. Samstundes viser problema i gjennomføringa kor vanskeleg det er å planleggje og konstruere ei nasjonaldagsfeiring, dersom ein ikkje kan forankre denne i noko som ein oppfattar som ei skilsetjande hending i historien. Ser vi på når svenskar brukar flagget og kjenner seg svenske, kan midtsommarsfeiringa ha større potensiale enn 6. juni som den svenske nasjonen sin dag.

Skilnader i dei skandinaviske nasjonaldagstradisjonane avspeglar ulike historiske føresetnader for bruk av dei nasjonale nøkkelsymbola. Men ulike nasjonaldagstradisjonar får også konsekvensar for bruk og oppleving av andre nasjonale symbol. 17. mai tradisjonen fører til ein omfattande bruk av offisielle nasjonale symbol i Norge fordi den legitimerer og aktiviserer bruk av mange andre symbol. 17. mai er dagen ein flaggar, brukar nasjonaldrakt og syng nasjonalsangen.

Den norske nasjonaldagstradisjonen pregar ikkje berre omfanget av symbolbruk, men gjer også noko kvalitativt med nordmenn sitt forhold til symbola. Resultata viser at nordmenn er langt meir restriktive enn svenskar og danskar når det gjeld synet på i kva samanhengar ein kan tillate seg å bruke eit offisielt nasjonalt symbol som flagget (Botvar og Lunestad 2001). Det er nærliggjande å tolke dette som eit uttrykk for at nordmenn har eit meir høgtidleg forhold til dette symbolet, og at dei offisielle nasjonale symbol kanskje er meir ”alvorlege” for nordmenn enn for danskar og svenskar. Den årlege bruken på 17. mai arenaen bidrag truleg til å oppretthalde denne kjensla og respekten. På denne dagen inngår dei nasjonale symbola i høgtidlege handlingar der nasjonen sine grunnverdiar blir markert og feira gjennom talar, minnehøgtider, gudstenester og paradar.

Om vi skulle bruke Handelman sin terminologi illustrerer den norske nasjonaldagsfeiringa det han kallar ”presenterande ritual”. 17. mai kan oppfattast som nasjonen Norge sin sjølvpresentasjon, den nasjonale symbolbruken på denne dagen er ”alvorleg meint” på ein annan måte enn den nasjonale ”symbolleiken” blant skandinaviske EM-supporterar.

Likevel er neppe skiljet mellom 17. mai-nasjonalismen og supporternasjonalismen eit absolutt skilje. Festnasjonalismen er ikkje isolert til bestemte arenaer (som til dømes private festar og idrettskonkurransar), men opptrer også på dei meir høgtidlege arenaene og blandar seg med det vi har omtalt som ein meir alvorleg og presenterande symbolbruk. I Norge kjem dette til utrykk ved at nasjonaldagsfeiringa er ei blanding av høgtidlege riter knytt til 1814-tradisjonen, og meir karnevalsprega innslag (til dømes russefeiringa) som tilsynelatande står fjernt frå denne tradisjonen.


Publisert 25. nov. 2010 13:52