Referat frå programrådsmøte 21.01.2015

Til stades: Sissel Myklebust (leiar), Tone Druglitrø (STS-representant), Magnus Jacobsen (student), Gabrielle Kristensen (student). Sekretær: Lene Angelskår.

1. Midlar til utvikling av nye former for evaluering og undervisning

Rådet er litt i tvil om kva ein kan søke om midlar til, men er positive til moglegheita. Tone skal ta saka vidare til VTK-gruppa, og Lene sender epost til Taran og ber ho gjere det same for Innovasjongruppa. Studentane foreslår å lage podkast av forelesningar. Dei vitskapelige representantane er usikre på om dette er lurt, fordi det kanskje kan gjere ta studentar ikkje møter til forelesning. Det blir foreslått å søke om midlar til å eventuelt opprette nytt metodeemne. Dette skal Sissel og Lene foreslå for Fulvio Castellacci (senterleiar).

 

2. Evaluering av TIK4001 hausten 2014

Lene oppsummerte evalueringsrapporten.

Modul 2 og 5, som har fått litt negativ tilbakemelding, blei diskuterte. Modulane blir vanlegvis koordinert av programrådsleiar Sissel, så det er sannsynleg at gjennomføringa hausten 2014 var merka av at Sissel var i forskingstermin. Rådet diskuterte integrering av innovasjon og STS i modul 2, som er ei utfordring.

Utfordringar i modul 2 (STS & Innovasjon)

Studentane syntes modul 2 var vanskeleg å få tak på, og den sto ikkje klart fram som ein heilheitleg modul. Rådet meinar at dette vil bli betre hausten 2015, når Sissel Myklebust er til stades for å koordinere modul 2 og 5. Studentane foreslo å ha introduksjonsforelesningar til innovasjon og STS tidlig i modul 1, slik at studentane får eit tydelegare bilete av kva dei skal lære dette semesteret. Då kan ein også tydeleggjere at det dei skal lære i modul 1 er bakgrunn for det dei skal lære om STS og innovasjon. I tillegg vil det være ei god førebuing til modul 2, der ein skal samanlikne ST og innovasjon.

Modul 3 (STS)

Rådet diskuterte undervisninga i STS-modulen. Studentane synes STS er krevjande å forstå i byrjinga, og det tar ei stund før dei skjønar feltet. Spesielt er ANT vanskeleg å forstå, og studentane foreslår å byrje med ei enklare og meir skjematisk framstilling, og å bruke meir eksemplar i undervisninga. Forståinga av både STS og ANT kjem imidlertid  etter kvart, og nesten halvparten av studentane skal velje fordjuping i STS våren 2015.

Av Lene Angelskår
Publisert 26. jan. 2015 13:53 - Sist endret 27. feb. 2024 20:51