Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Årsrapport 2002

Innhald - Refleksjonar - Forsking - Fagleg leiing - Administrativ leiing - Fakultetsstyret - Hovudtal - Årsrapportar frå einingane

Refleksjonar frå dekanen

2002 var året da nesten alle studieplanar ved fakultetet blei lagt om, samtidig som ei rad nye studietilbod blei vedtatt oppretta. 2002 var året da Psykologisk institutt flytta inn i nytt bygg i Forskningsvegen 3. I 2002 steig vekttalsproduksjonen ved fakultet for første gong på 6 år. Det blei registrert 528 nye studentar mot 320-330 dei siste åra.

Personalet har med engasjement og innsatsvilje tatt del i arbeidet med kvalitetsreforma. Det er utarbeidd nye studieprogram (bachelor og master) i dei seks hovuddisiplinane ved fakultetet. I psykologi er det vedtatt eit heilt nytt tilbod på masternivå. Dette blir ei alternativ utdanning til profesjonsstudiet for studentar som
vil bruka psykologifaget til anna enn klinisk arbeid. Det er vidare gjort klart for fem nye tverrfaglege bachelorgradar: Utviklingsstudiar, Internasjonale studiar, Europastudiar (EU), Kultur og kommunikasjon og Offentleg administrasjon og leiing samt ein tverrfagleg mastergrad (Freds- og konfliktstudiar). Bortsett frå profesjonsstudiet i psykologi og ESST (Mastergradsstudiet Society, Science and Technology in Europe) skjer det ein gjennomgripande revisjon av alle studietilboda, ikkje berre i struktur, men også i innhald, undervisningsopplegg og vurderingsformer.

Kvalitetsreforma skaper forventningar om sterkare oppfølging av den enkelte studenten, særleg på lågare grad. Budsjettildelinga for 2003 gir berre ein liten auke i dei ressursane som kan disponerast til undervisning. Fakultetet vedtok i 2002 opptaksrammer for dei nye studieprogramma. For å innfri i alle fall litt av dei forventningane som kvalitetsreforma har skapt, er det nødvendig å halda strengt på rammene (sjølv om mindre justeringar mellom nærskylde program kan vera aktuelt). Vedtaket om opptaksrammer signaliserer at fakultetet nå prioriterer kvalitet framfor kvantitet.

Trass i at arbeidet med kvalitetsreforma har tatt mykje tid, har forskingsaktiviteten halde seg på eit høgt nivå. Fakultetet tok i 2002 i bruk ein intern budsjettmodell som premierer forskingspublisering, og da særleg i internasjonal tidsskrift og på internasjonale forlag.

Formidlingsaktiviteten frå det vitskaplege personalet var i 2002, som i tidlegare år, på eit høgt nivå. Den mest synlege formidlinga skjer gjennom media, der fakultetet
er representert i spaltene i Aftenposten nesten dagleg. Ofte oversett er det store formidlingsarbeidet som går føre seg gjennom offentlege utgreiingar og gjennom
fordrag på ulike fagkonferansar. Professor Thomas Hylland Eriksen, Sosialantropologisk institutt, fekk i 2002 formidlingsprisen frå Noregs Forskingsråd. I samband med flyttinga til nye lokale heldt Psykologisk institutt ein open dag med stor oppslutning.

 

 

Asbjørn Rødseth
dekan

 

Publisert 12. okt. 2010 13:54 - Sist endret 16. okt. 2013 14:30