9. Nasjonale scener


9. Nasjonale scener

Nasjonale mytar kan nedfelle seg i romet ved at stader, gjenstandar og bygningar får mytisk tyding. Nasjonale ritual kan sjåast på som dramatiseringar av nasjonale mytar. Slike dramatiseringar skjer ofte på arenaer som i utgangspunktet har ein spesiell tyding innanfor det mytiske universet. Stader, bygningar og gater kan ha ei symbolsk utstråling som gjev ei spesiell meining til hendingar og handlingar som utspelar seg der. Den som kan gje sitt politiske prosjekt ei meining innanfor dette symbolrommet, kan hente legitimitet og kraft frå symbolrommet. Kampen om nasjonen er ein kamp om fortolking av dei nasjonale mytar, ein kamp om å etablere og kontrollere nasjonale symbolarenaer.

Når det gjeld det vi har omtalt som den dominerande moderne nasjonale myten i Norge (restaurasjonsmyten), er det særleg ein arena eller scene som peikar seg ut som sentral. Den geografiske plasseringa av denne arenaen kan avgrensast på ulike måtar, men den er lokalisert kring ein ”nasjonal akse” frå Slottet og Slottsplassen via Karl Johan til Stortinget. Kring denne aksen finn vi bygningar som representerer sentrale nasjonale institusjonar og som vart reiste som ein del av den norske nasjonsbygginga på 1800-talet: Slottet 1848, Stortinget 1866, Universitetet 1852, Nasjonalteateret i 1899. Det romet vi her har skildra er ikkje eit Oslo-rom, sjølv om det fysisk er lokalisert der. Denne arenaen mobiliserer ikkje først og fremst lokalpatriotisme, men nasjonalkjensle. Den kan kallast ”den moderne norske nasjonen sitt rom”, fordi viktige hendingar i nyare norsk historie har fått sitt symbolske uttrykk innanfor denne arenaen (unionsoppløysinga 1905, krigsutbrotet 1940 og frigjeringa i 1945) og fordi sentrale nasjonale ritual utspelar seg innanfor dette romet (nasjonaldagsfeiring, regjeringsskifte, kongelege livs- og dødsritual osv.). Vi kan kalle dette ”den 1814-norske” eller ”den 17. mai-norske arenaen”.

”17. mai arenaen” og ”17. mai mytologien” er ikkje einerådande. Det eksister ulike mytologiar om nasjonen Norge, som truleg kan tilordnast ulike mytiske rom. Den dominerande forteljinga om nasjonen Norge er forteljinga om eit folk med ei ærerik fortid som går gjennom en mørk periode prega av ufridom og forfall og som finn seg sjølv og vinn sin fridom (Hutchinson 1994; Thorkildsen 1995). Moderne norsk nasjonal identitet er knytt til den siste delen av forteljinga (”Den 17. mai-norske myten”), men det finst også eit ”kapittel” om ei norsk stordomstid som kan være utgangspunktet for ein annan type nasjonal identitet. I denne forteljinga er Heilag Olav og Nidarosdomen sentrale symbolbærande element og her finst element til en religiøs kongeideologi. Denne myten kan vi kalle ”Den olsok-norske myten” (Angell 1994). Når kronings- og signings-seremoniar i den nye norske nasjonen si historie blir lagt til Trondheim og Nidarosdomen, er det nærliggjande å tolke dette som et ønskje om å knyte seg til den olsok-norske myten og få del i denne arenaen og forteljinga si symbolkraft.


Publisert 25. nov. 2010 13:52