2. PERMANENTE SPENNINGAR OG GJENNOMGåANDE TEMA


2. PERMANENTE SPENNINGAR OG GJENNOMGÅANDE TEMA

Mest same kva element av den norske politiske historia vi festar blikket på, er det lett å bli slått av dei store endringane som har skjedd frå inngangen til utgangen av det tjuande hundreåret. Det gjeld også vår flik av historia: Det finst fundamentale skilnader mellom dei krav og forventningar som vart stilt til det lokale og regionale styringsverket ved kvart av desse ytterpunkta, noko som kanskje vert aller tydelegast når vi ser kva endringar som er skjedd når det gjeld den statlege politikken overfor kommunane. Denne har endra seg frå det som er blitt omtala som laissez faire i åra kring 1900, til ein politikk som inneber så høge ambisjonar på vegner av kommunane at einskilde kritikarar hevdar at både kommuneøkonomien og lokaldemokratiet i dag står i fare for å verte kvelt.[4]

Bak alle desse store endringane finst det likevel einskilde element ved eller rammevilkår for dei politiske prosessane vi studerer som går att gjennom heile 1900-talet. Dette kan vere meir eller mindre permanente spenningar, eller tema som er gjennomgåande i heile eller store delar av perioden. Vi vil her gjere greie for nokre av desse varige elementa ved politikken vi studerer. Føremålet er primært å utvikle eit rammeverk for forståing av den påfølgjande kronologiske gjennomgangen og analysen av ideologiar, verdiar og haldningar knytte til styringsverket på lokalt og regionalt nivå, men òg å gje eit innblikk i den historiske dynamikken innan kvar av spenningane og temaa.


[4] I Kjellberg og Myhren 1975 vert nemninga laissez faire nytta om statens forhold til kommunane på tidleg 1900-tal. Når det gjeld skuldingane om at staten i dag «kveler» kommunane, kjem desse frå ulike hald. Vi kan nemne eit par døme basert på eit søk på internett: artikkelen «Rikspolitiske løfter kveler kommuneøkonomien» frå Kommunenes Sentralforbund, 13. februar 2002, og innlegg frå Olaf Gjedrem (KrF) i Stortinget den 16. november 1999.


Publisert 25. nov. 2010 13:52