8. ”Fra nød til seier”: den norske restaurasjonsmyten


8. ”Fra nød til seier”: den norske restaurasjonsmyten

I dei følgjande kapitla skal vi, med utgangspunkt i dei teoretiske perspektiva vi har introdusert, ta for oss eksempel på bruk av nasjonale symbol og ritual i Norge, med særleg fokus på maktproblematikk. Hovudpoenget er å vise eksempel på korleis nasjonale symbol og ritual blir brukt i konkrete situasjonar og korleis analyse av denne bruken kan synleggjere maktforhold og maktbruk. Døma vi skal bruke er kronprinsbryllaupet 2001, kong Olav Vs død og gravferd i 1991, bruken av nasjonale symbol i forhold til integrasjon i EU og etniske minoritetar sitt forhold til den norske nasjonaldagsfeiringa. Sentrale tolkingsperspektiv i denne analysen vil vere det vi før har omtalt som nasjonale mytar og symbol-rom. Vi vil derfor innleiingsvis skissere det vi oppfattar som typiske trekk ved desse.

Restaurasjonsmyten er ei form for forteljing om nasjonen som ser nasjonen si utvikling som ei gjenreising og vidare utvikling av ei stolt fortid. Dette er eit tankemønster som ser ut til å vere treffande for å få fram typiske trekk i norsk nasjonal identitet. Dag Thorkildsen har relatert Hutchinson sin teori til norsk historie på følgjande måte.

1) a migration myth: innvandringen til Norge fra nordøst og Norge og Nord-Sverige siom utgangspunkt for den norrøne stamme;

2) a founding myth: vikingtiden og rikssamlingen;

3) a goulden our of splendour: norsk middelalder med nasjonal selvstendighet, kristning, rett og fred;

4) a period of inner decay: Kalmarunionen og foreningstiden med Danmark;

5) a promise of regeneration: begynner med 1814 og grunnloven.

(Thorkildsen 1995:73).

I forhold til nasjonale symbol er det viktig å merke seg at dei nasjonalstatlege nøkkelsymbola knyter seg til perioden ”a promise of regeneration”, ein periode då nasjonen finn seg sjølv på nytt. Som Angell påpeikte i sin analyse av den norske nasjonalstatstradisjonen, fell utviklinga av ein ny norsk nasjonal identitet saman med kampen for nasjonalt sjølvstende og utviklinga av massedemokratiet. Moderne norsk nasjonal identitet knyter seg altså til den ”siste delen” av den store forteljinga om Norge og til ein post-kolonial identitet. Sidan det norske nasjonale symbolgalleriet er utvikla i same perioden, ser det også ut til å vere godt egna til å dramatisere denne delen av forteljinga (på ein annan måte enn i dei andre skandinaviske landa). Eit eksempel på dette er den norske nasjonaldagstradisjonen som feirar starten på ei ny framtid knytt til hendingane i 1814. Den seinare utviklinga av denne tradisjonen kan tolkast som ein kamp kring inkluderinga av nye grupper i det nasjonale fellesskapet og som ein kamp mot krefter som kan truge dette fellesskapet og skape nye periodar av ”forfall”. Det tydelegaste eksempelet på slike trugsmål er Tyskland sin okkupasjon av Norge 1940-1945 og der m.a. nazistane sitt mislukka forsøk på å vinne 17. mai-ritualet blir eit teikn på at eit norsk nasjonalt fellesskap overlever på trass av okkupasjonen. Slik sett kan krigen tolkast inn i den norske restaurasjonsmyten som eit nytt forfall til ufridom og framandt herredøme, som blir avløyst av frigjering og ny framtidsvon. At dei nasjonalstatlege nøkkelsymbola, på trass av nazistane sine forsøk på bruk og utnytting, ikkje vart øydelagde av okkupasjonsmakta, gav desse symbola ei styrka kraft etter krigen som symbol på det frie Norge (jamfør til dømes innføringa av 17. mai som fridag og masseoppslutninga om feiringa, og kongen sin auka status). Slik sett representerte krigen ei stadfesting og revitalisering av den norske ”restaurasjonsmyten” og er med å forsterke skilnader mellom den norske nasjonale symboltradisjonen og dei andre skandinaviske.


Publisert 25. nov. 2010 13:52