3. KOMMUNEIDEOLOGISK STRID OG UTVIKLING FRå CA. 1900 TIL CA. 1975


3. KOMMUNEIDEOLOGISK STRID OG UTVIKLING FRå CA. 1900 TIL CA. 1975

I dette kapitlet vil vi rette spesiell merksemd mot kommunalpolitikken og den ideologiske basisen for denne. Eit førebels sluttstrek vert sett ein gong rundt 1975, medan diskusjon knytt til nyare tids kommuneideologiar kjem i kapittel 5. Vi gjorde greie for ein del av føresetnadene for å studere dette temaet i avsnittet «Ideologiske spenningar knytt til kommunen» (kapittel 2), men skal her kome med nokre supplerande merknader: Det finst ei rekkje vitskapelege arbeid som tek føre seg heile eller delar den norske kommunalpolitiske 1900-talshistoria,[29] men likevel manglar vi fortetta og heilskapelege framstillingar av det ideologiske innhaldet i den kommunalpolitiske striden gjennom ulike fasar hundreåret gjennom – der også dei alternativa som tapar kampen om utviklinga vert analyserte.

Når vi i det følgjande skal gje vår versjon av hovudtrekka i den kommuneideologiske utviklinga, er denne tufta på ein gjennomgang av fleire viktige kommunalpolitiske kjelder frå heile hundreåret (jf. fotnote 3). Desse kjeldene har eit viktig fellestrekk i at dei på ulike måtar står som viktige vitnesbyrd om den systemorienterte kommunalpolitikken. Spesielt når vi analyserer dei store, prinsipielle reformene og reformframstøytane, ser vi ofte at det utkrystalliserer seg systematiske, ideologisk baserte skiljeliner når der gjeld kommunesyn. Striden er aldri heilt den same; han varierer ut frå kva tidspunkt vi går inn på, både når det gjeld kva tema som er aktuelle og kva grupperingar og interesser som står imot kvarandre. Desse prinsipielle kommunaldebattane har opp gjennom hundreåret til dels vore svært kjensleladde. Dette lyt vi sjå på som eit utslag av at verdiar knytt til kommunens status og posisjon heng nøye saman med andre politiske kjerneverdiar; til demokratiideal, til førestillingar om det ideelle tilhøvet mellom sentrum og periferi, til utjamningsvisjonar og velferdsvisjonar.

Valet av ulike uttrykk for den systemorienterte kommunalpolitikken som kjelder er i fyrste rekkje gjort av forskingsøkonomiske omsyn. Som vi allereie har vore inne på gjennom diskusjonen av føresetnadene for heilskapeleg statleg styring, kan dette valet av kjelder gje eit noko ufullstendig eller skeivt bilete av kommuneideologiane. Ofte kan det vere ein diskrepans mellom verdiar og haldningar slik dei gjev seg til uttrykk i høvesvis den systemorienterte og oppgåveorienterte kommunalpolitikken. Om vi berre ser på den fyrste forma, kan vi frykte at vi berre får presentert «smørsida»; høgtflygande ideal med uviss samanheng med kva aktørane faktisk står for i det daglege virket. Vi meiner likevel at dette er eit problem vi kan overvinnast gjennom ei kjeldekritisk tilnærming, og ved at vi set krav til ein viss konsistens – også over tid – i dei ideologiske alternativa vi skisserer. Vi vil dessutan poengtere at kommuneideologiane slik dei vert uttrykte i den prinsipielle striden har ein eigenverdi, uavhengig av kva samanheng dei måtte ha med praktisk handling.

Vi skal òg kort kommentere valet av kommunalpolitiske aktørar og arenaer. Vi konsentrerer oss primært om aktiviteten i storting og regjering, og såleis om korleis rikspolitikarar og politiske parti agerer. I ein breiare fundert gjennomgang burde ein gjerne ha retta større merksemd også mot andre viktige aktørar, som til dømes kommunane sjølve gjennom deira organisasjonar, eller organisasjonane for dei tilsette i kommunal sektor.[30] Valet er likevel gjort ut frå ei forståing av at den viktigaste kommunalpolitiske makta er samla i storting og regjering, og at synspunkta til viktige utanomparlamentariske aktørar som regel òg vil vere representerte i Stortinget.


[29] Her skal vi spesielt nemne det som i dag står fram som standardverket når det gjeld norsk kommunalhistorie, Folkestyre i by og bygd, som vart gjeve ut i samband med 150-årsjubileet for Formannskapslovene i 1987 (Næss, Hovland, Grønlie, Baldersheim og Danielsen). Styrken til dette verket er i fyrste rekkje at det maktar å knyte eit samband mellom den statlege politikken og det som faktisk hender i kommunane. Dei ideologiske sidene ved kommunalpolitikken vert i nokså stor grad analysert, men dei kjem likevel i skuggen av «realhistoria». Blant norske statsvitarar er Francesco Kjellberg nok den som har utmerka seg ved å handsame den kommuneideologiske utvikling mest eksplisitt, også med eit lengre historisk perspektiv. Ein meir generell omtale av norsk kommuneforsking finst i Rømming 1999. Kommuneforskinga som føregjekk innan rammene av LOS-programmet vert presentert i Fimreite 1997.[]

30 I avhandlinga vil då òg andre kommunalpolitiske aktørar få større merksemd, som til dømes fylkesmannskollegiet.


Publisert 25. nov. 2010 13:52